SPERREVIK

Frå OS SOGA II side 222 – 230

15. SPERREVIK


Namnet kjem av sperra, bjelke, timber som vart kjørt ned frå skogane ovanfyre til lasteplassen i viki her. 
Uttale: Spe’revikjo, spø’revikjo.  Skrivemåtar: Spirreuig (1657) Spirevigh, Spirvig, Spiirevigen, Spirevig (1666), Spervig, Spillevigen (1807). 

Garden ligg ved botnen av Lysefjorden, upp til grensa mot Fana, og er uppteken frå Lysekloster likeins som grannegarden Nordstraumen på sørsida.  Lysekloster åtte garden til brukarane kjøpte han i 1877. 

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Såar ½ tdr., afler 2 tdr., brendeskoug til, ligger ved fiskeriet, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, brendefang til huusbehov, ei videre, ingen qvern eller fiskeri.  Maadelig jordart og tungvunden.  Har ingen næring uden af gaardens aufling.
1865: Har 3 maal dyrket åger og eng, intet godt og 1 maal slet, har 13 maal naturlig england, deraf intet godt, 9 maal middels og 4 maal slet, intet at dyrke, skov til husbehov og kan sælge for 3 spd. i furu, kan føde 2 ungnød ved skav og lyng, er middels at bruge, almindelig drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571  3     
16681  4   0,5tun 
17231  4   1» 
180013       
183516 46  1,5»1,5tun.
186519 6162 2»3»
1900631 1023 52hl.17hl.
19201351 1330 43,6mål6,2m.
1930135811158 1 »6,5»

SPERREVIK 1.


Mogens Spireuigh (Mons Sperrevik) var brukar her i 1657, og er fyrste mann som me finn nemnt på garden.  Han hadde då 3 kjyr på båsen, so at garden må vera uppteken nokre år fyrr den tid, men me tore tru at han er fyrste rudningsmannen her.  Kona heitte Mari og var fødd ikr. 1615.  Mons døydde alt i 1664 medan Mari livde til 1695. 

Erik Andersson, f. ikr. 1626, vart brukar her i 1664.  Han var truleg son åt Anders Halhjem.  G. I. 1664 Anna Størks dtr., f. ikr. 1640, d. 1673, g. II 1674 Eli Jons dtr., f. ikr. 1645.  Anna var ikkje frå Os, men Eli var truleg dotter åt Jon Økland.  Born: Anders, f. 1665, Anna, f. 1670.  Erik døydde alt i 1675. 
Ekkja Eli Jons dtr. hadde so bruket eit par år. 

Anders Johannesson, f. ikr. 1645, som tente på garden, vart i 1678 gift med ekkja Eli Jons dtr. og fekk bygsla bruket.  Han var truleg son åt Johannes ytre Drange.  Born: Johannes, f. 1680, s. n., Ragnhild, f. 1682, s. n. Truleg var ogso Magdela indre Drange ei dotter hans.  Anders dreiv fiske men sat smått i det.  Han døydde ikr. 1720 og Eli i 1713. 

Johannes Andersson Sperrevik, f. 1680, vart brukar saman med faren i 1703.  G. 1705 Agata Jans dtr. Helland.  Johannes og kona bygsla ikkje bruket, men flutte straks etter giftarmålet frå Sperrevik, og me veit ikkje kvar det vart av dei. 

Størk Rasmusson Søfteland, f. 1689, vart i 1708 gift med Ragnhild Anders dtr. Spervevik, f. 1682, og vart brukar saman med verfaren.  Dei fekk ein son, Kristen, i 1708.  Størk vart utskriven til soldat i 1709 då den store ufreden tok til, og måtte fara frå kona og barn.  Då vermori døydde i 1713 var Størk med hermennene i Kjøpenhamn, s. O. B. 500 – 01.  Størk døydde i ufreden, og då han ikkje hadde fenge feste på bruket, flutte kona frå Sperrevik. 

Torstein Larsson Kolltveit frå Strandebarm, f. ikr. 1688, bygsla bruket i 1716.  G. 1715 Kari Alvs dtr. Bø, f. 1683.  Born: Eivind, f. 1718, g. I. 1742 e. Kari Jens dtr. Fanahammaren, g. II 1750 Brita Johannes dtr. Hordnes, b. Nore Kråi under Fana prestegard, s. F. B. 648, Vigleik, f. 1720, g. 1744 Mari Sjøbøen, s. S. 1, Guro, f. 1723, g. 1747 Ola Søvik, s. S. 3, Marta, f. 1727, ug., Ragnhild, f. 1731, ug.  Ein gut døydde ung.  Dotteri Marta kom burt i ei leid uheppa, med di ho fekk tvo born med gifte menn, og siste gongen fekk ho 12 dalar (5 kuverd) i bot.  Barnefaren, som var arbeidar i Lysekloster, fekk 48 lodd sylv eller 24 dalar i bot, men då han ikkje hadde noko å betala med vart han jaga ut or landet. 
 – Torstein sat tungt i det.  Han dreiv fiske, men hadde svert lite fiskegreidor og sjøreidskaper.  Han døydde i 1751 og kona i 1754. 

Nils Olson ytre Drange, f. 1712, bygsla bruket då Torstein døydde.  Nils hadde fyrr havt eit bruk på Søfteand, s. S. 5.  G. 1742 Marta lngebrigts dtr. Skjeie, f. 1720.  Born: Dordi, f. 1749, g. 1775 Lars Ferstad, s. Bjørnen 4, Ragnhild, f. 1754, ug.  Ragnhild hadde i mange år tent hjå Sjur Drange og fyremannen hans utan å få løn, men i 1778 fekk ho ei ku for dei 4 dalane som ho skulde ha.  Nils dreiv mykje på sjøen og var jamt ute på fiske, men sat likevel svert tungt i det, og skuldi hans var mykje større enn det han åtte.  Han arva ein liten part i Gjemdal etter faren, men denne måtte han selja straks.  Nils døydde i 1771. 

Då Nils kom til Sperrevik var desse husi på garden: Ei liti røykstova med skot og ein timbra kove, som var heilt til nedfalls, ei sengebud med skot, eit eldhus med vedskytja attåt, eit fjos med timbra skot, løda, sauehus, naust og fiske-sjå.  Sauehuset og naustet var heilt til nedfalls, og fjoset og løda var ikkje stort likare.  Nils makta ikkje å få alle husi istand medan han sat med bruket. 
Ekkja Marta Ingebrigts dir, hadde so bruket nokre år.  Ho måtte få hjelp på sine gamle dagar til ho døydde i 1785. 

Daniel Zakariasson Stendatræ frå Fana, f. ikr. 1745, bygsla bruket i 1777.  G. I. 1774 Agata Jakobs dtr. Mobergslien, f. 1738, d. p. barseng 1776, g. II. 1777 Brita Johannes dtr. Nordstraumen, f. 1731.  Tvo born frå fyrste giftarmålet døydde tidleg, og siste giftarmålet var barnlaust.  Daniel dreiv fiske likeins som fyremennene, men han streva hardt for å greida seg.  I Ola Holen sitt brudlaup sumaren 1781 kom Daniel og Ola Buskengen i basketak med gardstyraren på Lysekloster og begge drengjene hans.  Daniel fekk pryl, og attåt var han den einaste som måtte leggja bot for basketaket.  Han og kona døydde begge i 1800. 

Rasmus Larsson, f. 1771, og kona Anna Torsteins dtr., f. 1774, bygsla bruket då Daniel døydde.  Rasmus og Anna var ikkje frå Os, og me veit ikkje kvar dei kom frå.  Dei fekk 4 døtre medan dei var i Sperrevik: Kari, f. 1802, Mari, f. 1803, Eina, f. 1805, Marta, f. 1807.  I 1807 flutte Rasmus med huslyden frå Sperrevik att, og me veit ikkje kvar dei tok vegen. 

Lars Larsson Langeland frå Stord som tente på Lysekloster, f. 1780, bygsla bruket i 1807.  G. 1806 Guro Torkjells dtr. Salbuvik, f. 1776.  Dei fekk 10 born, men av dei døydde eit par tvillingar og 3 andre i ung alder.  Dei som vaks upp var: Lars, f. 1813, s. n., Torkjell, f. 1814, sjømann, Kari, f. 1815, tenar hjå Formann på Stedje i Sogn, Kolbein, f. 1819, Kristina, f. 1822, d. ug- 1847.  Lars var fiskar likeins som fyremennene, men han greidde seg betre enn dei.  Han døydde i 1840 og kona i 1848. 

Lars Larsson Sperrevik, f. 1813, vart brukar då faren døydde.  G. I. 1839 Kari Ols dtr. Nordstrønen, f. 1810, d. 1842, g. II. 1844 Kristi Lars dtr. Sundøy, som var ekkja etter Nils Lunden, f. 1809, d. 1849, g. III. 1849 ekkja Synneva Lars dtr. Nordstraumen, f. 1821.  Born: Lars, f. 1839, g. b. Hetlevik ved Haukås i Åsane, sidan b. Salhus, Ola, f. 1841, drukna på kyrkjeferd i 1867, Kristian, f. 1851, g. 1885 Agata Nils dtr. Hjelle, var sjømann, b. Bergen, Kari, f. 1853, g. Jakob Tangerås, b. Bergen, seinare Kismul i Fana, Olai, f. 1856, arbeidar i Bergen, g. Ida Anderson frå Sverik, Nils, f. 1858, sjømann, b. Sud-Afrika, Rasmus, f. 1860, s. br. 5, Synneva Kristina, f. 1863, diakonisse i Trondheim, d. 1885, Larsina, f. 1866, lærarinna, b. Bjarkøy i Troms. Lars døydde i 1889 og Synneva i 1896. 

Fredrik Kristian Iversen vart brukar her i 1874 og kjøpte bruket i 1877 for 1680 kroner.  Han hadde fyrr vore busett på Lerøy i Sund.  G. Anna Katrina Samuels dtr.  Born: Ola Johan, f. 1861, s. n., Nils, f. 1863, sjømann, g. 1885 Eli Sæbjørns dtr. Boslien frå Fjellberg, Karen, f. 1875, Bernt, f. 1880.  Fredrik var skomakar og hadde mindre skyn på gardsbruk.  I 1881 let han bruket frå seg til sonen og reiste frå Osbygdi i 1888. 

Ola Johan Fredriksen, f. 1861, skøytte bruket av faren i 1881.  Han selde fleire stykke av bruket, men det gjekk ikkje, og i 1888 måtte han lata bruket frå seg og reiste frå bygdi saman med faren og huslyden hans. 

Nils Engjelson Sørstrønen, f. 1856, kjøpte bruket ved auksjon i 1888.  G. 1886 Malena Nils dtr. Nordstrønen, f. 1863.  Born: Nils, f. 1888, s. n., Engjel, f. 1891, s. br. 8, Haldor, f. 1895, g. 1918 Emma Årnes dtr. frå Fana, var telefonarbeidar og døydde ved eit fall i 1920 (born: Nils, f. 1918, d. 1920, Haldor, f. 1921), Daniel, f. 1899, s. br. 7, Synneva, f. 1903, g. 1930 Mons Søvik, s. S. 3.  3 born døydde unge.  Nils hev i nærpå 50 år reist for Isdahl & Co. i Bergen, og vore styrar av laget sine trankokeri og andre anlegg i Lofoten og Finnmarki.  Han slutta med yrket ikr. 1930, og sønene hev no arbeidet.  Bruket vart ogso skift millom sønene. 

Nils Nilsson Sperrevik, f. 1888, fekk hovudbruket etter faren i 1923.  G. 1913 Maria Fredriks dtr. Nordvik frå Fana, f. 1889.  Born: Nikolai, f. 1915, handelsmann i Bergen, g. 1937 Brita Bertins dtr. Søvik, Alida, f. 1918, butikgjenta i Bergen, Margit (tvilling), f. 1923, Nancy, f. 1923.  Eit barn døydde tidleg.  Nils er styrar for trankokeri o. a. i Lofoten, likeins som faren var, og driv ogso eigi fiskeverksemd. 

SPERREVIK 2. (Leirvåg).

Rasmus Larsson Raudlidi (Bøsæter), f. 1825, festa eit jordstykke her i 1862.  I 1872 vart bruket serskilt skyldsett, og Rasmus kjøpte det av Lysekloster i 1878 for 300 kroner.  G. 1851 Anna Lars dtr. Ulven, f. 1827.  Dei hadde ikkje born.  Rasmus var trearbeidar og var i mange år hagearbeidar i Lysekloster.  Han døydde i 1908 og kona i 1912. 

Lars Larsson Søvik, f. 1848, kjøpte bruket i 1878 av Rasmus.  G. 1876 Kari Ols dtr. Hovland, f. 1853.  Born: Anna, f. 1876, g. Jon Pederson Søviknes, b. Nordvik i Fana, Marianna, f. 1878, ug. b. i Bergen, Lars, f. 1880, s. n., Elisa, f. 1883, Ola (tvilling), f. 1886, g. 1918 Sina Jons dtr. Salbuvik, b. Kismul i Fana, Rasmus, f. 1886, g. Maria Jons dtr. Frøkedal frå Tysnes, b. Kismul i Fana, Larsina, f. 1889, d. 1907, Jonas, f. 1891, i Amerika, Amalia, f. 1894, g. Nils Vikebø, Fana, Karina, f. 1896, g. 1918 Guttorm Normann frå Hemnes, b. Sauda.  Eit barn døydde tidleg.  Lars var båtbyggjar og trearbeidar.  Han døydde i 1924 og kona i 1933. 

Lars Larsson Leirvåg, f. 1880, skøytte farsbruket i 1916.  G. 1906 Sesilia Bertels dtr. Haukefær frå Tysnes, f. 1880.  Born: Leonhard, f. 1906, trearbeidar og snikkar, Konrad, f. 1909, bygningsmann, Olav, f. 1912, gartnar, Leif, f. 1914, tapetserar, Hjalmar, f. 1918, trearbeidar, Sigvald, f. 1920.  Lars er murar og steinarbeidar, og er arbeidsformann ved vegarbeid. 

SPERREVIK 3. (Litleviken).

Jakob Nilsson Jonsholmen (Lysøy), f. 1860, kjøpte eit jordstykke her av br. 1 i 1887, der han rydja og bygde.  G. 1884 Anna Ols dtr. Hagevik (Hovland), f. 1865.  Born: Ola, f. 1886, i Amerika, Nikolina, f. 1888, s. br. 7, Steffen, f. 1890, i Amerika, Peder, f. 1892, s. n., Kristian, f. 1893, i Amerika, Juanna, f. 1896, b. Bergen, Brita, f. 1898, g. målar Ola Dale, b. Bergen.  Jakob var båtbyggjar og trearbeidar.  Han døydde alt i 1917. 
Ekkja Anna Ols dtr, hadde so bruket i nokre år. 

Peder Jakobson Sperrevik, f. 1892, skøytte bruket etter mori i 1922.  G. 1919 Ingjerd Sveins dtr. Balland, f. 1898.  Born: Jenny, f. 1921, Signe, f. 1922, Ola, f. 1923, Petra, f. 1924, Sigvald, f. 1926.  Peder hev arbeidt ved fabrikkane i Odda og andre anlegg.  I 1931 selde han bruket og flutte til Odda. 

Harald Pederson indre Drange, f. 1904, kjøpte bruket i 1931.  G. 1931 Olina Ols dtr. Sjøbøen, f. 1904.  Born: Per, f. 1933, Margunn, f. 1936, Oddny, f. 1938.  Harald er bygningsmann. 

SPERREVIK 4.


Anders Andersson Havsgård frå Fusa, f. 1859, kjøpte ein part av br. 1 i 1887, og busette seg her.  G. I. 1885 Anna Helena Ols dtr. Boga frå Fusa, f. 1860, d. 1917, g. II. 1920 Talina Kristians dtr. Skjold frå Fana, f. 1871.  Born: Anders, f. 1886, s. br. 6, Ola, f. 1888, s. n., Hans, f. 1890, steinarbeidar, g. 1915 Lina Kristiansen frå Åsane, Marta, f. 1893, g. 1913 snikkar Lars Sandal, b. Bergen, Hanna, f. 1895, g. 1919 småbrukar Mons Nordvik i Fana, Barbru, f. 1899, offiser i frelsesarmeen, Johan, f. 1901, i Amerika.  Anders hadde nokre år vore busett på Krokeid i Fana fyrr han kom til Sperrevik. 
Han hev drive fiske og attåt vore bygningsmann og snikkar.  Han hev ogso vore med i ymse styre, skulestyre, likningi o. a.  I 1914 skifte han bruket millom dei tvo eldste sønene sine.  Talina døydde i 1935. 

Ola Andersson Sperrevik, f. 1888, skøytte dette bruket etter faren i 1914.  G. 1912 Gurina Johannes dir. Nordbø frå Samnanger, f. 1891.  Born: Amanda, f. 1914, g. 1935 Anders Pederson Vaktdal, Ulven, Johannes, f. 1916, trearbeidar, Randi, f. 1918, Anfin, f. 1923, Emma, f. 1924.  Eit barn døydde i ung alder.  Ola er bygningsmann og steinarbeidar, og driv ogso fiske. 


SPERREVIK 5. (Eikemyren).


Rasmus Larsson Sperrevik, f. 1860, kjøpte ein part av br. 4 i 1896 og busette seg her.  I 1915 kjøpte han ogso eit stykke av Nordstraumen og lagde til bruket.  G. 1889 Elisa Eriks dtr. frå Ålesund, f. 1863.  Born: Laurits, f. 1890, s. n, Anna, f. 1894, husstyrar, b. Bergen, Sylvarda, f. 1896, b. Bergen. Rasmus, f. 1900, sjømann, g. Margit Johannessen, b. Porsgrunn, Larsina, f. 1905, g. Albin Larsen, vaktmeistar i Bergen, Matilda, f. 1908, syerske, b. Bergen.  Rasmus hev reist tilsjøs all sin dag og vore timbermann umbord. 

Laurits Rasmusson Sperrevik, f. 1890, skøytte bruket etter faren i 1927.  G. 1911 Helena Nils dtr. indre Lekven, f. 1887.  Sjå um Laurits og huslyden under Buena, Søvik 4. 

Rikard Lauritsson Sperrevik, f. 1911, festa bruket etter faren i 1937. 


SPERREVIK 6. (Nordbø).


Anders Andersson Sperrevik, f. 1886, fekk denne parten av farsbruket då dette vart skift i tvo partar 1914, s. br. 4.  G. 1910 Johanna Fredriks dtr. Nordvik frå Fana, f. 1886.  Born: Alfred, f. 1911, d. 1929, Frida, f. 1912, Astrid, f. 1914, Anna, f. 1916, Maria, f. 1918, Artur, f. 1921, Nils, f. 1927.  Anders er bygningsmann og driv ogso fiske. 


SPERREVIK 7. (Soldal).


Alfred T. Boga frå Fusa, kjøpte eit stykke av br. 3 i 1919 og bygde her.  G. ikr. 1909 Nikolina Jakobs dtr. Sperrevik, f. 1888.  Alfred var ei tid i Amerika fyrr han kjøpte bruket.  Han var heller ikkje lenge i Sperrevik, då han straks kjøpte eit bruk på Skauge i Lindås som han atter selde i 1928 til Johan Salbuvik, og flutte sjølv til Hundvin i Lindås.  Born: Ingrid, f. 1910, Joana, f. 1912, Hans, f. 1913, Olaf, f. 1914, Anny, f. 1920, Trygve, f. 1922, Anna, f. 1924, Ruth, f. 1926. 

Daniel Nilsson Sperrevik, f. 1899, kjøpte bruket i 1926.  G. 1920 Levi Lars dtr. Sørstraumen, f. 1899.  Born: Aslaug, f. 1921, Magnhild, f. 1922, Lorents, f. 1932.  Ein gut døydde ung.  Daniel arbeider for Isdahl & Co. likeins som faren og brørne. 


SPERREVIK 8. (Myrvang).


Engjel Nilsson Sperrevik, f. 1891, fekk i 1922 eit stykke av farsbruket og busette seg her.  G. 1914 Ida Ols dtr. frå Syltefjord i Finnmark, f. 1891.  Born: Erling, f. 1914, arbeidar med faren i Lofoten, Solveig, f. 1916, kontorgjenta i Bergen, Einar, f. 1919, trearbeidar.  Engjel er styrar av trankokeri likeins som faren var. 


SPERREVIK 9. (Fjellvang).


Fru Lucie Carlsen kjøpte eit stykke av br. 4 i 1930 og bygde hus her.  I 1931 skøytte ho eigedomen på dotteri Constanse Lucie Carlsen.  Ho bur på bruket. 


SPERREVIK 10. (Helgekvil).


Brørne Eilert og Johannes Korsvold kjøpte i 1932 ei tuft av br. 3 og bygde seg sumarhus her.  Etter at Eilert døydde i 1932 er kona Birgitte Korsvold medeigar i eigedomen. 


SPERREVIK 11. (Solnesset).


Fru Solveig Jensen kjøpte i 1935 ei tuft av br. 1 og bygde seg hus her.  Det er berre nytta til sumarhus. 


SPERREVIK 12. (Lynghaug).


Sigurd Olson Sjøbøen, f. 1901, kjøpte i 1936 eit stykke av br. 3, der han hev bygt og busett seg.  G. 1937 Jenny Johannessen frå Bergen.  Sigurd er bakar. 


SPERREVIK 13. (Skjeljaneset).


Fru Esther Johnsen fekk i 1936 skøyte på eit stykke av br. 2 og hev her bygt seg sumarhus.