SUNDØY
Frå OS SOGA II side 433 – 452
30. SUNDØY.
Gardsnamnet er fyrste gong nemnt i Bjørgynjar Kalfskinn frå 1300 talet og er då skrive Surnøy. Etter dette lyt ein tru at det gamle øynamnet her hev vore Surna. Surnøy er eit kjent øynamn, og både elvar og bygdelag hev namn med fyreleden surn – . Upphavet er truleg det gamallnorske surr, sur, rå, kald, og på denne låge øyi er ikkje namnet uskapleg.
Uttale: Sy’dnøio.
Skrivemåtar: Surnøy (ikr. 1350), Fwrene, truleg meint Swrene (1519), Surnennøn (1563), Surnøe (1591), Serøn (1600), Sundøenn (1603), Sundøe, Sundøer, Søndøen, Sønden, Synøen, Sydøen, Syndøen, Syndøjen, Syøen (1689), Sønøen, Synden, o. fl.
Øyi ligg i osen millom Strøno, Lepsøy, Røttingen og Bruarøy, og nær dei tvo sistnemnde øyane. Eigarar av garden var dei same som hadde storparten av Røttingen, lensherrane på Bergenhus, bisp Schjelderup, presten Garmann, og sidan Legangerætti til 1764, då brukarane kjøpte garden.
Sundøy var fyrste garden i Os som vart heil sjølveigargard.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 4 stadstønder, afler 16 tdr., chr stoer fehagge, ringe til åger og eng, tilsagt at plante homblehagge.
1723: Ingen slags skoug, ei eller brendefang, ingen qvern, saug eller fiskeri, gandske vanskelig og uvis til korn. Ingen næring uden sin gaards aufl., maa aarlig kiøbe korn.
1865: Har 12 maal dyrket åger og eng, hvoraf 4 maal godt, 6 middels og 2 slet, har 78 maal naturlig eng, hvoraf 22 maal godt, 46 maal middels og 10 maal slet, intet af englandet kan dyrkes, har skog til brænde og delvis til husbehov, kan føde 4 ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | Skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 2 | 10 | |||||||||
1668 | 3 | 20 | 4 | tun | |||||||
1723 | 4 | 24 | 8 | 8 | » | ||||||
1800 | 6 | 27 | |||||||||
1835 | 5 | 35 | 12 | 16 | 2 | 6 | » | 3,5 | tun. | ||
1865 | 5 | 35 | 35 | 81 | 3 | 11,5 | » | 12 | » | ||
1900 | 8 | 35 | 22 | 40 | 4 | 13 | hl. | 23 | hl. | ||
1920 | 13 | 53 | 19 | 36 | 4 | 7,5 | mål | 8 | mål | ||
1930 | 10 | 49 | 22 | 33 | 3 | » | 7,5 | » |
SUNDØY 1
Jon i Fwrene (Jon Sundøy) var brukar i 1519 og er fyrste mann på garden som me veit namnet på. Sundøy var alt då skift i tvo partar, og mannen på det andre bruket heitte ogso Jon.
Johanns Surnennøn (Johannes Sundøy) var brukar i 1563. Det er då ikkje nemnt nokon mann på det andre bruket, og kannhenda hadde Johannes heile garden. Men det kann ogso tenkjast at brukarane er gløymt medtekne i skattemanntalet. I leidangsmanntalet for 1567 er heile garden fallen ut.
Halvdan Sundøy var brukar i 1591, men let bruket frå seg straks etter. Det er heller ikkje då nemnt meir enn ein mann på garden.
Sjur Sundøy vart brukar etter Halvdan og hadde bruket til 1605. Me finn no tvo brukarar på garden att, s. br. 2.
Mattis Sundøy fekk bruket i 1606. I 1611 måtte han saman med dei andre osingane til svenskegrensa, «til Svinesund», for å vera med i Kalmarufreden. Han var ute i 1611 og 1612, men kom so att. I 1615 låg bruket hans øyde, og Mattis slapp difor å leggja skatt og leidang det året, men måtte svara tiende for året fyrr. Anten husi hans brann upp i 1615, eller det hende noko anna som gjorde at garden vart liggjande usådd det året, veit me ikkje. Mattis døydde i 1617.
Ekkja etter Mattis hadde so bruket eit par år.
Ingebrigt Sundøy vart ikr. 1619 gift med ekkja og fekk bruket. Han var då ein noko gamall mann som hadde vore gift fyrr og hadde vaksne born med seg, m. a. dotteri Marta, s. br. 2. Kona døydde, og Ingebrigt gifte seg att i slutten av 1620 åri med ei som heitte Synneva. Av borni frå det nye giftarmålet kjenner me tvo, Ingeborg, f. ikr. 1630, g. Peder Storum, s. S. 2, og Jon, f. ikr. 1634, s. ytre Lekven 1. Sjå ogso br. 3. Ingebrigt sat etter måten godt i det. Han døydde i 1634.
Ekkja Synneva stjorna so bruket eit par år.
Ola Sundøy vart gift med Synneva i 1636 og vart brukar. Dei fekk ei dotter i 1637, Marta, d. ug. 1670. Ola døydde alt i 1637.
Ekkja Synneva måtte so atter ta stjorningi av bruket.
Bård Sundøy vart i 1639 gift med Synneva og vart tridje mannen hennar. Bård var då ein gamall mann som hadde vore tvo gonger gift fyrr, og hadde m. a. tvo søner, Jon, f. ikr. 1606, g. Kari Økland, s. Ø. 1, og Ola, f. ikr. 1630, g. Marta Sørstrønen, s. S. 1. Av Bård og Synneva sine born kjenner me tvo: Marta, f. ikr. 1640, g. Anders Røttingen, s. R. 2, Anna, f. ikr, 1642, g. Johannes Røttingen, s. R. 3. Synneva døydde i 1645, og Bård gifte seg att året etter med ei som heitte Barbru Anders dtr., f. ikr. 1626, og som truleg var dotter åt Anders Halhjem. Barbru vart elles ikkje greid å dragast med, s. n. Bård var ein vyrd mann og sat tolleg godt i det. I 1648 måtte han til tings og fekk ei bot avdi han hadde «gløymt» å skyssa nokre storfolk. Då kona hans, Synneva, døydde i 1645, vart bruket skift soleis at eitt av dei eldste stykborni åt Synneva fekk den eine parten, s. br. 3. Bård døydde i 1654.
Kvar dei ovanfyre nemnde brukarane var frå, veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til ætti deira.
Ola Olson Sørstrønen, f. ikr. 1618, vart gift med ekkja Barbru Anders dtr. i 1654 og fekk bruket etter Bård. Dei hadde fleire born, men me kjenner berre sonen Ola, f. 1658, s. n. Barbru var kjend i heile bygdi for kjeften og sinnet sitt, og då Ola heller ikkje var greid å dragast med, vart det uråd for grannen på br. 3, som budde vegg i vegg med Ola, å bu der. Alt medan ho var gift med Bård synte Barbru sinnelaget sitt. Då grannen på br. 3 måtte gå frå garden i 1648, vilde ingen bygsla bruket att for Barbru si skuld, s. br. 3. Bruket vart lyst falt, og endeleg i 1657 kom det ein mann, Rasmus, og tok bruket. Han var gift, og det vara ikkje mange vikone fyrr både han og kona ynskte seg langt frå Sundøy. Barbru hadde då slege grannekona store sår i hovudet, og då kona møtte på tinget um hausten, synte det store merke og ær etter såri, og Rasmus hadde fenge dengsla av Ola. Rasmus og kona flutte frå Sundøy alt næste vår.
Ingen våga no å bygsla grannebruket, og då bruk 2 vart falt i 1656, gjekk det likeins der. Bruki vart lyst fale år etter år, men trass at kvar mann vilde ha gard i dei tider, so våga ingen seg til Sundøy. I 1663 måtte Ola og Barbru på tinget, og bisp Schjelderup som åtte bruket krov då, at anten skulde Ola bygsla alle 3 bruki på Sundøy, eller so skulde Ola og Barbru fara frå øyi, so at det kunde koma folk att på grannebruki. Ola svara at han hadde ikkje råd til å gjera noko av det som bispen krov, men både han og Barbru lova no dyrt og høgtidsamt, at «herefter skulle hverken de eller deres børn give last, øve vold, trudsler, slagsmaal eller andet saadant» mot grannane. Og det vart betre seinare. Barbru døydde i 1678 og Ola ei tid etter.
Ola Olson Sundøy, f. 1658, bygsla bruket etter faren i 1680. G. 1679 Helga Lars dtr. Sørstrønen, f. ikr. 1644. Born: Ola, f. 1680, Lars, f. 1684, d. ung, Barbru, f. 1688, d. 1706 som taus i Kverneviki. Ola dreiv med sjøen, men sat sverande tungt i det. Han kom i tratl med Peder Røttingen um eit lam, s. R. 2, og fekk rett i den saki. Ola greidde ikkje sitja med bruket, og i 1692 flutte han frå Sundøy.
Peder Villumson, f. ikr. 1660, vart brukar då Ola flutte. Han var truleg frå Fusa eller Strandvik. G. 1693 Brita Johannes dtr. Røttingen, f. 1671. Born: Anna, f. 1696, Villum, f. 1697, Johannes, f. 1699, d. 1707, Sæbjørn, f. 1703, d. 1714, Magdela, f. 1708. Peder sat smått i det likeins som fyremannen. Han døydde i 1718, og ekkja flutte då burt med borni sine.
Halvard Andersson Særvoll frå Strandvik, f. 1688, bygsla bruket etter Peder. G. 1715 Guro Jakobs dtr. Opsal frå Fusa, f. 1688. Dei hadde ikkje born. Halvard streva hardt og sat like tungt i det som fyremennene. Han døydde i 1735.
Ola Endreson, f. ikr. 1712, vart i 1736 gift med ekkja Guro Jakobs dtr. og bygsla bruket same året. Guro døydde i 1752, og Ola gifte seg att året etter med Lisbet Mons dtr. Nordstrønen, f. 1728. Born: Elling, f. 1753, s. n., Mons, f. 1754, Endre, f. 1756, Jon, f. 1761, Nils, f. 1766, Ola, f. 1769. Ein gut døydde ung. Ola var fiskar og bygde ogso båtar. Då han i 1741 skulde svara for det som han hadde teke or Lepsøyskogen, so hadde han hogge nokre båthalsar til båtane sine og teke turrved til å brenna lyse med då han kom att frå vårsildfisket um våren. Ola sat svert smått i det. Då grannane på garden kjøpte bruki sine av presteekkja Leganger i 1764 gjorde Ola det same, men han åtte ikkje ein skjeling til å leggja i det. Han måtte difor lata heile kjøpesummen, 60 dalar, stå i bruket mot å setja jordi i pant, og då han ikkje greidde leggja renta for pengane, so tok Legangerætti bruket att. I 1772 skøytte Ola bruket attende til Johan Leganger for dei same 60 dalane som han gav for jordi og dei 8 dalane som han skulda for renta. Ola døydde i 1772. Eldste sonen fekk sidan bygsla bruket, men mori og alle dei andre systkeni var då flutte burt. Me finn ikkje nokon av dei att i Osbygdi.
Elling Olson Sundøy, f. 1753, fekk bygsla farsbruket i 1774 av Johan Leganger som då åtte det. På auksjonen etter Leganger i 1796 kjøpte Elling bruket. G. 1773 Marta Kristoffers dtr. Røttingen, f. 1756. Born: Mari, f. 1780, d. ug. 1802, Guro, f. 1783, g. 1806 Størk Åsen, s. Lepsøy 7, Eli, i. 1785, g. 1818 Vinsjans Lepsøy, s. L. 8, Brita, f. 1789, g. 1816 Nils Lepsøy, s. L. 1, Ola, f. 1792, g. 1820 Anna Valle, s. Os. Elling sat like tungt i det som faren, og då han kjøpte bruket i 1796 utan å ha pengar til å leggja i det, vart det verre og ikkje betre. I 1803 måtte han selja bruket og var sidan busett på ein plass under garden, s. br. 5.
Lars Larsson Gravdal frå Varaldsøy, f. 1773, kjøpte bruket i 1803. G. 1799 Kristi Lars dtr. Gravdal, f. 1776. Born: Rakel, f. p. Gravdal i Varaldsøy 1799, g. 1821 Hans Lepsøy, s. L. 3, Sigrid, f. 1802, g. 1825 Nils Lepsøy, s. L. 7, Lars, f. 1805, s. n., Kristi, f. 1809, g. 1835 Nils Tøsdal, s. Lunden 2, Gitle, f. 1811, g. 1847 Ragnhild Sundøy, s. Hovland 4. Lars var fiskar og dreiv med sjøen, men sat like tungt i det som fyremennene. Han greidde likevel å sitja med bruket. Lars døydde i 1854 og Kristi i 1838.
Lars Larsson Sundøy, f. 1805, skøytte farsbruket i 1824. G. 1826 Kari Johannes dtr. Røttingen, f. 1802. Born: Larsina, f. 1827, s. n. Lars var ein drivande ung mann og hadde alt på tvo år fenge betre skikk på husi og bruket. Andre joledagen 1826 skulde Lars og drengjen hans i presteskyss til Strandvik, men ut for Bjørnen kollsigla dei og begge kom burt.
Ekkja Kari Johannes dtr. stjorna so bruket eit par år. Dotteri Larsina, som kom til verdi eit halvt år etter faren sin død, fekk skifteskøyte på bruket då ho var 4 månader gamall og vart eigaren her. Bruket vart då sett i eit verde av 150 dalar.
Lars Larsson Hjelle, f. 1802, gifte seg med ekkja Kari Johannes dtr. i 1829 og vart brukar på garden. Dei fekk ein son, Johannes, f. 1830, g. 1862 Anna Steins dtr. Forstrønen. (Johannes var skippar på farty i Nordlandsferd, og budde heime i Sundøy til ikr. 1870, då han flutte til Bergen). Lars, som var fiskar og notmann, hadde bruket til stykdotteri Larsina vart vaksi og gift. Han døydde i 1873 og kona i 1856.
Ola Olson Tysseland frå Samnanger, f. 1808, vart i 1847 gift med Larsina Lars dtr. Sundøy, f. 1827, og fekk bruket med kona. Born: Anna, f. 1847, s. br. 6, Kari, f. 1849, g. 1871 Ola Sørstrønen, s. S. 10, Lars, f. 1853, s. n., Marta, f. 1855, d. 1872, Johannes, f. 1860, g. 1889 Ragnhild Daniels dtr. Ytre Drange, b. Nordbø i Samnanger, s. S. B. 218, Ola, f. 1863, sjømann, d. 1897 i Sudamerika, Larsina, f. 1866, g. 1889 Jon ytre Haugland, s. Røttingen 19. Tvo born døydde unge. Ola dreiv mykje med garden. Han døydde i 1875 og kona i 1895.
Lars Olson Sundøy, f. 1853, skøytte bruket etter faren i 1876. G. 1878 Kari Nils dir. Lepsøy, f. 1854. Born: Ola Kristoffer, f. 1879, s. n. Lars vart ikkje gamall, då han kom burt på sjøen i 1880.
Ola Engjelson Os, i. 1846, vart i 1881 gift med ekkja Kari Nils dtr. og vart brukar her. Han vart fyrste gong gift i 1877 med Ragnhild Nils dtr. Klyva, f. 1850, d. 1880, og hadde i det giftarmålet sønene Engjel, f. 1877, og Nils, f. 1879, som begge reiste til Amerika. Ola og Kari fekk 4 born: Randina, f. 1883, i Amerika, Nils, f. 1885, i Amerika, Anna, f. 1888, g. 1916 Bernt Røttingen, s. R. 18, Olina, f. 1891, g. 1914 Hans Johnsen, s. Røttingen 30. Ola vart heller ikkje gamall, då han døydde alt i 1894.
Ekkja Kari Nils dtr. stjorna so bruket radt til 1918.
Ola Kristoffer Larsson Sundøy, f. 1879, overtok so farsbruket, som han hadde fenge skøyte på ved skiftet etter faren i 1881. G. 1916 Matilde Johnsen, f. p. Vedholmen, Røttingen 1883. Born: Klara, f. 1917, s. n., Inger, f. 1919. Ola var fiskar og sjømann, og var i mange år førar på motorbåt. Han døydde i 1936.
Ekkja Matilde Sundøy fekk bruket etter mannen.
Magnus Jensson Røttingen, f. 1910, vart i 1935 gift med Klara Ols dtr. Sundøy, f. 1917, og skøytte bruket etter vermori i 1937. Magnus er notbas likeins som faren og brørne.
SUNDØY 2.
Jon i Fwrene (Jon Sundøy) hadde dette bruket i 1519 samstundes som ein annan Jon hadde br. 1. Kor lenge Jon var brukar, veit me ikkje, og me finn ikkje fleire brukarar nemnde her på 1500 talet.
Daniel Serøn (Daniel Sundøy) hadde bruket i 1600, men me finn han ikkje nemnd seinare. I 1603 stend ikkje Sundøy i skattelistone.
Mons Sundøy var brukar her i 1605. Av borni hans kjenner me sonen Peder, f. ikr. 1615, s. Røttingen 2. Mons sat tolleg godt i det, og hadde bruket til 1615. Jakob Sundøy fekk bruket i 1615. Han sat godt i det dei fyrste tvo-tri åri, men kom so ut for ei uheppa som med ein gong gjorde han til fatigmann. Han var gift med ei som heitte Sissela, men i 1618 fekk han likevel eit barn med grannegjenta Marta Ingebrigts dtr. Sundøy. For dette måtte han leggja ei sver bot av 16 riksdalar (8 – 10 kuverd), som var umlag alt det han åtte. Det vart no sverande smått for han ei tid, men han arbeide seg fram, og fyrr han døydde i 1634, var han komen millom dei vanlege bønder att i skattelista
Ekkja Sissela Sundøy stjorna so bruket nokre år.
Erik Sundøy vart brukar i 1638. Kona hans, som heitte Metta, var truleg dotter åt Jakob og Sissela. Erik sat svert smått i det, og han var i mange år rekna som fatigmann og var heilt skattefri. Han greidde likevel sitja med bruket til 1656.
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå, veit me ikkje. Bruket vart liggjande øyde etter Erik i fleire år, då ingen vilde bygsla det for grannekona si skuld, s. br. 1. Etter at ho hadde lova bot og betring på tinget i 1663, kom det atter folk på bruket.
Jakob Didrikson, f. ikr. 1626, bygsla her i 1664. Han fekk berre helvti av det gamle bruket, den andre helvti vart verande hjå br. 1, som truleg hadde steilt noko av jordi i øydetidi, og sidan gjekk denne parten over til å verta eit nytt bruk, s. br. 4. Jakob var gift då han kom til Sundøy, men me kjenner ikkje namnet på kona hans, og me veit heller ikkje kvar han var frå. Han var ikkje osing. Me kjenner ein son hans, Didrik, f. 1660, g. 1685 Kari Lars dtr., s. Balland 1. Jakob døydde ikr. 1672.
Torstein Eilifson frå Bergen, f. ikr. 1646, bygsla bruket etter Jakob. Han vart gift med ei Anna Daniels dtr., f. ikr. 1640, som kannhenda var ekkja etter Jakob. Born: Anna, f. 1675, d. 1695, Daniel, f. 1679, d. 1695, Eilif, f. 1682, kjipar i Bergen, Gudbrand, f. 1685, d. ung, Hans, f. 1688, g. 1710 Marta Økland, s. Ø. 1. Torstein sat godt i det, han hadde pengar, og nett fyrr han døydde, lånte han ut heile 32 dalar til ein mann frå Granvin. Han kjøpte seg ogso ein liten part i Sørstrønen. Torstein døydde i 1695, same dagen som dei tvo eldste borni hans fall frå. Truleg kom dei burt på sjøen då dei døydde samstundes.
Peder Johannesson Røttingen, f. 1670, vart i 1696 gift med ekkja Anna Daniels dtr. og bygsla bruket her. Anna døydde i 1719, og Peder gifte seg att året etter med Marta Kristoffers dtr. Bø, f. 1692. Born: Anna, f. 1720, g. 1744 Lars indre Haugland, s. i H. 4, Kari, f. 1723, g. 1747 Ola Hansson Øpstad i Fusa, Kristoffer, f. 1726, g. 1748 Mari Berge, s. Røttingen 2. 3 gutar døydde unge. Peder sat tolleg godt i det, og åtte ein part i Sørstrønen, som han hadde fenge med fyrste kona si. I 1735 vart det ei sak millom han og Peder Olson Brems um eigedoms- og odelsretten til bruket i Sørstrønen, og saki heldt fram etter at Peder var død. Peder Brems vann saki og tok bruket i Sørstrønen, s. S. 1. Peder Johannesson døydde i 1735.
Ekkja Marta Kristoffers dtr. hadde so bruket i heile 8 år. Ho heldt fram med saki mot Peder Brems, og i 1741 måtte ho ogso på tinget for hogging i Lepsøyskogen. Men Marta prova at ho hadde «ikke hugget det allermindste». Ho vart skrivi for Marta Berge (Sundøyberget).
Ola Hansson Økland, f. 1721, som var soneson åt den fyrre brukaren Torstein Sundøy, gifte seg i 1743 med ekkja Marta Kristoffers dtr. og fekk bygsla bruket. Marta døydde i 1758, og Ola gifte seg att året etter med Herborg Torbjørns dtr. Tysland. Det siste giftarmålet var i Strandebarm. Born: Johannes, f. 1761. Ola streva hardt for å greida seg. I 1764 kjøpte han bruket av presteekkja Leganger for 60 dalar, men han hadde ikkje pengar, og Leganger let heile kjøpesummen verta standande mot pant i jordi. Det var teigblanding på Sundøy som på andre gardar, og i 1770 hadde grannen på br. 4 kome inn på ein av Ola sine teigar og skore kornet av ein jordmole som var 33 fot lang og 1 fot breid. Av dette fekk dei ein staur korn, og dei rekna 10 staurar på ei korntunna, vart det prova i retten. Ola døydde i 1773.
Ekkja Herborg Torbjørns dtr. stjorna so bruket i nokre år.
Ola Ivarson Tveiten frå Jondal, f. 1738, kjøpte bruket i 1779 og flutte hertil. G. I. 1778 Helga Knuts dtr. Handagard frå Jondal, f. 1743, d. 1783, g. II. 1785 Marta Lars dtr., f. ikr. 1743, d. p. barseng 1787, g. III. 1789 e. Anna Lars dtr. Sørstrønen, f. 1732, som fyrr hadde vore gift med Svein Røttingen, s. R. 3. Kvar den andre kona åt Ola kom frå veit me ikkje, men truleg var han då gift i Jondal likeins som fyrste gongen. Born: Marta, f. 1780, s. n., Helga, f. 1787, g. 1809 Nils indre Lekven, s. i. L. 1. Ola var ein drivande kar, som hadde stort sjøbruk og greidde seg tolleg godt. Både han og siste kona døydde ikr. 1810.
Nils Nilsson Gjerde frå Strandebarm, f. ikr. 1764, vart i 1800 gift med Marta Ols dtr. Sundøy, f. 1780, og skøytte bruket etter verfaren. Born: Nils, f. 1801, s. n., Helga, f. 1807, g. 1834 Anders Ferstad, s. F. 6, Ivar, f. 1819, g. 1845 Kari Lepsøy, s. L. 3. 3 born døydde unge. Nils dreiv ogso sjøbruk, var skuldfri på garden og greidde seg godt. Han døydde i 1822 og Marta i 1826.
Nils Nilsson Sundøy, f. 1801, skøytte farsbruket i 1823 for 200 spd. G. 1827 Anna Nils dtr. Storum, f. 1799. Born: Nils, f. 1827, s. n., Marta, f. 1829, g. 1853 Samson Storum, s. S. 4, Nilsina, f. 1831, g. I. Nils Olson Sørstrønen, b. Nordvik i Fana, g. II. 1873 Jon Pederson Søviknes, b. Nordvik i Fana, s. F. B. 600, Ola, f. 1833, sjømann, var gullvaskar i Australia i 1869, Magdela, f. 1835, g. 1859 Ola Søvik, s. Kalvetræ 1, Lars, f. 1838, b. Sædalen, Fana. Nils var smed, men dreiv ogso med sjøen. Han døydde i 1858 og kona i 1876.
Nils Nilsson Sundøy, f. 1827, fekk skøyte på farsbruket i 1851. G. 1852 Kari Steins dtr. Forstrønen, f. 1824. Born: Nils, f. 1853, s. n., Marta, f. 1855, g. mylnearbeidar Steffen Henriksen, Fana, Stein, f. 1861, skofabrikkarbeidar i Bergen, g. Steffine Pedersen. Nils var smed likeins som faren. Han døydde i 1915 og kona i 1899.
Nils Nilsson Sundøy, f. 1853, skøytte bruket av faren i 1879. G. 1880 Kari Anders dtr. Gjemdal, f. 1853. Born: Nils, f. 1882, matrialforvaltar, g. 1910 Augusta Nilssen frå Fana, b. Bergen, Agata, f. 1884, g. 1913 Ivar Ivarson Skjeie frå Fana, lagermann i Bergen, Karl, f. 1889, gardbrukar, g. 1915 Almira Karlsen, b. Birkelund i Fana, Andreas, f. 1894, sjømann, d. 1915. Nils var bygningsmann og snikkar. I 1890 selde han bruket og flutte til Fana, der han kjøpte seg eit bruk på Fana prestegard, s. F. B. 652. Huslyden kallar seg Birkelund etter at dei flutte til Fana.
Jon Eliasson indre Moberg, f. 1861, kjøpte bruket av Nils då han flutte. G. 1886 Synneva Nils dtr. Lepsøy, f. 1856. Born: Elias, f. 1886, g. 1921 Frida indre Moberg, s. Røttingen 31, Nils, f. 1893, i Amerika. Tvo gjentor døydde unge. Jon var båtbyggjar. Han døydde alt i 1894.
Ekkja Synneva Nils dtr. fekk bruket etter mannen. Ho selde i 1896, men tok då undan eit jordstykke der ho sidan vart buande, s. br. 7.
Hans Andersson Storum, f. 1864, kjøpte bruket av Synneva i 1896. G. 1888 Kari Lars dtr. Skjeie, f. 1864. Dei hadde fyrr vore busette på Skjeie. Hans og Kari vart ikkje lenge på Sundøy, då dei begge døydde i 1900.
Stein Nilsson Hovland, f. 1868, kjøpte bruket i 1900. G. 1899 Anna Jons dtr. Lepsøy, f. 1877. Born: Karen, f. 1900, g. 1922 Svein Samnøy, s. Røttingen 43, Anna, f. 1902, g. 1922 Lars Lepsøy, s. L. 1, Nils, f. 1906, stuert tilsjøs, g. b. Bergen, Jenny, f. 1900, syerske, Aslaug, f. 1915. Ein gut døydde ung. Stein hadde vore sjømann fyrr han kom til Sundøy.
SUNDØY 3.
Mons Sundøy vart fyrste brukar her, då bruket vart skift ut frå br. 1 i 1645. Han var anten son åt Ingebrigt Sundøy på br. 1 eller gift med ei dotter åt Ingebrigt, truleg det siste. Mons vart heilt fatigmann og greidde ikkje sitja med bruket. Han flutte burt i 1648.
Bruket vart no liggjande øyde, då ingen vilde bygsla det for den olme grannekona, Barbru, si skuld. I 1649 og 1650 låg bruket øyde og usådd, men i åri etter stellte grannane Baard og Erik noko med det.
Rasmus Sundøy bygsla bruket i 1657. Kven han var og kvar han kom frå, veit me ikkje. Kona hans, som me ikkje veit namnet på, fekk straks slik «traktering» av grannekona at ho torde ikkje bu på Sundøy, s. br. 1. Våren 1658 flutte Rasmus og kona frå Sundøy att.
Bruket låg no øyde og usådd i 5 år, då ingen våga å bygsla det og bu på garden.
Peder Andersson, f. ikr. 1638, bygsla bruket i 1663, etter at bispen hadde teke seg av grannekona, s. br. 1. Kvar Peder var frå er uvisst. Han kunde vera son åt Anders Sælen, men det er like truleg at han ikkje var osing. Kona heitte Kari Ols dtr. Dei fekk tvo born her, Anders, f. 1663 og Johannes, f. 1666. Peder sat sverande smått i det. Han drukna på ei byferd i 1669, og ved skiftet etter han fanns det ikkje meir som kunde gjerast i pengar enn ein liten stut og ei liti gryta, det heile verd 9 ort. Men skuld hadde han nok av.
Ekkja greidde ikkje sitja med bruket og flutte burt med borni sine.
Nils Larsson Sørstrønen, f. 1636, vart brukar etter Peder. G. ikr. 1670 Marta Johannes dtr. nedre Rød, f. ikr. 1640. Born: Isak, f. ikr. 1673, g. 1703 Anna Hauge, s. indre Tuen 2, Lars, f. 1675, g. 1707 Brita Jørgens dtr., s. indre Tuen 2, Johannes, f. 1677, g. 1703 Helga Nils dtr. Røttingen, b. Lunde, Mari, f. 1680, s. n., Nils, f. 1685, d. ung. Nils var med i herferdi 1658 – 60, men kom heilskinna heimatt. Han døydde i 1705 og kona i 1699.
Ola Andersson Røttingen, f. 1677, vart i 1699 gift med Mari Nils dtr. Sundøy, f. 1680, og bygsla bruket etter verfaren i 1703. Ola og Mari hadde fyrr vore busette på Røttingen, s. R. 4. Dei fekk 3 born, men berre ei dotter, Marta, f. 1703, s. n., vaks upp. Ola vart utskriven som soldat til herferdi i 1700, men då han var halt, slapp han frå hertenesta. Ola sat tungt i det og måtte på tinget alt i 1706 for stor vareskuld i Bergen. Han kom ogso burt i noko rot med ei gjenta på ein av grannegardane og måtte leggja bøter for uvarleg framferd. Han døydde i 1729 og kona eit par år seinare.
Jørgen Ellingson indre Lekven, f. 1697, vart i 1725 gift med Marta Ols dtr. Sundøy, f. 1703, og vart brukar etter verfaren. Dei fekk 4 dødfødde born og ei livande dotter, Kari, f. 1731. Jørgen sat svert smått i det. Han døydde alt i 1733.
Anders Jonson nedre Haga frå Strandvik, f. 1702, gifte seg i 1734 med ekkja Marta Ols dtr. og bygsla bruket. Dei fekk ei dotter, Dordi, f. 1740, som døydde ung. Anders greidde seg ikkje på bruket og let det frå seg alt i 1737. Han var likevel busett i Sundøy til 1743, då kona døydde, men flutte so burt.
Johannes Sundøy vart brukar i 1737 etter Anders. Kvar han kom frå og kven han var, veit me ikkje. Han var gift og fekk tvo born medan han budde i Sundøy, Herborg, f. 1737, g. Lars Jonson Lunden, s. Lyssand, og Anna, f. 1739. Johannes var brukar i berre 3 år og flutte frå Sundøy i 1740.
Mons Andersson Sørstrønen, f. 1714, bygsla bruket då Johannes flutte. G. 1740 Eli Jakobs dtr. Halhjem, f. ikr. 1710, som var dotter åt Margreta Hans dtr. Halhjem i hennar fyrste giftarmål med Jakob Balentin frå Bergen. Born: Anders, f. 1741, d. ug., Kari, f. 1744, g. 1775 Peder Røttingen, s. Sørstrønen 6, Jakob, f. 1747, mylnarsvein i Bergen, Hans, f. 1750, d. ug. 1772, Lisbet (tvilling), f. 1754, g. 1783 Johannes Røttingen, s. Tømmernes 1, Guro, f. 1754, d. ug. 1810, Johanna, f. 1759, d. ug. 1780. Mons var båtbyggjar, og då han vart tilspurd i 1741 um han hadde hogge i Lepsøyskogen, so sanna han at han hadde hogge noko innved til båtane sine der, band, rongjer, o. 1. Mons kom ille upp i det. I 1746 fekk han barn med ei halvsyster åt kona si, Margreta Halhjem, som tente hjå han, og både han og gjenta vart sette fast og sat lenge i «arrest» hjå lensmannen i Lundarvik. Mons måtte bøta alt det han åtte, so at han sidan vart radt fatigmann, og Margreta vart dømd til «spinnehuset» i Trondheim, der ho sat i mange år. I 1758 måtte Mons gå frå garden og vart sidan paktar på Ferstad, s. F. 1, der han døydde i 1763. Kona gifte seg att tvo år etter med Kristoffer Røttingen, s. R. 2.
Peder Jensson Fugleberg frå Kvinnherad, f. 1726, bygsla bruket då Mons gjekk frå det. G. I 1754 Johanna Anders (Peders) dtr. store Dale frå Kvinnherad, f. 1724, d. 1760, g. II 1762 Herborg Johannes dtr. Tveit, f. 1730. Born: Jens, f. 1757, Johannes, f. 1763, d. ung, Johanna, f. 1764. I 1764 flutte Peder frå Sundøy til Sandal i Strandvik, men både han og kona døydde alt året etter.
Benoni Jensson, f. ikr. 1733, som tente hjå Peder og var i ætt med han, kjøpte bruket av Legangerætti i 1764 då grannebruki vart kjøpte. Benoni åtte ikkje pengar, og heile kjøpesummen 60 spd. vart standande mot pant i bruket. G. 1760 Guro Jons dtr. Sørstrønen, f. 1738. Born: Ingeborg, f. 1760, g. 1807 Daniel Simonson Skjeie, (Ingeborg døydde på Sundøy i 1834), Anders, f. 1770, d. ug., Jon, f. 1775, s. n. Guro, f. 1782, g. 1818 Peder ytre Lekven, s. y. L. 5. 4 born døydde unge. Det vart svert tungt for Benoni. Han greidde ikkje rentone og måtte låna pengar til dei hjå gjestgjevaren i Kvalesund. I 1786 var skuldi til gjestgjevaren komi upp i 17 dalar, fjordeparten av det bruket var verd, og Benoni måtte no selja bruket. Han vart buande på Sundøy til han døydde i 1808. Kona fall frå i 1793.
Brørne Hans Kristofferson Røttingen, f. 1753, og Nils Kristofferson, f. 1759, kjøpte bruket i 1787 og dreiv det nokre år saman. I 1794 fekk son til den fyrre brukaren kjøpa det attende, og brørne flutte frå Sundøy i 1796. Dei kjøpte då kvar sitt bruk på Røttingen, s. R. 4 og 6, der ein finn meir um dei og huslydane deira.
Jon Benonison Sundøy, f. 1775, fekk som nemnt kjøpa farsbruket sitt i 1794. G. I 1806 Kristi Tomas dtr. indre Moberg, f. 1777, d. 1826, g. II 1827 Mari Peders dtr. Sørstrønen, f. 1776. Born: Brita, f. 1808, g. 1850 Nils Olson Krokeid i Fana, som var frå Røttingen, s. F. B. 612, Guro, f. 1809, d. ug. 1882, Anders, f. 1811, s. n., Ingeborg, f. 1815, g. 1848 Ola Nordstrønen, s. Lepsøy 5, Jon, f. 1818, g. 1858 Ingeborg Sørstrønen, s. S. 9. Tvo born døydde unge. Jon sat tungt i det men greidde berga bruket. Då han og grannane på br. 4 og 6 var i vårsildfisket ute ved Glesvær i 1810, berga dei eit båtlag på 4 mann frå Hauge og fekk ei påskyning for det. Jon døydde i 1856 og Mari i 1838.
Anders Jonson Sundøy, f. 1811, skøytte farsbruket i 1834. G. 1844 Marta Johannes dtr. Røttingen, f. 1819. Born: Kristina, f. 1845, g. 1880 Nils Haugland, s. Lepsøy 5, Kari, f. 1847, g. 1874 Hans Lepsøy, s. L. 3, Marta, f. 1850, d. ug. 1912, Johannes, f. 1853, s. n., Guro, f. 1856, g. 1894 Hans Særvollshaug, s. Særvoll. Tvo gjentor døydde unge. Anders var ein vyrd mann og var m. a. medlem av heradstyret 1856 – 61. Han døydde i 1881 og kona i 1898.
Johannes Andersson Sundøy, f. 1853, fekk skøyte på farsbruket i 1875. G. 1879 Marta Jons dtr. ytre Lekven, f. 1855. Born: Marta, f. 1880, g. 1902 Jens Røttingen, s. R. 5, Anna, f. 1884, Jonas, f. 1886, i Amerika, Gurina, f. 1890, s. br. 8, Anders, f. 1893, s. n. Johannes var sjømann og fiskar.
Ekkja Marta Jons dtr. hadde so bruket i mange år.
Anders Johannesson Røttingen, f. 1893, skøytte bruket etter mori i 1917. G. 1918 Malena Jens dtr. Røttingen, f. 1897. Born: Johannes, f. 1919, Jens, f. 1921, Margit, f. 1925, Magne, f. 1926, Åshild, f. 1928. Anders hev vore maskinist på motorbåt og reist med bergingsskøytor o. a.
SUNDØY 4.
Nils Bårdson Røttingen fekk dette bruket ikr. 1680. Jordi her hadde fyrst høyrt til br. 2, men då dette bruket ikkje fekk bygslemann i 1650 åri, tok br. 1 vare på denne parten, som no atter vart skild ut frå dette som serskilt bruk. Nils var gift i 1672 med Marta Eivinds dtr. Indre Haugland, f. ikr. 1645. Han hadde fyrr havt farsbruket sitt i Røttingen, s. R. 4. Han var busett i Sundøy til ikr. 1690, men flutte då burt, og kvar det seinare vart av han og kona, veit me ikkje.
Lars Pederson, f. ikr. 1655, bygsla bruket då Nils flutte. Kvar Lars var frå er uvisst, men soframt han var osing, so kann me tru at han var son åt Peder Røttingen. Kona hans kjenner me ikkje. Born: Peder, f. 1692, s. n., Anna, f. 1702, g. 1732 Eivind indre Haugland, s. ytre Moberg 6, Kari, f. ikr. 1708, g. ikr. 1748 Ola Døsen, s. D. 1. Tvo born døydde unge. Lars sat tungt i det og hadde stor vareskuld til kjøpmann Lars Mortensen i Bergen. Han døydde i 1708.
Ekkja etter Lars, ho er ikkje namngjevi, stjorna bruket etter at mannen døydde.
Peder Larsson Sundøy, f. 1692, bygsla bruket etter mori i 1716. G. I 1715 Brita Størks dtr. Heggland, f. ikr. 1690, d. 1721, g. II 1730 Marta Lars dtr. ytre Moberg, f. 1701, d. 1735, g. III 1736 Lisbet Ols dtr. Økland, f. 1701. Born: Brita, f. 1731, g. 1772 Peder Døsen, s. D. 1, Lars, f. 1734. Eit barn døydde tidleg. Peder sat endå tyngre i det enn faren, og ved skiftet etter andre kona rokk ikkje buet til å greida skuldi og skiftekostnaden. I lengdi greidde ikkje Peder sitja med bruket, og i 1740 let han det frå seg. Kvar det sidan vart av han og kona, veit me ikkje, då dei flutte frå Osbygdi.
Kristen Monsson Sørstrønen,f. Nordvik i Fana ikr. 1676, bygsla i 1741. Han hadde då i 36 år havt bruk i Sørstrønen, s. S. 4. G. I 1704 Lisbet Ibs dtr. Sørstrønen, f. ikr. 1655, d. 1737, g. II 1739 Mari Ols dtr. Haukeland, f. 1709. Born: Lisbet, f. 1707, d. ug. 1745, Mons, f. 1745. 4 born døydde unge. Kristen var båtbyggjar og bygde m. a. ein båt til Ospresten Nils Leganger i 1740. Kristen streva ogso hardt for å greida seg, men berga bruket. Han døydde i 1750.
Ekkja Mari Ols dtr. hadde so bruket eit par år. I 1752 vart ho gift med Ola ytre Moberg, s. y. M. 5, og let då bruket frå seg.
Arne Arneson Kvernevik (Sørstrønen), f. ikr. 1725, bygsla bruket etter Mari i 1752. G. 1749 Barbru Nils dtr., f. ikr. 1717. Barbru tente på Sundøy eller Lepsøy, men ho var truleg ikkje frå Osbygdi. Born: Ingeborg, f. 1752, s. n., Marta, f. 1754, d. 1765, Sesilia, f. 1758, g. 1797 Lars Steffenson Berge frå Fusa, b. p. Lambaneset under Austestad. Arne sat sverande smått i det og batt skuld kvart einaste år. Han døydde alt i 1759.
Ekkja Barbru Nils dtr. overtok bruket då mannen døydde. Ho var ei drivande kvinna som livja både seg og borni, og ho greidde seg mykje betre enn mannen hadde gjort i si tid. Då grannane på garden kjøpte bruki sine i 1764, gjorde ho det same, og Barbru var den einaste av brukarane som hadde 10 dalar sjølv å leggja i kjøpet. Dei 50 dalane som ho vanta av kjøpesummen lånte ho av Hans Dale, og ho greidde rentone av lånet.
Johannes Sjurson Økland frå Austevoll, f. ikr. 1700, gifte seg i 1765 med ekkja Barbru Nils dtr. og vart brukar. Johannes, som var ekkjemann, hadde fyrr vore busett på Økland i Austevoll og hadde i fyrste giftarmålet tvo søner, Peder og Sjur. Dei var vaksne då faren kom til Sundøy og fylgde ikkje hertil, men vart verande på Økland. Johannes var ein drivar likeins som kona, og dei greidde seg godt. Han døydde i 1772.
Ekkja Barbru Nils dtr. overtok no bruket for andre gongen, og greidde seg like godt no som fyrr. Då sønene åt siste mannen, Peder og Sjur Økland, i 1772 hadde fenge ein part av Sundøy i arv etter faren, kjøpte ho det att av dei året etter. I 1774 let ho dotteri og han som skulde verta versonen hennar få bruket saman med seg, og i 1778 gav ho det heile frå seg. Ho døydde i 1790.
Lars Halvardson Røttingen, f. 1748, vart i 1775 gift med Ingeborg Årnes dtr. Sundøy, f. 1752, og skøytte bruket etter vermori i 1778. Av 9 born vaks berre 3 upp: Anna, f. 1777, s. br. 6, Halvard, f. 1784, s. n., Lars, f. 1789, g. 1816 Magdela Røttingen, s. R. 9. Lars var fiskar, dreiv stort sjøbruk og greidde seg godt. I 1775 var han ute på fiske, då oberst School kom og skulde ha skyss. Skyss-skaffaren Ola Storum hadde fyrr varsla i huset hjå Lars og grannen Jørgen um skyssen, men då var Lars alt reist ut i fisket og fekk ikkje vita at han skulde skyssa obersten. Lars og grannen kom for retten og fekk kvar ei bot av 2 dalar, og attåt dette skulde dei leggja heile skysskostnaden. At Lars var heilt uvitande um skyssingi tok ikkje domarane umsyn til. Når det kom ein oberst og skulde ha skyss, so plikta ein å skyssa, anten ein var burte eller heime. Lars døydde i 1828 og Ingeborg i 1812.
Halvard Larsson Sundøy, f. 1784, fekk bruket etter faren i 1806. G. ikr. 1808 Kari Mons dtr. Sørstrønen, f. 1784. Born: Arne, f. 1810, s. n., Barbru, f. 1817, g. 1849 Kristoffer Røttingen, s. R. 2, Mons, f. 1820, g. 1860 Marta Bø, s. Lepsøy 1, Dordi, f. 1824, d. ug. 1855. 4 born døydde unge. Halvard var fiskar likeins som faren, men sat ikkje so lett i det som han. Han døydde i 1851 og kona i 1842.
Arne Halvardson Sundøy, f. 1810, skøytte farsbruket for 120 spd. i 1835. G. 1839 Guro Hans dtr. indre Moberg, f. 1816. Born: Kari, f. 1839, g. 1862 Nils Hovland, s. H. 2, Halvard, f. 1842, s. n., Hans, f. 1845, skippar, g. 1874 Anna Birgitte Hansen, Kvalesund, døydde 1875, Anna, f. 1847, g. 1877 Torkjell Lunde, s. L. 1, Johanna, f. 1850, i Amerika, Lars, f. 1856, d. 1877, Nikolai, f. 1861, i Amerika. Arne var båtbyggjar. Han og Jon Lepsøy lærde kunsten i «Tøsdals-naustet», og var dei fyrste som tok båtbyggjingi uppatt for alvor i Sørøyane. Han hadde fleire tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1856 – 59. Arne døydde i 1885. Kona livde til 1917, og var då ho døydde 101 år gamall.
Halvard Arneson Sundøy, f. 1842, skøytte bruket etter faren i 1864. G. 1868 Ingeborg Hans dtr. indre Moberg, f. 1843. Born: Arne, f. 1869, drukna 1884, Hansina, f. 1874, s. n., Frida, f. 1880, g. 1909 Mons Lunde, s. L. 6, Ingeborg, f. 1883, g. 1908 Stein Askvik, s. A. 3. Tvo born døydde unge. Halvard var båtbyggjar likeins som faren og dreiv med sjøen. Han døydde alt i 1885.
Ekkja Ingeborg Hans dtr. stjorna so bruket nokre år. Ho døydde i 1898.
Anders Olson Ulven, f. 1865, vart i 1893 gift med Hansina Halvards dir. Sundøy, f. 1874, og skøytte bruket etter vermori. Born: Gurina, f. 1894, g. 1916 Ola Sørstrønen, s. S. 12, Ingeborg, f. 1896, g. Kristoffer Sørstrønen, s. Røttingen 42, Olaf, f. 1898, s. n., Halvard, f. 1899, stuert, g. I Målfrid Dorflått frå Stryn, g. II 1930 Johanna Jørgens dtr. Skjeie, Hans, f. 1901, g. Emma Eivinds dtr. indre Moberg, Anna, jordmor, g. Johan Løkkebø, Hanna, b. Bergen, Larsina, f. 1907, d. ug. 1934, Agnes, f. 1908, g. sjauffør Ingvald Fløisand, b. Bergen, Anders, f. 1909, i Amerika, Hilda, f. 1913, g. Gabriel Paulsen, Toska i Manger, Olga, f. 1915, Arne, f. 1921. Anders dreiv med bøkkararbeid o. a. Han hadde mange kommunale tillitsyrke og var m. a. med i heradstyret 1905 – 0 og 1917 – 19. Han døydde i 1934.
Olaf Andersson Sundøy, f. 1898, skøytte farsbruket i 1927. G. 1923 Hilda Hans dtr. Røttingen, f. 1897. Born: Artur, f. 1924, Hans, f. 1926, Herdis, f. 1928, Bjarne, f. 1931. Olaf hev vore sjømann og reist som maskinist på motorbåt o. a. Kona døydde i 1933.
SUNDØY 5.
Jørgen Pederson ytre Haugland, f. 1737, flutte hertil og busette seg i 1775. Han hadde fyrr vore busett på Særvoll, s. S. 1. I 1778 flutte han attende til Særvoll, der han vart buande til ikr. 1788 då han flutte til Sørstrønen, s. S. 6, der ein finn meir nemnt um han.
Lars Jonson Sørstrønen, f. 1745, festa bruket i 1778 då Jørgen flutte. Benoni Sundøy som åtte bruket var gift med syster hans. G. 1777 Anna Albrigts dtr. Grindevoll, f. 1745. Born: Anna, f. 1779, g. ikr. 1800 Johannes Olsen, kjørar i Bergen. Lars dreiv fiske men sleit tungt for å greida seg. Ved skiftet etter han vart det, då skuldi var greidd, 6 skjeling i arv til å skifta på ekkja og dotteri. Lars døydde alt i 1789, og ekkja flutte då frå Sundøy.
Halvard Halvardson Røttingen, f. 1766, festa bruket etter Lars. G. I 1791 Kari Ols dtr. Storum, f. 1766, d. 1810, g. II 1812 Margreta Jakobs dir., som tente ein stad i Øyane, men som ikkje var frå Os. Born: Mari, f. 1791, s. n., Ola, f. 1794, g. 1838 Lisbet ytre Drange, s. Holen 1, Herborg, f. 1803, g. 1829 Eivind ytre Drange, s. y. D. 3, Halvard, f. 1805, g. 1829 e. Gunvor Lars dtr. Gjerde, busett i «Viken». 3 born døydde unge. Halvard dreiv mykje med sjøen og greidde seg godt. Han døydde i 1831.
Mari Halvards dtr. Sundøy, f. 1791, skulde gifta seg i 1818, og ho og mannen skulde verta, fekk løyve på bruket. Mari vart gift, men kven mannen var veit me ikkje. Dei vart ikkje gifte i Os eller dei næraste bygdene her. Mari døydde på barseng i 1820, og mannen flutte då burt.
Elling Olson Sundøy som fyrr hadde havt br. 1, busette seg på «en plads under Sundøen» då han i 1803 måtte selja farsbruket sitt. Um han var busett her eller ein annan stad på garden, veit me ikkje. Men då det på dei tider ikkje var nokon annan «plads» på Sundøy lyt me tru at det var her. Elling døydde i 1816 og kona i 1831.
SUNDØY 6 (Klubben, Nore Neset).
Johannes Sjurson Haga frå Samnanger, f. 1774, fekk i 1803 festa ei tuft av verfaren sitt bruk og busette seg i «Klubben». I 1807 fekk han festa plassen «Nore Neset» av verbroren, og seinare vart han skriven for Johannes i Klubben og Johannes i Neset. G. I 1803 Anna Lars dtr. Sundøy, f. 1777, d. 1837, g. II 1839 e. Guro Ellings dtr. Lepsøy, f. p. Sundøy 1783. Born: Agata, f. 1804, s. n., Lars, f. 1806, g. 1831 Lisbet Lyssand, s. Lepsøy 10. Fyrste kona vilde ikkje lyda Johannes etter at dei var gifte. Brudlaupet deira stod den 24. november, og alt den 14. desember same året måtte prosten Sandberg ut og halda preika for kona, at ho måtte vera «sin mann underdanig» um det ikkje skulde gå henne ille. Johannes dreiv fiske og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1842, og kona gifte seg att året etter med Nils Lepsøy, s. L. 6.
Jon Andersson ytre Haugland, f. 1800, vart i 1835 gift med Agata Johannes dtr. Sundøy, f. 1804, og festa bruket etter verfaren. Born: Anders, f. 1836, famnesetjar i Bergen, Johanna, f. 1839. Jon var fiskar. Han døydde alt i 1842.
Stein Steinson Nedre Vaagen frå Strandvik, f. ikr. 1804, flutte til Sundøy i 1843 og stellte bruket for ekkja Agata Johannes dtr. I 1846 vart dei gifte. Stein var ekkjemann, og vart fyrste gong gift i Bergen 1834 med Elisabet Ols dtr. frå Hamre, f. ikr. 1804. Han hadde fyrr vore busett på Haugland i Os. Stein var fiskar likeins som fyremennene. I 1851 flutte han til Askviknes og busette seg der, s. Askvik 5, der ein finn meir um han og huslyden. Bruket fall attende til garden.
Ola Larsson Nordstrønen, f. 1855, busette seg her ikr. 1900. Han hadde fyrr vore paktar i Askvik o. a. st. G. 1887 Anna Ols dtr. Sundøy, f. 1847. Born: Lars. f. 1891, skomakar i Bergen. Ola var arbeidsmann og gjekk i dagarbeid. Kona døydde i 1925.
SUNDØY 7 (Berget).
Synneva Nils dtr. Sundøy, f. 1856, tok undan eit jordstykke då ho selde br. 1 i 1896, og vart sidan buande her til ho selde i 1926. Ho flutte sidan til sonen i Røttingen.
Torkjell Larsson Lepsøy, f. 1894, kjøpte bruket i 1926. G. 1917 Birgitta Gabriels dtr. Røttingen, f. 1893. Born: Lars, f. 1920, Klara, f. 1922, Gunnar, i. 1924. Ei gjenta døydde ung. Torkjell hev vore sjømann og driv ogso bøkkararbeid.
SUNDØY 8 (Framnes).
Jørgen Annaniasson Garvik, f. 1888, skøytte ein part av vermori sitt bruk, s. br. 3, i 1916 og bygde her. G. 1914 Gurina Johannes dtr. Sundøy, f. 1890. Born: Alfred, f. 1915, Johannes, f. 1916, Magda, f. 1918, Ingeborg, f. 1920, Gunvald, f. 1923, Jonn, f. 1925, Harald, f. 1928, Rolf (tvilling), f. 1930, Ragnhild, f. 1930. Jørgen hev ført farty og drive med sildekjøp og sildesalting.