LEPSØY
Frå OS SOGA II side 453 – 480
31. LEPSØY
Gardsnamnet er fyrste gong nemnt i 1321 og er då skrive Løfsøy. På same måten er det skrive nokre år seinare, i 1329. Etter dette skulde det gamle øynamnet vera Løps eller kannhenda Leps, Lepsu. Kva upphavet til namnet kann vera er uvisst. Ein hev gissa på at det heng saman med det gamalltyske lefs, som tyder lippa, ein lipp som stikk fram, og dette høver sers godt på Lepsøy. Av småbruki på garden hev Gjeitarøy sjølvsagt namnet sitt av at øyi ein gong hev vore nytta til gjeitehage. Bjørnarøy kunde ha fenge namn etter mannsnamnet Bjørn, men då det ikkje hev vore busett nokon Bjørn på øyi, må dyrenamnet bjørn vera upphavet.
Uttale: Læ’ppsøio.
Skrivemåtar: Løfsøy (1321), Lofføn (1519), Leffzøn (1563), Lepsøenn (1567), Lepsøn, Lepsø (1600), Leffsøenn, Leffsømn, Læffson, Leffszøenn, Leebsøenn, Læbsøen, Løffsøen (1634), Løvsøen, Lepsøyen, Leffs Øen, Slepsøen (1743) o. s. b.
Garden ligg ytst på halvøyi eller neset Lepsøy, som stikk frå fastlandet ut i osen austanfyre Strøno. I gamall tid gjekk sjøen rundt, so Lepsøy var ei retteleg øy, men i våre dagar kann ein gå turrskodd til øyi. Bjørnarøy ligg i osen sunnanfyre, nærare Røttingen, og Gjeitarøy ligg på nordsida, nær fastlandet. Eigarar var dei same som åtte Sundøy og storparten i Røttingen, og Legangerætti åtte garden til dess brukarane kjøpte han på auksjonen etter Johan Leganger i 1796.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 6 stadstdr., afler 20 tønder, derunder 1 fischeuog nest gaarden, goed brendeskoug til gaardens fornødenhed, sider en hussmand paa same jord, siges at gifue leylendingen 4 mark.
1723: En huusmand bor paa en liden holme gaarden tilhørende men hverken saaer eller høster, men ernærer sig allene ved et ringe fiskesnøre. Fornøden brendefang og lidt furreskoug til gaardens reparation, ei videre, ingen saug, qvern eller fiskerie, middelmaadig, tungvinden, nogenledes vis til korn. Haver ingen brug eller næring uden allene af gaardens aufling, og ingen lejlighed til handling.
1865: Lepsøe med 4 pladse: Har 29 maal dyrket åger og eng, hvoraf 7 maal godt, 11 maal middels og 11 maal slet, har 141 maal naturlig eng, deraf 30 maal godt, 75 middels og 36 slet, intet kan dyrkes, har brændeskov og til ½ husreparation, føder 10½ ungnød ved lyng, er middels letbrugt og almindelig drevet. Bjørnerøe: Har 1½ maal dyrket åger og eng, hvoraf 1 maal middels og resten slet, har 7 maal naturlig england, hvoraf 4 maal middels og resten slet, intet at dyrke, ingen brændeskov, føder 2 ungnød ved lyng, har ingen havnegang, er letbrugt og almindeligt drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 4 | 18 | |||||||||
1668 | 4 | 24 | 6 | tun | |||||||
1723 | 3 | 2 | 24 | 4,5 | » | ||||||
1800 | 5 | 31 | |||||||||
1835 | 10 | 55 | 4 | 24 | 40 | 2 | 13 | » | 7 | tun. | |
1865 | 15 | 71 | 1 | 60 | 171 | 4 | 6 | 16,5 | » | 33 | » |
1900 | 12 | 68 | 2 | 37 | 69 | 7 | 14 | hl. | 39 | hl. | |
1920 | 17 | 84 | 1 | 41 | 57 | 4 | 8,5 | mål | 23,5 | mål | |
1930 | 16 | 79 | 5 | 38 | 47 | 9 | 2 | » | 13 | » |
LEPSØY 1.
Sigurd Ormson Lepsøy var brukar på garden i 1321 og er fyrste namngjevne mannen her. Han åtte ein gard Vatsland i Ryfylke som han selde til Munkeliv Kloster i Bergen den 6. oktober 1321. Kjøpebrevet som han sette upp finns enno, og me prentar det nedanfyre.
Orm Lepsøy hadde garden i 1325. Han var truleg son åt Sigurd og er skriven som «bonde i Løfsøy». Kona hans heitte Jorunn. Dei åtte garden Åkre i Varaldsøy, men den 4. januar 1325 selde dei han til Munkeliv Kloster, likeins som Sigurd selde Vatsland 4 år tidlegare. Abbeden i Lysekloster og Fanapresten Halle var tilstades då salet vart gjort og skreiv under som vitne på kjøpebrevet. Dette finns enno, og me prentar her dei tvo kjøpebrevi:
bref om Vazland i Ryiafylke – ;
Ollum monnum peim sem petta bref sia edhir høyra sendir Sigurdhir Ormsson i Løfsøy q. g. oc sina Ek vill idhir kunnykt gera at ek selde herra Iware medh gudz miskund åbota i Munkalifue i Biorgwin halft fimta mata boll hit stinna er liggir i Ryiafylke, er Vatzland heitir medh pi skillordhe at han lauk mer i hond xij aura brenda i huart matabol til pes er han kømir sudhir sialfuir i Ryiafylke edha hans loghlighir ombudzmadhir . seer han þa at iord er meira verd medh godhra manna sampykt þa scall han luka med þa er han kømir sunnan. var þetta kaupp gort in octauis sancti Michaelisa iij vyrdhulegs herra Magnusar Noregs Suia oc Gota Konungs oc til sanz vitnisburdhar sette ek mith incigle firir þetta bref er gort var a førdo are oc dæghi
bref om Akir i Varalz øy
Ollum monnum þeim sem þetta bref sea edhir høyra senda Arne medh gudz forsio Abbote i Lysa oc Hallir prestir a Fana q. g. oc sina ver gerom idhir kunnukt at a þui aare er lidhit var fra burd vars herra Jesu Christi m. ccc. xx vettr oc fim vætir a ellifta dagh iola varo vith i hia oc hørdhom a er Ormir bonde i Løfsøy selde herra Iware abbota at Munkalifue i Biorgwin Klaustreno till eignar med samþykt Joronnar husprøyu hans þueggia mata boll i iordh þerri er Akir heitir i Varalzøy med ollum þeim lunnendom er till hafua leghit edha till kan at falla firir iiij merkir brenda i þessom øyri halfua lest korns . ix laupa smørs oc halfua fimta mork pæninga med pui skillordhe at herra abote scall førnempda iordh byggia oc bola oc landsculd af taka ok klaustrit akallo laust ewinlegha firir þeim oc þerra eruingiom fornempda iordh egha Oc til sanz vithnisburdhar settom mith okor incigle oc førnempd hion siin incigle firir þetta bref er gort var a fornempda are oc dæghi
Ollup pa Lofføn (Ola Lepsøy) hadde garden i 1519 og er fyrste mann som me finn namngjeven her etter karane frå 1320 åri. Ola brukte heile Lepsøy.
Torstein Lepsøy var brukar i 1563. Garden var då skift i tvo partar med di Eivind Lepsøy, s. br. 2, hadde den andre parten. I 1567 er Torstein skriven for heile garden.
Ola Lepsøy var brukar i 1591 og hadde heile garden likeins som Torstein. Kva tid han vart brukar veit me ikkje. I 1600 vart Ola lensmann i Os. s. O. B. 549, men han døydde alt i 1602. Garden vart no skift i tvo partar att.
Lars Lepsøy fekk dette bruket i 1603. Det var smått for Lars, og då han i 1612 skulde reida ut skatt for å halda hermennene ved svenskegrensa, so lagde han, likeins som grannen, berre husmannskatt. Han sat elles tungt i det so lenge han livde. Magdela Røttingen, s. R. 4, var truleg dotter hans og kannhenda hadde han ogso sonen Ola, s. br. 2. Lars døydde i 1643.
Ekkja etter Lars, ho er berre skrivi for «Enchenn Leffsøenn», utan namn, stjorna so bruket i heile 7 år. Grannen på br. 3 brukte det saman med henne. Ekkja var like fatig som mannen hadde vore. Ho døydde i 1650, og grannane på br. 2 og 3 stellte no dette bruket saman med sine eigne i 5 år.
Kvar dei ovannemnde brukarane var frå og kvar dei hadde ætti si, veit me ikkje.
Lars Paulson Halhjem, f. ikr. 1635, bygsla bruket i 1655. G. I 1656 Kristi Anders dtr. Halhjem, f. ikr. 1635, d. 1680, g. II 1682 Agneta Anders dtr. Røttingen, f. ikr. 1656, d. 1682, g III 1689 e. Guro Tørris dtr. Kvalesund, f. ikr. 1663, som fyrr hadde vore gift med Mons Lepsøy, s. br. 3. Born: Anders d. e., f. 1657, d. 1669, Paul, f. 1659, Kari, f. 1670, g. 1712 Ola Lysøy, s. L. 1, Kristi, f. 1672, g. 1702 Paul Røttingen, s. R. 1, Anders d. y., f. 1677, Anna, f. 1680, Ola, f. 1682, s. n. 5 born døydde unge. Borni reiste ut etterkvart dei vart vaksne og berre Ola, den yngste, vart att hjå foreldri. I 1704 vart Ola utskriven til hertenesta, og det vart då tilført i militær-rulla: «Er sine gamle forældres eneste støtte». Lars sat tungt i det, og den rike borgarmeistaren i Bergen, Søfren Jensøn, som stod for bygsla i 1650 åri, tok han for retten i 1658 avdi han stod tilrest med bygslepengar. Lars døydde i 1715 og Guro i 1728.
Ola Larsson Lepsøy, f. 1682, bygsla bruket etter faren i 1712. G. 1713 Anna Halvards dtr. Holmefjord, f. 1683. Born: Kristi, f. 1713, d. 1741, Halvard, f. 1716, Jakob, f. 1719, Lars, f. 1721, d. ung. Ola var millom dei utskrivne hermenn som i 1712 skulde fara austover til svenskegrensa; men me finn han heime på garden eit par år seinare, so han slapp truleg vera med i den store ufreden. Ola sat like tungt i det som faren. Han døydde alt i 1729 og kona i 1741. Dei tvo attlivande gutane reiste ut, og me finn dei ikkje att i Osbygdi.
Vinsjans Olson Hovland, f. 1700, bygsla bruket då Ola døydde. G. I 1725 Marta Nils dtr. indre Lekven, f. 1692, d. p. barseng 1733, g. II 1733 Brita Gudmunds dtr. ytre Tuen, f. 1706. Born: Ola, f. 1726, g. b. i Bergen, men var i 1773 i hertenesta i Kjøpenhamn, Nils, f. 1731, s. n., Lars, f. 1737, d. ug. 1773 p. Haugen i Strandvik, Størk, f. 1740, d. ug. 1770, Anders, f. 1744, g. 1773 Anna indre Lekven, s. Lunde 1, Johannes, f. 1747, g. 1782 Herborg Halvards dtr. Skaatun. 4 born døydde unge. Vinsjans måtte saman med mange andre svara for hogging i Lepsøyskogen i 1741, og då hadde han hogge ei rotvelta til svilla under den gamle røykstova si og ei fura som enno låg ved roti og ikkje var kjørt heim. Vinsjans sat svert smått i det og fekk ei halv tunna korn av kongen si «nådegave» til fatige bønder i 1743. Då han døydde i 1759, åtte han umlag ikkje ein einaste ting som kunde verdsetjast. Kona døydde i 1765.
Nils Vinsjansson Lepsøy, f. 1731, bygsla farsbruket i 1756. G. 1756 Barbru Nils dtr. Storum, f. 1730. Born: Marta, f. 1758, s. n., Vinsjans, f. 1760, d. 1780. Ei gjenta døydde ung. Nils dreiv fiske og greidde seg noko betre enn faren. Han døydde alt i 1765.
Ekkja Barbru Nils dtr. stjorna so bruket nokre år.
Ingebrigt Ingebrigtson Skjeie, f. 1736, gifte seg i 1767 med ekkja Barbru Nils dtr. og fekk bygsla bruket. Han hadde fyrr vore gardstyrar på Molda, s. M. 1 a. og 2, og vart fyrste gong gift 1760 med Ingjerd Steffens dtr. Kuven, f. 1732, d. 1765. Born: Steffen, f. 1761, s. br. 7, Brita, f. 1763, ug. Ingebrigt var fiskar. Han døydde i 1800 og kona i 1810.
Peder Nilsson Midtsæter, f. 1756, vart i 1783 gift med Marta Nils dtr. Lepsøy, f. 1758, og fekk same året bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar. Dei hadde bruket saman til 1796, då Peder kjøpte bruket på auksjonen etter Johan Leganger. Born: Nils, f. 1784, s. n., Barbru, f. 1786, Marta, f. 1789, s. br. 8, Vinsjans, f. 1791, s. br. 8, Peder, f. 1793, d. ug. 1847, Anna, f. 1798, g. 1825 Ola Andersson Bø. Ein gut døydde tidleg.
Peder var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt. Men han var ein hardhaus og kom jamt i håri på ein eller annan av grannane. Han lånte pengar, men likte ikkje å betala dei attende, og so vart han stemnd til tings. Det gjorde ikkje noko, for han møtte ikkje på tingi, og fyrst då heile bruket hans stod på spel, greidde han upp i sakene. I 1804 – 1806 hadde han 6 – 8 saker på tinget, som han tapte alle, og fekk attåt ei stor bot for «unødig trætte». I 1809 kom han upp i ei undarleg sak. Presten Kristen Larsen vilde ha klokkar Torbjørn Synnestvedt avsett, og mange av bygdefolket vart innkalla som vitne i saki. Alle prova at klokkaren hadde rett og at han var ein gild mann, berre Peder Lepsøy sa noko anna. Han vitna at klokkaren var ein skarv, ein skjelm, ein tjuv. o. s. b., og no fekk klokkaren ei sak med Peder attåt saki med presten. Sjå meir under Lyssand 2. Peder døydde i 1833 og kona i 1832.
Nils Pederson Lepsøy, f. 1784, skøytte farsbruket i 1805. G. 1816 Brita Ellings dtr. Sundøy, f. 1789. Born: Barbru, f. 1816, g. 1840 Jakob Mikkjelson Hamre frå Fana, s. n., Marta d. e., f. 1817, s. br. 8, Ellins, f. 1819, s. n., Peder, f. 1822, gjekk på sjøen i 1842, Marta d. y., f. 1826, g. 1851 Johan Johanson Romslo frå Haus, Mari, f. 1829, d. ug. 1870, Nils, f. 1833, i Amerika, Kari, f. 1836, g. Kristian Krokeid i Fana, s. F. B. 605, Rakel, f. 1840, g. Knut Knutson Krokeid, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 609. Nils dreiv mykje med sjøen og greidde seg godt. Han døydde i 1857 og Brita i 1841.
Elling Nilsson Lepsøy, f. 1819, skøytte bruket etter faren i 1850 for 300 spd. G. 1852 Marta Ols dtr. Midtsæter, f. 1826. Born: Brita, f. 1852, Nils, f. 1854, Ola, f. 1856, Hans, f. 1859, Helga, f. 1862. Elling treivst ikkje heime. I 1860 skifte han bruket i tvo partar, selde den eine same året og den andre året etter, s. br. 14, og i 1862 tok han huslyden med seg og reiste til Amerika. Eldste syster hans, Barbru, som hadde vore gift med Jakob Hamre, reiste til Amerika saman med Elling, men son hennar, Mikkjel, f. 1840, flutte til Bergen og busette seg der.
Mons Halvardson Sundøy, f. 1820, kjøpte den eine parten av Elling for 370 spd. då han hadde kløyvt bruket i 1860. G. 1860 Matta Lars dtr. Bø, f. 1832. Born: Halvard, f. 1860, agent i Bergen, g. Kathinka Åmodt, Lars, f. 1862, s. n., Vinsjans, f. 1865, handelstyrar, g. Kari Rugelsæter frå Sogn som fyrr hadde vore gift med H. N. Hansen, Osøyri, Kari, f. 1867, g. 1907 Mons Liseth, s. Skjeie, Marta, f. 1870, g. 1897 bygningsmann Martin Ingebrigtson Kleivane frå Myking, Ingeborg, f. 1874, g. I Steffen Hagevik, g. II 1912 Kristoffer Irgens, s. Skjeie. Mons dreiv mest med skogarbeid. Han døydde i 1890 og kona i 1914.
Lars Monsson Lepsøy, f. 1862, skøytte farsbruket i 1886. G. 1891 Anna Torkjells dtr. Lunde, f. 1869. Born: Mons, f. 1891, g. 1916 Ingeborg Drange, s. Skjeie, Torkjell, f. 1894, g. 1917 Birgitta Røttingen, s. Sundøy 7, Lars, f. 1897, s. n., Martin, f. 1900, g. 1925 Maria Sørstrønen, s. Hovland, Brita, f. 1902, d. 1924, Anna, f. 1905, g. snikkar Kristian Engjelson Sørheim, b. Nesttun. Lars var bygningsmann og snikkar og hadde ymse tillitsyrke i bygdi. Han døydde i 1923 og kona i 1928.
Lars Larsson Lepsøy, f. 1897, skøytte bruket etter faren i 1923 og hev det no. Faren hadde fyrst selt det i 1916 til Sofie Sundt, men kjøpte det attende året etter. Lars vart gift i 1922 med Anna Steins dtr. Sundøy, f. 1902. Born: Jon, f. 1923, Lars, f. 1927, Alvhild, f. 1929, Lilly Astrid, f. 1932. Lars er bygningsmann likeins som faren.
LEPSØY 2.
Effuindi i Leffzøn (Eivind Lepsøy) var brukar her i 1563. Me finn han ikkje nemnd seinare, og Torstein på br. 1 var skriven for heile garden i 1567.
Lensmann Ola Lepsøy hadde heile garden likeins som Torstein, s. br. 1.
Vinsjans Lepsøy vart brukar her i 1603. Fleire ting tyder på at han anten var son åt lensmannen eller gift med ei dotter hans. Vinsjans sat, likeins som grannen, smått i det dei fyrste åri og lagde berre husmannskatt i 1612, men han arbeidde seg fram og vart ein tolleg «god» bonde. Kva kona hans heitte, veit me ikkje, men han hadde ein dreng som heitte Mons. Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1605, s. n., Mikkjel, f. ikr. 1608, s. indre Moberg 1, Johannes, f. ikr. 1610, g. Mari nedre Rød, s. n. R. 1, Nils, f. ikr. 1628, s. Søvik 1. Magdela ytre Haugland, s. y. H. 5, var truleg ogso dotter hans. Vinsjans var tvillaust gift andre gongen då han fekk ein son i 1628. Han døydde i 1631.
Ekkja etter Vinsjans hadde so bruket i 7 – 8 år. Ho greidde seg godt og lagde skatt som dei beste bønder i bygdi. Ho hadde i desse åri tvo drengj er på bruket, Mons og Kristoffer, s. br. 3.
Ola Vinsjansson Lepsøy, f. ikr. 1605, bygsla bruket etter mori eller stykmori i 1638. Kona hans, som heitte Kari Lars dtr., var kannhenda frå Røttingen. Av borni kjenner me: Lars, f. ikr. 1640, s. br. 4, Ola, f. ikr. 1642, d. ug. 1670, Kari, f. ikr. 1644, d. ug. 1676, Ingeborg, f. ikr. 1646, s. br. 3, Vinsjans, f. ikr. 1648, stod i hertenesta i 1670 åri og kom ikkje att frå ufreden. Ola sat tolleg godt i det og var ein mykje vyrd mann i bygdi. Han døydde i 1654.
Nils Lepsøy gifte seg med ekkja Kari Lars dtr. i 1655 og vart brukar her. Kvar han var frå, veit me ikkje. Nils døydde alt i 1656.
Ola Larsson, f. ikr. 1630, vart gift med ekkja Kari Lars dtr. i 1657 og fekk bygsla bruket. Kvar Ola var frå er uvisst, men det er mykje som talar for at han var son åt Lars Lepsøy på br. 1. Kona Kari døydde i 1669, og Ola gifte seg att same året med ei som heitte Kristi. Ho hadde ætt på indre Moberg, men elles veit me ikkje noko um henne. Born: Kari, f. 1670, Lars, f. 1676, stod i hertenesta 1704 og er då skriven i militærrulla som «gift gaardbruger», men elles veit me ikkje meir um han, Anna (tvilling), f. 1682, d. ug. 1743, Synneva, f. 1682, Anders, f. 1685, Ola, f. 1689. 3 born døydde unge.
Kona Kari Lars dtr. var ei mannsleg kvinna. Ein av dei fyrre mennene hennar skulde ha skysspengar av Samnangerbøndene, og då dei ikkje betalte, lagde Kari i 1663 sak upp mot Ola Grønsdal, som var bøndene sin tillitsmann. Ola Grønsdal var då snøgg til å betala det som Kari skulde ha. So heppi var ikkje den andre Kari i huset, dotter åt Ola i andre giftarmålet. Ordet gjekk i bygdi um at ho skulde vera med barn, og i 1704 måtte ho for retten. Det vart prova at ho var skuldlaus, ho korkje var eller hadde vore med barn; men for «rettens umage» og for at folk hadde tala um henne måtte ho likevel leggja ei bot.
Ola greidde seg tolleg godt dei fyrste åri, men det gjekk nedover. Han greidde ikkje sine skyldnader, og ikr. 1695 måtte han flytja frå bruket. Kvar det vart av han og huslyden hans, veit me ikkje.
Presten Kristoffer Garmann, som åtte Lepsøy, tok no dette bruket sjølv og dreiv det ved drengjer eller gardsstyrarar.
Presten Nils Leganger, som fekk Lepsøy i arv med kona si, dreiv bruket på same måten.
Torbjørn Nilsson Gjerde frå Fusa, f. 1695, var gardsstyrar her i 1720 og 1730 åri. Han vart gift i 1726 med Kristi Peders dtr. Åsen, f. 1698. Dei hadde eit barn til dåpen i 1726, men dette døydde straks, og i 1736 hadde dei sonen Anders til dåpen. Torbjørn var truleg gardstyrar so lenge presten dreiv bruket sjølv.
Nils Morteinson bygsla bruket av ekkja etter Nils Leganger i 1752. Kona åt Nils heitte Katrina Torbjørns dtr. Kvar dei var frå og kvar dei kom frå, veit me ikkje, men ingen av dei var osingar. Born: Torbjørn, f. 1752, Mortein, f. 1754, Nils, f. 1762, d. 1778. Tvo born døydde unge. Nils bygsla heile Lepsøy med undantak av br. 1. I 1778 let han bruki frå seg og flutte med huslyden frå Lepsøy. Kvar det vart av dei, veit me ikkje.
Hans Hansson Vik frå Strandvik, f. p. Vinnes 1718, bygsla bruket her i 1779. G. I 1743 Maria Steins dtr. Vik frå Strandvik, f. p. Markhus 1692, d. 1759, g. II ikr. 1761 Kari Torbjørns dtr. Hauge frå Strandvik, f. ikr. 1739, d. 1776, g. III 1779 e. Anna Mattis dtr. Berge, f. 1723, som fyrr hadde vore gift med Nils Gjemdal, s. G. 3. Av borni kjenner me dotteri Maria, f. 1763, g. 1782 Paul Bjånes, s. B. 1. Hans let bruket frå seg i 1784 til ein son åt kona frå hennar fyrste giftarmål, s. n., og flutte frå Lepsøy. Me veit ikkje kvar han tok vegen.
Nils Nilsson Gjemdal, f. 1760, bygsla bruket i 1784 etter mori og stykfaren. I 1804 kjøpte han bruket av Engjel Jonson indre Moberg som då åtte det og hadde kjøpt det i 1796 på auksjonen eter Johan Leganger. Nils vart gift 1786 med Kari Ols dtr. Bjånes, f. 1760. Born: Anna, f. 1787, s. n., Kari, f. 1789, g. 1812 Kristoffer Røttingen, s. R. 4, lngeleiv, f. 1791, g. 1814 Ola Sørstrønen, s. S. 3, Marta, f. 1794, g. 1820 Didrik Særvoll, s. S. 3. 3 gutar døydde unge. Nils dreiv fiske, men han hadde ikkje lukka med seg og streva hardt for å greida seg, serleg etter at han kjøpte bruket i 1804. Han døydde i 1828 og kona i 1825.
Nikolai Hansson Hatvik, f. 1788, vart i 1815 gift med Anna Nils dtr. Lepsøy, f. 1787, og skøytte bruket etter verfaren. Born: Hans, f. 1816, d. ung, Ingeborg, f. 1817, s. n. Nikolai var ein drivande kar og hadde pengar, so han greidde heile skuldi på garden. Han døydde alt i 1821.
Ekkja Anna Nils dir. stjorna so bruket eit par år.
Stein Steinson Lønningdal, f. 1790, vart i 1823 gift med ekkja Anna Nils dtr. og fekk bruket. Året etter, 14 dagar fyre jol 1824, skulde Stein og Anna til barsel, i Søvik. Dei rodde gjenom Krokane og hadde den vesle dotteri åt Anna frå hennar fyrste giftarmål med seg. Det kom storm på dei. Dei kollsigla og Anna kom burt, men Stein berga seg og smågjenta. Stein gifte seg att i 1825 med Helga Lars dtr. Hjelle, f. 1788. Ho døydde i 1839, og året etter flutte Stein frå Lepsøy og busette seg på Hovland, der han alt i 1828 hadde bygsla eit bruk. I 1841 gifte han seg att med Ragna Daniels dtr. Sørstrønen, f. 1818. Born: Anna, f. 1828, g. 1849 Ola Askvik, s. A. 3, Nils, f. 1835, g. 1862 Kari Sundøy, s. Hovland 2. Stein var skulehaldar i sine unge år, s. O. B. 366, og var ein dugande og drivande kar på mange umkverve. Han hadde jakt som han sigla med på Nordlandsferder, og han arbeidde seg fram til ein velstandsmann. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var valmann i fleire bolkar og var med i formannskapet 1844 – 45. Sjå meir um han under Hovland 2.
Jon Jonson Sørstrønen, f. 1812, skøytte bruket for 450 spd. i 1839 då han vart gift med Ingeborg Nikolais dtr. Lepsøy, f. 1817. Ingeborg åtte storparten av bruket etter faren og mori, s. o. Born: Anna, f. 1842, g. 1861 Jon Sørstrønen, s. S. 4, Bertina, f. 1844, Jon, f. 1847, s. n., Kari, f. 1853, g. 1873 Hans Tøsdal, s. T. 2. 3 born døydde unge. Jon lærte båtbyggjing av Tøsdalsmennene og var, saman med Arne Sundøy, fyrste mann i Sørøyane som tok båtbyggjingi uppatt etter nedgangstidi. Jon døydde i 1891 og Ingeborg i 1884.
Jon Jonson Lepsøy, f. 1847, skøytte farsbruket i 1867. G. 1869 Anna Elias dtr. indre Moberg, f. 1848. Born: Ingeborg, f. 1869, g. 1901 Mons Halhjem, s. H. 6, Kristi, f. 1874, g. 1897 Eivind indre Moberg, s. i. M. 1, Anna, f. 1877, g. 1899 Stein Sundøy, s. S. 2, Jon, f. 1880, s. n., Elina, f. 1883, s. br. 16, Kristina, f. 1886, g. 1906 Engjel Skåtøy, s. Balland 3, Johanna, f. 1889, g. 1912 Jakob Røttingen, s. R. 11. Tvo gutar døydde unge. Jon var båtbyggjar likeins som faren og hadde sjøbruk. Han hadde mange kommunale tillitsyrke, var soleis med i den fyrste likningskommisjonen i 1883, og sat i heradstyret i heile 16 år. Han døydde i 1900 og kona i 1897.
Jon Jonson Lepsøy, f. 1880, skøytte bruket etter faren i 1901. G. 1902 Brita Peders dtr. Røttingen, f. 1880. Born: Anna, f. 1903, s. n., Ingeborg, f. 1908, s. n., Kristi, f. 1910, s. n. Jon dreiv båtbyggjing attåt gardsbruket. Han døydde alt i 1929.
Ingeborg Jons dtr. Lepsøy, f. 1908, fekk skøyte på farsbruket i 1928.
Anna Jons dtr. Lepsøy, f. 1903, skøytte bruket frå systeri i 1937. Systeri Kristi Jons dtr., f. 1910, eig ein part av bruket. Ho er gift med Leif Vangsnes frå Sogn.
LEPSØY 3.
Ingebrigt Lepsøy vart fyrste mann på bruket då det vart uppteke som nytt bruk ikr. 1612. Kvar han var frå veit me ikkje. Ingebrigt var rekna som husmann og lagde berre husmannskatt til han døydde i 1629.
Ola Lepsøy vart brukar i 1630. Han var anten son åt Ingebrigt eller gift med ei dotter hans. Ola lagde berre husmannskatt dei fyrste åri, men arbeidde seg fram og lagde vanleg bondeskatt tilslutt. Han døydde i 1639.
Ekkja etter Ola hadde so bruket nokre år.
Mortein Lepsøy vart brukar i 1642, og truleg vart han då gift med ekkja etter Ola. Han døydde alt i 1644.
Kristoffer Lepsøy bygsla bruket i 1644. Han fekk ei kona som heitte Kari, og det er mest truleg at ho var ekkja etter Ola og Mortein. Kvar Kristoffer var frå, veit me ikkje, men han hadde i fleire år tent hjå ekkja på br. 2. Som nemnt stellte han ogso bruk 1 ei tid saman med grannen. Kristoffer døydde i 1655.
Ekkja Kari Lepsøy hadde so bruket i nokre år. I 1656 skulde ho møta på tinget, men møtte ikkje fram og fekk ei bot for det.
Bård Kristenson, f. ikr. 1630, bygsla bruket i 1658. Kvar Bård var frå er uvisst, men då han åtte ei bygsla på Boga, so er det mest truleg at han var frå Fusabygdi. Han er ein gong skriven for Bård Røe, og det skulde tyda på at han var frå Rød i Hålandsdalen. Same året som han kom til Lepsøy, måtte Bård ut i hertenesta – han hadde kannhenda ogso vore ute tidlegare – og var med til Trøndelag i ufreden hausten 1658 og til Austlandet året etter. Då Bård kom til Lepsøy, vart han gift med ei som heitte Brita. Ho hadde vore gift tvo gonger fyrr, fyrst med ein Endre og so med ein Anders. Ho hadde ein son Endre, f. ikr. 1648, frå fyrste giftarmålet og ein son Ola, f. ikr. 1658, frå det andre. Brita døydde ikr. 1668, og Bård gifte seg att straks etter med Ingeborg Ols dtr. Lepsøy, f. ikr. 1646. Av 4 born vaks tvo upp: Kristen, f. 1672, g. 1710 e. Herborg Ols dtr. Salbuvik, Kari, f. 1675. Bård sat tungt i det. Han døydde i 1677.
Ekkja Ingeborg Ols dtr. stjorna so bruket nokre år.
Mons Johannesson, f. ikr. 1652, bygsla bruket i 1680. G. 1681 Guro Tørris dtr. Kvalesund, f. ikr. 1663. Guro tente i Kvalesund då ho vart gift, og var kannhenda dotter åt Tørris ytre Moberg. Mons var truleg frå Askvik. Han hadde tvo born, Paul, f. 1682, og Kari, f. 1684. Mons døydde alt i 1683.
Ekkja Guro Tørris dtr. hadde so bruket til 1689, då ho vart gift att med Lars Lepsøy, s. br. 1,
Jakob Lepsøy vart brukar då Guro flutte. Me kjenner ikkje noko til han eller kona hans. Dei fekk ei dotter, Ingjerd, i 1692. Ikr. 1695 måtte han flytja frå Lepsøy, då jordeigaren presten Garmann vilde driva bruket sjølv saman med br. 2, og me finn ikkje Jakob i Osbygdi seinare.
Presten Kristoffer Garmann dreiv no bruket sjølv ved drengjer eller gardstyrarar, og presten Nils Leganger likeins, s. br. 2.
Nils Morteinson som. bygsla br. 2 i 1752 bygsla då ogso dette bruket. Sjå um han under br. 2.
Nils Hansson Vinnes frå Strandvik, f. 1746, bygsla dette bruket i 1779 då Nils Morteinson flutte frå garden. G. 1779 Kari Hans dtr. Lunden, f. 1751. Born: Hans, f. 1781, s. n., Ola f. 1785, s. br. 4, Kristi, f. 1789, g. 1814 Ola Nordstrønen, s. N. 1, Nils, f. 1791, s. br. 7. Tvo gutar døydde unge. Nils dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt. I 1809 kjøpte han bruket sitt av Tron Samland frå Jondal, som hadde kjøpt det i 1796 på auksjonen etter Johan Leganger. Både Nils og kona hans døydde i 1821.
Hans Nilsson Lepsøy, f. 1781, skøytte bruket etter faren i 1813. G. 1821 Rakel Lars dtr. Sundøy, f. 1799. Born: Kari, f. 1822, s. n., Kristi, f. 1826, g. 1857 Hans indre Haugland, s. i. H. 1, Rakel, f. 1827, g. 1853 Anders Lunde, s. Ferstad, Anna, f. 1829, g. 1857 Anders Storum, s. S. 3, Larsina, s. br. 12. 3 born døydde unge. Hans var fiskar og dreiv sjøbruk. Han døydde i 1860 og Rakel i 1857.
Ivar Nilsson Sundøy, f. 1819, vart i 1845 gift med Kari Hans dtr. Lepsøy, f. 1822, og skøytte bruket av verfaren i 1846. Born: Marta, f. 1846, g. 1878 Svein Kuven, s. K. 10, Hans, f. 1847, s. n., Rakel, f. 1850, g. 1876 Hans Kuven, s. K. 2, Nils, f. 1852, s. br. 12, Ola, f. 1854, g. 1876 Gurina Særvoll, s. Lyssand 8, Kari, f. 1856, g. 1882 Hans Hansson indre Haugland, i Amerika, Nilsina, f. 1861, g. 1885 Johannes Hjelle, s. H. 4, Anna, f. 1863, d. ung. Ivar dreiv med fiske attåt gardsbruket. Han døydde i 1879 og kona i 1907.
Hans Ivarson Leysøy, f. 1847, skøytte farsbruket i 1874. G. I 1874 Kari Anders dtr. Sundøy, f. 1847, d. 1907, g. II 1911 Ingeborg Nils dtr. Lepsøy, f. Hovland 1865. Born: Anders, f. 1875, s. n., Ivar, f. 1878, i Amerika, Karen, f. 1898, g. 1921 Nils Olson Lilletvedt, b. Litletveit i Fana. 4 gutar døydde unge. Hans var sjømann og reiste tilsjøs i over 30 år. Han døydde i 1938.
Anders Hansson Lepsøy, f. 1875, fekk farsbruket i 1897. G. 1897 Dortea Lars dtr. Halhjem, f. 1874. Born: Petra, f. 1897, g. 1922 Kristoffer Gabrielson Røttingen, i Amerika, Hans, f. 1900, s. br. 25, Anna, f. 1901, g. 1930 Ola Storum, s. S. 2, Lars, f. 1903, s. br. 24, Konrad, f. 1904, byggmeistar, g. 1931 Ingeborg Ols dtr. Lunde, Aletta, f. 1907, Ivar, f. 1909, butikkmann, d. 1930, Astrid, f. 1911, g. 1933 Peder Andersson Kolbeinshavn, Klara, f. 1913, g. 1935 Peder Røttingen, s. R. 5, Dagny, f. 1915, Ellevina, f. 1918, student. Anders er bygningsmann og hev drive med sildesalting o. a. Han hev havt mange kommunale tillitsyrke, hev m. a. vore med i ljosverkstyret, formann i jordstyret og medlem av heradstyret 1917 – 25 og sidan 1929. I åri 1929 – 1934 var han varaordførar.
LEPSØY 4.
Jakob Bentson var busett her ikr. 1650. Um han hadde noko bruk eller berre eit hus, veit me ikkje. I 1654 var han i eit brudlaup på Haugland. Han gjekk då ikring på tunet brudlaupsnotti med ein tollekniv i handi, var inne i kvart hus og skremde kvinnfolki, og kom tilslutt i slagsmål med Antonius Skjeie. Jakob måtte leggja bot for dette, men avdi det hende i eit brudlaup vart ikkje boti stor.
Hans Jonson, f. ikr. 1595, vart brukar her i 1655. Han fekk ein part av garden br. 2 og 3 og fostra 2 kjyr i 1657. Han var gift og hadde ein son som «tente» hjå Lars Storum då Hans kom til Lepsøy. Guten, som berre var 12 – 13 år, var på fiske med husbonden, og Lars hadde då teke klædi av han i båten. Det vart ei rettsak av dette. Hans livde i 1673 då me finn han som fadder i kyrkja ein preikesundag.
Lars Olson Lepsøy, f. 1640, bygsla bruket ikr. 1660. G. ikr. 1665 Brita Albrigts dtr. øvre Rød, f. ikr. 1635. Dei fekk 6 born som alle døydde fyrr dei var årsgamle, med undantak av sonen Dag, f. 1682. Eine barnet, Vinsjans, vart uppattkalla etter farbroren som døydde i krigen. Lars døydde i 1705 og Brita i 1693.
Presten Kristoffer Garmann, som åtte bruket, tok det sjølv i 1700 og dreiv det saman med br. 2 og 3, s. d. Presten Nils Leganger dreiv det på same måten.
Nils Morteinson bygsla dette bruket i 1752, då han bygsla br. 2og 3. Sjå um han under br. 2.
Nils Hansson Vinnes bygsla bruket i 1779 attåt br. 3, og kjøpte begge bruki i 1809. Sjå um Nils under br. 3.
Ola Nilsson Lepsøy, f. 1785, skøytte bruket av faren i 1813, samstundes som broren skøytte det andre bruket. G. I 1814 Anna Anders dtr. Nordstrønen, f. 1785, d. 1848, g. II 1850 Ingeborg Asbjørns dtr. ytre Haugland, f. 1795. Born: Marta, f. 1815, s. n, Nils, f. 1819, d. 1836, Anders, f. 1822, d. ung. Ola dreiv med fiske seint og tidleg, men det heldt hardt for han å greida skuldi som hefta på bruket etter jordkjøpet i 1809. Ola døydde i 1859 og Ingeborg nokre år seinare.
Søren Gunnarson Kvalesund, f. 1811, vart i 1838 gift med Marta Ols dtr. Lepsøy, f. 1815, og fekk bruket etter verfaren. Marta vart ikkje gamall. Ein dag um hausten 1839 kollsigla ho på Krossfjorden saman med drengjen deira, Anders Olson Sørstrønen, og begge kom burt. Søren gifte seg att året etter med morsyster åt Marta, Kari Anders dtr. Nordstrønen, f. 1804. Born: Gunnar, f. 1839, Marta, f. 1841, fall på sjøen og drukna i 1859 då ho skulde løysa ein båt frå bryggja. Søren var sjømann og hadde jakt saman med broren Jens Røttingen. Han greidde ikkje den store skuldi på garden, og i 1849 skøytte han bruket på sonen Gunnar for å berga det. Bruket vart likevel selt i 1851. Søren var busett på Lepsøy til 1884, s. br. 15. Kona døydde i 1884.
Kristoffer Nilsson Røttingen, f. 1791, kjøpte bruket i 1851, men skøytte det straks etter på sonen, s. n. Sjå um Kristoffer Røttingen R. 4.
Nils Kristofferson Røttingen, f. 1828, skøytte bruket av faren i 1851. G. 1852 Anna Ols dtr. Sørstrønen, f. 1828. Born: Kari, f. 1854, g. 1878 Lars Sundøy, s. S. 1, Synneva, f. 1856, g. 1886 Jon indre Moberg, s. Sundøy 2, Ola, f. 1865, s. n. 7 born, millom dei eit tvillingpar, døydde tidleg. Nils var notbas og reiste på Nordlandsfiske o. a. Han kom burt på sjøen, då han drukna på Krossfjorden i 1892. Anna livde til 1916.
Ola Nilsson Lepsøy, f. 1865, skøytte farsbruket i 1892. G. 1892 Ingeborg Nils dtr. Hovland, f. 1865. Born: Anna, f. 1893, s. br. 21, Nils, f. 1895, s. n., Karen, f. 1900, g. 1921 Georg Johnsen, s. Røttingen 21, Nikolai, f. 1903, sjømann, i Amerika, Olav, f. 1905, g. 1931 Jenny Røttingen, s. Hauge, Eivind, f. 1907, sjauffør, g. 1935 Gudrun Hans dtr. Bruarøy. Ein gut døydde ung. Ola var sjømann og hadde farty. Han døydde alt i 1907.
Ekkja Ingeborg Nils dtr. hadde so bruket nokre år. I 1911 vart ho gift att med Hans Lepsøy, s. br. 3.
Nils Olson Lepsøy, f. 1895, skøytte bruket etter mori i 1917. G. 1926 Hilda Johannes dtr. Skjeie, f. 1897. Born: Ola, f. 1927, Ragna, f. 1932. Nils er sjømann og hev i mange år reist med bergingsskøytor og seglbåtar. Kona var landpostbod fyrr ho kom til Lepsøy.
LEPSØY 5. (Holmen, Bremsholmen).
Peder Bremtz (Brems), f. ikr. 1630, busette seg her ikr. 1673. Han var då gift med ei som heitte Brita, f. ikr. 1655, men hadde vore gift fyrr og hadde frå fyrste giftarmålet ein son, Ola, f. ikr. 1660, s. n. Peder og Brita fekk ei doter, Mari, f. 1674, s. n. Kvar Peder og Brita var frå, veit me ikkje. Dei vart vanleg kalla og skrivne for «Peder på Holmen» og «Brita på Holmen», og livja seg ved fiske. Peder døydde i 1700 og kona i 1717.
Ola Pederson Brems, f. ikr. 1660, vart brukar etter faren. Han vart gift ikr. 1690 med ei som heitte Anna, f. ikr. 1650. Ho var ein stad frå Søre Neset, for fadrane på borni hennar var alle frå Lunde og indre Haugland. Born: Gjert, f. 1692, Ola, f. 1696, Torstein, f. 1699. Anna døydde i 1709, og syster åt Ola fekk då bruket, s. n. Borni vart spreidde, og me finn ikkje nokon av dei att i Osbygdi. Ola sjølv døydde i 1732.
Ola Johannesson vart i 1711 gift med Mari Peders dtr. Brems, f. 1674, og festa bruket etter verbroren. Born: Peder, f. 1714, g. 1739 Kari ytre Moberg, s. Sørstrønen 1, Johannes, f. 1717, Brita, f. 1719, d. 1736, Anna, f. 1723, d. 1736. Dei tvo gjentone døydde same dagen, og dei kom truleg burt på sjøen. Ei gjenta døydde ung. Kvar Ola var frå veit me ikkje, og me kann korkje finna når han var fødd eller når han døydde. Han kalla seg Brems likeins som fyremennene, endå han hadde ikkje rett på namnet, og holmen vart no vanleg kalla Bremsholmen. Ola dreiv med sjøen og greidde seg godt, og sonen Peder, som ogso kalla seg Brems, lagde upp pengar og kjøpte eit bruk i Sørstrønen då han berre var 22 år gamall, s. S. 1. Mari døydde i 1740.
Lars Pederson Gjemdal, f. 1706, festa bruket her i 1730, og me lyt tru at den fyrre brukaren då var død. G. 1729 Brita Ols dtr. Spansteig, f. ikr. 1690. Born: Peder, f. 1726, s. n. Lars var fiskar likeins som fyremennene. Han kalla seg ikkje Brems, men Bremsholmen, og då han døydde, skreiv ogso presten Lars Bremsholmen i kyrkjeboki. Lars døydde i 1773 og Brita ein gong i 1760 åri.
Peder Larsson Bremsholmen, f. 1726, festa bruket etter faren. Han var gift med ei Brita Jons dtr., som me elles ikkje kjenner noko til. Dei hadde ikkje born. Peder dreiv med sjøen likeins som faren. Han døydde ikr. 1785 og kona i 1793. Bruket vart no liggjande øyde i mange år.
Ola Olson Nordstrønen, f. 1819, festa bruket av br. 2, som hadde fenge Bremsholmen og Notholmen ved utskiftingi i 1829, og busette seg her ikr. 1850. G. 1848 Ingeborg Jons dtr. Sundøy, f. 1815. Dei hadde ikkje born. Ola var sjømann og dreiv med fiske. Han døydde i 1894 og kona i 1887.
Nils Nilsson ytre Haugland, f. 1855, festa bruket i 1881. G. 1880 Kristina Anders dtr. Sundøy, f. 1845. Born: Nils, f. 1880, styrmann i Amerikafart, Anders, f. 1883, s. n. Nils var sjømann og fiskar, og dreiv ogso treskoarbeid. Han døydde i 1903 og kona i 1912.
Anders Nilsson Bremsholmen, f. 1883, skøytte farsbruket i 1910. G. 1910 Ingeborg Peders dtr. Røttingen, f. 1884. Born: Nils, f. 1910, sjømann i utanriks fart, Ingrid, f. 1912, g. 1937 Ingvald Eivindson Ferstadvollen, Paul, f. 1914, sjømann, Kristoffer, f. 1917, Solveig, f. 1919, Alvhild, f. 1921, Ingeborg, f. 1930. Anders er sjømann og hev i mange år vore førar av bergingsskøyta «Christian Børs». Han hev fenge påskyning for det gjæve bergingsarbeidet sitt.
LEPSØY6. Haugen).
Lars Kristenson, f. ikr. 1734, festa eit jordstykke her ikr. 1776. G. 1775 Dordi Nils dtr. Sperrevik, f. 1749, d. 1792, g. II. 1797 e. Kari Fredriks dtr. Tveit frå Fusa, f. 1745, som fyrste gong vart gift i 1786 med Torstein Salomonson ytre Drange. Lars var truleg frå Buskengen ved Lysekloster, s. L. 6. Han var berre nokre få år i Lepsøy. Ikr. 1782 flutte han til Ferstad og vart paktar der, s. F. 1, og seinare vart han busett i Bjørnevik, s. Bjørnen 4, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Knut Knutson ytre Moberg, f. 1761, busette seg her ikr. 1790. G. I. 1798 Anna Bårds dtr. Kuven, f. 1750, d. 1810, g. II. 1812 Mari Lars dtr., som truleg ikkje var frå Os. Born: Mari, f. 1789, (mor: Agata Åmunds dtr. Utgjerdet ved Lysekloster), s. n. Knut var fiskar og sat sverande smått i det. Han døydde i 1819.
Ekkja Mari Lars dtr. stjorna so bruket eit par år. Då det kom nye folk på tunet, flutte ho burt, og me finn henne ikkje att i Osbygdi.
Nils Knutson ytre Haugland, f. 1796, vart i 1822 gift med Mari Knuts dtr. Lepsøy, f. 1789, og festa bruket etter verfaren og siste kona hans. Mari døydde i 1843, og Nils gifte seg att same året med e. Guro Ellings dtr. Lepsøy, f. 1783, som fyrr hadde vore busett på br. 7. Guro fall frå i 1863, og Nils gifte seg att året etter med e. Guro Ols dtr. Mobergslien, f. 1813, som fyrr hadde vore gift med Engjel Øvredal, s. Os. Born: Mari, f. 1826, g. 1856 Lars Monsson Storlid frå Fusa, i Amerika, Knut, f. 1829, g. 1857 Anna Særvoll, s. Røttingen 12, Agata, f. 1834, g. 1868 Jon Hansson Lundetræ (Lunden), b. Nordvik i Fana, Brita, f. 1837, i Amerika. Tvo born døydde unge. Nils var fiskar og streva hardt for å greida seg. Han døydde i 1875 og kona noko seinare. Plassen fall attende til hovudbruket.
LEPSØY 7. (Træet, Træsviki).
Steffen Ingebrigtson Lepsøy, f. 1761, fekk ikr. 1790 ei hustuft av faren sitt bruk, br. 1, der han bygde og busette seg. G. 1795 e. Anna Lars dtr. Nordstrønen, f. 1746, som var ekkja etter Ola Hildershamn, s. Askvik 4. Kona hadde yngste dotteri frå fyrste giftarmålet, Anna Ols dtr., f. 1786, med seg til Lepsøy. Steffen dreiv fiske og gjekk i daglønsarbeid attåt. Ikr. 1810 flutte han til Luren under Sørstrønen, s. S. 8, der ein vil finna meir um han.
Størk Nilsson Asen, f. 1781, busette seg her då Steffen flutte. G. 1806 Guro Ellings dtr. Sundøy, f. 1783. Born: Anna, f. 1810, g. 1835 Hans Åsen, s. Å. 1, Nils, f. 1812, g. b. Bergen, Agneta, f. 1814, g. Knut Knutson Sagstad, b. ytre Birkeland, Fana, s. F. B. 786, Marta, f. 1816, g. 1847 Ola Larsson Buskengen, b. Rød i Fana, s. F. B. 621, Ola, f. 1818, tok skipparborgarskap i Bergen 1858, g. 1850 Anna Rasmussen frå Laksevåg, Guro, f. 1824, g. 1846 Hans Engjelson Holmefjord, Kristoffer, f. 1825, tok skipparborgarskap i Bergen 1857, g. 1850 Anna Fuglestad frå Stavanger. Størk var fiskar og streva hardt for å livja den store huslyden sin. I 1832 var han på arbeid i Austevoll saman med Lars Sørstrønen, og på heimvegen kollsigla dei på Krossfjorden og kom burt.
Ekkja Guro Ellings dtr. var busett på bruket nokre år etter at mannen fall frå. I 1839 vart ho gift att med Johannes Sundøy, s. S. 6, men kom i 1843 attende til Lepsøy og vart gift her, s. br. 6.
Nils Nilsson Lepsøy, f. 1791, festa bruket då Størk fall frå. G. 1825 Sigrid Lars dtr. Sundøy, f. 1802. Born: Kari, f. 1825, b. Fana, Nils, f. 1826, g. 1855 Synneva Nordstrønen, s. N. 7, Lars, f. 1829, s. n., Kristi, f. 1832, b. Fana, Hans, f. 1833, Larsina, f. 1837, b. Fana, Jon, f. 1845, b. Fana. 3 born, millom dei eit tvillingpar, døydde tidleg. Nils var fiskar og dreiv med sjøen likeins som fyremennene. Han døydde i 1870 og kona i 1867.
Lars Nilsson Lepsøy, f. 1829, var busett på bruket hjå faren. G. 1862 Ingeborg Heljes dtr. Ferstad, f. 1834. Born: Henrikka, f. 1862, g. Anton Tørrissen, b. Kipervik i Fana, s. F. B. 650. Eit par tvillingar, fødde 1871, døydde tidleg. Lars var sjømann og reiste i langfart. Plassen på Lepsøy fall attende til hovudbruket, og Lars flutte til Sundøy der han sidan vart buande, og der han stend skriven for skomakar. Han døydde i 1901 og kona noko seinare.
LEPSØY 8. (Lindebråtet).
Peter Olle Nystrøm frå Sverik, f. ikr. 1785, vart ikr. 1811 gift med Marta Peders dtr. Lepsøy, f. 1789, og busette seg her. Born: Fredrik, f. 1814, Maria, f. 1816, g. 1846 Peder Knutson Eikedal, b. Frøland i Samnanger, s. S. B. 633, Marta, f. 1818, g. 1839 Mons Lønningdal, s. L. 4, Berta, f. 1822. Peter var pottemakar og sette igang ein pottemakarverkstad på Lepsøy, det einaste «industrielle anlegg» i Osbygdi på dei tider. Hans Astrup Krüger på Fusa skreiv um dette i sine «Efterretninger om Ous Præstegjeld, meddelte i aaret 1817»:
«I Ous sogn, paa gaarden Lepsøe, har en svensker, ved navn Nystrøm for nogle aar sidan anlagt et lidet pottemageri. Han forfærdiger flere sorter grove lerkar, som han afsætter temmelig hurtig i Bergen, især forsynes de derværende apoteker med de fornødne krukker, der befindes fuldkommen saa gode som de fra udlandet. Det brugte leer har han taget hidtil nær ved søen under gaarden Skeie der tilhører Lysekloster, dog har han tillige fundet tjenligt leer paa Ous præstegaards grund paa flere steder».
Som ein ser var Peter Nystrøm ein dugande pottemakar, men truleg vart han ikkje rik av yrket. Ikr. 1825 flutte Peter frå Lepsøy og busette seg på Hovland, der me finn han i 1830 åri. Me kann ikkje sjå at han laga krukkor og kar der. Ikr. 1840 flutte han frå Hovland att, og me finn han ikkje meir i Osbygdi.
Vinsjans Pederson Lepsøy, f. 1791, som var verbror åt Peter Nystrøm, busette seg her då Peter flutte. G. 1818 Eli Ellings dtr. Sundøy, f. 1785. Born: Hans, f. 1821, s. n., Marta, f. 1834. Ei gjenta døydde tidleg. Vinsjans dreiv fiske og gjekk i anna arbeid. Kona døydde i 1848, og i 1857 flutte Vinsjans frå Lepsøy og busette seg i Fana.
Hans Vinsjansson Lepsøy, f. 1821, var busett hjå faren. G. ikr. 1850 Ingeborg Heljes dtr. litle Milde frå Fana. Dei fekk tvo born medan dei var på Lepsøy, Vinsjans, f. 1851, og Anna, f. 1855. Då faren flutte i 1857, reiste ogso Hans til Fana, der han fekk eit bruk på litle Milde som syster åt kona hadde havt fyrr, s. F. B. 710.
Peder Andersson Halhjem, f. 1829, busette seg her i 1857, då han vart gift med Marta Nils dtr. Lepsøy, f. 1817, som var brordotter åt den fyrre brukaren Vinsjans Pederson. Peder var ikkje lenge i Lepsøy. I 1868 pakta han Tveitane ved Lysekloster, s. L. 7, reiste straks etter til Bergen, og kom i 1903 som gardbrukar til Røykenes, s. R. 1, der ein finn meir um han.
LEPSØY 9. (Bjørnarøy)
Peder Einarson Halhjem, f. 1801, bygde og busette seg her i 1827. Øyi var då sameiga for Lepsøy, men ved utskiftingi i 1829 fekk br. 1 Bjørnarøy og Bratholmen. I 1850 vart øyi serskilt skyldsett, og Peder fekk umlag halve luten av øyi. G. I. 1826 Johanna Johannes dtr. Røttingen, f. 1793, d. 1839, g. II. 1840 Agata Peders dtr. Halhjem, f. 1814. Born: Johan, f. 1841, b. Bergen, Peder, f. 1845, s. n., Eivind, f. 1847, g. 1872 Brita Lysøy, s. Balland 4, Anders, f. 1853, g. 1887 Ingjerd ytre Lekven, s. y. L. 5, Anna, f. 1860, ug. 6 born døydde unge. Peder var fiskar og dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1874 og Agata i 1889.
Marta Nils dtr. Lepsøy, f. 1817, fekk skøyte på Bjørnarøy i 1855 av faren Nils Pederson, s. br. 1, for 100 spd. Marta vart gift i 1857 med Peder Andersson Halhjem som soleis vart eigar av øyi. Han selde att i 1861 til Ole Hansen, Kvalesund, som var eigar so lenge han livde.
Peder Pederson Bjørnarøy, f. 1845, festa farsbruket av Ole Hansen i 1873. G. 1871 Anna Aksels dtr. Haga frå Fusa, f. 1837. Dei hadde ikkje born. Peder var fiskar og dreiv med sjøen. I 1894 kjøpte han bruket av skifteretten i dødsbuet etter Ole Hansen, Kvalesund. Peder døydde i 1916 og kona i 1917.
Johan Kristian Evensen, f. p. Skåtøy 1874, som var brorson åt Peder, skøytte bruket i 1900. G. 1896 Pernilla Lid, f. p. Eikedal i Samnanger 1873. Born: Peder, f. 1896, kom burt på sjøen ikr. 1915, Brita, f. 1902, Anna, f. 1910, g. Matias Olson Arefjord, Fjell, Einar, f. 1917. Johan Kristian er los. Han var ei tid los i marinen, men er seinare kystlos. Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi, vore medlem av soknerådet, skulestyret o. a. og sat i heradstyret 1926 – 34, likeins er han attvald i 1937.
LEPSØY 10. (Bjørnarøy).
Lars Johannesson Sundøy, f. 1806, festa ein part av øyi i 1833 og busette seg her. G. 1831 Lisbet Knuts dtr. Lyssand, f. 1805. Born: Sjur, f. 1832 (son Sjur, f. 1856, s. Balland 3), Johannes, f. 1836, d. ug. 1910, Brita, f. 1839, skreddar, d. ug. 1869, Knut, f. 1842, kom burt på sjøen frå ei jakt i 1864. Ei gjenta døydde ung. Lars var fiskar og dreiv sjøbruk. Han døydde i 1876 og kona i 1892.
Elling Larsson Røttingen, f. 1828, festa bruket av Ole Hansen i 1877. G. 1876 Gurina Jens dtr. Røttingen, f. 1851. Born: Marta, f. 1876, d. 1894, Lars, f. 1879, s. n., Jens, f. 1881, g. 1908 Kari Hjelle, s. H. 2, Johannes, f. 1884, g. 1907 Lina Lunden, s. L. 6, Elling, f. 1891, i Amerika. Elling var fiskar. I 1894 kjøpte han bruket på auksjonen etter Ole Hansen likeins som grannen. Han døydde i 1906 og Gurina i 1930.
Lars Ellingson Bjørnarøy, f. 1879, fekk skøyte på bruket då faren kjøpte det i 1894. G. 1903 Anna Fredriks dtr. Heggland, f. 1882. Born: Ingvald, f. 1903, fiskar, g. 1930 Ingeborg Hans dtr. Skorpen, Fredrik, f. 1904, d. 1922, Gurina, f. 1907, g. 1930 Gitle Torkjellson Rennesvik, Sofia, f. 1908, g. 1930 sjauffør Aksel Andersen, Bergen, Marta, f. 1910, g. 1932 Magnus Sagebakken, s. Skjeie. Tvo born døydde unge. Lars hev vore sjømann og fiskar, og hev attimillom drive ymse slag trearbeid.
LEPSØY 11. (Gjeitarøy).
Nils Nilsson Storum, f. 1804, festa i 1840 den parten av Gjeitarøy som ved utskiftingi i 1829 fall på br. 4. G. 1825 Elisabet Isaks dtr. Meidell, f. i Bergen 1801. Born: Fransina, f. 1827, d. ug. 1891, Nils, f. 1837, s. n., Johanna, f. 1842, g. 1885 Lars Hetleflåten, s. H. 2. Nils hadde fyrr han kom til Gjeitarøy vore busett i Bergen og ei tid i Sundøy. Nils var fiskar og dreiv med sjøen. Han døydde i 1882 og kona i 1883.
Nils Nilsson Gjeitarøy, f. 1837, festa bruket eter faren i 1865. I 1892 vart bruket serskilt skyldsett, og Nils kjøpte det då for 700 kroner. Han vart gift 1866 med Kari Heljes dtr. Ferstad, f. 1838. Born: Nils, f. 1868, maskinist tilsjøs, g. 1891 Johanna Ingebrigts dtr. Seim frå Haus, Henrikka, f. 1871, g. Samson Storum, s. S. 4, Helge, f. 1874, s. n., Isak, f. 1877, g. 1896 Gurina Sørstraumen, s. S. 1, Ingebrigt, f. 1880, g. b. Fana. Nils var fiskar og treskoarbeidar. Han døydde i 1919 og Kari i 1925.
Helge Nilsson Gjeitarøy, f. 1874, skøytte farsbruket i 1897. G. 1898 Karen Johannes dtr. Sælen, f. 1875. Born: Malena (tvilling), f. 1898, Karl, f. 1899, sjauffør, g. 1932 Sigrid Peders dtr. Brekke frå Sogn, Martilla, f. 1901, g. 1933 Johan Orrebakken, s. Hauge, Nikolai, f. 1903, gardstyrar, g. Arntina Elias dtr. Ambla frå Sogn, Hilda, f. 1905, g. 1931 Magnus Johannesson Bratland, jernbanemann, Bergen, Johannes, f. 1908, gardsarbeidar, Laura, f. 1911, g. 1931 kelnar Nils Nilsen, b. Oslo, Klara, f. 1915, g. politikonstabel Anders Mykkeltvedt, Bergen, Kristoffer, f. 1919. 4 born døydde unge. Helge hadde ei tid farty, seinare hev han vore vegvaktar og driv no lastebilkjøring. I 1924 kjøpte han eit stort utmarkstykke av Os prestegard og reiste der eit nytt bruk, Flatarås. Ein vil finna meir um han der.
LEPSØY 12. (Gjeitarøy).
Ola Olson Storum, f. 1821, festa den andre halvparten av Gjeitarøy hjå br. 3 i 1860 og busette seg her. G. 1859 Larsina Hans dtr. Lepsøy, f. 1834. Born: Hansina, f. 1868, g. 1897 Ola indre Tuen, s. ytre Haugland 2. Tvo born døydde unge. Ola var fiskar og sjømann som so mange andre i denne grendi. Han døydde i 1881.
Peder Paulson ytre Moberg, f. 1842, vart i 1882 gift med ekkja Larsina Hans dtr. og overtok bruket. Han hadde fyrr vore gift med ekkja Marta Engjels dtr. indre Haugland og havt eit bruk på indre Haugland, s. i. H. 3. Peder vart ikkje lenge i Gjeitarøy. I 1884 flutte han til ytre Haugland, s. y. H. 2, der ein finn meir um han og huslyden.
Nils Ivarson Lepsøy, f. 1852, som var systerson åt den fyrre kona på bruket, festa bruket då Peder flutte til Haugland. G. 1884 Magdela Jakobs dtr. Nordstrønen, f. 1841. Dei hadde ikkje born. Nils var sjømann. Han døydde i 1936 og kona i 1919.
Anders Hansson Lepsøy på br. 3 som åtte bruket hev det no. Det vart serskilt skyldsett i 1898.
LEPSØY 13. (Bratholmen).
Jan Olson Nordstrønen, f. 1817, festa Bratholmen i 1861 av br. 1 som hadde fenge den ved utskiftingi i 1829. Jan hadde fyrr vore til husar hjå andre, i Nordstrønen, Hildershamn, og siste åri i Bremsholmen. G. 1855 Kristiana Ols dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1825. Born: Nils, f. 1854, g. Margreta Nils dtr., kom begge burt på sjøen i 1880, Mari, f. 1855, Herborg, f. 1863, ug., Ola, f. 1868, s. n. Jan var fiskar og gjekk i leigearbeid hjå andre. Han døydde i 1881.
Ekkja Kristiana Ols dtr. stjorna so bruket til yngste sonen vart vaksen. Ho døydde i 1904.
Ola Janson Bratholmen, f. 1868, vart brukar saman med mori. G. 1892 Inga Størks dtr. Salbuvik, f. 1865. I 1894 flutte han til Røttingen, s. R. 17, der ein finn meir um han og huslyden. Bratholmen fall attende til hovudbruket.
LEPSØY 14.
Arnt Olai Arnesen, f. p. Glesvær i Sund 1830, kjøpte halvparten av br. 1 i 1861 då bruket vart skift. G. 1860 Drude Marcusine Kristine Krüger, f. p. Skjørsand i Fusa 1838. Dei vart skilde i 1894 og Arnt gifte seg att året etter med Berta Amalia Pedersen, f. i Bergen 1868. Born: Jenny, f. 1862, ug., busett på Voss saman med mori, skreiv mykje i bøker og namnet «Strilegjenta», Arnt, f. 1893, Hjørdis, f. 1901. Ei gjenta døydde tidleg. Arnt hadde gjenge jordbrukskule og var sers interessert for jordbruk og beisteal. Han var millom dei fyrste som i 1870 åri fekk premi for kjyr og krøterstell, s. O. B. 169. Arnt var ein kjend mann på utstillingane ikring i fylket, og ei tala som han heldt på klingande «strilamål» ved ei utstilling på Voss i 1880 åri vart innteki i skrift og blad som «dialektprøve» og som mynster på ei morosam tala. Han døydde i 1906, og kona og borni flutte frå bruket.
Richard Arnesen, som var bror åt Arnt, kjøpte bruket i 1906. Han bygde husi um og planta mykje på eigedomen. Richard var kjøpmann i Bergen og brukte Lepsøy mest som sumarbustad. Han tok namnet «Fuglesang», etter kona sin fødestad i Nordland, som namn på eigedomen.
Thorolf Sundt kjøpte eigedomen i 1916. Utmarki som høyrde til bruket var fråskild i 1913, s. br. 17. Sundt var kjøpmann i Bergen og hadde sumarbustad her.
Sturla og Eilif Amundsen frå Bergen kjøpte eigedomen i 1932 av fru Signe Sundt, ekkja etter Thorolf, og hev sumarheim her.
LEPSØY 15.
Søren Gunnarson Lepsøy, f. 1811, fekk seg upp eit hus her, då han måtte gjeva bruket frå seg, s. br. 4. Då kona døydde i 1884, flutte han til Røttingen og var der til han døydde i 1893.
Stein Jørgenson Eidsvik, ytre Drange, f. 1853, busette seg her då Søren flutte. Han hadde fyrr vore busett i Eidsvik, og fyrste dotteri er fødd på Bakholmen i Sund. G. 1881 Marta Eivinds dtr. Halhjem, f. 1854, d. 1901, g. II. 1902 e. Inga Størks dtr. Salbuvik, f. 1865, som fyrr hadde vore gift med Ola Bratholmen, s. br. 13. Born: Karen, f. 1882, Kristi, f. 1885, b. Fana, Ingeborg, f. 1888, b. Fana, Stina, f. 1893, b. Fana, Eivind, f. 1895, g. 1917 Ingeborg Røttingen, s. R. 10, Olav, f. 1904, bussførar i Bergen, g. Petra Peders dtr. Kuven. Tvo born døydde unge. Stein var sjømann og fiskar. Då han vart gift andre gongen, flutte han til Bruarøy og busette seg der, s. Røttingen 17, der ein finn meir um han.
LEPSØY 16. (Vesterheim).
Johannes Olson Bruarøy (Røttingen), f. 1881, skøytte i 1912 eit stykke av verbroren sitt bruk og bygde her. G. 1908 Elina Jons dtr. Lepsøy, f. 1883. Born: Anna, f. 1909, i Bergen, Ola, f. 1910, fiskar, Jonn, f. 1913, sjømann, Kora, f. 1915, Erling, f. 1917, snikkar, Margit, f. 1919, Elsa, f. 1921, Berge, f. 1925. Johannes var sjømann ei tid og arbeidde på sildesalteri, men vart sjukleg i slutten av 1920 åri. Han var med i heradstyret 1926 – 1928.
LEPSØY 17.
Johan N. L. Blytt frå Bergen kjøpte utmarki som høyrde til br. 14 i 1913, men selde den att i 1916 til Nikolai Stoltz. Han gav eigedomen til versonen Birger Gjestland i 1918, og i 1924 skøytte Gjestland den til døtterne sine, Lolo og Sidsel Gjestland, som er eigarar no. Det er bygt sumarhus på eigedomen.
LEPSØY 18. (Ridderhaugen).
Nikolai Stoltz kjøpte i 1916 ein part av br. 2 og bygde seg sumarhus her. Han selde eigedomen att i 1925 til skipsreidar Einar Engelsen.
LEPSØY 19.
Dr. Johan M. Friele kjøpte ein part av br. 4 i 1918 og fekk seg sumarbustad her. Ekkja etter Friele, fru Hildur Friele, hadde eigedomen frå 1928 til 1936, då ho selde til Peter B. Namtvedt.
LEPSØY 20. (Storhaug)
Skipsreidar Jakob Kjøde kjøpte i 1918 ein part av br. 3 og likeins ein av br. 4 og hev bygt seg sumarbustad her.
LEPSØY 21. (Nymark).
Gunvald Larsson Røttingen, f. 1896, skøytte i 1918 ein part av verbroren sitt bruk, br. 4, og busette seg her. G. 1916 Anna Ols dtr. Lepsøy, f. 1893. Born: Ola, f. 1917, fiskar, Lars, f. 1919, på kvalfangst, Inger, f. 1921, Gerhard, f. 1924, Ivar, f. 1925. Gunvald hev reist med bergingsskøytor og andre farty.
LEPSØY 22. (Notholmen)
Gustav E. Mohn kjøpte Notholmen av br. 2 i 1919 og bygde seg sumarhus her. Han selde att i 1923 til fru Anna Clausen, som atter selde i 1929 til banksjef Bonge. Fru Birgitte Bonge eig eigedomen no.
LEPSØY 23. (Fredhaug).
Fru Sophia Sundt hev bygt sumarbustad på eit stykke som ho kjøpte av br. 4 i 1922.
LEPSØY 24. (Soltun).
Lars Andersson Lepsøy, f. 1903, bygde på eit stykke av farsbruket i 1930. G. 1927 Borghild Jons dtr. Røttingen, f. 1904. Born: Arvid, f. 1928, Inger Johanne, f. 1931, Jon, f. 1933, Dorthea, f. 1934. Lars er bygningsmann likeins som faren og brørne.
LEPSØY 25.
Hans Andersson Lepsøy, f. 1900, bygde og busette seg på ein part av farsbruket, s. br. 3. G. 1923 Olida Johannes dtr. Røttingen, f. 1899. Born: Arne, f. 1924, Ingeborg, f. 1928. Hans er bygningsmann og snikkar.