BØSÆTER

Frå OS SOGA II side 99 – 102


1. BØSÆTER. (Friskogane.)

Bøsæter er skoglandet ikring dei tvo Raudlidvatni, og gjeng frå Gåssandvatnet nordaustover mot Fanagrensa og Midtsæterfjelli.  Det hev namnet etter Bøsætret, som ligg i austkanten av desse skogane ved overgangen til Krokvatnet.

Det hev ikkje vore gamle gardar her, men berre sæterstølar, Bøsætret, Øvreidsætret o. fl., og fyrste busetnad kom her i 1816, då Raudlidi vart rydja.  Lysekloster åtte desse skogane, og dei vart fyrst matrikulert og fekk serskilt gardsnr. i 1872 med desse bruksnamni: Bøsætret, Saueskori, Raudlidi, Kap Konstantia, Hatlelidi og Sagelidi (fossefalli).  Staten kjøpte det heile i 1872 og 1873, men selde Hatlelidi att til brukaren i 1910 for 1500 kroner.  Staten eig framleis resten.

Busetnad og buskap.

 Hus- Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
183517         
18652101617822tun.3tun.
190016 27 1»4hl.
1920210136  0,3mål2m.
1930211145   » »
            


BØSÆTER 1. (Raudlidi). 

Lars Olson Mo frå Kvam, f. 1777, som fyrr hadde vore paktar på Strandebarm prestegard, festa «en plads i Friskogene» og rydja og bygde her i 1814.  G. 1809 Guro Håkons dtr, Nettelandshaugen frå Kvam, f. 1781.  Born: Ola, f. 1812, d. ug. 1847. Håkon, f. 1813, s. n. Lars, f. 1814, bøkkar (kjipar) i Bergen. Ragnhild, f. 1819, g. 1847 Paul Gåssand, s. G. 1. Anna, f. 1821, g. 1855 Lars Ulven, s. Hatvik 4. Rasmus f. 1825, g. 1857 Anna Ulven, s. Sperrevik 2.  Tvo gjentor døydde unge. 
Lars dreiv med veiding og fiske.  I den vesle stova som han bygde seg der inne i skogen var det eit lite vindauga med rutor i bly.  Han laga det slik at han kunde opna ei ruta, og når hjorten strauk framum, som det jamt hende, so skaut Lars han gjenom stoveglaset.  Lars døydde i 1858 og kona i 1843.

Håkon Larsson Raudlidi, f. 1813, festa bruket etter faren.  G. 1850 Marta Lars dtr. Røykenes, f. 1817. Born: Guro, f. 1851, d. ug. Kristi, f. 1854, s. n. Marta, f. 1858, s. br. 2.  Håkon var ogso veidemann og fiskar, og dreiv treskoarbeid attåt.  Han var namngjeten for styrken sin, og det vert fortald mange sogor um han.  Ein haust var tvo av verane hans komne heilt burt til Heggland i Hegglandsdalen, og då han skulde leida dei heimatt sette verane «bukkebein» og vilde ikkje gå.  Håkon vilde ikkje tratla med verane, men slengde dei begge upp på ryggen sin og bar dei heim til Raudlidi.  Turen tek 3 – 4 timar.  På sine gamle dagar budde Håkon i Salbuvik.  Han lengta attende til dei stille skogane sine og til Raudlidi, den einsame plassen som då låg øyde.  Ein dag i 1894 tok han litt nista med seg og vandra attende til Raudlidi.  Håkon var då 81 år gamall.  Maten rokk ikkje langt, han greidde ikkje meir å skjota eller fiska, og då det langt um lenge kom folk framum Raudlidstova, hadde han vore 8 – 10 dagar utan mat.  Han døydde seinare same året. Kona var død i 1889. 

Bård Olson Midthus, f. 1835, vart i 1880 gift med Kristi Håkons dtr. Raudlidi, f. 1854, og festa bruket etter verfaren.  Born: Håkon, f. 1883, g. Olina Ols dtr. Sæle frå Fana, b. Bahus, s. F. B. 511. Tvo gjentor døydde unge.  Bård dreiv mest med treskoarbeid.  I 1889 kjøpte han eit bruk på Bahus i Fana og vart sidan buande der, s. F. B. 511.  Han døydde her i 1932, over 97 år gamall.

Nils Larsson Gjemdal, f. 1860, pakta bruket og busette seg her då Bård flutte til Bahus.  G. I. 1887 Ingeborg Anders dtr., g. II Brita Anders dtr. Hatlelid, f. 1867.  Nils hadde bruket nokre få år, då han flutte til Kalandseid i Fana og busette seg der. 
Bruket vart so liggjande øyde og fall attende til Stats-skogane.  Det er no bygt turisthytta i Raudlidi. 

BØSÆTER 2. (Hatlelidi). 

Anders Nilsson Øvredal, f. 1838, rydja og bygde her i 1864.  G. I. 1860 Marta Ols dir. Gåssand, f. 1835, d. 1869, g. II 1870 Kari Gabriels dtr. Bjoarvik, f. 1832.  Born: Olina, f. 1861, d. ug. i Bergen, Anna, f. 1865, g. 1891 Hans Søfteland, s. S. 8, Brita, f. 1867, s. br. 1, Marta, f. 1870, s. n.  Anders dreiv i skogen og var treskoarbeidar.  Han døydde i 1892. 

Kristian Janson Salbuvik, f. 1857, vart gift med ei dotter åt gamlekona på bruket frå hennar fyrste ekteskap og busette seg her.  G. 1884 Marta Nils dtr. Bjoarvik, f. 1857.  Born: Kari, f. 1885. Kristian var snikkar og bygningsmann.  Han fekk ikkje bruket då han døydde alt i 1885.  Ekkja gifte seg att tvo år etter med Mikkjel Larsson Engjavik i Fana. 

Andreas Ingebrigtson Seim frå Haus, f. 1867, vart gift i 1893 med Marta Anders dtr. Hatlelidi, f. 1870, og flutte hertil for å ta bruket etter verfaren.  Dette vart likevel ikkje noko av, og i 1895 flutte han til Bergen og vart sidan buande der. 

Jon Janson Salbuvik, f. 1859, flutte hertil i 1895.  G. 1884 Marta Håkons dtr. Raudlidi, f. 1858. Han hadde fyrr vore busett på farsbruket i Salbuvik.  I 1900 flutte han attende til Salbuvik, s. S. 3, og ein vil finna meir um han og huslyden hans der. 

Nils Larsson Sælen, f. 1869, festa bruket i 1900.  I 1910 fekk han kjøpa bruket for 1500 kroner.  G. 1895 Anna Sveins dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1865.  Born: Inga, f. 1895, g. 1915 Jon Tømmernes, s. T. 1. Lars, f. 1898, s. br. 3. Svein, f. 1900, skog- og treskoarbeidar, Anna, f. 1903, d. 1918, Ola, f. 1905, bygningsmann i Bergen, g. Klara Sellevold, Nils, f. 1911, arbeidar på planteskule.  Ein gut døydde ung.  Nils driv treskoarbeid attåt gardsbruket. 

BØSÆTER 3. (Solbakken). 

Lars Nilsson Hatlelidi, f. 1898, fekk i 1927 skøyte på eit stykke av farsbruket, der han bygde og busette seg.  G. 1921 Anna Judithe Hauge frå Bremanger, f. 1897.  Born: Nils, f. 1921, trearbeidar, Johan, f. 1924, Astrid, f. 1926, Ragnvald, f. 1929.  Lars kjører lastebil og arbeider i treskofabrikk.