GÅSSAND
Frå OS SOGA II side 103 – 109
2. GÅSSAND.
Namnet på garden kjem truleg av eit gamallt namn på Gåssandvatnet. Då Gåssand som ligg ved øvste enden av vatnet, og Gåsakilen som ligg ved nedste enden ei halv mil burte, begge hev namneleden «Gåsa» tore ein tru at dette namnet var knytt til sjølve vatnet. Fleire hev ogso meint at gardsnamnet kjem av fuglenamnet Gås samansett med -land. Namnet vert no skrive Gåssand, uttale Gå’ssann, men rette formi er tvillaust Gåsaland, likeins som garden med same namnet i Bremnes.
Nokre skrivemåtar: Gaseland og Gaaselanndt (1610), Gaaseland, Gogsen (1638, 1644, 1667), Gisand, Gaasesanndt (1624), Gaasand, Gossesand, Gaaszesand, Gaassand (1692) o. fl.
Garden ligg for seg sjølv inne i skogane ved øvste enden av Gåssandvatnet. Me finn han fyrste gong nemnd i 1610, men han er tvillaust mykje eldre. Truleg vart han lagt øyde etter den store mannadauden, og vart teken uppatt som gard ikring 1600. Lysekloster åtte garden til dess brukaren kjøpte han i 1873.
Utdrag or gamle matriklar: 1668: «Såar 2 tønder afler 8 tønder, god brende og nogen tømmerskoug till at brende kull, paalagt at plante homblehagge sampt at forbedre gaarden effter som leylighed ehr der till.» – 1723: «Ingen sætter, skoug til huusenes forbedring og brendefang, en liden flomqvern til opsiddernes fornødenhed og ei videre. Ligger paa det faste land langt fra søen ½ mil fra andre folch, meget tør jord og aarvand til korn, maadelig letvunden. Har ingen næring end allene af gaardens aufling. » – 1865: «Har 4 maal dyrket åger og eng, 48 maal naturlig england, deraf 28 maal slet, har dyrkbar jord 12 maal england og 10 maal udmark, sælger furu og birk for 10 spd. aarlig, er letbrugt, kan føde 2 ungfæ ved surrogat, lyng og skav.»
Busetnad og buskap
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 1 | 5 | 4 | 2 | ||||||
1668 | 1 | 1 | 8 | 2 | tun. | ||||||
1723 | 1 | 1 | 6 | 6 | 2 | » | |||||
1800 | 1 | 7 | |||||||||
1835 | 1 | 10 | 1 | 5 | 10 | 8 | 3 | » | 3 | tun. | |
1865 | 1 | 7 | 1 | 8 | 20 | 1 | 4 | » | 4 | » | |
1900 | 2 | 12 | 2 | 7 | 12 | 1 | 2 | hl | 6 | hl. | |
1920 | 2 | 10 | 1 | 9 | 10 | 1 | 3 | mål | 3,2 | mål | |
1930 | 4 | 16 | 1 | 12 | 25 | 2 | 2,7 | » | 2,8 | » | |
1939 |
GÅSSAND. 1.
Gregorius Gaaselanndt var brukar på garden i 1610 og er fyrste mann som me finn nemnd her. Han var då rekna som øydegardsmann og husmann, og er truleg den som hev teke garden upp att frå øydegard. Me finn ikkje Gregorius nemnd seinare. Det kjem kannhenda av at han som rydjingsmann langt inne i skogen var skattefri, og var ikkje medteken i dei skattelistor der me finn Osbøndene nemnde.
Hagtor Gogsen (Haktor Gåssand) var brukar i 1621 og 1623. Han lagde skatt som ein vanleg øydegardsmann.
Fabian Pederson fekk garden i 1623 og var brukar i 20 år. Han hadde fyrr vore brukar på Midthus, s. M. 2. I dei fyrste åri lagde Fabian vanleg øydegards- eller husmann- skatt, men frå 1630 vart han heilt skattefri. Det er mykje som tyder på at husi på Gåssand brann upp i desse åri. I åri 1629 – 1632 var ogso ein Anders Gåssand saman med Fabian som brukar, men korleis hopehavet og samanhengen var veit me ikkje. Anders var rekna som heil fatigmann i desse åri og var skattefri.
Fabian var gift med ei som heitte Anna, og av borni kjenner me 4: Jon, f. ikring 1620, var husmann på ytre Haugland, Nils, f. ikr. 1630, Brita, f. ikr. 1635, d. 1679, og Lars, f. ikr. 1640, d. 1679. I 1644 let Fabian garden frå seg og flutte til Spansteigen i Hegglandsdalen, s. S. 1, der han sidan vart buande. Sjå meir um han der og under Midthus 2.
Ein son eller ei dotter åt Fabian fekk bruket i 1644. Mannen døydde alt året etter, og ekkja vart sitjande med bruket i heile 10 år. Me veit ikkje namnet på ekkja, i skattelistone er ho berre skrivi for «Enchen Gaassesanndt», og me veit heller ikkje um ho var ei dotter åt Fabian eller hadde vore gift med eine sonen hans.
Asbjørn Gåssand fekk bruket i 1655, truleg på den måten at han då vart gift med ekkja på garden. Kvar Asbjørn var ifrå veit me ikkje.
Lars Andersson Sælen, f. ikr. 1640, vart brukar her i 1666. Kona hans, som heitte Anna, var fødd ikr. 1640, men meir veit me ikkje um henne. Born: Anders, f. ikr. 1663, Brita, f. ikr. 1665, Marta, f. 1670, s. n., Jakob, f. 1672, Johannes, f. 1679, g. 1712 Kari Berge, s. Sanden 1. Lars døydde alt i 1679.
Nils Paulson nedre Rød, f. ikr. 1650, vart i 1680 gift med ekkja Anna Gåssand og flutte til Gåssand. Han fekk likevel ikkje bygsla bruket, og stutt tid etter flutte han og kona til Halhjem og busette seg der, s. H. 4. Då mannen døydde flutte Anna attende til Gåssand, der dotteri Marta då var gardmannskona, og døydde her i 1709.
Nils Monsson, f. ikr. 1635, vart brukar her i 1680. Nils var anten frå Midthus eller Gjemdal, men då det i 1630 åri var Mons’ar på begge desse gardane, so er det uråd å finna ut kven av Mons’ane som var far hans. G. 1681 Brita Daniels dtr., som kannhenda var dotter åt Daniel Søfteland. Dei fekk ein son, Ola, f. 1682, som vart gift i 1712 med Eli Heggland, s. Valle 1. Nils døydde i 1695.
Ekkja Brita Daniels dtr. hadde so bruket i nokre år.
Mons Larsson Gjemdal, f. 1675, vart i 1698 gift med Marta Lars dtr. Gåssand, f. 1670, og fekk bygsla garden her som verfaren hadde havt. Born: Nils, f. 1699, vart utskriven til soldat 1718 og stod i hertenesta 1729 men død straks etter, Mari, f. 1702, g. 1750 Ola Halhjem, s. H. 1, Lars f. 1706, g. 1729 Anna Haukeland, s. H. 1, Nils, f. 1709, d. 1743 som ein etter måten rik ungkar.
Mons var ein velstandsmann å kalla etter tilhøvi i Os, og han var m. a. ein dugande kar til å bryggja øl. I eldhuset hadde han ein koparkjel til 2½ kuverd, (verd det same som 2½ vaksne kjyr), og fleire store bryggjekar og øltunnor. Kona hans hadde eit sylvbelte til 3 kuverd og annan sylvstas. I 1711 flutte Mons frå Gåssand til Midthus, s. M. 2, der han sidan vart buande og der ein finn meir um han.
Nils Erikson Øvreide, f. 1687, vart brukar her då Mons flutte. G. 1716 Kristi Mons dtr. Søfteland, f. 1695. Born: Kari, f. 1717, g. 1745 Bård Halvardson som då var dreng på Lunden, men sidan flutte til Bergen, Peder, f. 1718, d. ug. 1738, Mons, f. 1721, g. 1744 Johanna Henriks dtr. Håland, b. Håland i Fana, s. F. B. 486, Erik, i. 1723, d. 1741, Gjertrud, f. 1727, g. 1750 Hans Tveit, s. øvre Rød 1, Jørgen, f. 1729, g, 1759 Ragnhild Lunde, s. L. 3, Lars (tvilling), f. 1732, g. 1760 Kari Hovland, s. H. 1, Ola, f. 1732, g. 1761 Agata Borgen, s B. 2. Nils var i fleire måtar ein drivande kar og greidde seg godt. Han døydde alt i 1733.
Kristen Pederson Gjemdal, f. 1711, som var systerson åt den fyrre brukaren Mons Gåssand, vart i 1734 gift med ekkja Kristi Mons dtr. og fekk bruket. Kristi døydde i 1762, og Kristen gifte seg att same året med Regina Ols dtr. Borgen, f. 1735. Born: Mari, f. 1738, d. ug. 1784, Ola, f. 1741, g. 1765 Eli Borgen, s. Skogen 1, Lars, f. 1766, g. 1792 Marta Tveit, s. T. 1, Kristi, f. 1769, d. ug. 1792, Guro, f. 1772, d. ug. 1792. Fire born døydde unge. Kristen greidde seg godt medan fyrste kona livde, men då han måtte halda skifte etter henne og gjeva borni hennar morsarven sin vart det svert tungt for han, og han streva hardt for å greida seg i dei siste åri. Han døydde i 1781.
Ekkja Regina Ols dtr. hadde so bruket i 5 år. I 1792 flutte ho til sonen på Tveit og døydde der ikring 1814.
Ola Nilsson Sanden, f. 1756, bygsla bruket i 1785. G. 1785 Brita Hans dtr. Heggland, f. 1756. Born: Nils, f. 1786, g. 1820 Brita Øvreide, s. 0. 2, Hans, f. 1788, g. 1818 Kristi Tveit, s. T. 1. Ola sat noko lettare i det enn fyremannen, men det gjekk ille for han. Den gamle kverni hans fall ned i 1785, og jolehelgi same året brann alle husi hans upp. Det var tvo stovehus, (røykstovor), eit budahus, eit eldhus og ei vedskytja. Grannane hjelpte han so at han fekk husi upp att i 1787, men alt året etter døydde han.
Lars Paulson Midthus, f. 1756, vart i 1789 gift med ekkja Brita Hans dtr. og vart brukar her. Han hadde alt trulova seg med ekkja og fenge bygsla bruket tvo månader etter at mannen døydde. Born: Ola, f. 1789, s. n., Paul, f. 1791, g. 1816 Brita Sælen, s. S. 1, Svein, f. 1792, g. 1826 Lisbet Bø, s. Sælen 2, Jon, f. 1795, d. ung. Lars var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1834 og kona nokre år etter.
Ola Larsson Gåssand, f. 1789, fekk farsbruket i 1816. G. 1816 Olina Ols dtr. Haukeland, f. 1790. Born: Brita, f. 1817, vanfør, d. 1866, Lars, f. 1819, g. 1845 Olina Ols dtr. Tveit, b. Fjelltveit i Fana, s. F. B. 494, Ola, f. 1822, g. 1843 Marta Tveit, s. T. 2, Mons, f. 1824, g. 1852 Kristi Sveins dtr Eikhaug, paktar på Sagstad i Fana, sidan b. Lindås i Valestrand, Paul, f. 1826, s. n. Magdela, f. 1829, g. 1858 Johannes Lunden, s. L. 3, Jon, f. 1833, b. Mildestveit i Fana, Marta, f. 1835, g. 1860 Anders Hatlelidi, s. Bøsæter 2. Ola var skogmerkjar for Lyseklostergardane og hadde ei tid mykje å segja hjå godseigaren på Lysekloster. Han sette upp ny sag i 1831. Ola døydde i 1878, nær 90 år gamall. Kona døydde i 1862.
Paul Olson Gåssand, f. 1826, vart verande heime, med tanke på at han skulde få bygsla bruket etter faren. G. 1847 Ragnhild Lars dtr. Raudlidi (Bøsæter), f. 1819. Born: Ola, f. 1848, g. 1869 Guro Nils dtr. Lien, b. Solheimsviki ved Bergen, Guro, f. 1850, g. b. Bergen, Lars, f. 1852, gardbrukar på Solbakken i Fana, Olina, f. 1854, ug., gardbrukar på Solheim ved Bergen, Hans, f. 1856, maskinist, g. b. Bergen. Ein gut døydde ung. Paul fekk ikkje bygsla farsbruket, og i 1862 flutte han med huslyden frå Gåssand. Han vart sidan busett i Fana, der han ei tid pakta Gamlehaugen på Fjøsanger.
Engjel Olson Sørstrønen, f. 1828, pakta garden på Gåssand i 1862. G. 1862 Brita Nils dtr. Bergstø (Søfteland), f. 1838. I 1869 flutte han til Søfteland, der han fekk verfaren sitt bruk i Bergstø, s. S. 6, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Nils Nilsson Lien, f. 1840, pakta garden i 1869. G. 1866 Gitlina Eriks dtr. Sævild, f. 1845. Nils var brukar i 4 år. Han vart seinare buande på Molda, s. M. 3, der ein finn meir um han.
Nils Paulson Utgjerdet ved Lysekloster, f. 1841, kjøpte bruket av Lyseklostergodset i 1873 for 900 spd. Nils var fødd på Kismul i Fana, der faren ei tid hadde havt gard, s. F. B. 566, og hadde i mange år vore dreng og gardstyrar på Lysekloster. G. 1865 Barbru Johannes dtr. Tømmernes, f. 1832. Born: Peder, f. 1866, s. n., Kari, f. 1868, g. 1904 Jørgen Olai Borgen, s. B. 2, Johannes, f. 1872, d. 1883. Nils døydde i 1898 og kona i 1908.
Peder Nilsson Gåssand, f. 1866, fekk skøyte på farsbruket i 1891. G. 1890 Kari Nils dtr. Midtsæter, f. 1868. Born: Kari, f. 1890, drukna under lauging 1916 då ho var på Leirvik husmorskule, Barbru, f. 1892, syerske, Nilsina, f. 1895, s. br. 3, Johannes, i. 1897, s. n., Nils, f. 1900, g. 1920 Margit Skorpen, s. Søfteland 26, Karl, f. 1902, g. 1924 Kari Nordvik, s. Søfteland 18, Georg, f. 1905, g. Bergljot Bergstø, s. Søfteland 33, Olav, f. 1909, bakar, g. 1937 Alfhild Myren frå Bremanger. Ei gjenta døydde tidleg.
Peder hev drive sagbruk attåt gardsbruket og er snikkar. Han hev vore med i mykje kommunalt arbeid, i likningi, skule- og fatigstyre o. a. Han hev ogso vore skyns-og domsmann og var med i heradstyret i bolkane 1905 – 07 og 1917 – 19.
Johannes Pederson Gåssand, f. 1897, fekk bruket etter faren i 1924 og hev det no. G. 1927 Hanna Nils dtr. Nordvik frå Fana, f. 1897. Born: Per, f. 1928, Aslaug, f. 1929, Dagny, f. 1932, Kari, f. 1936, Jan Harald, f. 1937. Johannes driv sagbruk likeins som faren.
Gåssand 2 (Sagelien og Berg)
Os kommune kjøpte i 1913 Sagelien med vatsfallet og bygde elektrisitetsverk her i 1913 – 14. Likeins kjøpte kommunen eit lite jordstykke, der det vart bygt styrarbustad.
Kristian Rasmusson Nordvik frå Fana, f. 1875, vart buande her, då han i 1916 vart vaktmann på kraftstasjonen. Han hadde fyrr vore busett på Søfteland, s. S. 15. G. 1894 Agneta Hans dtr. Utgjerdet, ved Lysekloster, f. 1859. Born: Hilda, f. 1894, g. 1915 Gustav Preuss Olsen s. Røykenes 3, Malvin, f. 1896, s. Søfteland 15, Kari, f. 1898, g. 1924 Karl Gåssand, s. Søfteland 18, Betzy, f. 1900, g. 1923 skogvaktar Bernhard Rasmusson Haukeland, Kristian, f. 1904, elektrikar, g. Astrid Jons dtr. Nordvik frå Fana, b. Bergen. Kristian Nordvik er no styrar på kraftstasjonen.
GÅSSAND 3. (Skoglund).
Nils Vinsjansson Tømmernes, f. 1893, fekk i 1922 og 1924 kjøpa noko av verfaren sitt bruk, der han bygde og busette seg. Han hadde fyrr havt farsbruket på Tømmernes ei liti tid, s. T. 1. G. 1917 Nilsina Peders dtr. Gåssand, f. 1895. Born: Klara, f. 1918, Vilhelm, f. 1920, trearbeidar, Peder Kjell, f. 1922, Kåre Norvald, f. 1926. Nils er snikkar og møbelarbeidar.