TØMMERNES

Frå OS SOGA II side 110 – 114

Tømmernes til høgre.

3. TØMMERNES 

Namnet kjem av timber, tømmer, som her vart kjørt ned frå skogane til Oselvi.  Frå fyrst av hev det truleg vore brukt um eit lite nes ved elvi, der brui no gjeng over og hev seinare vorte namn på sjølve garden då han vart bygd.

Uttale: Tø’mmernes.  
Skrivemåtar: Thimmerness (1645), Tømmernes (1666), Thommeraasz (1668), Tymernes. Timmernesse, Tomernæsset.

Garden ligg upp til Fanagrensa på austsida av Oselvi.  Garden er uppteken frå Haukeland i fyrste luten av 1600 åri, og var Lyseklostergard til dess han i 1872 vart kjøpt av brukaren.

Or gamle matriklar og teljingar: 1668: Såar 5 qvarter afler 4 tønder, ehr brendeskoug till, bruger med kullbrenden, paalagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, skoug till huusfornødenhed og brendefang, ingen qvern eller fiskeri, aarvand till korn og maadelig letvunden.  Haver ingen anden næring end af gaardens aufl.  
1865: Har 3 maal dyrket åger og eng, deraf intet godt, 29 maal naturlig england, deraf 10 middels og 15 slet, dyrkbar udmark 10 og england 12 maal, sælger furu aarlig for 6 spd., føder 2 ungnød ved lyng, gaarden er letbrugt, mindre godt drevet. 

Busetnad og buskap. 

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
16571          
16681 15   1,3tun.  
17231  6   1,5»  
180015         
1835181444 1,5»1tun.
18651615101012»2»
1900315124 11hl9hl.
192027166 11,3mål3,5mål
1930261315 11»1»
1939           


TØMMERNES 1. 

Rasmus Thimmernes var brukar her i 1645 og er fyrste mann som me finn på garden.  Han var då gift, men namnet på kona veit me ikkje.  Me finn ikkje Rasmus nemnd meir enn det eine året, og me veit ikkje kor lenge han var brukar.

Johannes Erikson, f. ikr. 1616, vart brukar etter Rasmus.  Kvar Johannes var frå er uvisst, men truleg var han son åt Erik Gjemdal.  Kona heitte Marta Nils dtr.  Av borni kjenner me: Erik, f. ikr. 1646, Peder, f. 1650, s. n., Ola, f. 1656, Brita, f. ikr. 1660.  Johannes er ikkje nemnd ved krøterteljingi i 1657, men truleg hadde han buskap på garden då likevel.  Han døydde ikring 1670. 
Ekkja Marta Nils dtr. hadde so bruket til ho døydde i 1673. 

Peder Johannesson Tømmernes, f. 1650, fekk bruket då mori døydde.  Han vart gift i 1674 med ei Kari Knuts dtr. som tente hjå han.  Truleg var ho dotter åt Knut ytre Drange.  Born: Mari, d. e., f. 1677, d. 1691, Marta, f. 1679, g. 1704 Nils Røykenes, s. R. 1, Brita, f. 1687, Mari, d. y., f. 1693, d. 1706, Knut, f. 1690.  4 born døydde unge.  Peder var helseklein, og då kona døydde i 1698 gav han bruket frå seg.  Sjølv døydde han i 1701 og borni vart då spreidde. 

Erik Olson Gjemdal, f. 1677, fekk bygsla bruket i 1698.  Soframt den fyrre brukaren Johannes var frå Gjemdal, soleis som me trur, so var far åt Erik og siste brukaren Peder syskenborn.  Erik gifte seg i 1702 med Marta Torgeirs dtr. som tente hjå han, men som elles ikkje var frå Os.  Dei fekk ein son i 1704, men han døydde straks.  Erik greidde seg ikkje på bruket, og i 1706 flutte han frå Tømmernes.  Me finn han ikkje att i Os seinare. 

Ola Jakobson, f. ikr. 1677, vart brukar her då Erik flutte.  Ola var frå Fana, men kvar han hadde heimstaden sin der veit me ikkje.  Mor åt Ola heitte Sigrid Jons dtr., og ho var dotter åt ein Jon Mikjellson, som i 1650 åri hadde ein bror (halvbror) Paul Larsson buande på Valle i Fana.  Morfar åt Ola, den nemnde Jon Mikjellson, var truleg Jon Litletveit, s. F. B. 379.  Kona åt Ola heitte Barbru Jons dtr. og var truleg ogso frå Fana.  Dei fekk ein son, Ola, i 1707.  Ola streva hardt for å greida seg og døydde alt i 1733. 

Hans Nilsson Hjelle, f. 1715, vart i 1734 gift med ekkja Barbru Jons dtr. og fekk bruket.  Då far åt Hans, Nils Hjelle, døydde i 1741, flutte Hans med kona heimatt til Hjelle og tok farsbruket der, s. H. 1.  Ein vil der finna meir um han og huslyden hans. 

Ola Hansson Lunden, f. 1718, vart brukar etter Hans.  G. 1741 Marta Ols dtr. ytre Haugland, f. 1707.  Born: Anna. f. 1742, Hans, f. 1744, g. 1779 Kari Ols dtr. Smådalen, b. Smådalen i Fana, s. F. B. 531. Ingeborg, f. 1747, g. 1781 Johannes Olson Borgen, b. Gaugstad i Fusa, Mari, f. 1749, Ola f. 1753. 
Tømmernes brukte Raudlidi til kubeite i dei dagar, og i 1745 hadde Ola teke imot ei mengd beist frå Fana og slept på beite derinne.  Dette var imot bygslekontrakti, og Ola måtte be Fanabøndene um å ta kyrne sine heimatt.  Ola greidde seg ikkje på Tømmernes, og i 1754 flutte han frå garden.  Me veit ikkje kvar det vart av han og borni hans seinare. 

Åmund Pederson Bø, f. 1718, som fyrr hadde havt bruk på Lyssand, s. L. 4, bygsla bruket etter Ola.  G. 1740 Herborg Pauls dtr. Lyssand, f. 1717.  Det heldt hardt for Åmund som for dei tidlegare brukarar å greida seg på Tømmernes, og i 1765 flutte han til Utgjerdet ved Lysekloster, s. L. 5.  Ein finn meir um han og huslyden hans der, og likeins under Lyssand.

Ola Olson ytre Tysse frå Samnanger, f. ikr. 1720. vart brukar her då Åmund flutte.  Ola hadde fyrr vore gardbrukar på Søfteland, s. S. 5.  G. I. 1748 Lussi Ols dtr. Bårtveit frå Strandvik, f. 1722, d. av spillesykja 1765, g. II. 1766 Brita Bårds dtr. Kalvetræ, f. 1733, d. 1792, g. III. 1792 Brita Lars dtr. Engjavik frå Fana, f. ikr. 1760.  Born: Ingeborg, f. 1748, Anna d. e., f. 1754, tente hjå Ospresten i 1773, Ola, f. 1756, Knut, f. 1758, Anna d. y., f.1795. 3 born døydde unge.  Ola sat svert smått i det og ved skiftet etter andre kona i 1792 var skuldi mykje større enn alt det han åtte.  Husi var då ogso mykje til nedfalls. 

Det var stor skog på gardane i Søftelandsbygdi i dei dagar, og det freista sjølvsagt dei fatige leiglendingane til å hogga litt meir i skogen enn dei nett etter bygslekontrakti hadde rett til.  I 1784 ruska godseigar Formann upp i dette, og både Ola Tømmernes og fleire av grannane hans måtte tilpers.  Ola stod i stor skuld til gjestgjevaren i Kvalesund, og då han ikkje greidde å betala vart han stemnd til tings.  Han vart dømt til å betala skuldi og leggja sakskostnader, og dei siste vart 3 gonger so store som heile skuldi hadde vore.  Det var då freistande å berga seg or knipa med å ta litt i skogen.  I 1792 skulde Ola byta tak på løda si, og han fekk merkt ut 15 furor til matrial.  Men han hogde litt meir, og då Lars Røykenes og Lars Sælen, som vart sette til takstmenn, skulde røkja etter so fann dei 96 hogne furor og 12 bjørker.  Han hadde ogso flekt bork og never av 10 bjørker på rot, og umframt dei 8 voger never som trongst til taket på løda hadde han seld like mykje.  Godseigar Formann krov då at han skulde segja bruket frå seg, og i 1794 flutte han frå Tømmernes med den nye kona si.  Borni var reist ut fyrr.  Kvar det vart av Ola og huslyden seinare veit me ikkje. 

Johannes Johannesson Røttingen, f. 1757, fekk bygsla bruket då Ola flutte burt.  Johannes hadde då i mange år vore dreng i Lysekloster.  G. 1794 Barbru Anders dtr. Ulven, f. 1769.  Born: Johannes, f. 1796, s. n., Barbru, f. 1799, g. 1824 Nils Sanden, s. S. 1, Magdela, f. 1802, Kari, f. 1804, g. 1832 Paul Sælen, s. S. 1. Paul, f. 1807, s. n. Johannes sat tolleg godt i det og greidde seg på garden.  Han døydde i 1820, og kona gifte seg att året etter med Johannes Sanden, s. S. 1. 

Johannes Johannesson Tømmernes, f. 1796, fekk bruket då faren døydde.  G. 1820 Marta Jons dtr. Søfteland, f. 1799.  Born: Ingeborg d. e., f. 1820, d. 1835, Johannes, f. 1822, d. ug. 1845, Barbru, f. 1824, d. ug., Marta, f. 1825, g. Jon Røykenes, s. R. 1, Barbru d. e., f. 1828, g. 1851 Nils Haukeland, s. H. 1, Jon, f. 1830, d. ug. 1865, Barbru d. y., f. 1832, g. 1865 Nils Gåssand, s. G. 1, Ingeborg d. y., f. 1836, g. 1861 Johannes Askvik, s. A. 2, Ragnhild, f. 1838, d. ug. 1865.  Johannes døydde alt i 1841. 

Paul Johannesson Tømmernes, f. 1807, vart i 1842 gift med ekkja etter broren, Marta Jons dtr. og fekk bruket.  Dei fekk ei dotter Johanna, f. 1842, s. n.  Paul dreiv mest med skogarbeid attåt jordbruket.  Han livde radt til 1900 medan kona døydde i 1875. 

Jon Vinsjansson Lien, f. 1839, vart i 1864 gift med Johanna Pauls dtr. Tømmernes, f. 1842, og fekk bruket etter verfaren.  I 1872 kjøpte han garden av Lyseklostergodset for 700 spd.  Born: Vinsjans, f. 1865, s. n., Paul, f. 1867, g. 1890 Marta Eikhaug, Søfteland, s. S. 5, Marta, f. 1873, g. 1894 Henrik Søfteland, s. S. 5. Annanias, f. 1875, g. 1901 Nilla Hodneland, s. Ulven 8.  Jon var ein dugande smed og var serleg kjend for sine framifrå bitjarn.  Han døydde alt i 1875. 
Ekkja Johanna Pauls dtr. hadde so bruket radt til 1894.  Ho døydde i 1929. 

Vinsjans Jonson Tømmernes, f. 1865, fekk bruket etter mori i 1894.  G. 1889 Eli Nils dtr. Røttingen, f. 1864.  Born: Johanna, f. 1890, g. I. 1917 Sigurd Amundsen, g. II. 1920 i Søvik, Fana, Jon, f. 1891, s. n., Gjertrud, f. 1892, g. b. Hop i Fana, Nils, f. 1893, s. n, Vilhelm, f. 1898, verkstadmann på jernbanen, g. b. i Bergen, Hilda, f. 1899, g. 1933 Torstein Bakkeheld, snikkar, b. Fana, Artur, f. 1906, snikkar.  Tvo gutar døydde unge.  Vinsjans hev drive med treskoarbeid o. a. attåt gardsbruket. 

Nils Vinsjansson Tømmernes, f. 1893, skøytte farsbruket i 1919.  G. 1917 Nilsina Peders dtr. Gåssand, f. 1895.  I 1920 flutte Nils til Gåssand og busette seg der, s. G. 3, der ein finn meir um han. 

Jon Vinsjansson Tømmernes, f. 1891, fekk bruket etter broren i 1920.  G. 1915 Inga Nils dtr. Hatlelien, f. 1895.  Born: Ellen, f. 1915, Nils, f. 1917.  Jon driv med treskoarbeid o. a.