RØYKENES

Frå OS SOGA II side 115 – 121

Røykenes til vinstre


4. RØYKENES 

Namnet kjem truleg av røyk, skodde, som jamt ligg her i dalstroket og over dei små vatni som elvi lagar so mange av upp gjenom dalen her.  Men det er heller ikkje utruleg at namnet kjem av rauk, ein liten høystakk.  Garden låg lenge øyde, og det kann tenkjast at folket på Søfteland slog høy etter at garden vart aud og sette høyet i stakk på neset her til dess dei fekk kjøra det heim på vinterføre.  I det høve må garden ha havt eit eldre namn som vart gløymd. 

Uttale: Røy’kenes.  
Skrivemåtar: Roegenes (1659), Roggenesz (1668), Røgenes, Røchenes, Røkenæs.

Garden ligg upp til Fanagrensa på vestsida av Oselvi, rett over for Tømmernes.  Me finn garden nemnd fyrste gong i 1659, men i matrikulen for 1668 stend det at denne garden hadde lege øyde i lang tid, og han er soleis mykje eldre enn frå 1659.  Kannhenda hev her vore gard fyrr den store mannadauden.  Lysekloster åtte garden til dess brukaren kjøpte han i 1874. 

Or gamle matriklar og teljingar: 1668: Såar 3 qvarter, afler 3 tønder, brendeskoug till, bruger kullbrenden, paalagt at plante homblehagge og at forbedre gaarden.  
1723: Ingen sætter men skoug til huusfornødenhed og brendefang, ingen qvern eller fiskeri.  Aarvand til korn og maadelig letvunden. 
Haver ingen næring uden gaardens aufling, har tilforn ligget lenge øde og ligger i alfar vei for dem som driver deres slagt til byen hvorover jorden tager skade.  1865: Har 3 maal dyrket åger og eng, intet af dette er godt, 22 maal naturlig england, deraf 3 maal godt, 6 middels og resten slet, 15 maal dyrkbart england, har kun skov til brænde, sælger ikke, bærer lidt lyng, er letbrugt men mindre godt dreven. 

Busetnad og buskap. 

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.skje,tar.fe.ler.ter. korn.poteter.
1657           
16681  4   ¾tun.  
17231  74  »  
180013         
1835151343 »½tun.
18651816148 3»4»
19002111911 23hl8hl.
19204161117 42,8mål2,5mål
19304231715 1 »3»
1939           

RØYKENES 1 

Mari Roegenes
hadde bruket i 1659 og er fyrste brukaren som me finn nemnd her.  Mari var ekkja då og so fatig at ho betalte ikkje skatt.  Mannen åt Mari heitte Mikkjel, og ho hadde tvo søner, Knut, f. ikr. 1633, s. n., og Mikkjel, f. ikr. 1637.  Kva tid Mikkjel og Mari kom til Røykenes veit me ikkje, og me hev heller ikkje noko greida på kvar dei kom frå.  Kannhenda hadde dei, som so mange av dei som tok upp nye bruk, havt gard ein stad men mist denne då dei ikkje greidde seg der.  Røykenes er ikkje nemnd ved krøterteljingi 1657, og dette tyder på at Mikkjel og Mari, um dei var komne til garden då, iminsto ikkje hadde fenge seg buskap.  At dei alt nokre år etter, i 1668, kunde fostra 4 kjyr syner at Røykenes fyrr hadde vore ein rydja og bygd gard som var lett å ta upp att. 

Knut Mikkjelson Røykenes, f. ikr. 1633, fekk bruket etter mori i 1664.  Han var gift ikr. 1650 med ei som heitte Sigrid, men som me elles ikkje veit meir um.  Kvar Knut og Sigrid var busette fyrr dei fekk bruket her i 1664 veit me ikkje.  Det me veit er berre at dei ikkje var på Røykenes i den tidi.  Av borni kjenner me fire: Mikkjel, f. ikr. 1656, Marta, f. ikr. 1658, Ingjerd, f. ikr. 1660 (ho fekk ei dotter, Aseli, i 1685), Ola, f. 1664, s. n.  Knut rydja og dyrka mykje på garden.  Han døydde i 1705 og kona i 1704. 

Ola Knutson Røykenes, f. 1664, fekk farsbruket i 1690.  G. I. 1689 Kari Ols dtr. Eikhaug (Søfteland), f. 1664, d. 1696, g. II. 1696 Ragnhild Rasmus dtr. Søfteland, f. 1669.  Born: Nils, f. 1689, s. n., Ola d. e., f. 1699, g. b. Fana (truleg seinare b. Bergen), Ola d. y., f. 1711 etter faren sin død.  4 born døydde unge.  Ola fall frå alt i 1710.  Ragnhild flutte sidan attende til folket sitt på Søfteland og døydde der i 1738. 

Nils Olson Røykenes, f. 1689, fekk bruket i 1710, då faren døydde.  Nils vart gift alt i 1704, berre 14½ år gamall, med Marta Peders dtr. Tømmernes, f. 1679.  Born: Johannes, f. 1705, Kari, f. 1707, g. 1742 Mortein ytre Moberg, s. y. M. 1, Marta, f. 1710. Nils greidde ikkje å sitja med bruket, og alt i 1713 måtte han segja garden frå seg.  Han flutte då til Fana og vart buande der ein stad.  Då kona vart ekkja kom ho attende til Os og døydde på Søfteland i 1733. 

Simon Pederson, f. ikr. 1678, bygsla bruket etter Nils.  Simon var ikkje osing, men det er fleire ting som tyder på at han var son åt Peder Krokeid i Fana, s. F. B. 613.  Kven kona åt Simon var veit me ikkje.  Born: Peder, f. 1713, Eli, f. 1714, Mons, f. 1721.  Ein gut døydde tidleg.  Det gjekk med Simon som med Nils, han greidde seg ikkje på garden, og i 1728 flutte han burt og busette seg truleg i Fana.  I 1730 tente begge sønerne hans i Fana, ein på Riple og ein på Hatlestad.  Dotteri Eli vart gift i 1745 med Lars Torgeirson Byrkjeland i Fana, s. F. B. 396, 

Nils Johanson frå Jølster i Sunnfjord, f. ikr. 1698, fekk bruket då Simon flutte.  Kvar han var frå i Jølster veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje noko til kona hans.  Han fekk 5 søner her: Johannes, f. 1730, Jon, f. 1732, Mikkjel, f. 1733, Ola, f. 1735, Hans, f. 1739. Jon vart gift I. 1764 med Synneva Ols dtr. Riple, g. II. 1772 Berta Ols dtr. Lund og vart buande på Øfstebø i Fana, s. F. B. 462.  Mikkjel vart gift med Margreta Anders dtr. Nordeide i Fana og fekk bruk der, s. F. B. 295.  I 1739 flutte Nils med huslyden frå Røykenes.  Truleg busette han seg i Fana, der dei tvo sønerne som nemnd vart gift seinare. 

Anders Andersson bygsla bruket i 1739.  Anders var då dreng hjå Lars Søfteland, men kvar han elles var frå og kor gamall han var veit me ikkje.  G. 1739 Brita Hans dtr. Bjøndal.  I 1745 fekk han bygsla eit bruk på Søfteland og flutte dertil, s. S. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Nils Paulson, f. ikr. 1701, vart brukar då Anders flutte.  Kvar han var frå er uvisst, men han var fødd i Fana, og det er sumt som tyder på at han var frå Krokeid, og måtte då vera son åt Paul Krokeid, s. F. B. 611.  Han var gift då han kom til Os og fekk ei dotter, Barbru, medan han var på Røykenes.  I 1746 flutte han frå garden, og me veit ikkje kvar han då tok vegen.  

Knut Ivarson Søfteland, f. på Bø 1704, fekk bruket i 1746.  G. 1733 Kari Nils dtr. Valle, f. 1702.  Knut hadde fyrr havt eit bruk på Søfteland, s. S. 5, og ein finn meir um han og huslyden der.  Det gjekk med Knut som med dei fyrre brukarar, dei greidde seg ikkje eller treivst ikkje på garden, og i 1749 flutte Knut frå Røykenes og busette seg i Bergen, der han sidan vart buande. 

Samson Johannesson Sanden, f. 1716, bygsla bruket etter Knut.  G. 1750 Agata Ols dtr. Bø, f. 1713.  Dei hadde ikkje born.  Samson var den fyrste mann i dette hundradåret som heldt bygsletidi ut på Røykenes.  I 1772 gav han bruket frå seg og tok kår, men livde radt til 1795.  Kona døydde i 1779. 

Lars Rasmusson, f. ikr. 1732, vart brukar i 1772.  Då han bygsla bruket var han skriven for Lars Skålem, men han var fødd i Fana og var truleg son åt Rasmus Søvik, s. S. 2, som ei tid var busett på Nordvik i Fana, s. F. B. 599.  G. 1775 Kristi Peders dtr. Søfteland, f. 1731.  Born: Kristi, f 1776, s. n.  Lars var i mange år stemnevitne for Formann i Lysekloster og var takstmann for han i skogane som høyrde til klostergodset.  Då Formann i 1784 ruska upp i den store skoghogsten i Søftelandsbygdi gjekk ikkje Lars radt fri heller.  Lars stod seg tolleg godt og var fyrste brukar på garden som greidde seg utan vandskar.  Då han i 1802 let garden frå seg til versonen bygde han seg ei kårstova som var likare enn det andre bunadshuset på garden.  Lars døydde i 1812 og kona nokre år etter. 

Lars Larsson Tøsdal, f. 1773, vart i 1802 gift med Kristi Lars dtr. Røykenes, f. 1776, og fekk bruket etter verfaren.  Av 12 born vaks 6 upp: Jon, f. 1804, s. n., Kristi, f. 1807, g. 1852 Lars Bjørnen, s. B. 2, Ola, f. 1813, g. b. Øvstun i Fana, Lars, f. 1814, g. Barbru Fortun (f. p. Sælen i Os), s. F. B. 513, Marta, f. 1817, g. 1850 Håkon Raudlidi, s. Bøsæter 1, Rasmus, f. 1821, lærar og klokkar i Byrkjelandsokni, Fana, s. F. B. I. 442 og 552, II. 365.  Lars var timbermerkjar for Lyseklostergodset og var elles ein mykje vyrd mann i bygdi.  Han døydde i 1839 og kona i 1853. 

Jon Larsson Røykenes, f. 1804, bygsla farsbruket i 1840.  G. 1844 Marta Johannes dtr. Tømmernes, f. 1825.  Born: Lars, f. 1846, s. br. 2, Johannes, f. 1850, s. n., Kristian, f. 1855, b. Bergen, d. ug., Jon, f. 1858, s. n., Johan, f. 1861, steinarbeidar i Bergen, g. Anna Eikebakken, Marta, f. 1865, ug., b. Bergen.  Jon var i sine unge dagar postdreng hjå Johannes Søfteland som var «postbonde», og skyssa posten for han frå Søfteland til Hatvik.  Då han ein kveld um vinteren 1832 kom ridande med posten vart han nett utanfyre Hatvik påteken av ein mann som slog han halvt ihel og rana postskreppa, s. O. B. 672 – 73.  Jon kom seg etter åtaket og fekk ikkje serleg mein av hendingi, men postrøvaren vart halshoggen, lagt på stegle og gravlagd på «Steglebakken» der ranet gjekk fyre seg.  Jon døydde i 1865. 
Ekkja Marta Johannes dtr. hadde so bruket ein nokre år.  Ho døydde i 1888. 

Johannes Jonson Røykenes, f. 1850, vart brukar etter mori og kjøpte bruket av Lysekloster i 1874 for 330 spd.  Johannes, som var ugift, døydde alt i 1876. 

Jon Jonson Røykenes, f. 1858, kjøpte bruket i 1877 etter broren.  G. 1881 Andrea Klaus dtr. Haugsdal frå Masfjorden, f. 1858.  Born: Jon, f. 1882, d. ung, Sofia, f. 1883, Andrea, f. 1885, Johanna, f. 1887, Klaudina, f. 1889, Jon, f. 1892, Maria, f. 1894, Rasmus, f. 1896, Johannes, f. 1900.  Jon dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket.  I 1902 reiste han til Arnerika og var der til 1906.  Då han kom att tok han huslyden med seg og reiste til Granvin der han kjøpte seg eit bruk i garden Espeland.  Fleire av borni er sidan reist til Amerika. 

Peder Andersson Halhjem, f. 1829, kjøpte bruket etter Jon i 1903.  Peder hadde fyrr vore brukar på Lepsøy, s. L. 8, og paktar på Tveitane under Lysekloster, s. L. 7.  Han hadde i dei siste åri vore busett i Bergen.  G. I. 1857 Marta Nils dtr. Lepsøy, f. 1817.  G. II. Kristi Ols dtr. Tveit, f. 1861.  Peder og Kristi hadde ein son, Andreas, som er røyrleggjar i Bergen. 
Ekkja Kristi Ols dtr. hadde so bruket eit par år.  I 1907 selde ho bruket her, men hadde fyrr teke undan eit jordstykke, der ho no bygde og busette seg, s. br. 3. 

Lars Eilifson Vedvik frå Luster, f. 1862, kjøpte bruket av Kristi i 1907.  G. 1890 Kristina Kristoffers dtr. Tandle frå Luster, f. 1862.  Born: Anna, f. 1890, g. 1917 Lars Borgen, s. Kuven, Eilif, f. 1892, s. n., Berta, f. 1894, g. Olai Åsmul i Hyllestad, Kristina, f. 1896, b. Bergen, Johanna, f. 1898, g. Emil Sølsnes frå Ålesund, røyrleggjar i Bergen, Ragnhild, f. 1900, Inga, f. 1902, d. 1919, Sigurd, f. 1904.  Lars dreiv med treskoarbeid attåt gardsdrifti.  Han døydde i 1936. 

Eilif Larsson Røykenes, f. 1892, skøytte farsbruket i 1931.  G. 1918 Ragna Sveins dtr. Sælen, f. 1893.  Born: Ingrid, f. 1919, Anna, f. 1922, Lilly, f. 1927, Erna, f. 1934. Eilif driv treskoarbeid likeins som faren, og hev sett upp serskild treskoverkstad, der han no driv arbeidet med maskinor og tidhøvelege reidskaper. 


RØYKENES 2. (Kampen). 

Lars Jonson Røykenes,
f. 1846, festa i 1877 eit stykke av farsbruket, der han bygde og busette seg.  I 1894 kjøpte han bruket for 800 kroner.  G. I. 1874 Eli Ols dtr. Midtsæter.f, 1832, d. 1884, g. II. 1885 Anna Marta Nils dtr. Hetleflåt, f. på Gaupholm i Samnanger 1851, d. 1906, g. III. 1909 Kristi Ols dtr. Røykenes, f. p. Tveit 1861.  Born: Marta, f. 1877, husstyrar, Jon, f. 1888, elektrikar i Loddefjord, d. ved eit uhende i 1923, g. Dorthea Endres dtr. Holmefjord frå Fusa, Peder, f. 1909, d. ug.  Lars var skomakar, noko som høvde godt då han hadde ein sjuk fot.  Då han i 1908 skulde gifta seg med Kristi Røykenes selde han Kampen og flutte til kona sitt bruk, s. br. 3. 

Hans Steffenson øvre Rød, f. 1862, kjøpte bruket i 1908 då Lars flutte. G. 1906 Engelina Torsteins dtr. Holmefjord frå Fusa, f. 1873.  Born: Steffen, f. 1910, s. n. Torstein, f. 1912, snikkar, Hansina Engelina, f. 1915, Lars, f. 1917, snikkar.  Hans var målar og dreiv målarverksemd attåt gardsbruket.  Han døydde i 1926.
Ekkja Engelina Torsteins dtr. hadde so bruket i 8 år. 

Steffen Hansson Røykenes, f. 1910, skøytte bruket etter mori i 1934 og hev det no.  G. Ingeborg Nils dtr. Nordvik frå Fana.  Born: Ester, f. 1935.  Steffen driv som møbelsnikkar og gardbrukar. 


RØYKENES 3. (Nordgarden). 

Kristi Ols dtr. Røykenes
, f. 1861, skilde ut ein part av hovudbruket i 1906 og busette seg her då ho selde hovudbruket i 1907, s. br. 1. 

Lars Jonson Røykenes, f. 1846, vart i 1909 gift med Kristi Ols dtr. som hadde bruket.  Dei fekk ein son Peder, f. 1909.  Sjå um Lars og huslyden hans under bruk 2.  Lars døydde i 1913, og Kristi selde då bruket.  Ho flutte sidan til Bergen og vart buande der. 

Gustav Preuss-Olsen, f. 1890, kjøpte bruket i 1919 men selde det alt året etter.  Han reiste seinare over til Austlandet og er no kommunearbeider i Aker.  G. 1915 Hilda Kristians dtr. Nordvik, Gåssand, f. 1894. 

Thv. B. Johnsen frå Bergen kjøpte bruket i 1920.  Han var restauratør i Bergen og budde her berre um sumaren.  Då han døydde fekk ekkja Marie Johnsen bruket.  Ho seide det i 1931. 

Erling Andersen kjøpte bruket i 1931.  Han er bilmekaniker og driv bensinstasjon.