SÆLEN
Frå OS SOGA II side 136 – 145
7. SÆLEN.
Namnet tyder sæla, signing, lukka, og hev truleg fyrst vore namn på eit jordstykke, åker eller eng, som låg på den staden der garden seinare vart bygd.
Uttale: Sæ’lô.
Skrivemåtar: Seelle (1610) Seellde, Seellen, Seeløen (1618), Selboe (1621), Sele, Sæle, Sellenn, Sellum, Sellumb (1646), Sælen (1663), Sæloo (1684), Sælaa.
Garden ligg millom Oselvi og Haukeland, vestfyre sistnemnde garden. Sælen er uppteken som gard ikring 1600 frå Haukeland, som tvillaust åtte den jordi der garden vart bygd og som gav garden namn.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 2½ tønder, afler 10 tønder, goed brendeskoug, paalagt at plante homblehagge och gaarden at forbedre.
1723: Sætter til gaarden og ei videre, skoug til huusenes fornødenhed og brendefang, ingen qvern eller fiskeri. Maadelig jordart og skiels letvunden.
1865: 7 maal dyrket åger og eng, deraf omtrent lige dele god, middels og slet, 109 maal naturlig england, hvoraf 12 maal middels og 88 maal slet. Af england er dyrkbart 30 maal, skov til husbrug og sælger furu for 5 spd. aarlig, føder 1½ kjør med lyng, middels letbrugt, mindre godt drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | ||||||||||
1668 | 1 | 1 | 10 | 2½ | tun. | ||||||
1723 | 1 | 1 | 8 | 4 | 2½ | » | |||||
1800 | 1 | 5 | |||||||||
1835 | 2 | 15 | 1 | 5 | 6 | 6 | 3 | » | 3 | tun. | |
1865 | 2 | 17 | 2 | 10 | 35 | 18 | 1 | 6 | » | 6 | » |
1900 | 6 | 37 | 3 | 20 | 25 | 5 | 2 | hl | 18 | hl. | |
1920 | 9 | 36 | 4 | 38 | 39 | 5 | 14,6 | mål | 7,3 | mål | |
1930 | 12 | 43 | 5 | 31 | 63 | 2 | 10 | 13 | » | 11 | » |
SÆLEN 1.
Jacob Seelle var brukar her i 1610 og er fyrste mann som me finn nemnd på garden. Han var rekna som øydegardsmann, og er truleg den som fyrst hev rydja og bygd her. Jakob hadde bruket til 1622. Kannhenda flutte han då til Sanden, der det kom ein Jakob året etter, s. Sanden 1.
Mikkjel Sælen vart brukar i 1623. Det er same året ogso nemnd ein husmann her, Nils Sælen, men me finn han berre nemnd det eine året, og me veit ikkje korleis samanhengen var. Mikkjel hadde garden til han døydde i 1627.
Peder Sælen vart brukar på garden i 1628 saman med ekkja etter Mikkjel. Um Peder var son på garden eller um han skulde gifta seg med ekkja og flutte til Sælen fyreåt veit me ikkje. Peder døydde alt i 1629.
Ekkja etter Mikkjel hadde so bruket i 3 år. Ho greidde seg godt i desse åri og lagde skatt som dei beste øydegardsmenner i bygdi.
Anders Olson, f. ikr. 1606, vart gift med ekkja i 1632 og bygsla bruket her. Kvar Anders var frå er uvisst. Kona hans som døydde i 1682 heitte Kari Peders dtr., og då ho var fødd ikring 1605 er ho truleg den same som Anders gifte seg med i 1632, og som var ekkja etter Mikkjel og kannhenda Peder. Men det kann ogso henda at fyrste kona var død og at Anders var uppatt gift med Kari ikr. 1640. Av borni kjenner me sonen Jakob, som vart gift i 1670 med Sissela Tøsdal, og døtterne Magdela, Anna og Gjertrud som alle var ugifte i 1680 åri. Lars Gåssand, f. ikr. 1640, s. G. 1, var ogso son hans.
Anders var ein drivande kar som arbeidde garden godt upp. Ved krøterteljingi 1657 er ikkje Sælen nemnd, – kannhenda er han fallen ut i avskrifti, – men i 1668 hadde Anders hest og 10 storfe på båsen og hadde like stor buskap som Haukeland. Anders hadde garden i heile 50 år, og er ein av dei bønder frå den tid som sette mest merke etter seg. Han døydde ikr. 1685.
Kristoffer Nilsson, f. ikr. 1655, fekk bruket her i 1682. Kvar Kristoffer var frå veit me ikkje visst, men alt tyder på at han var son åt Nils Jonson Bø. G. 1683 Kari Nils dtr. Bø, f. ikr. 1657. Born: Nils, f. 1689, g. 1715 Agneta Øvredal, s. Bø 4, Maria, f. 1692, g. 1720 Peder Sundøy, s. S. 2, Johannes, f. 1696, d. 1715, Anna, f. 1700, g. 1728 Magne Kalland, s. Bø 6, Åmund, f. 1703, g. 1732 Mari Sørstrønen, s. S. 4, Helga, f. 1706, g. 1729 Hans Økland, s. 0. 1. 4 born døydde unge. I 1692 bytte Kristoffer bruk med verbror sin, Nils Bø, soleis at Nils flutte til Sælen og tok bruket her, og Kristoffer flutte attende til Bø og overtok farsbruket åt kona si som Nils fyrr hadde havt. Kva grunnen til dette bytet var veit me ikkje visst, men det er fleire ting som tyder på at Nils eller kona hans var komen i strid med grannane sine på Bø og måtte flytja. Sjå meir um Kristoffer og huslyden hans under Bø 4.
Nils Nilsson Bø, f. 1655. vart brukar her i 1692 då han bytte bruk med Kristoffer. G. 1678 Anna Hans dtr. Lønningdal, f. ikr. 1654. Born: Nils, f. 1680, s. n., Mari, f. 1682, g. 1711 Vinsjans Salbuvik, s. S. 1, Størk, f. 1688, s. n., Kari, f. 1691, s. n., Brita, f. 1694, ugift. 3 born døydde unge. Nils sat tungt i det og streva hardt for å greida seg. Han døydde i 1720 og kona i 1733.
Nils Nilsson Sælen, f. 1680, bygsla farsbruket i 1705. G. 1706 Magdela Ols dtr. Tøsdal, f. 1685. (Ho vert stundom skrivi for Malena Ols dtr.). Dei fekk ei dotter Anna, f. 1708, d. ug. 1733. Nils vart alt som 16 år gamall gut utskriven til hertenesta, og då den store ufreden byrja i 1709 måtte han ut for å slåst med svenskane. Han fall i ufreden same året.
Ekkja gifte seg att året etter med Jon Nilsson Grimen frå Fana og flutte til Grimen, s. F. B. 117.
Kari Nils dtr. Sælen, f. 1691, overtok bruket då broren døydde og brorkona flutte til Fana. Kari var gift då og mannen heitte Mons, men meir kjenner me ikkje til han. Dei fekk ein son, Nils, i 1711, men straks etter flutte dei frå Sælen og me veit ikkje meir um dei. Sonen Nils finn me nemnd som soldat i 1738 og 1742.
Størk Nilsson Sælen, f. 1688, bygsla farsbruket då systeri og systermannen flutte. G. I. 1723 Magdela Nils dtr. Søfteland, f. 1705, d. 1736, g. II. 1736 Kari Nils dtr. Hjelle, f. 1713, d. 1742, g. III. 1743 Barbru Mons dtr., f. ikr. 1713. Siste kona var ikkje frå Os. Det var 13 born, av desse eit tvillingpar, men berre 5 vaks upp: Kristi, f. 1733, Nils d. e., f. 1737, g. 1773 Agneta Åsen, s. Å. 1, Kari, i. 1745, d. ug. 1765, Mons, f. 1747, g. 1786 Brita indre Haugland, s. i. H. 4, Nils d. y., f. 1750, tente på Sælen. Nils sat svert smått i det og det heldt hardt for han å livja den store huslyden sin. Han døydde i 1772 og Barbru i 1787.
Lars Olson Skjeie frå Kvam i Hardanger, f. ikr. 1736, vart brukar her i 1766, då Størk vart for gamall til å stella med garden, og fekk bygsel på bruket i 1771. G. I. 1766 Frida Lars dtr. Mo frå Kvam, f. ikr. 1730, d. 1773, g. II. 1774 Ingeborg Ols dtr. Tolo frå Kvam, f. ikr. 1735. Born: Synneva, f. 1769, g. 1788 Ola Økland, s. 0. 1, Jørna, i. 1770, g. 1801 Albrigt Grindevoll, s. G. 2, Ola, f. 1777, s. n., Lars, f. 1782, d. ung. Ola sat godt i det og var ein mykje vyrd mann i bygdi. Han var mykje nytta som takstmann og skogmerkjar for Formann i Lysekloster, men kom likevel som fleire av grannane burt i det då Formann i 1784 ruska upp for ulovleg skoghogst i Søftelandsbygdi. Då Lars ein dag etter nyttår 1806 var på byferd gjekk han gjenom isen på Kalandsvatnet og kom burt. Kona døydde i 1803.
Ola Larsson Sælen, f. 1777, vart brukar saman med faren i 1796, og fekk heile bruket då faren døydde. G. 1800 Brita Ols dtr. Lauvskard frå Samnanger, f. 1774. Born: Ola d. e., f. 1802, g. 1827 Gjertrud Johannes dtr. Ulven, b. Fortun i Fana, s. F. B. 513, Ingeborg, f. 1807, Frida, f. 1810, d. 1825, Lars, f. 1812, g. 1842 Guro Valle, s. V. 1, Ola d. y., f. 1816 etter at faren var død, g. 1843 Brita Nils dtr. Buskengen, (born: Brita, f. 1843, s. Lunde 1). 4 born døydde unge. Ola var utskriven til hertenesta og måtte ut i ufreden 1809. Han var ein drivande kar og sat tolleg godt i det. Han kom att or ufreden, men døydde alt i 1815.
Paul Larsson Gåssand, f. 1791, vart i 1816 gift med ekkja Brita Ols dtr. og fekk bygsla bruket. Brita døydde i 1831 og Paul gifte seg att året etter med Kari Johannes dtr. Tømmernes, f. 1804. Kari døydde i 1858, og Paul gifte seg då att i 1860 med Marta Nils dtr. Hovland, f. Storum 1800, som var ekkja etter Nils Hovland. Born: Lars, f. 1811, g. 1843 Marta Bjørnen, s. B. 2, Brita d. e., g. 1850 Lars Olson Skogen, b. Rød i Fana, s. F. B. 619, Barbru, f. 1835, g. I. ikr. 1855 Ola Olson Fortun, g. 11. Lars Larsson Røykenes, b. Fortun i Fana, s. F. B. 513, Brita d. y., f. 1838, g. 1859 Anders Eikhaug, s. Søfteland 4, Johanna, f. 1840, s. n., Kari, f. 1843, g. 1864 Nils Midtsæter, s. M. 1, Lars, f. 1846, g. 1875 Maria Johans dtr. indre Moberg, b. Fortun, s. F. B. 513. Johannes, s. br. 4. I 1821 fekk bror åt Paul, Lars Gåssand, bygsla ein part av bruket, s. br. 2. Paul var treskoarbeidar og dreiv ogso i skogen med botnar og stav til tunnor. Han døydde i 1878 og siste kona i 1873.
Engjel Andersson Søfteland, f. 1841, vart i 1863 gift med Johanna Pauls dtr. Sælen, f. 1840, og fekk bygsla bruket etter verfaren. I 1872 kjøpte han bruket av Lysekloster for 320 spd. Born: Anders, f. 1865, s. n. Paul, f. 1871, d. 1885. Engjel var ein mykje vyrd mann, som var med i skulestyret og fatigstyret, og var m. a. medlem av den fyrste likningskommisjon i Osbygdi. Han sat ogso i heradstyret 1872 – 75. Engjel var skogmerkjar for Lysekloster, og dreiv sjølv med skogarbeid, stav og botnar til tunnor, og med treskoarbeid. Han døydde i 1886 og kona i 1883.
Anders Engjelson Sælen, f. 1865, fekk farsbruket i 1886. G. 1882 Eli Anders dtr. Eikhaug (Søfteland), f. 1862. Born: Engjel, f. 1882, Johan, f. 1884, s. n. Brita, f. 1890, g. 1919 Nils Bruarøy, s. Rottingen, Kari, f. 1898, d. 1913, Anna, f. 1901, g, 1927 Odin Mikkelsen, Fana, Jenny, f. 1904, kokke, b. Fana. 3 born døydde unge. Anders var bygningsmann og snikkar og dreiv ogso som felemakar. Han døydde i 1936.
Johan Andersson Sælen, f. 1884, fekk skøyte på farsbruket i 1901 og hev bruket no. G. 1919 Andrea Anders dfr. Lønningdal, f. 1893. Born: Elen, f. 1919, Artur, f. 1922, Gunnhild, f. 1923, Jenny, f. 1924, Paul, f. 1928, Mary, f. 1931. 3 born døydde unge. Johan hev drive med treskoarbeid attåt gardsbruket og er no ogso veg- og steinarbeidar.
SÆLEN 2.
Svein Larsson Gåssand, f. 1792, fekk i 1821 festa ein part av broren sin gard på Sælen og busette seg her. G. 1826 Lisbet Nils dir. Bø, f. 1800. Born: Eli, f. 1827, g. 1855 Johannes Sanden, s. S. 1, Brita, f. 1829, g. 1852 Ola Tveit, s. T. 2, Kari, f. 1832, g. 1860 Nils Larsson Tveit, b. Krokeid i Fana, s. F. B. 614, Lars, f. 1835, s. n., Jon, f. 1838, g. 1867 Magdela Holelien, s. Lysøy 1, Nils, f. 1841, d. 1851, Svein, f. 1844, g 1873 Johanna Mons dtr. Nordvik, b. Nordvik i Fana, s. F. B, 598. Svein arbeidde med skog og treskoarbeid attåt gardsbruket. Han fall snøgt frå i 1861, då han låg død i båten. Kona døydde i 1867.
Lars Sveinson Sælen, f. 1835, vart brukar etter faren, og fekk attåt so mykje av det andre bruket på garden at begge bruki vart jamstore. G. I. 1863 Anna Anders dtr. Bø (Samdal), f. 1830, d. 1900, g. II. 1900 Guro Nils dtr. Sælen, f. Haukeland 1851. Born: Svein, f. 1863, s. n., Karta, f. 1865, (d. 1909), g. 1895 Ola Olson Tveit, b. Søfteland, d. 1906, (born: Ola Sælen, f. 1895, sjauffør, g. Sofia Hatlestad, Lars, f. 1900, d. ung), Eli, f. 1866, g. 1895 Johannes Haukeland, s. H. 1, Nils (tvilling), f. 1869, g. 1895 Anna Bruarøy, s. Bøsæter 2, Lisbet, f. 1869, s. Sanden 5, Anna, f. 1873, g. 1901 Tomas Olson Søviknes, b. Skipenes i Fana. Lars dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket. Han kjøpte bruket av Lysekloster i 1877 for 1140 kroner. Lars døydde i 1904 og Guro i 1930.
Svein Larsson Sælen, f. 1863, fekk farsbruket i 1889. G. I. 1889 Anna Rasmus dtr. Igland frå Bremanger, f. 1862, d. 1925, g. II. 1925 Katrina Steffens dtr. Søfteland, f. 1877. Born: Ragna, f. 1889, g. 1918 Eilif Røykenes, s. R. 1, Lars, f. 1890, s. n., Rasmus, f. 1895, byggmeistar i Fana, g. Birgitte Ols dtr. Nordstraumen, Karl, f. 1898, gardbrukar Hop i Fana, g. Marta Hjeltnes frå Ulvik, Anna, f. 1900, g. 1923 Nils Søfteland, s. S. 7, Inga, f. 1903, g. 1925 Nils Haukeland, s. Søfteland 40, Leonhard, f. 1904, gardbrukar i Rakkestad, g. Erikka Opdal frå Gulen, Johan, f. 1906, snikkar, b. Fana, g. Johanna Henriks dtr. Søfteland. Ein gut døydde ung. Svein var ein drivande gardbrukar og fekk Hordaland landbrukselskap si sylvmedalje for framifrå jorddyrking. Då han skøytte bruket frå seg i 1925 tok han undan eit bruk som han kjøpte i 1916, s. br. 7, som han dreiv radt til han døydde i 1935.
Katrina flutte då attende til Søfteland og vart buande på bruket sitt, s. Søfteland 30.
Lars Sveinson Sælen, f. 1890, vart brukar etter faren i 1921 og skøytte bruket i 1925. G. 1927 Borghild Ols dtr. Diserud frå Nord-Aurdal i Uppland, f. 1886. Lars driv garden sterkt, og då faren var død kjøpte han i 1935 ogso det bruket som faren hadde halde att. Lars hev vore med i skulestyre, fatigstyre o. a.
SÆLEN 3. (Sælehaugen, Midsælen).
Johannes Olson Ulven, f. Bjørnevik 1850, festa eit jordstykke av br. 1 i 1881, der han bygde og busette seg, og fekk kjøpa bruket i 1887. G. 1876 Guro Nils dtr. Haukeland, f. 1851. Born: Mons, f. 1876, s. n., Ola, f. 1878, sjømann, i Amerika, d. ug. 1925, Gurina, f. 1881, s. n., Brita, f. 1883, g. 1905 Jon Flatøy, s. Forstrønen 3, Johannes, f. 1891, målar, g. b. Amerika, Maria, f. 1894, g. 1921 Kaspar Klett, Bergen, Johanna, f. 1897 etter faren sin død, dreiv handel på Søfteland, d. 1930. 4 born døydde unge. Johannes var ein drivande treskoarbeidar. Han døydde alt i 1896.
Ekkja gifte seg att i 1900 med Lars Sælen, s. S. 2.
Mons Johannesson Sælen, f. 1876, fekk skøyte på bruket etter faren i 1896. G. I. 1897 Kristina Lars dtr. Sørstrønen, f. Hovland 1877, d. 1932, g. II. 1934 Marta Kristina Kinserdal frå Hafslo, f. 1891. Born: Lars, f. 1897, g. Margit Torsvik, s. Søfteland 27, Johannes, f. 1899, g. Johanna Espetvedt, s. Søfteland 27. Mons var sjømann og reiste utanlands, medan mori og kona stjorna heime. I 1899 skøytte han bruket her frå seg, og i 1911 flutte huslyden til eige bruk på Søfteland, s. S. 27, der ein finn meir um dei.
Lars Jonson Søfteland, f. 1871, kjøpte bruket i 1879. G. 1895 Malena Nils dtr. Haukeland, f. 1867. Born: Jon, f. 1896, sjømann, d. ug. 1920, Nils, f. 1898, maskinist, g. 1930 Berntine Enehaug frå Dale i Sunnfjord, Jenny, f. 1900, g. 1928 Størk J. Haukås frå Åsane. Lars var brandkonstabel, seinare brandformann, i Bergen og i 1906 selde han bruket att til Guro Sælen som hadde havt det fyrr og som var ei eldre syster åt kona hans. Lars vart sidan buande i Bergen.
Guro Nils dtr. Sælen, f. Haukeland 1851, kjøpte i 1906 bruket att av systermannen. Ho var no gift med Lars Sælen, s. S. 2, der ho er nemnd vidare.
Einar Jakobsen frå Florø, f. 1880, vart i 1908 gift med Gurina Johannes dtr. Sælen, f. 1881, og fekk i 1912 kjøpa bruket av vermori. Einar var maskinist og reiste utanlands i meir enn 30 år. Born: Gustav, f. 1908, s. n. Anna Johanna, f. 1912, d. 1930. Einar Jakobsen døydde i 1935.
Gustav Jakobsen, f. 1908, fekk farsbruket i 1934 og hev det no.
SÆLEN 4. (Nybø).
Johannes Paulson Sælen, f. 1848, fekk i 1881 festa eit stykke utmark av br. 1, der han rydja og bygde. Han kjøpte stykket i 1887. G. I. 1875 Brita Didriks dtr. Ulven, f. 1850, d. 1883, g. II. 1884 Marta Torbjørns dtr. nedre Rød, f. 1852. Born: Karen, f. 1875, g. 1898 Helge Gjeiterøy, s. Lepsøy 11, Didrik, f. 1884, arbeidar i Oslo. Peder, f. 1886, sjømann, g. b. Bergen. Magdela, f. 1889, s. br. 6, Paul, f. 1891, g. 1918 Anna Absalonsen frå Florø, b. Bergen, Torbjørn, f. 1899, s. n. 1 barn døydde tidleg. Johannes hadde, fyrr han busette seg her, vore paktar på Tennebekken i Laksevåg, og vart difyr i dagleg tale kalla «Teinebekken» til skilnad frå den andre Johannes Sælen på br. 3. Johannes var treskoarbeider og var ein framifrå kjøkmeistar, som var mykje nytta i brudlaup og andre vertskap i Osbygdi. Han døydde i 1930 og kona i 1931.
Torbjørn Johannesson Sælen, f. 1899, skøytte farsbruket i 1924. G. 1927 Anna Ols dtr. Hauge frå Bremanger f. 1895. Born: Jonvald Ragnar, f. 1929, Magnhild, f. 1930, Tovolf, f. 1932, Aud, f. 1933, Odny, i. 1938. Ei gjenta døydde tidleg. Torbjørn er veg- og steinarbeidar.
SÆLEN 5. (Haugen).
Haldor Nilsson Midthus, f. 1841, som var lærar i Lysefjorden, kjøpte eit stykke av br. 1 i 1890. Han bygde ikkje på bruket som han selde att i 1905. Um Haldor s. Åsen 4.
Hans Samsonson Bø, f. Ulven 1842, kjøpte bruket i 1905 og bygde og busette seg her. G. I. 1871 Barbru Tomas dtr. Hovland, f. 1832, d. 1891, g. II. 1892 Johanna Peders dtr. Lid frå Samnanger, f. 1850. Hans hadde fyrr vore busett på Bø, s. Bø 7, der ein finn meir um han og huslyden. Hans døydde i 1910.
Ekkja Johanna Peders dtr. hadde so bruket nokre år.
Hans Hansson Sælen, f. Bø 1893, skøytte bruket etter mori i 1930. G. 1923 Ingeborg Torgeirs dtr. Støle frå Tysnes, f. 1891. Born: Herman, f. 1924, Egil Torolv, i. 1925, Henry Ingolv, f. 1926, Solveig, f. 1927, Johanna, f. 1929, Anna, f. 1930, Ingebjørg, f. 1932. Hans er murar og vegarbeidar. Han var ogso ei tid på anleggsarbeid i Amerika.
SÆLEN 6. (Nore Sælen).
Kristian Nilsson Søfteland (Vollen), f. 1872, kjøpte ein part av br. 1 i 1897. Han hadde bruket i berre 3 år, då han alt selde det att i 1900. Han flutte so til Bergen og vart kommunearbeidar der. G. 1898 Ragnhild Tomas dtr. Fjelltveit frå Fana, i. 1871. Born: Karl, f. 1898, sjømann, d. 1919, Nils, f. 1899, lagerformann i Bergen, g. 1922 Anny Thorsen, Tomina, f. 1901, g. 1926 murar Johan Gullaksen, Bergen, Nilla, f. 1903. g. 1927 Henrik Kristiansen, ekspeditør i Bergen, Ester, Anfin, f. 1905, murar i Bergen, g. 1932 Gudrun Gullaksen, Olaf, f. 1910, sjømann. Kristian døydde i 1923.
Paul Jonson Tømmernes, f. 1867, kjøpte bruket i 1900 og flutte hertil. Han hadde fyrr havt bruk på Eikhaug, Søfteland, s. S. 4. G. I. 1890 Maria Anders dtr. Eikhaug, f. 1864, d. 1906, g. II. 1910 Maria Engjels dtr. Hovland, f. 1867. Born: Jon, i. 1891, fall i brunnen og døydde 1893, Anders, f. 1893, s. n., Jon, f. 1894, g. 1920 Engelina Heggland, s. Os, Johan, f. 1895, g. 1921 Alida Nilssen frå Oslo, b. Aker, Bernhard, f. 1897, g. 1921 Karen Karis dtr. Totland frå Gjerstad i Tysnes, s. Os, Paul, f. 1899, g. 1925 Hilda Karis dtr. Totland frå Tysnes, s. Os, Anna, f. 1901, g. Hans Sveinson Nordal, b. Bergen, Johanna, f. 1902, g. Ingvald Engjelson Haugland, Vinsjans, f. 1903, s. Søfteland 42, Svein, f. 1905, g. Laura Ols dtr. Haugland, Karl, f. 1906, g. Randi Karis dtr. Manger, s. Halhjem 5. Paul var smed likeins som faren og dreiv i mange år ein større smidje- og hjulverkstad på Osøyri, s. Os.
I 1927 let han verkstaden frå seg til sønene og busette seg på Sælen att, men døydde same året. Maria døydde i 1922.
Anders Paulson Sælen, f. 1893, fekk farsbruket i 1927. G. 1920 Magdela Johannes dtr. Sælen, f. 1889. Born: Marta, f. 1920, Kåre, f. 1921, Johannes, f. 1923, Peder, f. 1926. Anders er smed likeins som faren, bestefaren og oldefaren, og stod i mange år for arbeidet i smidjeverkstaden på Osøyri.
SÆLEN 7. (Myrland).
Jens Erikson Fjærestad frå Balestrand, f. 1854, kjøpte ein part av br. 3 i 1905. Jens var gift med Maria Knuts dtr. Rud frå Balestrand, f. 1865. Dei hadde ikkje born. I 1875 kjøpte han eit bruk på Fjærestad i heimbygdi, og Maria vart buande på bruket der og stellte garden. Jens vart lærar, og i 1881 fekk han lærarpost i Øyane i Os, og var frå 1904 lærar på Søfteland, s. O. B. 372 og 707. Han slutta som lærar i 1914 og døydde i 1916. Ekkja Maria dreiv garden på Fjærestad so seint som i 1934.
Svein Larsson Sælen kjøpte bruket her i 1916, og dreiv det saman med sitt bruk.
Lars Sveinson Sælen kjøpte bruket i 1935 og lagde det til sitt bruk, s. br. 2.