HOLEN

Frå OS SOGA II side 197 – 200

10. HOLEN.

Namnet kjem beint fram av hola, eit søkk i lendet. 

Uttale: Hø’lô.  
Skrivemåtar: Holluem (1657), Holen, Haalen, Hollen, Haalen, Haalaa. 

Garden er uppteken frå Lysekloster og vart jamt rekna som ein lut av sjølve klostereigedomen.  Han ligg vestanfyre klostret i dalsøkket ned mot Holevatnet.  I 1874 vart garden lagt til hovudbruket, og i teljingane er han næsten kvar gong rekna med til klostret. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: (Ikkje nemnd).  
1723: Brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskeri.  1865: Har 2½ maal dyrket åger og eng, deraf 1 maal middels og resten slet, 24 maal naturlig england, deraf 2 maal godt, 13 maal middels og resten slet, intet dyrkbart.  Har skov til husbehov og kan sælge furu, birk og eg for 3 spd. aarlig, kan føde I½ ungnød ved lyng, er letbrugt og almindeligt drevet.

Busetnad og buskap.

 Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
 lydar.Skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571 15      
180117        
18656312 812  2tun3tun


HOLEN 1. 

Asmund Holen var brukar i 1657 og er fyrste namngjevne brukaren her.  Han fostra då ein heil buskap, hest, 4 kjyr og eit ungnaut, og me lyt difor tru at bruket ikkje var nyrydja då, men var skift ut frå Lyseklostereigedomen.  Garden er ikkje nemnd ved teljingane i 1660 åri og heller ikkje ved matrikuleringi i 1668, so det ser ut for at Lysekloster tok garden att ikr. 1660. 

Mikkjel Holen vart brukar her ikr. 1680.  Han var gift og miste eit lite barn i 1694, men me kjenner elles ikkje noko til huslyden hans eller til han sjølv.  Han døydde i 1700. 

Jon Jonson indre Drange, f. 1678, vart brukar etter Mikkjel.  G. 1702 Brita Eriks dtr., som tvillaust var ekkja etter Mikkjel, f. ikr. 1645, d. 1733, g. II. 1744 ekkja Anna Johannes dtr. Bjoarvik, f. ikr. 1686.  Jon hadde ikkje born, men han hadde tvo systerne sine i huset hjå seg, Kari Jons dtr., d. 1742, og Elsa Jons dtr., d. 1744.  Då Jon vart gift andre gongen flutte han til Bjoarvik og vart sidan buande der, s. B. 1. 

Alv Pederson Bø, f. 1709, bygsla bruket etter Jon.  G. I.1732 Lisbet Nils dtr. Søfteland, f. 1710, d. 1745, g. II. 1746 Brita Jons dtr. Sævild frå Samnanger, f. 1716.  Born: Brita d. e., f. 1733, ug., Mari, f. 1734, g. 1763 Anders Olson ytre Tuen, b. Bjånes i Sund, (dotter Lisbet, f. 1763, g. Johannes Askvik, s. A. 1), Marta, f. 1740, Kristi, f. 1744, g. 1767 Peder Bø, s. Lysekloster 4, Brita d. y., f. 1754, g. 1783 Anders indre Drange, s. i. D. 1.  4 born døydde unge.  Alv sat tolleg godt i det og var ein vyrd mann i bygdi.  Han døydde i 1759. 
Alv hadde desse husi på garden i 1752:  Ei røykstova med skot og timbra kove, ei sengebud med svaler på begge sidor og ei vedskytja attåt, eit eldhus med sval attåt på nedre sida, ny løda og nytt fjos, kvernhus og eit steinhus.  Naust hadde Alv saman med Jon Sørstraumen.  Alle husi var i framifrå stand. 
Ekkja Brita Jons dtr. stjorna so bruket nokre år. 

Ola Steffenson Kuven, f. 1742, vart i 1765 gift med ekkja Brita Jons dtr. og fekk bygsla bruket.  Brita døydde i 1779, og Ola gifte seg att tvo år etter med Guro Henriks dtr. Kuven, f. 1753.  Born: Ola, f. 1761, g. 1784 Berta Rasmus dtr. Fyllingen, b. Fyllingen i Fana, s. F. B. 237, Steffen, f. 1783, s. n., Brita, f. 1786, g. 1807 Daniel Forstrønen, s. Lysekloster 3, Marta, f. 1788, Henrik, f. 1790, g., b. i Bergen.  3 born døydde unge.  Olav sat tyngre i det enn fyremannen.  Då han i 1783 var i vårsildfisket på båt saman med Ola Sjøbøen, Ola Nordstraumen og Lars Høyspolen var han bas.  Han kom i kluss um pengane for sildi og måtte leggja 10 dalar av sin lut til dei andre karane.  Han var truleg ikkje stiv i reknekunsten.  Ola døydde i 1803. 
Ekkja Guro Henriks dtr. hadde so bruket til 1807. 

Steffen Olson Holen, f. 1783, vart brukar saman med mori i 1808, og frå 1814 stellte han bruket åleine.  G. 1815 Anna Halvards dtr. Søvik, f. 1783.  Dei fekk ei dotter, Margreta, i 1816 og same året flutte Steffen med huslyden frå bruket.  I 1820 vart han stemna til tings for skuld, og då var han busett i Kjøkkelvik, Loddefjord. 

Ola Nilsson Tveit frå Strandvik, f. 1766, som fyrr hadde vore brukar på Lunden, s. L. 1, bygsla bruket i 1816.  G. 1799 Karta Rasmus dtr. Lunden, f. 1777.  Born: Nils, f. 1799, s. n., Hans, f. 1802, g. 1829 Ingeborg Jørgens dtr. Skåtun, b. Skåtun i Strandvik, Anna, f. 1807, g. 1834 Anders Andersson Steinsland, s. Lysekloster 5. Ingeborg, f. 1809, g. b. Bergen, Ola, f. 1813, arbeidar hjå Formann på Stedje i Sogn, b. Øyene i Sogndal, Rasmus, f. 1815, arbeidar saman med Ola, b. Øyene i Sogndal, Marta, f. 1817, g. Peder Andersson øvre Hagen i Sogndal.  Tvo born døydde unge.  Ola streva hardt for å greida seg.  Han døydde i 1836 og kona i 1849. 

Nils Olson Holen, f. 1799, bygsla bruket etter faren.  G. 1827 Margreta Hans dtr. Kuven, f. 1794.  Born: Hans, f. 1824, g. 1849 Marta Nordvik, s. Lysekloster 5, Nils, f. 1828, s. n., Ola, f. 1830, d. ung, Olina, f. 1831, b. Bergen, Henrikka, f. 1834, g. 1864 Ola Lunde, s. Lysekloster 2, Ola, f. 1835, g., b. Bergen. Nils fall frå i 1862 på den måten, at eit tre datt over han då han var i skogen og hogde timber.  Kona døydde i 1865. 

Ola Halvardson Sundøy, f. 1794, budde hjå Nils Holen frå 1839.  G. 1838 Lisbet Rasmus dtr. ytre Drange, f. 1803.  Born: Kari, f. 1839, g. 1867 Engjel Hovland, s. H. 1.  Ola døydde i 1855 og Lisbet gifte seg att i 1857 med Ola Hovland, s. H. 1. 

Nils Nilsson Holen, f. 1828, fekk pakta bruket då faren døydde i 1862.  Han hadde fyrr vore busett på Smørås i Fana.  G. 1850 Johanna Nils dtr., f. ikr. 1826, som var ein stad frå Fana.  Born: Nils d. e., f. 1853, d. 1869, Nils d. y., f. 1857, g. 1874 Mari Ols dtr. Bjørnen, var møbelhandlar i Bergen, Martin, f. 1863, kjørar, g., b. i Bergen.  Då godseigar Formann døydde i 1871 vart Holen lagt inn under Lysekloster att og er sidan brukt saman med hovudbruket.  Nils flutte då til Solheimsviki ved Bergen, der han sidan vart buande. 


HOLEN 2. (Holelien). 

Torkjell Torsteinson Salbuvik, f. 1807, busette seg her i 1844.  G. 1843 Kristi Knuts dtr. Kuven, f. 1814.  Born: Magdela, f. 1845, s. n., Guro, f. 1847, g. skippar Ola Skylstad, Bergen, d. i Os, Olina, f. 1853, ug., d. i Os 1936, Torstein, f. 1855, g. 1916 Kristianna Sørstrønen, s. Hauge.  Tvo born døydde unge.  Torkjell døydde i 1865. 
Ekkja Kristi Knuts dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde hjå versonen på Øvreide i 1884. 

Jon Sveinson Sælen, f. 1838, vart i 1867 gift med Magdela Torkjells dtr. Holelien, i. 1845, og vart brukar saman med vermori.  Alt året etter flutte han til Sagstad i Fana, der han var tildess han i 1872 vart paktar i Lysøy.  Sidan fekk han eit bruk på Øvreide, s. Ø. 2, og ein finn meir um han og huslyden hans der. 

Anders Nilsson Dalland frå Tysnes, f. ikr. 1826, pakta bruket då Jon flutte.  G. II. 1868 Ingeborg Simons dtr. Flygansvær frå Tysnes, f. ikr. 1843.  Dei fekk 3 døtre medan dei var i Holelien, Ragna, f. 1869, Anna, f. 1870, og Olina, f. 1872.  I 1874 vart bruket lagt attende til hovudbruket, og Anders flutte til Årstad ved Bergen, der han sidan vart buande.