KALVATRÆ
Frå OS SOGA II side 201 – 204
11. KALVETRÆ
Namnet er beintfram «Kalvetræet», eit inngjerda jordstykke, træ, som Lysekloster brukte til kalvehage fyrr stykket vart uppteke til gard.
Uttale: Ka’lvatræ.
Skrivemåtar: Kalifuetræ (1657) Kalfvetræet, Kaltre (1668), Kalvetræ (1723).
Garden ligg i hallet millom klostret og fjordbotnen. Han er uppteken frå klostret som stødt hev ått og framleis eig garden.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Disse indbemeldte tyende gaarder Kaltre og Bue-gaard beliggende nest Lyse kloster som tilforn i Lyse klosters march hafe veeret optaget och bebygt. – Mens nu sledtet og bruges under Lyse kloster, dog hafe veeret gifuet seer schatt og redtighed af.
1723: Ingen sætter, alene brendefang, ingen qvern eller fiskeri. 1865: Har 3 maal dyrket åger og eng, deraf 2 maal middels og resten slet, 33 maal naturlig england, af dette 3 maal godt, 14 middels og 16 slet, intet at dyrke, skov til husbrug og kan sælge furu, birk og eg for 5 spd. aarlig, kan føde 1½ ungnød ved lyng, er letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 1 | 7 | ||||||||
1668 | 1 | 1 | 7 | ||||||||
1723 | 1 | 1 | 7 | 2 | 2,5 | tun | |||||
1800 | 1 | 8 | |||||||||
1835 | 1 | 8 | 6 | 2 | 2,5 | » | 1,5 | tun. | |||
1865 | 2 | 10 | 9 | 8 | 2,5 | » | 3 | » | |||
1900 | 2 | 8 | 7 | 3 | 1 | 2 | hl | 7 | hl. | ||
1920 | 1 | 6 | 1 | 6 | 8 | 1 | 2,5 | mål | 2,5 | mål | |
1930 | 1 | 5 | 1 | 6 | 10 | 1 | 1 | » | 2 | » |
KALVETRÆ 1.
Erik Kalvetræ var brukar her i 1657, og er fyrste mann som me finn på bruket. Han hadde då ein heil buskap på båsen, ei merr, 5 kjyr og 2 ungbeist, so ein kunde tru at bruket var gamallt. Og på ein måte var det vel so. Det hadde fyrr vore drive saman med Lysekloster, men var no skild ut og vart soleis heil gard med det same. Kvar Erik var frå veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje meir til huslyden hans enn at han hadde tvo døtre, Agata, f. ikr. 1665, og Maria, f. 1672. Erik var brukar til ikr. 1695.
Arne Størkson Heggland, f. 1658, vart brukar etter Erik. G. 1693 Maria Bårds dir. Bjånes, f. 1668. Dei fekk 4 søner, men berre yngste sonen, Bård, f. 1701, vaks upp, s. n. Arne dreiv med sjøen attåt gardsbruket. Han døydde i 1733 og kona i 1728.
Bård Arneson Kalvetræ, f. 1701, bygsla farsbruket i 1729. G. 1731 Ingeborg Bårds dir. Kuven, f. 1701. Born: Marta, f. 1731, s. n., Brita, f. 1733, g. 1766 Ola Tømmernes, s. T. 1. Eit par tvillingar og eit einskildbarn døydde tidleg. Bård sat tolleg godt i det, dreiv lite med sjøen, men stellte garden godt. Han var jamt bruka som stemnevitne for Lysekloster. Bård døydde i 1756 og Ingeborg i 1765.
Då Bård døydde hadde garden desse husi: Ei røykstova med skot, timbra kove og tvo svaler attåt, ei sengebud med ei sval på langsida og ei sval i gavlen, eit eldhus med ei vedskytja bygd attåt søre gavlen, ei løda, eit fjos med ei stor sval bygd attåt, og ein skinflor. Alle husi var i framifrå stand, og det var eit av dei best bygde tun i Lysefjorden.
Anders Johannesson Nordstraumen, f. 1733, vart i 1757 gift med Maria Bårds dtr. Kalvetræ, f. 1731, og vart brukar etter verfaren. Born: Anna, f. 1757, d. ug. 1826, Bård, f. 1759, s. n., Arne, f. 1762, g. 1796 Kari ytre Drange, s. y. D. 2, Kristen, f. 1764, g. 1795 E. Agata Knuts dtr. Hummelsund, b. Sund, Ingeborg, f. 1769, g. 1802 Lars Rindedalen, s. Lysekloster 2. Anders dreiv ein grand med fiske, men sat sverande tungt i det. Han døydde alt i 1779.
Ekkja Marta Bårds dtr. stjorna so bruket i 10 år. Ho døydde i 1813.
Bård Andersson Kalvetræ, f. 1759, bygsla bruket etter mori i 1789. G. 1790 Marta Pauls dtr., f. 1756, som då tente i Søvik, men som me elles ikkje veit meir um. Ho var ikkje frå Os. Born: Marta, f. 1794, Anders, f. 1798, s. n. Tvo born døydde unge. Bård dreiv ikkje so lite med fiske og greidde seg betre enn faren. Bård brukte bumerke til underskrift. Han døydde i 1843 og kona i 1835.
Anders Bårdson Kalvetræ, f. 1798, vart brukar etter faren i 1820. G. 1819 Kari Peders dtr. Utgjerdet (Lysekloster), f. 1793. Dei fekk 9 born, men berre 4 av dei vaks upp: Bård, f. 1822, s. n. Kristi, f. 1824, g. 1848 Ola Torsteinson Salbuvik, b. Fana, Marta, f. 1827, g. 1845 Sjur Nordstraumen, s. N. 2, Kari, f. 1831, g. 1855 Lars Kristenson Heggland, b. Askøy. Anders dreiv med fiske o. a. Då sonen flutte frå bruket i 1860 flutte Anders og kona med og kom ikkje attende til Osbygdi.
Bård Andersson Kalvetræ, f. 1822, vart brukar saman med faren i 1855. G. 1854 Marta Lars dtr. Ulven, f. 1830. Born: Lars, f. 1855, s. n., Anders, f. 1857, vaks upp i Nordvik då faren døydde. Bård dreiv sagbruket på Sagstad og hadde ogso ei liti stavsag på Kalvetræ. I 1860 flutte han frå Kalvetræ til Sagstad i Fana og pakta eit bruk der, men døydde nokre få år seinare.
Ola Jonson Søvik, f. 1836, pakta bruket då Bård flutte. G. 1859 Magdela Nils dtr. Sundøy, f. 1835. Born: Anna, f. 1861, Nils, f. 1863, Malena, f. 1868. I 1864 flutte Ola frå Kalvetræ til Søvik, og i 1868 flutte han til Fana, der han pakta eit bruk i Lønningen. S. n.
Eivind Eivindson Skåtun, f. ikr. 1822, vart paktar her i 1864. Han hadde fyrr havt eit bruk på Lyssand, s. L. 4, og i nokre år vore paktar på Os prestegard. G. I. 1850 E. Ingaleiv Ols dtr. Lyssand, f. 1802, d. 1851, g. II. 1855 Marta Steffens dtr. Bø, f. 1827. Born: Karl, f. 1856, Steffen, f. 1858, Villum, f. 1860, Brita, f. 1863, Jørgen, f. 1868. I 1868 flutte Eivind med huslyden frå bruket.
Steffen Steffenson Bø, f. 1830, som var bror åt kona på garden, var busett her hjå Eivind desse åri. G. 1855 Kari Daniels dtr. Sjøbøen, f. 1833. Born: Brita, f. 1858. Steffen var skomakar. I 1868 reiste han til Sunnhordland og busette seg på Ørvik i Valestrand.
Jon Nilsson indre Tuen, f. 1845, vart paktar etter Eivind. G. 1866 Engel Hans dtr. Osøyri, f. 1844. Born: Nils, f. 1866, Marta, f. 1868, Synneva, f. 1870, Asbjørn, f. 1872. I 1874 flutte Jon til Bergen der han sidan vart buande.
Ola Jonson Søvik, som pakta bruket frå 1860 til 1864, kom no attende hertil og pakta bruket eit par år.
Hans Nilsson Utgjerdet (Lysekloster), f. 1824, flutte hertil i 1876 og pakta bruket. G. 1849 Marta Hans dtr. Nordvik frå Fana, f. 1828. Sjå um dei og huslyden under Lysekloster 5. Hans døydde her i 1904 og kona i 1894.
Lars Bårdson Kalvetræ, f. 1855, bygsla bruket etter verfaren i 1895 etter at han hadde pakta det i nokre år. Faren og forfederne hadde ogso havt bruket, s. o. G. 1877 Malena Hans dtr. Utgjerdet (Lysekloster), f. 1854. Born: Martin, f. 1877, s. n., Hans, f. 1883, sjaufførlærar i Bergen, g. Lydia Nilsen, Marta, f. 1888. g. Andreas Valen, Knarrevik, Andrea, f. 1890, g. sjauffør Johannes Skålevik, Bergen. Lars hadde fyrr vore busett i Bergen, der han arbeidde i ein notfabrikk. Etter at han kom til Kalvetræ var han «altmuligmann» på Lysekloster. Han døydde i 1924 og kona i 1917.
Martin Larsson Kalvetræ, f. 1877, bygsla farsbruket i 1907. G. 1906 Johanna Vinsjans dtr. Drange, f. i Solheimsviki ved Bergen 1885. Born: Lars, f. 1907, sjauffør, g. Borghild Oma frå Strandebarm, Kari, f. 1908, Anna, f. 1912. Martin var i mange år steinhoggar i Bergen, sidan hev han drive bilverksemd attåt gardsbruket.