SØRSTRAUMEN
Frå OS SOGA II side 210 – 215
13. SØRSTRAUMEN
Garden hev fenge namnet avdi han ligg på søre sida av ein straum.
Daglegnamn og uttale: Fiskaren.
Skrivemåtar: Ved Strømen (1673), Søre Strømmen, Sørstrønen, Fisker, Søre Strønøen, Lille Strømen.
Garden ligg i hallet på sørsida av straumen som bind Pøylevatnet saman med fjorden. Um garden er uppteken frå Lysekloster eller frå Søvik er uvisst, men det siste er mest truleg etter merknaden frå 1723 å døma. Garden hev stødt høyrt til Lysekloster, som eig det eine bruket enno.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Sjå Nordstraumen.
1723: Ingen sætter, skal have hougebete i Siøvigs march hvor under den er opryddet, saa og brendefang, ingen qvern eller fiskeri, maadelig sædeland, middelmaadig tungvinden. Skylden forhøyes.
1865: Har dyrket åger og eng 6 maal, deraf 1 maal godt, 3 maal middels og resten slet, naturlig england 57 maal, hvoraf 3 maal godt, 16 middels og 38 maal slet, dyrkbart england 10 maal, brænde til husbrug men intet at sælge, kan føde 3 ungnød ved lyng, er middels letbrugt og almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 1 | 1 | 2 | ||||||||
1668 | |||||||||||
1723 | 1 | 7 | 1,5 | tun. | |||||||
1800 | 1 | 9 | |||||||||
1835 | 1 | 8 | 5 | 4 | 3 | » | 1,5 | tun. | |||
1865 | 2 | 12 | 1 | 10 | 30 | 5 | » | 5 | » | ||
1900 | 3 | 16 | 11 | 18 | 3 | 3,5 | hl. | 13 | hl. | ||
1920 | 3 | 14 | 2 | 8 | 14 | 2 | 3,5 | mål | 3,5 | m. | |
1930 | 3 | 9 | 1 | 9 | 15 | 1 | 3 | » | 3,5 | » |
SØRSTRAUMEN 1.
Rasmus Straumen var brukar her i 1657, og er fyrste mann som me finn nemnd på garden. Han var då skriven for «Rasmus husmand», men umframt sine 2 kjyr hadde han merkeleg nok då ogso ein hest på bruket. Me finn ikkje Rasmus nemnd seinare, han er korkje med i skattelistone eller manntalet i 1660 åri, og kannhenda døydde han straks etter 1657.
Erik Straumen er nemnd i 1673. Han var ein sundag det året fadder på Drange, og vart då skriven som «Erich ved Strømen». Meir veit me ikkje um han, og kannhenda var han busett på Nordstraumen og ikkje på Sørstraumen.
Jon Johannesson Straumen, f. ikr. 1653, var busett her i 1680 åri. Kona hans, som heitte Brita, var fødd ikr. 1645. Kvar dei var frå veit me ikkje. Dei hadde 2 døtre, Anna, f. 1684, og Synneva, f. 1688. Jon døydde i 1688.
Nils Olson «Fiskar», f. ikr. 1660, vart gift med ekkja Brita Sørstraumen i 1688. Dei fekk tvo born, Ingeborg, f. 1689, s. n., og Anna, f. 1693. Kvar Nils var frå veit me ikkje. Han vart kalla Nils fiskar, og når han av og til var fadder so vart han ogso skriven som «Nils Fisker» i kyrkjeboki. Sidan hans tid er garden kalla «Fiskaren» i dagleg tale. Nils sat smått i det, og han hadde svert skrale fiske- og sjøreid-skaper. Han døydde i 1719 og kona i 1696.
Jon Nilsson, f. ikr. 1695, vart i 1721 gift med Ingeborg Nils dtr. Sørstraumen, f. 1688, og vart brukar etter verfaren. Jon vart ogso kalla og skriven for «Jon Fiskar». Kvar han var frå veit me ikkje. Born: Guro, f. 1722, g. 1746 Hans indre Drange, s. indre Moberg 2, Kari, f. 1724, d. ug. 1749, Ingeborg, f. 1726, g. 1750 Jon ytre Drange, s. y. D. 2, Nils, f. 1730, g. 1759 Magdela indre Drange, s. i. D. 2, Peder, f. 1734, s. n. Jon var fiskar, slik som namnet hans sa, og greidde seg tolleg godt. I 1746 måtte han for retten «for ulovlig udsatte torskegarn», men me kjenner ikkje samanhengen i saki. Jon døydde i 1777 og kona i 1769.
Jon hadde desse husi på garden: Ei røykstova med skot og kove, eit eldhus som stod rett utanfyre stovedøri, ei sengebud med skot og sval attåt, eit fjos med skot utanfyre, løda og skinflor. Naust hadde Jon sett upp ilag med Alv Holen. Alle husi hadde torvtak, og Jon hadde steilt vel med husi. Sengebudi, eldhuset, skinfloren og naustet hadde Jon sett upp og åtte sjølv, medan dei andre husi fylgde bruket. Då Sørstraumen vart uppteken som husmannsplass høyrde det ikkje skog til garden, men i 1752 vart det skipa slik at garden fekk tillagt skog som andre gardar, og som godtgjerdsla for dette gav Jon dei 4 husi som han åtte til bruket, d. v. s. til jordeigaren på Lysekloster.
Peder Jonson Sørstraumen, f. 1734, bygsla bruket etter faren i 1765. G. 1766 Herborg Eivinds dtr. indre Lekven, f. 1728. Dei hadde ikkje born. Peder dreiv fiske og var m. a. med i det notlaget som i 1784 fann ei trantunna, s. indre Drange 1. Peder var ein drivande kar og greidde seg godt. Han døydde i 1816 og Herborg i 1813.
Torkjell Nilsson indre Tuen, f. 1767, vart brukar her i 1794. G. 1797 Kari Anders dtr. indre Moberg, f. 1759. Born: Nils, f. 1798, s. n., Guro, f. 1800, s. br. 2, Herborg, f. 1802, g. 1840 Anders Lunde, s. L. 1. Torkjell var fiskar likeins som fyremannen og stod seg tolleg godt. Han døydde alt i 1803, og det vart halde eit stort og drustelegt gravøl etter han.
Ekkja Kari Anders dtr. hadde so bruket eit par år.
Anders Albrigtson Særvoll, f. 1774, vart i 1805 gift med ekkja Kari Anders dtr. og fekk bygsla bruket. Dei hadde ikkje born. Anders var skulehaldar i Ossokni og hadde fyrr havt bustad hjå broren i Lysøy. Då han vart gift og flutte til Sørstraumen slutta han som skulehaldar, s. O. B. 366. Anders dreiv fiske som alle på Fiskaren. Han vart tilsett av Formann som timbermerkjar for Lysefj orden, Øyane og Neset, og skulde attåt sjå etter at alle fiskarar lagde rett landslut til Lysekloster. Trass at Anders var skulemeistar og soleis skulde vera vel skrivefør, skreiv han alltid under med bumerke. Han døydde i 1841 og kona i 1847.
Nils Torkjellson Sørstraumen, f. 1798, bygsla bruket etter mori og stykfaren i 1825. G. 1823 Kari Jons dtr. indre Moberg, f. 1788. Born: Torkjell, f. 1825, g. 1851 Sesilia Fredriks dtr. Smørås frå Fana, Anders, f. 1828, s. n., Gjertrud, f. 1829. Ein gut døydde ung. Nils dreiv med sjøen likeins som fyremennene hans. Han døydde i 1860 og kona i 1871.
Anders Nilsson Sørstraumen, f. 1828, bygsla bruket etter faren. G. 1857 Karen Nils dtr. Lunden, f. 1823. Ho vart fyrste gong gift i 1846 med Ola Otteson Lindås, men var skild frå han seinare. Dei fekk ei dotter, Gurina, f. 1857, s. n. Anders døydde i 1915 og kona i 1907.
Isak Nilsson Gjeiterøy (Lepsøy), f. 1877, vart i 1896 gift med Gurina Anders dtr. Sørstraumen, f. 1857, og fekk i 1898 bygsla bruket etter verfaren. I 1932 oreigna han bruket etter jordlovi og fekk skøyte i 1933. Gurina vart fyrste gong gift i 1889 med Haldor Haldorson Skjold frå Fana, f. 1860, d. 1892, som var busett hjå verfaren. Gurina døydde i 1902 på barseng, og Isak gifte seg att året etter med Ragnhild Nils dtr. Soltveit frå Manger, f. 1867. Born: Haldor, f. 1897, Karl, f. 1901, s. br. 3, Gunvald, f. 1904, mekanikar, g. Sofia Samsons dtr. Storum, Nils, f. 1906, g. Ingeborg Jensen frå Oslo, b. Odda. Isak hev drive som båtbyggjar og arbeidde ei tid i Odda.
SØRSTRAUMEN 2.
Ola Monsson Nordvik frå Fana, f. 1805, vart i 1838 gift med Guro Torkjells dtr. Sørstraumen, f. 1800, og vart brukar saman med verbroren på br. 1. Seinare vart bruki skilde og skift like store, men det nye bruket vart ikkje serskilt skyldsett fyrr i 1885. Guro døydde i 1841 og Ola gifte seg att tvo år etter med Anna Nils dtr. Lunde, f. 1810. Då bruket i Rindedalen, s. Lysekloster 2, vart falt flutte Ola dit, og ein finn meir um han og huslyden der.
Ola Vinsjansson Buena (Søvik), f. 1818, vart brukar her i 1844 då den fyrre Ola’n flutte burt. G. 1844 Maria Tomas dtr. Søvik, f. 1814. Born: Vinsjans, f. 1844, arbeidar i Solheimsviki, g. I. 1872 Johanna Mons dtr. Titlestad frå Fana, g. II. 1886 Anna Martinus dtr. Mildestveit frå Fana, b. Bergen, Ragnhild, f. 1846, g. 1869 Elias Hanssen, s. Tveit 3, Brita, f. 1850, g. 1881 Knut Jørgenson Bakervik (Nordvik) i Fana, s. F. B. 601. Ola var fiskar og trearbeidar. Han døydde alt i 1851.
Ekkja Marta Tomas dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1888.
Vinsjans Vinsjansson Buena (Søvik), f. 1834, som var bror åt Ola, festa bruket i 1856. G. 1858 Brita Lars dtr. Søvik, f. 1832. Born: Brita, f. 1859, g. 1898 Johan Skjeie, s. S. 2, Vinsjans, f. 1863, d. ug. 1886, Lars, f. 1866, s. n., Ragnhild, f. 1870, d. ug. 1904, Anna, f. 1874, g. Torkjell Albrigtson Skjeie, b. Bergen. Vinsjans var trearbeidar og dreiv fiske, og hadde ymse tillitsyrke i bygdi. Han døydde i 1928 og kona i 1902.
Lars Vinsjansson Sørstraumen, f. 1866, bygsla bruket i 1893. G. 1891 Gurina Nils dtr. indre Drange, f. 1865. Born: Vinsjans, f. 1891, anleggsarbeidar, d. 1918, Maria f, 1892, b. i Narvik, Vilhelm, f. 1895, sjømann, i Amerika 1921 – 30, g. 1926 Lettie Flack frå Bergen, b. Bergen, Brita, f. 1897, g. b. i Fana, Levi, f. 1899, g. 1920 Daniel Sperrevik, s. S. 7, Nils, f. 1902, d. ug., Ragnvald, f. 1904, sjømann, g. 1933 Betzy Systad, b. i Søvik, Ragnhild, f. 1906, g. 1930 Johannes Pederson indre Drange, Johannes, f. 1907, i Amerika. 2 born døydde unge. Lars hev vore trearbeidar og drive skogsarbeid.
SØRSTRAUMEN 3. (Træet).
Karl Isakson Sørstraumen, f. 1901, skøytte eit stykke av farsbruket i 1934 og busette seg her. G. 1923 Karina Magnus dtr. Sætre frå Åsane, f. 1885. Born: Magnus, f. 1923, Gerhard, f. 1924, Ingrid, f. 1929. Karl er steinarbeidar og hev i dei siste åri vore arbeidsformann ved kommunen sitt pukkverk.
SØRSTRAUMEN 4. (St. Hanshaugen).
Fru Agnes Meeg fekk i 1934 eit stykke av br. 1 der ho hev bygt seg sumarhus.