SØVIK
Frå OS SOGA II side 237 – 257
17. SØVIK.
Namnet segjer at det er viki som ligg på sørsida av fjordpollen. På nordsida ligg Nordvik som høyrer til Fana.
Buena, som høyrer til Søvik, hev namnet av budene og nausti som Lysekloster hadde her ved landingsplassen sin.
Uttale: SøVikjo.
Skrivemåtar: Søduik (1519), Sydwig (1521), Søuig, Søuiig, Siøuigh, Søvig (1628), Siøuigen, Søewigen, Sjøvig, o. s. b.
Garden ligg ikring viki som stikk inn frå fjordpollen austanfyre Lysøy på sørsida av fjorden. Grenseskilet millom Søvik og Lysekloster var i gamle dagar Sjøbøenelvi.
Lysekloster åtte garden til brukarane kjøpte han i 1870 åri.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Såar 4 tdr., afler 20 tdr., chr god brendeskoug til at selgge, sampt en sildeuog till, paalagt at plante homblehagge. Er en platz til kaldet Nesset som chr døchtig at røde og bøygelig, og staar besideren frj for den self at røde og bebygge, hues de det ey giør, da ombutzmanden frj en anden den til at forløfte.
1723: Ingen sætter, skoug til huus reparation og brendefang og noget lidet til huustømmer, 2 smaa flomqverner til gaardens fornødenhed, god jordart og temmelig vis til korn, maadelig letvunden. Haver god leilighed til sildefiskeri, naar samme til landet ankommer, men formedelst dettes uvished ei kand taxeres for noget, ligeledes temmelig fordel af deres skoug, og desuden bruger det under gaardens taxt indbegrebne Næssed kaldet; formedelst hvilke herligheder som ikke formedelst disses ringe anseender kunde separeres eller for sig self taxeres gaarden er bleven forhøiet.
1865: Søvig: Har 14 maal dyrket åger og eng, deraf 5 maal godt, 6 middels og 3 slet, 89 maal naturlig england, af dette 17 maal godt, 44 middels og resten slet, af englandet er 4 maal dyrkbart, skov til husbehov og kan sælge furu for 18 spd. aarlig, føder 4½ ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindeligt drevet, har 1 kastevaag og 1 vandfald.
Søvignæs: Har 2½ maal dyrket åger og eng, deraf 1½ maal middels og resten slet, har 15 maal naturlig england, deraf 2 maal godt, 5 middels og resten slet, 6 maal dyrkbart england, har kun brænde, føder 1 ungnød ved lyng, middels letbrugt og drevet, har del i kastevaag og vandfald.
Boderne: Har 2½ maal dyrket åger og eng, deraf 2 maal middels og resten slet, 21 maal naturlig england, af dette 5 maal godt, 12 middels og 4 slet, 6 maal england kan dyrkes, har kun brænde, føder 1 ungnød ved lyng, er letbrugt og middels drevet.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje, | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 3 | 2 | 15 | ||||||||
1668 | 2 | 2 | 20 | 4 | tun | ||||||
1723 | 3 | 2 | 31 | 16 | 6 | » | |||||
1800 | 4 | 22 | |||||||||
1835 | 4 | 34 | 3 | 22 | 20 | 4 | 10 | » | 7 | tun. | |
1865 | 5 | 37 | 2 | 35 | 115 | 3 | 17 | » | 18 | » | |
1900 | 9 | 41 | 4 | 28 | 52 | 6 | 13 | hl. | 40 | hl. | |
1920 | 14 | 70 | 5 | 27 | 63 | 7 | 12,2 | mål | 11,4 | m. | |
1930 | 15 | 60 | 6 | 27 | 75 | 1 | 8 | » | 12 | » |
SØVIK 1.
Jonn pa Sydevig (Jon Søvik) er nemnd som brukar her i 1519 og 1521, og hadde då heile garden. Han er fyrste mann i Søvik som me veit namn på.
Mons Søvik var brukar i 1563 og hadde garden radt til 1610. I dei siste åri brukte han garden saman med ettermannnen. – Kvar Jon og Mons var frå veit me ikkje.
Peder Søvik vart brukar saman med Mons i 1603, og fekk garden åleine i 1611. Peder var anten son åt Mons eller gift med ei dotter hans. Det siste er mest truleg. Fyrste kona døydde, og Peder vart ikr. 1640 gift med ei som heitte Anna. Ho døydde etter 1645 og Peder gifte seg att med ei som heitte Guro. Kvar desse konone var frå veit me ikkje. Av borni kjenner me tvo søner, som begge hadde same namnet: Ola d. e., f. ikr. 1605, s. Heggland 2, Ola d. y., f. ikr. 1640, s. ytre Drange 1 og 3. Attåt desse hadde han ei dotter som fekk dette bruket etter han, s. n., og anten ein son eller ei dotter som fekk halve garden, s. br. 2.
Peder arbeidde seg fram til ein velstandsmann og vart tilslutt likaste bonden i bygdi. Umframt sine eigne folk hadde han vaksen dreng og vaksi taus på garden. Han åtte m. a. ein laup smør i garden Lid på Tysnesøyi, og var ein av dei 6 bønder i Os som åtte so mykje at dei i 1637 måtte leggja ein serskatt «for at schibe prester til Findmarcken». Han var lagrettemann i mange år og ein mykje vyrd mann i bygdi. Peder døydde ikr. 1653, og garden vart då skift i tvo bruk, s. br. 2.
Ekkja Guro livde ei tid etter og hadde 3 kjyr i 1657.
Nils Vinsjansson Lepsøy, f. ikr. 1628, vart ikr. 1650 gift med ei dotter åt Peder Søvik og fekk dette bruket etter verfaren. Kva dotteri heitte veit me ikkje. Ho døydde ikr. 1668, og Nils gifte seg att straks etter med Lisbet Lars dtr., f. ikr. 1648, som truleg var frå Sørstrønen. Born: Anna, f. ikr. 1660, d. ug., Kari, f. 1662, d. 1676, Vinsjans, f. 1670, g. 1695 Anna Nordvik, s. Salbuvik, 1, Lars, f. 1672, d. ug., Ola, f. 1676, d. ug., Håkon, f. 1677, d. ug., Kari, f. 1680, d. ug., Brita, f. 1682, d. ug., Nils, f. 1686, s. br. 3. Tvo born døydde unge. Nils sat godt i det likeins som verfaren. Han døydde i 1684.
Ekkja Lisbet Lars dtr. hadde so bruket eit par år.
Jon Jakobson ytre Tuen f. 1656, vart i 1686 gift med ekkja Lisbet Lars dtr. og vart brukar her. I 1703 vart bruket skift soleis at yngste son åt Lisbet fekk helvti og skipa eit nytt bruk, s. br. 3. Lisbet døydde i 1718, og Jon gifte seg att tvo år etter med Marta Ols dtr. ytre Moberg, f. ikr. 1660, som var ekkja etter Nils ytre Lekven. Av 3 born vaks berre dotteri Kari, f. 1689, upp, s. n. Jon dreiv mykje med sjøen, hadde stort notbruk og vart ein velstandsmann, kannhenda den likaste i bygdi på dei tider. Han var kyrkjeverja og elles ein mykje vyrd mann. Ved skiftet etter kona i 1719 hadde han for ein halv dalar i bøker og hev soleis vore ein lesekunnig og lesehuga mann. Han er den fyrste bonde i Osbygdi som me finn bøker i huset hjå. Då fyrste kona døydde måtte Jon halda skifte og løysa ut stykborni sine, og då minka velstanden hans. Jon døydde i 1729 og Marta i 1726.
Ola Olson Sørstrønen, f. 1683, vart i 1712 gift med Kari Jons dtr. Søvik, f. 1689, og vart brukar saman med verfaren. Frå 1720 fekk han bruket åleine. Kari døydde i 1723 og Ola gifte seg att året etter med Kristi Jons dtr. Sørstrønen, f. 1692. Born: Ola, f. 1713, d. 1729, Jakob, f. 1714, g. 1742 Magdela Anders dtr. Skjeie, (Jakob døydde straks etter, og um Magdela s. F. B. 612), Lisbet, f. 1717, Elias, f. 1719, Kari, f. 1726, d. ung. Lisbet og Elias måtte tidleg ut i verdi då foreldri døydde, og me veit ikkje meir um dei. Ola dreiv mykje med fiske og greidde seg godt. Han vart ikkje gamall, då han fall burt alt i 1727.
Ola Olson Haukeland, f. 1700, vart i 1728 gift med ekkja Kristi Jons dtr. og fekk bygsla bruket. Born: Ola, f. 1730, d. 1749, Ragnhild, f. 1734. Tvo gutar døydde unge. Ola var ein drivande kar, dreiv sterkt med fiske, notbruk og onnor sjøferdsla, og vart truleg likaste bonden i bygdi. Med kona si fekk han ein part av garden Sørstrønen, og då han døydde hadde han over 100 dalar i reide pengar liggjande på kistebotnen (noko meir enn heile bruket hans var verd). Husi heldt han kleint istand. Bøker fanns det ikkje i huset. Ola døydde i 1749 og Kristi i 1748.
Då Ola døydde hadde han desse husi på bruket: Ei god røykstova med timbra kove og sval attåt, eit nytt eldhus med skorstein, stabur, fjos, sauehus, ein timbra stall, ein skinflor og ein fiskesjå. Sengebudi åtte han saman med bruk 3, men dei åtte kvar si sval på sidone av sengebudi, og likeins den koven som var innbygd i kvar sval. Kvernhuset, eit timbra naust, og ei timbra utløda i Søvikneset hadde ogso Ola saman med bruk 3. Det gamle eldhuset hadde dei ogso ihop, men då Ola bygde seg nytt eldhus nøgde han seg med å ha berre ein fjordepart i det gamle. Løda hadde heile garden ihop, soleis at bruk 2 hadde helvti og bruk 1 og 3 kvar sin fjordepart. På same måten var notbudi skift millom grannane. Heile garden hadde fyrr havt ei stova ihop, men for nokre år sidan var den gamle «gardstova» rivi og kvart bruk hadde fenge si eigi røykstova.
Alv Ingebrigtson Skjeie, f. 1718, bygsla bruket då Ola døydde i 1749. G. 1750 Kari Anders dtr. Lyssand, f. 1719, som var ekkja etter Ola Valle. Born: Ola, f. 1751, d. 1769. Alv dreiv med fiske likeins som fyremennene hans hadde gjort, men han sat svert tungt i det den stutte tidi han hadde bruket. Han døydde alt i 1751.
Ekkja Kari Anders dtr. hadde so bruket eit par år.
Eivind Eivindson indre Lekven, f. 1725, vart i 1753 gift med ekkja Kari Anders dtr. og vart brukar her. Born: Mari (tvilling), f. 1754, s. n., Anna, f. 1754, g. 1777 Anders indre Lekven, s. i. L. 1, Alv, f. 1757, d. 1776. Eivind dreiv med sjøen og var likeins som dei andre grannane i Søvik med i det notlaget som fann trantunna, s. indre Drange 1. Eivind var vanleg stemnevitne for godseigaren i Lysekloster. Han døydde i 1790, nokre år etter kona.
Anders Vinsjansson indre Moberg, f. 1753, vart i 1780 gift med Mari Eivinds dtr. Søvik, f. 1754, og bygsla bruket etter verfaren. Born: Kari, f. 1781, s. n. Anders var ein drivande kar på sjø og land og arbeidde seg fram til ein velstandsmann. Han bygde fleire nye hus på bruket, bud, løda, kvern o. a., og då godseigaren fann nybygnaden uturvande og ikkje vilde lata til timber frå skogen, so kjøpte Anders timberet og åtte dermed husi sjølv. I 1804 kom han burt på sjøen, s. n., men dei fann liket att, og det vart halde eit drustelegt gravøl etter han likeins som året fyrr etter grannen, s. br. 2. Kostnaden av gravølet var verdet av 6 kjyr.
Johannes Olson Søfteland, f. 1772, bygsla bruket i 1802. Han hadde vore dreng hjå Anders i fleire år, og då han i 1803 vart gift med einaste dotteri i huset, Kari Anders dtr. Søvik, f. 1781, vart han brukar saman med verfaren og fekk som nemnd bygsla bruket alt i 1802. Dei fekk ei dotter, Anna, f. 1803, s. n. I 1804 var Johannes og verfaren på båt ihop i vårsildfisket, og ein ruskeversdag kom dei begge burt på sjøen. Anders vart funnen att som lik, men ikkje Johannes.
Anders Hansson Hatvik, f. 1775, vart i 1805 gift med ekkja Kari Anders dtr. og fekk bygsla bruket. Dei hadde ikkje born. Han var ein drivande kar på sjøen, og attåt det vanlege fisket pakta han laksevågen på Hatvik i mange år. I vårsildfisket 1806 berga han tvo av grannane sine som hadde kollsigla, og han var vel umtykt i grendi. I bygdi hadde han umlag alle tillitsyrke som der var. Han var soleis timbermerkjar for Lysekloster, medhjelpar i Oskyrkja, medlem av den fyrste skulekommisjonen i Os, valmann i fleire valbolkar, og var medlem av det fyrste heradstyret i Os. Saman med faren og andre var han underskrivar på adressa til Kristian Fredrik i 1814, og ein vil her sjå namneskrifti hans. S. O. B. 305, 563, 701, 706 o. fl. st. Anders døydde i 1840 og Kari nokre år etter.
Peder Larsson Hjelle, f. 1794, vart i 1828 gift med Anna Johannes dtr. Søvik, f. 1803, og fekk bruket etter vermori og siste mannen hennar. Born: Anders, f. 1829, d. ug. 1851, Kristi, f. 1831, s. n., Mari, f. 1833, s. br. 4, Ingeborg, f. 1836, s.n., Johanna, f. 1842, d. 1858 samstundes med systeri, s. n. Peder dreiv med fiske likeins som fyremennene. Han døydde i 1858 og kona i 1864.
Villum Nilsson indre Haugland, f. 1821, vart i 1858 gift med Kristi Peders dtr. Søvik, f. 1831, og bygsla bruket etter verfaren. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 560 spd. Kristi døydde av sott alt same året som dei var gifte, og Villum gifte seg att i 1859 med systeri Ingeborg Peders dtr. Søvik, f. 1836. Born: Kristi, f. 1861, s. n., Anders, f. 1864, g. b. i Amerika. Villum laga tresko og arbeide årar, og hadde ymse tillitsyrke i bygdi. Han døydde i 1892 og Ingeborg i 1911.
Peder Olson ytre Moberg, f. 1850, vart i 1881 gift med Kristi Villums dtr. Søvik, f. 1861, og skøytte bruket etter verfaren. Born: Anna, f. 1882, Olina, f. 1887, Ingvald, f. 1891, s. n. Eit barn døydde i ung alder. Peder var bygningsmann og trearbeidar. Han døydde i 1930 og kona i 1931.
Ingvald Pederson Søvik, f. 1891, skøytte farsbruket i 1919 frå dei tvo systerne sine, som hadde skøyte frå faren i 1888. G. 1919 Margit Ols dtr. Kismul frå Fana, f. 1897. Born: Ingrid, f. 1920, Olaug, f. 1924, Kristbjørg, f. 1933. Ingvald hev drive steinarbeid o. 1. ved sida av gardsbruket. Han hev vore med i skulestyret, ljosverkstyret og havt andre tillitsyrke.
SØVIK 2.
Ekkja Anna Søvik hadde dette bruket i 1657. Bruket var nytt i 1653, då Søvik vart skift i tvo like store partar, og Anna og mannen hennar fekk då dette bruket. Kva mannen heitte veit me ikkje, og me veit heller ikkje um han var son åt Peder på br. 1, eller um Anna var dotter hans. Det einaste visse er at Peder var far åt ein av dei, og at dei arva det som Peder åtte i garden Lid på Tysnes.
Rasmus Olson, f. ikr. 1634, vart i 1660 gift med ekkja Anna Søvik og vart brukar her. Kvar Rasmus var frå er uvisst, men han var i nær ætt med Rasmus ytre Moberg, og det er fleire ting som tyder på at han kunde vera frå Moberg. Anna døydde i fyrsten av 1670 åri, og Rasmus gifte seg att i 1676 med Ingjerd Daniels dtr. Søfteland, f. ikr. 1650. Born: Anna, f. 1667, s. n., Ola, f. 1677, g. 1700 Dordi ytre Drange, s. y. D. 3. Rasmus arva jordegodset i Lid på Tysnesøyi etter fyrste kona si. Han døydde i 1681.
Elias Olson, f. ikr. 1652, vart i 1682 gift med ekkja Ingjerd Daniels dtr. og fekk bygsla bruket. Elias var ikkje osing, men kannhenda var han frå Fana. Born: Eli, f. 1685, g. 1705 Nils Andersson Vorland i Sund, Rasmus d. e., f. 1687, s. n., Kari, f. 1692, spillesjuk og død på «Spetalen» i 1735, Rasmus d. y., f. 1698, d. 1713. Tvo born døydde unge. Elias dreiv mykje med fiske og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1713 og kona i 1709.
Rasmus Andersson Eikhaug (Søfteland), f. 1680, som tente hjå Elias, bygsla bruket då Elias let det frå seg i 1710. Han gifte seg i 1712 med Brita Hans dtr., f. ikr. 1680, som ogso tente hjå Elias, og som kannhenda var dotter åt Hans indre Drange. I 1713 flutte Rasmus til Nordvik i Fana, der han sidan vart buande, s. F. B. 599. Av borni kjenner me Anders, f. 1712, g. Marta Mons dtr. Hamre, fekk farsbruket i Nordvik, Ola, f. 1713, d. ung., Kristi, Hans, Elsa, Kari, f. 1730, g. 1749 Paul Bjånes, s. Midthus 1. Lars Røykenes, s. R. 1, vart truleg ogso son hans.
Ola Albrigtson Nordvik frå Fana, f. ikr. 1670, som ikr. 1690 var gift med Anna Rasmus dtr. Søvik, f. 1667, flutte hertil i 1713 og overtok bruket som far åt kona hans hadde havt 30 år tidlegare, s. o. Ola hadde fyrr havt farsbruket sitt i Nordvik, men flutte då eldste dotteri og versonen tok bruket der, s. F. B. 597. Av borni kjenner me: Marta, g. Nils Larsson Kaland, b. p. farsbruket i Nordvik, Brita, g. Knut Monsson Nordvik, s. F. B. 598, Albrigt, Rasmus, Nils, Mari, f. 1706, s. n. Ola var notbas og dreiv mykje med fiske. Det fyrr nemnde jordegodset i Lid på Tysnesøyi fekk han med kona si etter verfaren, og attåt dette åtte han halve Gjemdal i Os. Ola døydde ikr. 1718.
Rasmus Eliasson Søvik, f. 1687, gifte seg i 1719 med ekkja Anna Rasmus dtr. og bygsla bruket her, som var både hans og kona sitt farsbruk. Rasmus var ein drivande kar på sjøen og lagde seg upp mykje pengar. Jordegodset i Lid og Gjemdal fekk Rasmus med kona si, og då noko av det ogso var lagt ut på andre arvingar kjøpte Rasmus det attende. Han hadde ikkje born, og då han døydde i 1750 vart pengane og jordegodset spreidd og skift millom arvingane hans. Kona var død i 1738. Rasmus kom i stor strid med Formann på Lysekloster dei siste åri avdi Formann krov høgre avgift enn Rasmus vilde betala. Rasmus brukte grov kjeft og forvaltaren sa at Rasmus skulde tilpers um han «end ikke eiede en lus». Striden gjekk gjenom fleire år og enda med at Rasmus måte leggja ei stor bot.
Asbjørn Andersson indre Drange, f. 1703, vart i 1732 gift med Mari Ols dtr. Søvik, f. 1706, og fekk då bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar. Mari vart fyrste gongen gift i 1729 med syskinbarnet sitt, Anders Nilsson Vorland frå Sund, men han døydde straks etter brudlaupet og Mari hadde ei dotter, Kari, f. 1730, med seg då ho kom til Søvik i 1732. Mari døydde alt i 1740, og Asbjørn gifte seg att året etter med Sesilia Jons dtr. Bjånes, f. 1722. Asbjørn fekk 13 born, men av dei døydde eit tvillingpar og 6 andre i ung alder, so berre 5 vaks upp. Dei var: Anders, f. 1734, g. 1763 Anna Halhjem, s. H. 3, Ola, f. 1739, g. 1768 Kari Nordstrønen, s. N. 2, Mari, f. 1743, g. 1763 Lars Halhjem, s. Kuven 2, Jon, f. 1744, s. n., Hans, f. 1747, d. ug. 1778.
Asbjørn stod seg godt og var ogso ein vyrd mann i bygdi. Han hadde ikkje so lite bøker i huset og fylgde betre med i tidi enn kannhenda nokon annan Os-bonde. Han dreiv sterkt med sjøen, og ved skiftet etter han var det for 70 dalar i sjøreidskaper, som var mykje meir enn heile gardsbruket hans var verd. Han døydde i 1771.
Husi på bruket var desse i Asbjørn si tid: Ei god røykstova med skot og kove attåt, ei sengebud med sengeloft over og sval attåt i begge høgder, eldhus, fjos, sauehus, hestestall med vedskytja attåt, stabur, kvernhus, naust, fiskesjå, skinflor og ei utløda. Løda på garden hadde Asbjørn ilag med grannane, soleis at han hadde eine helvti og dei andre skifte resten, og på same måten var notbudi skift. – Ein lyt merkja seg at dette bruket framleis hadde halve Søvik, medan bruk 1 og 3 hadde ein fjordepart kvar etter skiftingi i 1703.
Ekkja Sesilia Jons dtr. hadde bruket i 6 år etter at mannen døyde. Sjølv døydde ho i 1777.
Jon Asbjørnson Søvik, f. 1744, vart brukar då mori døydde og bygsla bruket i 1781. G. 1779 Brita Anders dtr. indre Drange (syskenborn), f. 1754. Av 5 born vaks 3 upp: Marta, f. 1783, g. 1825 Lars Lysøy, s. L. 1, Sesilia, f. 1785, ug., Magdela, f. 1789, ug. Då faren døydde måtte døtterne reisa ut og tena, men Sesilia kom att til stykfaren og mori og tente hjå dei i 1828. Ho hadde då lagt seg upp noko pengar, men ein vakker dag var pengane burte, stolne. Fleire av grannane vart mistenkte for å ha stole pengane, halve grendi måtte for retten, og heile grendi stod på ende. Det kom likevel ikkje noko visst utav saki. – Jon dreiv fiske likeins som fyremennene og stod seg tolleg godt. Han døydde i 1803 og det vart halde eit drusteleg gravøl etter han, det største som me finn etter nokon bonde i Osbygdi til den tidi.
Ekkja Brita Anders dtr. hadde so bruket eit par år.
Eivind Olson Eide, f. 1776, vart i 1805 gift med ekkja Brita Anders dtr. og fekk bygsla bruket. Dei hadde ikkje born. Eivind var ein drivande kar som heldt seg mykje med sjøen, og han arbeidde seg fram til ein velstandsmann, truleg den beste i bygdi på dei tider. Han var boklærd og hadde ikkje so lite bøker i huset, men nokon skulemann var han likevel ikkje. Trass at han hadde pengar på kistebotnen og fleire hundrad dalar ute på renta, so stod han i skuld for mange års skuleløn til skulehaldaren Torstein Spansteig. Eivind døydde i 1831 og kona nokre år seinare.
Lars Nilsson Hovland, f. 1810, bygsla bruket i 1832. G. 1832 Anna Jons dtr. Ulven, f. 1808. Born: Brita, f. 1832, g. 1858 Vinsjans Sørstraumen, s. S. 2, Jon, f. 1834, s. n., Anna, f. 1837, d. ung, Nils, f. 1838, g. 1863 Marta Sveins dtr. Eikhaug, b. Sagstad i Fana, s. F. B. 593, Engjel, f. 1842, g. 1873 Brita Sjurs dtr. Nordstraumen, b. Sagstad, s. F. B. 593 (sjå um borni nedanfyre), Anna, f. 1844, g. 1873 Ola Jonson Nordvik i Fana, s. F. B. 601, Lars, f. 1848, g. 1876 Kari Hovland, s. Sperrevik 2, Eli, f. 1851, g. 1877 Ola indre Drange, s. i. D. 1. Lars var trearbeidar og båtbyggjar. Han var ein vyrd mann i bygdi og var m. a. medlem av heradstyret 1850 – 1853. Lars døydde i 1873 og kona i 1875.
Jon Larsson Søvik, f. 1834, bygsla farsbruket i 1862 og kjøpte det av Lysekloster i 1873 for 625 spd. G. 1863 Brita Ols dtr. Hovland, f. 1837. Born: Lars, f. 1866, s. n., Anders, f. 1871, s. br. 9. Jon var ein dugande båtbyggjar og trearbeidar. Han døydde i 1922 og kona i 1916.
Lars Jonson Søvik, f. 1866, skøytte bruket etter faren i 1894. G. 1888 Ragnhild Nils dtr. indre Drange, f. 1867. Fosterson: Bertin, f. 1889, s. n. Lars hev vore murar og steinarbeidar. Han hev vore med i ymse styre, likningsnemndi o. a. Ragnhild døydde i 1936.
Bertin Engjelson Søvik, f. p. Djupvik, Sagstad 1889, som var syskenbarnet åt Lars og er uppfostra hjå han, skøytte bruket i 1924. G. 1912 Nilsina Nils dtr. indre Lekven, f. 1892. Born: Lars, f. 1912, sjauffør, g. 1938 Bergljot Liv Blidensol frå Gulen, Brita, i. 1914, g. 1937 Nikolai Engjelson Sperrevik, handelsmann i Bergen, Borghild, f. 1916, Nils, f. 1928. Bertin hev havt fleire tillitsyrke i bygdi og var medlem av heradstyret 1923 – 25. Foreldri åt Bertin som begge var frå Os, s. 0., hadde desse borni: Anna, f. 1875, g. Johannes Pederson Bahus i Fana, Lars, f. 1878, timbermann i Bergen, g. Marta Korsnes frå Tysnes, s. br. 12, Sivert, f. 1880, g. Lovisa Klokk frå Geiranger, i Amerika, Marta, f. 1882, g. Karl Krokeid frå Fana, i Amerika, Bertin, f. 1889, s. o. Engjel døydde i 1906 og Brita i 1889.
SØVIK 3.
Nils Nilsson Søvik, f. 1685, fekk helvti av farsbruket i 1703 og vart fyrste brukar her. G. 1709 Anna Vinsjans dtr. indre Moberg, f. 1787. Nils hadde bruket berre til 1710, då han flutte til Nordvik i Fana og busette seg der, s. F. B. 599. Sonen Paul, f. 1709, var fødd i Søvik og vart gift og busett i Salbuvik, s. Sl. I Nordvik fekk han m. a. borni Vinsjans, Anna, Kari, Elisabet og Mikkjel. Den sistnemnde sonen vart buande på farsbruket i Nordvik, s. F. B. 600. Nils døydde i 1742.
Jon Jakobson Søvik, som hadde skift bruket ut til Nils, fekk det no att då Nils flutte til Nordvik. Sjå um Jon under bruk 1. Då kona døydde i 1726 let han dette bruket frå seg att.
Villum Larsson Lunde, f. 1700, bygsla bruket i 1726. Han vart gift i 1727 med Gjertrud Nils dtr. Søvik, f. p. ytre Lekven 1702. Gjertrud var dotter åt Jon Jakobson si kona i hennar fyrste giftarmål med Nils ytre Lekven, og Villum fekk soleis i røyndi bruket etter vermor si. Dei fekk ein son Nils, f. 1728. Han døydde ugift som dreng i Bjoarvik 1754, same dag som halvbroren hans døydde, s. n. Villum vart ikkje gamall då han døydde alt i 1734.
Nils Olson ytre Moberg, f. 1710, vart i 1735 gift med ekkja Gjertrud Nils dtr. og vart brukar her. Dei fekk ein son, Ola, f. 1735, som tente på Grindevoll og som døydde der i 1754, same dagen som halvbroren Nils døydde i Bjoarvik. Nils sat svert smått i det, og ved skiftet etter han fann dei nett so mykje at dei greidde skiftekostnaden og løni til dei tvo tenestegjentone, som skulde ha 5 og 3 ort kvar. Nils vart heller ikkje gamall, med di han fall burt alt i 1737.
Ola Andersson Ulven, f. 1713, gifte seg i 1738 med ekkja Gjertrud Nils dtr. og vart soleis tridje mannen hennar. Gjertrud døydde i 1745, og Ola gifte seg att tvo år etter med Guro Torsteins dtr. Sperrevik, f. 1723. Av 11 born vaks berre 5 upp: Villum, f. 1739, g. 1764 Ingjerd ytre Lekven, s. ytre Haugland 1, Jon, f. 1741, g. 1762 Anna Nils dtr. Nordvik, b. Fanavoll, s. F. B. 647, Kari, f. 1755, s. n., Anna, f. 1757, ug., Anders, f. 1759, g. 1779 Agata Halhjem, s. H. 5. Ola streva ogso hardt for å greida seg, um han ikkje sat nett so tungt i det som fyremannen. Han døydde i 1777 og Guro i 1774.
Desse husi stod på bruket då Ola hadde det: Ei god røykstova med skot, timbra kove og sval attåt, eit nytt stabur, ein skinflor og ein fiskesjå, eit fjos som hadde gavl saman med eit lite fjos (stall eller sauehus), og dette hadde atter gavl saman med eldhuset. Kvernhuset, naustet og ei utløda i Søvikneset hadde Ola ilag med bruk 1, likeins sengebudi med lem og eit sengeloft attåt, men svali og koven på eine sida av budi hadde Ola åleine. Eldhuset hadde Ola ogso saman med bruk 1, likevel soleis at han brukte ¾ av dette, og av løda som var sams for heile Søvik hadde Ola eine fjordeparten. Mange av husi var svert skrale, og Ola fekk påbod um å riva ned det vesle fjoset som var til nedfalls, då det stod heilt inn til eldhuset og kunde valda eldsfare. På øvre sida av fjoset var eit vatshol eller ein sump, som Ola fekk påbod um å få burt ved å ta ei grøft tvert igjenom fjoset.
Halvard Andersson ytre Haugland, f. 1751, vart i 1777 gift med Kari Ols dtr. Søvik, f. 1755, og bygsla bruket etter verfaren. Born: Guro, f. 1777, g. 1796 Torstein Salbuvik, s. S. 1, Anders, f. 1780, g. 1803 Kristi Lars dtr. Nordstrønen, var sjømann og spurdest ikkje etter 1812, Anna, f. 1783, g. 1815 Steffen Holen, s. H. 1, Brita, f. 1786, s. n., Kari, f. 1794, g. Jakob Andersson Rød frå Fana. Halvard arbeidde seg fram, kjøpte seg notbruk og greidde seg godt. Husi på bruket heldt han i god stand, og i 1790 sette han upp ei ny kvern i Søvikelvi. Han døydde i 1819 og kona i 1800.
Tomas Jonson Grindevoll, f. 1779, vart i 1808 gift med Brita Halvards dtr. Søvik, f. 1786, og vart brukar etter verfaren. Brita døydde alt i 1811, og Tomas gifte seg att året etter med Dordi Jons dtr. Mobergslien, f. 1789. Born: Jon d. e., f. 1809, ug., Marta, f. 1814, g. 1844 Ola Buena, s. Sørstraumen 2, Brita, f. 1816, s. br. 5, Lars, f. 1818, Jon, d. y., f. 1820, s. n., Ola, f. 1822, drukna 1849, Guro, f. 1827, g. Sander Nilsson Rød i Fana, s. F. B. 620. Tomas dreiv fiske likeins som fyremannen, men han sat ikkje lett i det. Han døydde i 1843 og kona nokre år seinare.
Jon Tomasson Søvik, f. 1820, bygsla bruket då faren døydde i 1843. G. I. 1844 Brita Vinsjans dtr. Buena (Søvik), f. 1823, d. p. barseng 1850, g. II. 1850 Maria Ols dtr. ytre Moberg, f. 1819. Born: Ola, g. 1859 Magdela Sundøy, s. Kalvetræ 1, Dordi, f. 1845, s. n., Vinsjans, f. 1847, Ola, f. 1851, g. b. Dale i Bruvik, Tomas, f. 1854, d. ung, Brita, f. 1857, g. 1878 Jakob Røttingen, s. R. 11. Jon var fiskar som faren. Han døydde i 1875 og kona i 1872.
Daniel Engjelson Sørstrønen, f. 1843, vart i 1865 gift med Dordi Jons dtr. Søvik, f. 1845, og bygsla bruket etter verfaren. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 550 spd. Born: Engjel, f. 1866, g. Kristina Nils dtr. indre Drange, i Amerika, Brita, f. 1868, d. ung, Stein, f. 1871, d. ung, Haldor, f. 1873, trearbeidar, g. 1898 Anna Ols dtr. indre Drange, (born: Daniel, f. 1898, g. Johanna Johans dtr. Skjeie, b. Bergen, Dina, f. 1899, g. 1823 Nils Drange, s. Os, Oskar, f. 1902, g. 1929 Berta Flåten, s. Kuven.) Olai, f. 1876, d. 1892. Sonen Haldor døydde i 1903. Daniel fall frå alt i 1876.
Ekkja Dordi Jons dtr. hadde so bruket eit par år.
Mons Nilsson indre Drange, f. 1852, vart i 1879 gift med ekkja Dordi Jons dtr. og fekk bruket. Born: Daniel, f. 1879, s. n. Mons var båtbyggjar og trearbeidar, og var med i ymse kommunalt arbeid. Han døydde i 1923 og kona i 1921.
Daniel Monsson Søvik, f. 1879, skøytte farsbruket i 1908. G I 1902 Matilde Rasmus dtr. Kvalheim frå Hordabø, f. 1877, d. 1921, g. II. 1926 Maria Johannes dtr. Tellevik frå Hamre, f. 1882. Born: Hilda, f. 1903, Ragnvald, f. 1907, Mons, f. 1910, s. n., Malvin, f. 1918. Daniel vart båtbyggjar likeins som faren. Han hev havt mange tillitsyrke i bygdi, vore med i skulestyret, ljosverkstyret o. a., og var medlem av heradstyret 1911 – 1916 og 1929 – 1937.
Mons Danielson Søvik, f. 1910, fekk skøyte på bruket etter faren i 1926. G. 1930 Synneva Nils dtr. Sperrevik, f. 1903. Born: Magne, f. 1931, Nancy, f. 1934. Mons er sjauffør og driv skyssbilverksemd på Osøyri.
SØVIK 4. (Buena).
Mons ved Boen (Mons Buena) er fyrste mannen som me finn nemnd her. Me kann tru at han vart busett her ikring 1660. Han vart tilsett av godseigar Formann som skyss-skaffar i Lysefjorden, og truleg var det ogso for skyssen si skuld at han tok bustad her. Noko jord hadde han ikkje, men berre eit hus ved sida av dei gamle klosterbudene. Kona som heitte Ragnhild Ols dtr. var fødd ikr. 1640 og døydde i 1694. Av borni kjenner me tvo: Kari, f. 1665, s. n., Brita, f. 1681.
Ola Pederson, f. ikr. 1670, vart i 1698 gift med Kari Mons dtr. Buena, f. 1665, og vart skyssmann etter verfaren. Då Ola gifte seg var han skriven for Ole Søeboen, som Buena stundom vart skriven for, og me lyt difor tru at Ola var skyssdreng hjå Mons. Kvar han var frå veit me ikkje. Born: Kari, f. 1698, d. ug. 1749, Peder, f. 1701, s. n. Ola døydde i 1749 og Kari i 1735.
Peder Olson Buena, f. 1701, vart skyss-skaffar etter faren. G. 1735 Anna Hans dtr. Krokeid, f. ikr. 1705. Born: Kari, f. 1737, d. ug. 1767, Marta, f. 1739, ug., d. p. barseng 1780, Ragnhild, f. 1742. Eit barn døydde tidleg. Peder fekk noko jord attåt stova og bygde vanlege hus på bruket.
I 1752 hadde han desse husi: Ei røykstova med skot og timbra kove, eldhus, fjos, løda og sauehus eller skinflor. Den nemnde røykstova var truleg same huset som vanleg vart kalla «tingstova», der tinget vart halde, og som var bygt ikring 1740 av timber som var hogge i Søvikskogane. Me finn fleire gonger nemnd at Peder budde i tingstova. Han døydde i 1772 og kona i 1784.
Henrik Løndal vart skyssmann etter Peder. Han fekk bygsla meir jord som vart teke av Søvikgarden, og «Buen», som fyrr hadde vore rekna for serskilt «gard», vart frå no av eit vanlegt bruk som høyrde til Søvik. Kvar Henrik var frå veit me ikkje. Etter det me kann skyna var han gift med ei Synneva Jakobs dtr. (eller Nils dtr.), f. ikr. 1708, og som hadde vore gift ein gong fyrr. Henrik døydde i 1776 og Synneva seinare i same året. Ingen visste um nokon arvingar etter Synneva, men då det vart lyst 3 gonger i «Kjøbenhavnske Tidende» melde det seg tvo arvingar, Jakob Hermansen Børring og broren Henrik. Etter alt å døma var desse tvo karane Synneva sine born frå fyrste giftarmålet.
Erik Andersson vart brukar i 1777 etter Henrik. Erik, som vanleg vart kalla «Erik i tingstova», var gift med ei som heitte Kari, og dei fekk 2 born medan dei var i Os. Kvar Erik og Kari var frå veit me ikkje, og me veit heller ikkje kvar det vart av dei, då dei i 1782 flutte frå Buena.
Lars Henrikson Kuven, f. 1757, bygsla bruket i 1782. G. 1781 Ingeborg Jons dtr. Hovland, f. 1751. Lars sat tungt i det, og han gret ikkje då han måtte lata Buena frå seg. I 1799 vart han uppsagd som brukar avdi godseigar Formann vilde ha Buena sjølv, og Lars fekk istaden bygsla eit betre bruk i Nordstrønen. Sjå meir um han og huslyden hans under Nordstrønen 4.
Godseigar Formann stjorna no bruket sjølv i 3 år. Dei som hadde vore busette på Høyspolen, s. Lysekloster 3, fekk flytja til tingstova og bu der då Lars var flutt til Nordstrønen.
Anna Johannes dtr. Høyspolen, f. p. Nordstraumen 1727, vart skrivi for bruket i tidi 1802 – 1806. Anna greidde seg godt. I 1807 flutte ho frå Høyspolen til tingstova og døydde her i 1809. Sjå um henne under Lysekloster 3.
Jakob Hansson var brukar på Anna Johannes dtr. si rekning frå 1806 til 1809 då Anna døydde. Jakob var gift med ei som heitte Gyrid Sveins dtr. og dei fekk ein son, Ola, medan dei var på Buena. Kvar Jakob og Gyrid var frå veit me ikkje. I 1809 reiste dei frå Buena og frå Osbygdi.
Johan Gundersen, som truleg var frå Bergen, bygsla bruket i 1810. Han var «skræddermester paa Lysekloster», og då han bygsla vart bruket skrive som «Lysetræ gaard under Buen». Etter dette kunde ein mest tru at Johan Gundersen fekk seg upp serskilt hus på bruket og ikkje budde i tingstova. Kona heitte Elsa Laurense. Dei 5 borni som var fødde på Buena frå 1813 til 1823, Morits, Albert, Peder, Anna og Johanna, flutte med foreldri frå Os, men ei eldre dotter, Olina Bolette, f. 1793, vart buande i bygdi. Ho vart i 1817 gift med snikkarmeistaren på Lysekloster, Nils Halset, og vart seinare buande på Lunden, s. L. 1. Johan Gundersen let bruket frå seg i 1817, men var buande her til ikr. 1825 då han flutte burt, truleg til Bergen.
Zakarias Krispinusson Stendatræ frå Fana, f. ikr. 1776, var busett på Buena frå 1810 og heldt truleg til i tingstova, medan Johan Gundersen budde i serskilt hus. G. Klasje Olufine Klaus dtr., f. ikr. 1776. Dei fekk ein son, Daniel, f. 1811. Klasje døydde på barseng i 1817, og året etter flutte Zakarias til Kilen under Berge og gifte seg uppatt der. Sjå meir um han og huslyden under Berge 4.
Vinsjans Jørgenson ytre Haugland, f. 1787, bygsla bruket i 1817. G. 1818 Ragnhild Nils dtr. Buskengen ved Lysekloster, f. 1794. Born: Ola, f. 1818, g. 1844 Marta Søvik, s. Sørstraumen 2, Brita, f. 1822, g. 1844 Jon Søvik, s. S. 3, Jørgen, f. 1826, g. I. 1850 Kari Knuts dtr. Lyssand, g. II. Ragnhild Kippeved, b. Bakervik (Nordvik) i Fana, s. F. B. 601, Nils, f. 1829, Gurina, f. 1831, g. 1853 Daniel ytre Drange, s. y. D. 6, Vinsjans, f. 1834, g. 1858 Brita Søvik, s. Sørstraumen 2, Johannes, f. 1838, s. n. Tvo gutar døydde unge. Vinsjans dreiv mest med sjøen. Huset vart mykje vølt i hans tid og det vart m. a. sett inn omnar i 4 rom. Han døydde i 1860 og kona i 1870.
Johannes Vinsjansson Buena, f. 1838, vart brukar då faren døydde. G. 1860 Mari Peders dtr. Søvik, f. 1833. Born: Brita, f. 1862, g. verksarbeidar Mons Hansson Solheimsbakken i Årstad, Johannes, f. 1872, byseljar i Bergen, g. 1894 Berta Mikkelsen frå Laksevåg. Johannes byrja med landhandel på Buena ikring 1865 og var den fyrste handelsmann i Lysefjorden. Han var ein vyrd mann og var m. a. med i den fyrste likningskomisjonen i Osbygdi, s. O. B. 578, 579 og 597. Johannes slutta med handelen i 1882 og flutte til Solheimsviki ved Bergen, der han dreiv som bygningsmann.
Han kjøpte timber til hus åt seg sjølv i Lyseklosterskogen, timbra det upp i Søvikvågen, tok det so att og bygde det upp på tufti som han hadde kjøpt i Solheimsviki. Johannes døydde i 1900 og kona i 1901. Sonen Johannes hev stor ætt etter seg i Bergen o. a. st.
Eigaren av Lysekloster tok no over handelsplassen, men hadde styrarar som stjorna med handelen og med bruket som stødt fylgde med handelsplassen. Dei fleste styrarar var berre eit par år kvar.
Kristian Nilsson Milde frå Fana var styrar frå 1882 til 1884 og hadde ogso bruket i denne tidi. S. br. 6.
Sersjant Bård Bårdson Lægreid frå Eidfjord var handelsstyrar og hadde bruket frå 1884 til 1887.
Kristian Olson Leivestad frå Alversund stjorna handelen og bruket frå 1887 til 1889.
Bernt Nagell frå Bergen var styrar og hadde bruket frå 1889 til 1892. Han vart den fyrste postopnar her.
Peder Nilsson Midthus, f. 1850, festa handelsplassen og bruket i 1892. G. 1877 Maria Johannes dtr. Nordvik frå Alstahaug i Nordland, f. 1848. Born: Olaf, f. 1877, sjømann, d. ug. 1907, Nils, f. 1879, sjømann, huseigar på Laksevåg, Emma, f. 1887, g. Benjamin Skår, Laksevåg. Peder gjekk andre kurset på Stend jordbrukskule og var ei tid fjosmeistar på skulen, flutte so til Bergen og kom i 1892 til Buena, der han ogso vart postopnar. I 1912 let han handelsplassen frå seg og flutte til Laksevåg, der han og kona var busette til dei døydde etter 1930.
Lysefjordens handelslag overtok handelen etter Peder Midthus, og festa handelsplassen av Lysekloster utan bruket i 1915. Handelslaget som vart skipa i 1908 hadde fyrr havt rom hjå Nils Søvik, s. S. 8, som ogso var styrar av laget til 1912. Etter han vart Olav Hovden frå Strandvik styrar til 1919, Johannes Drange hadde so styrarplassen til 1935, då han flutte til ytre Drange, s. y. D. 11, og sidan hev
Bård Tveit frå Strandebarm styraryrket. Han er gift med Margreta Myklebust frå Kvinnherad. Alle dei nemnde styrarar hev ogso vore postopnarar her.
Laurits Rasmusson Sperrevik, f. 1890, festa gardsbruket på Buena i 1915, då handelslaget festa handelsplassen. G. 1911 Helena Nils dtr. indre Lekven, f. 1887. Born: Rikard, f. 1911, sjømann og gardstyrar, Birgit, f. 1914, g. 1934 Bertin Sveinson Balland, Lilly, f. 1916, Nils, f. 1918, sjømann, Elsa, f. 1920, Alfred, f. 1922, Synneva, f. 1924. Laurits er stuert på dampbåt i utanriks fart.
SØVIK 5. (Søviknes).
Johannes Olson Søfteland, som i 1803 vart brukar saman med verfaren i Søvik, s. br. 1, rydja plassen og sette upp eit hus her i 1803. Det hadde elles vore slåtta og utløda her lenge fyrr. For plassen skulde Johannes svara 2 dalar året til Lysekloster, og for huset 1 ort 8 skjeling. Johannes døydde alt i 1804, s. br. 1, og ettermannen Anders Søvik hadde plassen til 1809. Godseigar Formann gav då påbod um at plassen skulde høyra til bruk 1 og 3 ihop, soleis som det hadde vore frå gamall tid. Desse bruki stjorna so plassen til 1815.
Jon Larsson frå Lysekloster, f. 1770, fekk bygsla bruket i Søvikneset ikr. 1815. Jon hadde fyrr vore i arbeid hjå Formann på Lysekloster, likeins som foreldri Lars Jonson og Kari Peders dtr. Kvar dei var frå veit me ikkje. Jon vart gift ikr. 1810, men då presten Kristen Larsson ikkje skreiv eit einaste ord i kyrkjeboki desse åri, korkje um giftarmål eller anna, so veit me ikkje kven Jon vart gift med. Dei fekk ein son, Peder, f. 1812, s. n. Jon dreiv mest med fiske. Han døydde i 1856.
Peder Jonson Søviknes, f. 1812, festa bruket i 1841. I 1864 fekk han bruket serskilt skyldsett. G. 1838 Brita Tomas dtr. Søvik, f. 1816. Born: Anna, f. 1838, d. ug. 1907 i Søviknes, Tomas, f. 1840, g. 1876 Nilsina indre Moberg, s. i M. 5, Jon, f. 1841, g. I. 1873 Nilsina Nils dtr. Sundøy, g. II. Anna Lars dtr. Leirvåg, b. Nordvik i Fana, s. F. B. 600, Albrigt, f. 1843, s. n., Dordi, f. 1844, g. 1871 Hans Ulven, s. Lysekloster 5, Ola, f. 1847, g. b. i Bergen, seinare Dale i Bruvik og død der, Peder, f. 1849, g. b. i Fana, Lars, f. 1851, b. Bergen, Anders, f. 1854, d. ung, Britinian (Jan), f. 1855, b. Bergen, Anders, f. 1857, b. Bergen, Johan, f. 1861, b. Haugesund. Peder arbeidde med ymse trearbeid. Han døydde i 1900, og kona noko tidlegare.
Albrigt Pederson Søviknes, f. 1843, vart brukar etter faren og kjøpte bruket av Lysekloster i 1873 for 200 spd. G. 1868 Velina Engjels dir. Askvik, f. 1848. Born: Brita, f. 1875, s. br. 6, Peder, f. 1875, s. n., Engjel, f. 1880, s. br. 7. Ein gut døydde ung. Albrigt var treskoarbeidar o. a. Han døydde i 1919 og kona i 1916.
Peder Albrigtson Søviknes, f. 1877, skøytte farsbruket i 1902, etter at broren hadde fenge ein part av bruket, s. br. 7. G. 1903 Kristina Ols dtr. Askvik, f. 1880. Born: Velina, f. 1904, b. Bergen, Olai, f. 1906, g. 1930 Ottilie Emils dtr. Nøkling frå Fitjar, Margit, f. 1907, b. Bergen, Engjel, f. 1909, d. 1932, Peder, f. 1911, trearbeidar, Karina, f. 1914, s. br. 6, Mons, f. 1916, Petra, f. 1918, Olav, f. 1922. Peder driv treskoarbeid o. a. attåt gardsbruket.
SØVIK 6. (Litleneset).
Kristian Nilsson Milde frå Fana leigde plassen her av br. 5 ikr. 1878, og byrja landhandel på staden. Han var her berre nokre få år, då han i 1882 vart handelstyrar på Buena.
Sjur Monsson Nordstraumen kjøpte bruket av br. 5 i 1884. Sjå um han under Nordstraumen 2. Sjur døydde i 1889 og ekkja Maria Anders dtr. hadde bruket til 1895 då ho selde til Erik Olson, s. n.
Ola Erikson Balland, f. 1831, flutte til bruket i 1893 med huslyden sin. G. 1870 Marta Ols dtr. Skorpen (Nordstrønen), f. 1847. Born: Erik, f. 1871, s. n., Kari, f. 1874, d. ug. 1895, Maria, f. 1876, g. steinarbeidar Systad, b. Bergen, Ola, f. 1878, støyperiarbeidar, g. Andrea Leirvik, b. Bergen, Tomas, f. 1880, spinnearbeidar, g. 1901 Kristina Lars dtr. Sælen, b. Skipenes i Fana, Jakob, f. 1883, fiskar, ug. b. Espeland i Fana, Martin, f. 1886, fiskar, ug. b. Espeland. Ei gjenta døydde tidleg. Ola hadde, fyrr han kom til Søvik, vore verksarbeidar i Solheimsviki ved Bergen og vart fiskar sidan. Han døydde i 1902 og kona i 1922.
Erik Olson Balland, f. 1871, flutte med faren til Søvik og kjøpte bruket i 1895. G. 1902 Brita Albrigts dtr. Søviknes, f. 1875. Born: Maria, f. 1902, g. 1936 Jon Knutsen, s. Salbuvik 2, Albrigt, f. 1904, fiskehandlar i Bergen, g. 1934 Olea Mons dtr. Nordvik frå Fana, Velina, f. 1905, Karl, f. 1908, sjømann, g. Dortea Endresen, Ola, f. 1910, s. n., Edvard, f. 1912, sjømann. Erik hev drive fiske likeins som faren.
Ola Erikson Søvik, f. 1910, skøytte bruket etter faren i 1936. G. 1938 Karina Peders dtr. Søviknes, f. 1914. Ola er fiskar som forfederne hans hev vore.
SØVIK 7. (Asphaugen).
Stein Johannesson Forstrønen, f. 1850, festa eit stykke av br. 5 i 1883 og busette seg her. G. 1881 Anna Nils dtr. Bjoarvik, f. 1856. Born: Johanna, f. 1882, g. 1907 fenrik Peder Gustavson Brusevoll frå Austfold, b. Oslo, Johannes, f. 1884, båtbyggjar, g. 1914 Tora Brekke frå Bremnes, i Amerika, Nils, f. 1888, båtbyggjar, d. ikr. 1911, Marta, f. 1891, g. 1914 Karl Fyllingen, Laksevåg. Ein gut døydde ung. Stein var båtbyggjar. Han døydde i 1901 og kona i 1903.
Engel Albrigtson Søviknes, f. 1880, fekk i 1902 skøyte på bruket som faren åtte og busette seg her. G. 1906 Elisa Jons dtr. Øvreide, f. 1882. Born: Velina, f. 1907, Jon, f. 1911, bygningsmann, g. 1934 Elida Eivinds dtr. ytre Drange, Magda, f. 1913, g. 1935 snikkar Jon Tveit frå Strandvik, b. Søfteland, Elsa, f. 1915, Alfred, f. 1918, Emma, f. 1920. Ein gut døydde ung. Engjel er bygningsmann og trearbeidar.
SØVIK 8. (Nyheim).
Nils Nilsson Drange, f. 1870, bygde og busette seg her i 1904. G. 1895 Metta Hans dtr. ytre Haugland, f. 1866. Born: Maria, f. 1895, g. 1918 Harald Andreassen, s. Os, Borghild, f. 1898, g. 1916 handelsstyrar Olav Hovden, b. Stavanger, Nikolai, f. 1899, båtbyggjar, g. 1929 Hilda Hellemanns dtr. Sture frå Hjelme, Hanna, f. 1901, g. 1927 Asmund Falkanger frå Åsane, Harald, f. 1903, d. 1937, Karl, f. 1905, båtbyggjar, g. 1933 Harriet Lyders dtr. Moldøy frå Austrheim, Alfred, f. 1907, båtbyggjar, g. 1936 Maria Peders dtr. Drange, b. Sperrevik. Nils er båtbyggjar likeins som brørne og forfederne sine, og hev drive handverket langt fram. Han hev soleis på fleire utstillingar fenge høgste utmerkjing, gullmedalje, for båtane sine, s. O. B. 197. I fleire år var han ogso styrar for Lysefjorden handelslag. Nils hev vore med i ymse kommunalt arbeid, og var m. a. medlem av heradstyret 1920 – 1922.
SØVIK 9. (Lysheim).
Anders Jonson Søvik, f. 1871, busette seg her i 1904 på eit jordstykke som han fekk av farsbruket. I 1925 vart bruket serskilt skyldsett. G. 1897 Malena Haldors dtr. Lysøy, f. 1877. Fosterdotter: Borghild Peders dtr., f. p. indre Drange 1907, lærarinna i Sørøyane krins. Anders er bygningsmann og snikkar. Han hev vore med i likningi o. a.
SØVIK 10. (Furrenes).
Skipsreidar Racin Wilhelmsen i Fana kjøpte i 1918 eit stykke av br. 5 der han bygde seg sumarhus.
Frk. Sigrid Bø frå Bergen kjøpte eigedomen i 1936.
SØVIK 11. (Aspenes).
Skipsreidar Wilhelm Wilhelmsen frå Fana kjøpte likeins som broren, s. br. 10, ein part av br. 5 og bygde seg sumarhus her.
SØVIK 12. (Solhaug).
Lars E. Sagstad frå Bergen kjøpte tuft av br. 2 i 1918 og bygde seg hus her. Sagstad er bror åt eigaren av br. 2, sjå der.