ÅSEN

Frå OS SOGA II side 258 – 265

18. ÅSEN. 

Namnet kjem av at garden vart bygd i ein ås  

Uttale: Å’sen.
Skrivemåte: Åsen.

Garden ligg i austenden av åsen, som gjeng på sørsida av Lysedalen og held fram vestover langs sørsida av Lysefjorden.  Garden var Lyseklostergard til han vart kjøpt av brukaren i 1872. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Lyse klosters eiendom och ligger i klostrets femarch, for nogle aar oprydet.  Såar 1 smal tønde, afler 4 tdr., god eng, temmelig åger, staar til at indheigne og forbedre dog der ligger paa klostrets grund, chr ½ fiering fra søen, naar fiskeriet, hafe nødeskoug og brendeved, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, skoug til huusfornødenhed og brendefang, ingen qvern eller fiskeri, ubeleilig situation og tungvunden jord og ei synderlig sædeland.  Haver ingen næring uden gaardens aufl og noget lidt kul brenderie af skougen til hielp til hans rettigheders betalling, men derimod særdeles aarvand til korn.  
1865: Har 4 maal dyrket åger og eng, deraf intet godt og 3 maal middels, 31 maal naturlig england, hvoraf intet godt, 8 middels og 23 maal slet, intet af dette er dyrkbart, skov til husbrug og kan sælge for 11 spd. aarlig af furu, føder 2 ungnød ved lyng, er tungt at bruge og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
1657         
16681  66  1tun 
17231 16   2,5» 
180014       
183516 46  2»1,5tun.
18651101520 13»4»
1900524 109 21hl.16,5hl.
1920735211  52,5mål6,8m.
1930735217  11,7»5,5»

ÅSEN 1. 

Ola Jakobson Åsen, f. ikr. 1620, var brukar her i 1668, og er fyrste mann som me finn på garden.  Han er tvillausi; rydjingsmannen her.  Ola er ikkje nemnd i manntalet 1666 eller fyrr, og me kunde difor tru at han hadde busett seg her i 1667 eller 1668.  Men dette høver ikkje med den store buskapen og utsådet hans i 1668, so han hadde nok vore i Åsen fleire år fyrr.  Han hadde vaksne born i 1668, og dette tyder ogso på at han hadde vore busett her i ei tid.  Soframt Ola var fødd i Os, men dette er lite truleg, so var han son åt Jakob Sundøy.  Kona hans heitte Marta.  Av borni kjenner me berre tvo: Ola, f. ikr. 1645, g. 1678 Marta Ulven, s. U. 1, og Lisbet, f. ikr. 1660, g. 1693 Mikkjel Olson, som var dreng på Lysekloster og som gifte seg andre gong i 1708 med Dordi Hans dtr.  Ola døydde i 1697. 

Nils Larsson vart brukar ikr. 1688.  Me finn han fyrste gong nemnd i 1691, då han var fadder, og likeins kona hans Anna Hans dtr., som var fødd ikr. 1666.  Kvar Nils var frå veit me ikkje, men kona var dotter åt Hans Skogen.  Nils døydde alt i 1694. 

Peder Hansson indre Drange, f. 1666, vart i 1695 gift med ekkja Anna Hans dtr. og fekk bruket.  Born: Brita, f. 1696, s. n., Kristi, f. 1698, g. 1726 Torbjørn Gjerde, s. Lepsøy 2, Agneta, f. 1701, Elsebet (Lisbet), f. 1705, s. n., Kari, f. 1711, d. ung.  Peder døydde i 1740 og kona i 1720. 

Nils Olson, f. 1675, som tente i Åsen, vart i 1722 gift med Brita Peders dtr. Åsen og bygsla bruket etter verfaren.  Born: Kari, f. 1723, d. 1742, Jakob, f. 1724, dreng i Søvik, d 1751.  Tvo gutar døydde unge.  Kvar Nils var frå veit me ikkje.  Han døydde alt i 1729. 

Anders Gudmundson ytre Tuen, f. 1708, vart i 1730 gift med ekkja Brita Peders dtr. og vart brukar her.  Born: Peder (tvilling), f. 1731, g. 1753 Brita indre Drange, s. Nordstrønen 3, Marta, f. 1731, ug., Anna, f. 1733, g. 1755 Ola Krokeid, s. Nordstrønen 5, Brita, f. 1735, g. 1775 Jakob indre Haugland, s. i H. 4, Nils, f. 1738, g. 1775 Kari Grindevoll, s. Balland 1.  Nils( Andres???? ) sat smått i det.  Han vart heller ikkje gamall, då han døydde alt i 1742. 

Ola Olson Hetleflåten, f. 1711, vart i 1742 gift med Elsebet Peders dtr. Åsen, f. 1705, som var syster åt kona på garden, og dei fekk no bygsla bruket etter verbroren.  Born: Ola, f. 1743, d. ug., Peder, f. 1745, g. 1798 Kari indre Tuen, s. Salbuvik 2, Agneta, i. 1747, s. n., Anders, f. 1749, d. ung.  Ola var halt, so han slapp militærtenesta.  Han dreiv garden so godt fram at han greidde fostra hest, 6 – 7 kjyr og nokre smaler, men han kom ogso upp i mykje skuld.  Ola og kona døydde begge i 1773. 
I Ola si tid var desse husi på garden: Ei liti røykstova med skot, ei større røykstova med skot og sval attåt, ei sengebud med skot, eit timbra eldhus med skot, eit fjos med sval attåt, ei løda med tilbygt vedskytja, ein hestestall attåt eine gavlen i fj oset, ein ny skinflor, og eit naust i Søvikvågen.  Alle var torvtekte og Ola heldt husi sine godt. 

Nils Størkson Sælen, f. 1737, vart i 1773 gift med Agneta Ols dtr. Åsen, f. 1747, og fekk i 1774 bygsla bruket etter verfaren.  Agneta døydde på barseng i 1784, og Nils gifte seg att året etter med Lisbet Lars dtr. Haukeland, f. 1743.  Born: Elsebet, f. 1774, d. ug. 1840, Kari, f. 1775, s. n., Ola, f. 1778, d. ug., Størk, f. 1781, g. 1806 Guro Sundøy, s. Lepsøy 7, Barbru, f. 1784, d. ug.  Tvo born døydde unge.  Det fyrste Nils gjorde då han kom til Åsen var å byggja kvernhus.  Nils sat sverande tungt i det, og skuldi hans var mykje større enn det vesle han åtte.  Då han døydde åtte han ikkje ein einaste ting som skifteretten fann umaken verd å skriva upp.  Nils døydde i 1823 og Lisbet i 1832. 

Arne Monsson Eide (Ostereidet) frå Hosanger, f. ikr. 1776; vart i 1803 gift med Kari Nils dfr. Åsen, f. 1775, og bygsla bruket etter verfaren i 1804.  Born: Mons, f. 1804, g. ikr. 1825 Ingjerd Haktors dtr., s. Salbuvik 2, Arne, f. 1806, skulehaldar i Os, s. O. B. 367.  Arne hadde det svert vanskeleg i dei nokre åri han livde.  Husi var til nedfalls, skuldi var stor, og han skulda meir til kjøpmann Smidt i Bergen for borga korn enn alt det han åtte.  Arne døydde alt i 1806.  Som vanleg vart det halde skifte straks han var burte, men merkeleg nok vart det ogso halde skifte etter han 6 år seinare, lenge etter at ekkja hans var gift på nytt.  Kvifor det nye skiftet vart halde kann me ikkje finna noko um, og eit slikt hende finn me ikkje maken til i Osbygdi. 
Ekkja Kari Nils dtr. hadde so bruket eit par år etter at mannen døydde. 

Mons Hansson Molda, f. 1772, vart i 1807 gift med ekkja Kari Nils dtr. og vart brukar her.  Born: Hans, f. 1808, s. n., Nils, f. 1815.  Tvo born døydde unge.  Mons dreiv med treskoarbeid, kolbrenning o. a. og arbeidde seg godt fram.  Han døydde i 1849 og kona i 1850. 

Hans Monsson Åsen, f. 1808, bygsla bruket etter faren i 1843.  G. 1835 Anna Størks dtr. Lepsøy (syskenborn), f. 1810.  Born: Kari, f. 1830, g. 1861 Nils Jensson Hegrenes frå Jølster, Gurina, f. 1838, s. br. 2, Agneta, f. 1840, b. i Bergen, Mons, f. 1843, g. 1863 Gjertrud Halvards dtr. Røttingen, b. Flakstad i Lofoten, Marta, f. 1845, b. i Nordland, Anna, f. 1849, g. 1872 Johannes Kuven, s. K. 6, Hans (tvilling), f. 1851, s. n., Størk, f. 1854, b. i Nordland.  4 born døydde unge.  Hans var kjipar og laga kjørlor, stampar, barkekar o. a. sovore.  Han døydde i 1890 og kona i 1886. 

Hans Hansson Åsen, f. 1851, vart brukar etter faren, og kjøpte bruket av Lysekloster i 1872 for 650 spd.  G. 1874 Marta Knuts dtr. ytre Byrkjeland frå. Fana, f. 1843.  Born: Hans, f. 1874, g. 1897 Agneta Johannes dtr. indre Drange, var losseformann i Bergen, d. 1924, Johan, f. 1877, s. n., Harma, f. 1879, ug., b. Bergen, Henrik, f. 1881, s. n., Knut, arbeidar i Bergen, g. Lina Storheim frå Sæbø, Klara, f. 1886, g. Martin Håvardstun frå Fana, b. Ålesund.  Hans var bygningsmann.  Han døydde i 1902 og kona i 1920. 

Johan Hansson Åsen, f. 1877, skøytte farsbruket saman med broren Henrik, s. n., i 1905.  G. 1905 Johanna Johannes dtr. Fosse frå Strandebarm, f. 1877.  Born: Hans, f. 1906, timbermann, g. Margit Gjersvik, b. Laksevåg, Hanna, f. 1908, g. Lars Nordvik frå Fana, landhandlar på Sagstad, Karl, f. 1916, trearbeidar, Ragnvald, f. 1920, trearbeidar.  1 barn døydde tidleg.  Johan er bygningsmann og steinarbeidar. 

Henrik Hansson Åsen, f. 1881, skøytte farsbruket i 1905 saman med broren Johan, og brukar det ihop med broren.  G. 1904 Berta Steffens dtr. Øyjorden frå Bergen, f. 1879.  Born: Harald, f. 1904, g. Anna Engjels dtr. Skåtøy, er bygningsmann, Klara, i. 1907, g. Nils Eidsvik, Sverre, f. 1909, trearbeidar, g. Olga Spurkeland, b. Nesttun, Malvin, f. 1912, trearbeidar, b. Nesttun, Steffen, f. 1915, Martin, f. 1919.  Ein gut døydde ung.  Henrik hev vore bygningsmann og arbeidar i dei siste åri på Bergenhus. 


ÅSEN 2. 

Jørgen Kristenson Hegland, f. 1835, vart i 1865 gift med Gurina Hans dtr. Åsen, f. 1838, og fekk i 1872 kjøpa eit stykke av verfaren sitt bruk, der han bygde og busette seg.  Han hadde fyrr vore busett på Straumsnes i Askøy.  Born: Hans, f. 1867, s. n., Kristen, f. 1869, steinarbeidar, g. b. Laksevåg, Marta, f. 1872, g. 1898 Ivar Ellingson Moldekleiv, verksarbeidar i Bergen, Brita, f. 1874, ug. b. i Fana.  Jørgen arbeidde årar, kjørlor o. 1. og dreiv fiske.  Han døydde ikr. 1895 og kona i 1917. 

Hans Jørgenson Åsen, f. 1867, skøytte farsbruket i 1890.  G. 1890 Brita Kristens dtr. Skogen, f. 1868.  Born: Gurina, f. 1891, s. n., Kristen, f. 1893, d. 1915, Jørgina, f. 1895, d. 1918, Hanna, f. 1898, syerske, Inga, f. 1901, Borghild, f. 1905, g. Nils Engjelson Askvik, Henrik, f. 1908, handelsreisande, g. Lilly Madsen, Johannes, f. 1911, bankassistent, g. Astrid Åsebø, b. Bergen.  Hans arbeidde hjå militærstellet på Bergenhus o. a. st. og flutte til Bergen i 1915.  Han døydde i 1932 og kona i 1923. 

Ola Kristofferson ytre Drange, f. 1888, vart i 1913 gift med Gurina Hans dtr. Åsen, f. 1891, og skøytte bruket etter verfaren i 1916.  Born: Hans, f 1913, trearbeidar, Kristoffer, f. 1917, trearbeidar, Kristian, f. 1919, Edvin, f. 1921, Bjarne, f. 1923. Ola er steinarbeidar og driv med vegarbeid. Gurina døydde i 1924.

ÅSEN 3. (Åslund). 

Steffen Andersson Buskengen (Lysekloster), f. 1843, bygsla i 1876 eit utmarkstykke av br. 1 og rydja og bygde her.  G. 1872 Kristina Jons dtr. Bahus (foreldre Jon Høyspolen og kona), f. 1832.  Born: Andrea, f. 1875, s. n. Steffen var bygningsmann og steinarbeidar.  Han døydde i 1905 og kona i 1908. 

Karl Olai Larsson Åsen, f. 1874, som var systerson åt Hans Åsen på br. 1, vart i 1895 gift med Andrea Steffens dtr. Åsen, f. 1875, og vart brukar etter verfaren.  I 1906 vart bruket serskilt skyldsett, og Olai kjøpte det då av eigarane på br. 1.  Born: Signy Andrea, f. 1896, g. Alfred Pettersen, elektrikar på Notodden, Karl, f. 1898, g. Hanna Røttingen, s. R. 33, Olga, f. 1899, g. Mons Hansson ytre Drange, paktar i Fana, Kristina, f. 1900, g. Jon Engjavik, arbeidar på Sævareid i Strandvik, Karen, f. 1902, g. Alfred Skogsholm, prest i Vuku, Verdalen, Alfred, f. 1907, snikkar, g. Magda Grotle frå Bremanger, Solveig, f. 1910, g. Olai Engjavik, arbeidar på Sævareid i Strandvik, Olaf, f. 1912, fenrik, g. Ellen Landmark, b. Bergen, Ingrid, f. 1915, g. Lars Løberg, arbeidar i Oslo, Martin, f. 1918.  Eit barn døydde tidleg.  Olai arbeidde mange år i Bergen og hev etter at han kom att til Os vore murar og steinarbeidar.  No er han vegvaktar på vegen Lysekloster – Ulven.  Han hev vore med i skulestyret, jordstyret o. m., og var i 1929 – 1934 medlem av heradstyret og formannskapet. 


ÅSEN 4. (Lidarås). 

Haldor Nilsson Midthus, f. 1841, kjøpte i 1883 eit utmarkstykke av br. 1 og busette seg her.  Han hadde fyrr havt bustad i skulehuset på Sjøbøen.  G. 1870 Marta Daniels dir. Vik frå Fjellberg, f. 1851.  Born: Nils, f. 1873, s. n., Daniel, f. 1874, d. ug.  3 gutar døydde unge.  Haldor var lærar i Osbygdi i over 40 år, derav lengste tidi i Lysefj orden.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var m. a. formann i skulestyret, fatigstyret, likningi o. a., og var medlem av heradstyret og formannskapet i 6 valbolkar.  Han var sterkt politisk interessert og var valmann i mange år.  Attåt dette hadde han stor interesse for song og skipa fleire songlag.  S. O. B. 359, 363, 370, 374, 579, 618, 684, 694, 699, 707 o. fl. st.  Han døydde i 1906 og Marta i 1934. 

Nils Haldorsson Midthus, f. 1873, skøytte farsbruket i 1906, og slog saman med dette fleire andre jordstykke som han sjølv, faren og broren hadde kjøpt gjenom åri.  G. 1899 Anna Knuts dtr. Øvredal, f. 1877.  Born: Haldor, f. 1901.  Nils var i mange år lærar i Hegglandsdalen og Lønningdal krinsar med bustad på Tveit, men då faren vart sjuk i 1905 fekk han lærarposten i Lysefjorden etter han og flutte til Åsen.  Han var i mange år formann i fatigstyret og hev m. a. vore styresmann i Os privatbank og Os gamleheim. S. O. B. 370, 374, 376, 618 – 19, 693 o. fl. st. 


ÅSEN 5. (Åserlid). 

Svein Mikkjelson Engjavik frå Fana, f. 1847, som tente i Lysekloster, bygsla ei tuft av br. 2 i 1883, og bygde her.  G. 1876 Kristi Samsons dtr. Ulven, f. 1838.  Born: Anna, f. 1876, syerske i Bergen, Samson, f. 1880, s. n. Svein var treskoarbeidar.  Han døydde i 1919 og Kristi i 1917. 

Samson Sveinson, f. 1880, kjøpte eit jordstykke av br. 1 i 1904, og rydja og bygde her.  Tufti som faren hadde fall attende til hovudbruket.  Samson hev drive med hagearbeid og ymse slag jord- og steinarbeid.