INDRE DRANGE

Frå OS SOGA II side 277 – 286  

21. INDRE DRANGE. 

Garden hev fenge namnet etter bergkollen, på gamall-norsk ein «drangr», som stikk upp vestanfyre garden, millom tunet og sjøen.  Bruket Kollen, uttale Kø’ló, tyder Kolmileplassen, og kjem av at dei her brende kol.  Det hev ikkje noko med ein koll å gjera, og skrivemåten er urett medan segjemåten er rett. 

Uttale: Drå’nje.
Skrivemåtar: Drange (1519), Drang (1563), Dranng (1591), Dranngh (1600), Draange (1675), Dronge (1695). 

Garden ligg ytst ved Lysefjorden, på eidet millom Lysøysundet og Drangsvågen, der denne stikk inn i fastlandet på sørsida av fjorden.  Garden var Lyseklostergard som dei andre i grendi, og vart kjøpt av brukarane i 1870 åri. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Såar 4 tdr. og afler 18 tdr., god brendeskoug till, paalagt at plante homblehagge, under gaarden ehr en støll som faas gres til høe, saa gaarden med støllen ehr estimerit for 1½ løb smør, mens der som støllen bruges fra gaarden da forringes ½ pd. smør og opsideren støllen at bebygge og røde, vil opsideren iche da ombutzmanden frit fore en anden den at bevilgue.  
1723: Ingen sætter men skoug til brendefang og huusfornødenhed, ingen qvern eller fiskeri, maadelig jordart, men tungvunden.  Haver ingen næring uden sin gaards aufl. og nærer sig lidt ved et haandsnøre på søen. 
1865: Har 12 maal dyrket åger og eng, deraf 1 maal godt, 5 maal middels og resten slet, har 73 maal naturlig england, hvoraf 4 maal godt, 30 maal middels og resten slet, 8 maal dyrkbart england, skov til huusbehov men intet at sælge, kan føde 1 kjør og 4 ungnød ved lyng, er middels letbrugt og almindelig drevet.  Til indre Drange er medregnet 1 plads som udgjør 2 maal åger og 11 maal naturlig england, med udsæd 1 td. korn og 2 tdr. poteter, og som kan føde 2 kjør, 2 ungnød, 2 faar og 21 gjeder.  

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571  9     
16681 218   4tun 
17231 1149  3,5» 
1800212       
1835321 1288 5»3tun.
18653222185816212»19»
190052321837 69,5hl.21hl.
192063031429 38mål10m.
193063121854 25,5»7,5»


INDRE DRANGE 1. 

Erik indre Drange vart brukar her i 1605 og er fyrste mann på garden.  Etter alt å døma var han son åt den ekkja som hadde heile Drange til 1597, s. ytre Drange 1.  Då indre Drange var ein ny uppteken gard vart Erik rekna som øydegardsmann, men han sat godt i det og betalte større skatt enn mange av dei vanlege bønder i bygdi.  Me kjenner ein son hans, Erik, f. ikr. 1605, s. ytre Drange 2.  Erik hadde bruket til 1618. 

Anders indre Drange stod som brukar saman med Erik i 1611, og var med å reida ut hermenn til Kalmarufreden.  Me finn Anders nemnd berre det eine året, og veit ikkje korleis hopehavet var millom han og Erik. 

Villum indre Drange vart brukar etter Erik.  Det er ikkje utruleg at Villum her og Villats ytre Drange, s. y. D. 1, er ein og same mannen, og at namnet er feilskrive, slik som det jamt var i gamle dagar.  Villats let garden frå seg på ytre Drange i 1618, nett då Villum kom til indre Drange, so tidi høver godt.  Villum (Villats), som ogso var rekna millom øydegardsmennene, hadde bruket til 1624. 

Bent indre Drange fekk bruket i 1625.  Han stod seg godt og lagde størst skatt av alle øydegardsmennene i Osbygdi.  Kona heitte Anna, og dei hadde ei vaksi taus på bruket i 1645.  Bent og fyremennene hans hadde steilt so godt med garden, at alt i 1630 var indre Drange skyldsett til meir enn det halve av ytre Drange, og i 1650 vart skyldi på desse tvo gardane sett umlag like stor.  Bent døydde i 1649. 
Ekkja Anna indre Drange hadde so garden nokre år. 

Hans Asbjørnson, f. ikr. 1610, bygsla bruket i 1656.  Hans var tvillaust frå Grindevoll, og er truleg den same som hadde eit bruk på Skjeie frå 1636 til 1656, s. S. 1.  Fyrste kona hans, som heitte Synneva, døydde i 1650 åri og han gifte seg att med ei Brita Anders dtr., f. ikr. 1632, som truleg var dotter åt Anders Halhjem.  Av borni kjenner me: Ivar, f. ikr. 1640, s. n., Gjertrud, f. ikr. 1645, g. 1669 Nils Skjeie, s. ytre Lekven 3, Anders, f. 1660, s. n., Anna, f. 1663, g. 1692 Ola Nordstrønen, s. N. 2, Elsebet, f. 1664, Peder, f. 1666, g. 1695 Anna Hans dtr. s. Åsen 1, Kari, f. 1669, d. ug. 1706.  Brita Søvik, s. S. 2, var truleg ogso ei dotter hans.  Hans døydde i 1691 og Brita i 1702. 

Ivar Hansson indre Drange, f. ikr. 1640, vart brukar saman med faren i 1670.  G. 1669 Anna Jons dtr. Vik frå Strandvik, f. ikr. 1650.  Born: Nils, f. 1670, d. ug. 1706, Ragnhild, f. 1674, d. ung, Elsebet, f. 1684.  Ivar døydde alt i 1687, og ekkja flutte då burt og tok yngste dotteri med seg. 

Anders Hansson indre Drange, f. 1660, fekk farsbruket då broren døydde.  G. I. med ei som heitte Synneva, f. ikr. 1660, d. 1714, g. II. 1714 Magdela Anders dtr., som truleg var frå Sperrevik.  Dei fekk 14 born, av dei var tvo tvillingpar, og 11 av borni vaks upp: Hans d. e., f. 1697, d. 1719, Ola, f.1700, g. b. i Bergen, Asbjørn, f. 1703, g. 1732 Mari Søvik, s. S. 2, Brita, f. 1705, s. br. 2, Simon, f. 1709, d. ug. 1739, Ivar, f. 1709, g. b. i Bergen, Nils, f. 1714, d. ug. 1742, Peder, f. 1715, ug., Anders, f. 1716, s. n., Lars, f. 1717, var ei tid busett på Gåssand, Hans, d. y., f. 1719, g. 1746 Guro Sørstraumen, s. indre Moberg 2.  Anders fekk bruket skift i 1726, soleis at eldste dotteri fekk eine parten, s. br. 2.  Han døydde i 1740. 
Ekkja Magdela Anders dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde ikr. 1760. 

Anders Andersson indre Drange, f. 1716, vart brukar etter mori i 1743 og bygsla bruket tvo år etter.  G. 1744 Marta Knuts dtr. Nordvik frå Fana, f. ikr. 1720.  Born: Magdela, f. 1745, s. n., Anders, f. 1752, g. 1781 Synneva Jons dtr. Hovland, b. Sagstad i Fana, s. F, B. 592, Brita, d. e., f. 1754, g. 1779 Jon Søvik, s. S. 2, Brita d. y., f. 1757, g. 1804 Peder Paulson Solbjørgtræet i Samnanger, s. S. B. 165, Anna, f. 1758, g. 1784 Nils Nordstrønen, s. N. 4, Simon, f. 1760.  Ei gjenta døydde ung.  Anders dreiv mykje med fiske og sat godt i det, men stellte lite med garden.  Han hadde fleire sylvstaup i huset og andre sylvsaker attåt.  Både Anders og kona døyde i 1773. 
Då Anders vart brukar etter faren var desse husi på bruket: Ei liti stova med vindaugo og glasrutor i, og med utskot og ein timbra kove i eine gavlen, ei sengebud med vedskytja attåt, ein stall, eit sauehus ved bøgjerdet, eit naust og eit skur til å hengja upp nøter i.  Eldhus, løda og fjos hadde Anders saman med grannen.  Attåt det sams fjoset hadde Anders eit lite kalvefjos, og dertil hadde han ei liti sval på søre sida av den gamle røykstova som grannen no brukte, og hadde rett til å ha ei mjølkehylla eller skåp inne i stova.  Alle husi hadde næver- og torvtak. 

Anders Eivindson Kolle frå Fusa, f. 1736, vart i 1771 gift med Magdela Anders dtr. indre Drange, f. 1745, og vart brukar etter verfaren.  Magdela døydde alt i 1782 og Anders gifte seg att same året med Brita Alfs dtr. Holen, f. 1764.  Born: Eivind, i. 1772, s. n., Ola, f. 1789, s. n.  Anders dreiv fiske likeins som fyremannen og sat godt i det likeins som han.  Ved skiftet etter fyrste kona var det mykje sylvsaker og ei mengd kostesame klær.  M. a. hadde ho eit raudt kyrkje-overliv med 8 gyllte sylvmaljor, og overlivet vart verdsett til 4 dalar, meir enn den beste kui i fjoset var verd.  I 1784 kom Anders upp i ein heil floke.  Eit notlag der 4 karar frå Søvik, tvo frå Fiskaren, ein frå Bjoarvik, ein frå Kalvetræ og tvo frå indre Drange var med, hadde funne ei tunna tran rekande på sjøen.  Dei selde tunna og skifte pengane millom seg.  Anders melde dei til styremaktene for dette.  Karane måtte for retten, og det vart stort uppstyr i grendi.  Notkarane tok Anders Pederson Ulven, som fyrr hadde vore skulemeistar, til «forsvarer» for seg i retten.  Kva endelykti vart veit me diverre ikkje.  Anders døydde i 1811 og Brita i 1827. 

Eivind Andersson indre Drange, f. 1772, bygsla farsbruket i 1800.  G. 1800 Gjertrud Peders dtr. Kalland frå Fana, f. ikr. 1765.  Dei fekk ein son, Anders, f. 1802, men han var døvstum.  Eivind sat godt i det likeins som faren, men han var knipen på skjelingane, og då han døydde, hadde han ikkje betalt skulemeistarløni på 7 år.  Det hadde vore 3 skulemeistarar i den tidi, og alle hadde dei krave løni hjå Eivind, men ingen ting fenge hjå han.  Han døydde i 1822. 
Ekkja Gjertrud Peders dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1826.

Ola Andersson indre Drange, f. 1789, bygsla bruket etter brorkona si i 1824.  G. 1819 Guro Nils dtr. Hjelle, f. 1794.  Born: Nils (tvilling), f. 1829, Eivind, f. 1829, skøyteførar og bygningsmann, g. b. på Fanahamaren, Marta, f. 1833, s. n. Ola dreiv med fiske likeins som fyremennene og bygde ogso båtar.  Han døydde i 1870 og kona i 1863. 

Nils Monsson ytre Drange, f. 1822, vart i 1850 gift med Marta Ols dtr. indre Drange, f. 1833, og vart brukar etter verfaren.  I 1873 kjøpte han bruket av Lysekloster for 700 spd.  Born: Ola, f. 1851, s. n., Mons, f. 1852, g. 1878 Dordi Søvik, s. S. 3, Kristian, f. 1858, s. br. 4, Kristina, f. 1862, g. Engjel Danielson Søvik, i Amerika, Gurina, f. 1865, g. 1891 Lars Sørstraumen, s. S. 2, Ragnhild, f. 1867, g. 1888 Lars Søvik, s. S. 2, Nils, f. 1870, g. 1895 Metta Haugland, s. Søvik 6, Martin, f. 1879, arbeidar på Laksevåg, g. 1901 Nikolina Tomas dtr. Fjelltveit frå Fana.  Nils var båtbyggjar og lærde ogso sønene sine upp i handverket.  Han døydde i 1912 og kona i 1911. 

Ola Nilsson indre Drange, f. 1851, skøytte farsbruket i 1879.  G. 1877 Eli Lars dtr. Søvik, f. 1851.  Born: Anna, f. 1878, s. br. 3, Marta, f. 1880, g. 1912 Eivind ytre Drange, s. y. D. 3, Larsina, f. 1882, g. b. i Amerika, Nils, f. 1885, s. n., Maria, f. 1888, g. 1910 Johannes ytre Drange, s. y. D. 5.  Ola var ein dugande båtbyggjar, og hev gjort mykje til å fremja båtbyggjingi i Os.  Han var den fyrste osing som synte fram Os-båtar på utstilling og fekk påskyning for dei, s. O. B. 197.  I 1930 fekk han Kongen si fortenestmedalje for fremjing av båtbyggjing i Osbygdi.  Ola hev ogso havt ymse kommunale tillitsyrke.  Han døydde i 1938 og kona i 1916. 

Nils Olson indre Drange, f. 1885, skøytte bruket etter faren i 1927.  G. 1912 Anna Sveins dtr. indre Drange, f. 1892.  Born: Ola, f. 1912, trearbeidar, Sverre, f. 1914, trearbeidar, Emil, f. 1916, trearbeidar, g. 1937 Wally Dolores Wilhelmsen frå Fana, Martin f. 1918, Margit, f. 1921, Amanda, f. 1923, Nelly, f. 1925, Alfred, f. 1926, Malvin, f. 1929.  Eit barn døydde tidleg.  Nils er båtbyggjar likeins som faren. 


INDRE DRANGE 2. 

Mons Larsson indre Haugland, f. 1705, vart i 1726 gift med Brita Anders dtr. indre Drange, f. 1705, og fekk bygsla halve indre Drange, med di verfaren let halve garden frå seg til han.  Dette vart sidan serskilt bruk.  Brita døydde straks etter brudlaupet, og Mons gifte seg att i 1728 med Anna Lars dtr. Hauge, f. 1703, dotter åt lensmannen på Hauge.  Av 8 born vaks berre 3 døtre upp: Brita, i. 1731, g. 1753 Peder Åsen, s. Nordstrønen 3, Magdela, f. 1737, s. n., Marta, f. 1742, g. 1774 Jon ytre Drange, s. y. D. 2.  Mons dreiv gardsbruket sitt godt fram, og vart ein av dei mest vyrde og likaste bønder i bygdi.  Han var ein av dei få bønder i Os som hadde både skjelingar og sylvsaker på kistebotnen.  Mons fekk elles lite pengar med kona si.  Lensmann Vinsjans Ballesheim, som vart gift uppatt med lensmannsekkja på Hauge, fekk alle borni hennar til å skriva frå seg morsarven sin, soleis at han sjølv fekk alt det ho åtte og borni fekk ingen ting.  Mons døydde i 1758 og Brita i 1762. 
Mons budde dei fyrste åri saman med verfaren i den gamle røykstova på garden, og dei hadde kvar sin halvpart av stova.  Då verbroren Anders fekk det andre bruket i 1743 fekk han verfaren (vermori) sin part av røykstova og gamlemor måtte då flytja burt i eine kråi.  Men Anders bygde seg straks etter ny stova med vindaugo i, s. br. 1, og Mons fekk då ha den gamle røykstova åleine.  Dei tvo svalene på nore sida og skotet fylgde med bruket og stova, medan Anders fekk rett til å bruka svali på søre sida og ha ei mjølkehylla standande inne i stova, i den same kråi der han sjølv hadde butt fyrr.  Løda, fjoset og eldhuset hadde Mons framleis ilag med grannen, medan han bygde desse husi upp frå nyom:  Eit smalehus ved bøgjerdet, eit naust av stein, ei vedskytja attåt eldhuset og ein timbra kove attåt austre gavlen i røykstova. 

Nils Jonson Sørstraumen, f. 1730, vart i 1759 gift med Magdela Mons dtr. indre Drange, f. 1737, og bygsla bruket etter verfaren.  Born: Mons, f. 1761, s. n., Anna, f. 1768, g. 1793 Anders Nordstrønen, s. N. 1, Ingeborg, f. 1771, g. 1803 Ola Skjeie, s. S. 1.  3 born døydde av koppane i 1779 og eitt nokre år seinare.  Nils dreiv fiske og greidde seg ogso tolleg godt.  Han døydde i 1796 og kona i 1794. 

Mons Nilsson indre Drange, f. 1761, bygsla farsbruket i 1790.  G. I. 1793 Agata Lars dtr. Nordstrønen, f. 1766, d. 1805, g. II. 1806 Kristi Lars dtr. Berge, f. 1779.  Born: Marta, f. 1794, g. 1820 Ola Askvik, s. A. 2, Magdela, f. 1797, s. n., Agata, f. 1807, s. n., Margreta, f. 1816, g. 1850 Jakob ytre Drange, s. y. D. 5, Nils, f. 1820, g. 1850 Kristi Borgen, s. Skjeie 4.  3 born døydde unge.  Mons dreiv fiske likeins som faren, men sat ikkje so lett i det som han eller bestefaren.  Både Mons og Kristi døydde i 1830. 

Anders Paulson Ulven, f. 1790, vart i 1819 gift med Magdela Mons dtr. indre Drange, f. 1797, og vart brukar saman med verfaren.  Dei fekk ein son, Mons, f. 1819, g. 1842 Eli Ulven, s. Skjeie 6.  Anders var i ufredsåri 1810 – 14 med i sjøvernet, og gjorde m. a. tenesta på skonner «Balder», s. O. B. 523.  Han døydde um hausten same året som han var gift. 

Gjert Emanuelson, f. 1801, som var uppfostra på Drange og tente her, vart i 1827 gift med ekkja Magdela Mons dtr. indre Drange og vart brukar saman med verfaren.  I 1831 tok han upp eit nytt bruk på garden og vart sidan buande der, s. br. 3, der ein finn meir um han. 

Johannes Johannesson Askvik, f. 1806, vart i 1831 gift med Agata Mons dtr. indre Drange, f. 1807, og bygsla bruket etter verfaren som døydde året fyrr.  Born: Johannes, f. 1833, s. n., Mons, f. 1835, d. 1850.  Johannes dreiv med fiske og tok til med båtbyggjing, men døydde alt i 1837. 

Ola Olson Askvik, f. 1803, vart i 1838 gift med ekkja Agata Mons dtr. og vart brukar etter Johannes.  Born: Johannes, f. 1839, g. Anna Årnes dtr. ytre Drange, i Amerika, Kristi, f. 1844, g. 1866 Ola Askvik, s. A. 1, Ola, f. 1849, g. 1873 Maria Askvik, s. ytre Haugland 3.  Tvo gjentor døydde unge.  Ola var smed og trearbeidar.  Han døydde i 1875 og Agata i 1896.

Johannes Johannesson indre Drange, f. 1833, bygsla bruket i 1862 etter mori og stykfaren.  I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 600 spd.  G. 1862 Olina Peders dtr. Salbuvik, f. 1840.  Born: Mons, f. 1862, i Amerika, Agata, f. 1864, g. 1895 Lars ytre Haugland, s. y. H. 11, Peder, f. 1866, s. n., Johannes, f. 1868, skomakar i Bergen, g. Johanna Lægreid frå Eidfjord, Kristina, f. 1869, g. Mons ytre Drange, s. y. D. 6, Ola, f. 1870, i Amerika, Agneta, f. 1872, g. 1897 Hans Hansson Åsen, b. Bergen, Knut, f. 1874 i Amerika.  Tvo born døydde tidleg.  Johannes var båtbyggjar likeins som grannane på garden og fyremennene.  Han døydde i 1920 og kona i 1905. 

Peder Johannesson indre Drange, f. 1866, skøytte farsbruket i 1906.  G. 1896 Johanna Haldors dtr. Lysøy, f. 1874.  Born: Olina, f. 1897, Anna, f. 1898, Johannes, f. 1901, båtbyggjar, d. 1938, g. 1930 Ragnhild Lars dtr. Sørstraumen, Harald, f. 1904, g. 1931 Olina Sjøbøen, s. Sperrevik 3, Borghild, f. 1907, lærarinna i Øyane (kallar seg Søvik), Olaf, f. 1910, trearbeidar, Maria, f. 1912, g. Alfred Nilsson Søvik, båtbyggjar, b. Sperrevik.  Tvo gutar døydde unge.  Peder hev vore båtbyggjar likeins som faren.  Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret bolken 1908 – 10.  Kona Johanna døydde i 1938. 


INDRE DRANGE 3. (Kollen). 

Gjert Emanuelson indre Drange, f. 1801, rydja og bygde her i 1831.  Han hadde fyrr vore brukar nokre år saman med verfaren, s. br. 2.  G. 1827 e. Magdela Mons dtr. Indre Drange, f. 1797.  Born: Kristi, f. 1827, g. 1855 Ola Eivindson ytre Drange, b. Bergen, Anders, f. 1829, s. n., Ragnhild, f. 1834, g. 1855 Hans Nilsson Skjeie, b. Bergen.  Gjert dreiv fiske og anna arbeid.  Han døydde alt i 1845. 
Ekkja Magdela Mons dtr. hadde so bruket nokre år. 

Anders Gjertson Kollen, f. 1829, festa bruket etter mori i 1852.  G. 1851 Kari Peders dtr. ytre Lekven, f. 1819.  Born: Gurina, f. 1852, g. b. i Hallingdal, Malena, f. 1854, b. Lekven, Peder, f. 1859, s. n.  Ein gut døydde ung.  Anders var fiskar.  I 1873 vart bruket serskilt skyldsett, og Anders kjøpte det året etter av Lysekloster for 150 spd.  Same hausten døydde han. 
Ekkja Kari Peders dtr. hadde so bruket i heile 7 år.  Ho døydde i 1887. 

Peder Andersson Kollen, f. 1859, skøytte bruket etter mori i 1881. G. 1881 Marta Mons dtr. Skjeie, f. 1851.  Born: Kari Elina, f. 1882, syerske, d. 1914.  Peder dreiv bygningsarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde alt i 1886. 
Ekkja Marta Mons dtr. hadde so bruket eit par år. 

Svein Nilsson Sagstad frå Fana, (foreldre: Nils Larsson Søvik og kona), f. 1866, vart i 1888 gift med ekkja Marta Mons dtr. og fekk bruket.  Marta døydde i 1911, og Svein gifte seg att i 1912 med Anna Ols dtr. indre Drange, f. 1878, som fyrr hadde vore gift med Haldor Søvik, s. S. 3.  Born: Pernille, f. 1889, g. 1922 Johannes ytre Drange, s. y. D. 11, Anna, f. 1892, s. br. 1, Nils, f. 1913, s. n., Haldor, f. 1917, trearbeidar.  Svein driv treskoarbeid attåt gardsbruket. 

Nils Sveinson Kollen, f. 1913, skøytte farsbruket i 1937.  Han er snikkar og trearbeidar. 


INDRE DRANGE 4. (Nyheim, Ullstø). 

Kristian Nilsson indre Drange
, f. 1858, festa i 1883 eit utmarkstykke på garden, der han bygde og busette seg.  G. 1882 Jørgina Jørgens dtr. Bakervik (Nordvik) frå Fana, f. 1856.  Born: Nils, f. 1885, s. n.  Kristian var bygningsmann og trearbeidar.  Han døydde i 1925. 

Nils Kristianson indre Drange, f. 1885, vart brukar etter faren.  I 1920 kjøpte han bruket som var serskilt skyldsett året fyrr.  G. 1908 Kari Elias dtr. ytre Drange, f. 1887.  Born: Kristian, f. 1909, trearbeidar, g. 1935 Klara Sædalen frå Fana, Einar, f. 1916, trearbeidar, Jørgina, f. 1918.  Eit barn døydde tidleg.  Nils arbeider hjå regimentet på Ulven o. a. st.