YTRE DRANGE

Frå OS SOGA II side 287 – 304  

22. YTRE DRANGE. 

Um namnet, uttale og skrivemåtar, sjå indre Drange. 
Garden ligg nærast ut til Drangsvågen.  Eidsvik, uttale Eìvikjo, er viki ved eidet millom Drangsvågen og Krokane. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Saar 5 tdr. afler 18 tdr. heller 20 tdr., brendeskoug till, saa og sildeuog, paalagt at plante homblehagge.  Er en platz under kaldes Ballen som ehr døchtig og bequem og kand oprødes ser jorden uden skade, dersom en iche udaf gaardens besidere vil røde den da veere ombutzmanden frit for en anden den til rødning at unde.  
1723: Ingen sætter men skoug til huusreparation og fornøden brendefang, ingen qvern eller fiskeri, vaadlent og kaald jord, maadeiig letvunden.  
1865: Ytre Drange med 1 plads: Har 21½ maal dyrket åger og eng, af dette kun 4 maal godt, 11 maal middels og resten slet, 102 maal naturlig england, deraf 25 maal godt, 64 middels og resten slet, intet af englandet er dyrk bart, skov til husbrug og 1 opsidder kan sælge furu for 5 spd., kan føde 1½ kjør og 3½ ungnød ved lyng, er letvunden og mere end almindelig godt drevet, har 1 kastevaag med antagen indtægt 36 skilling.  Eidsvig: Har 1½ maal dyrket åger og eng, deraf 1 maal middels og resten slet, har 8½ maal naturlig england, deraf 4 maal godt og resten middels, har kun skov til husbrug, kan føde 1 kjør og 1 ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16572 115 3   
16683 224   5tun 
17233 1268  5,3» 
1800525       
18356451182018 10»6,5tun.
186574223111214417»29»
190085222759 511hl.36hl.
1920158031950 1614,5mål13m.
1930136432091 24,5»12»


YTRE DRANGE 1. 

Ola Drange hadde garden i 1519 og er fyrste mann som me veit namnet på her.  Det er ikkje nemnd fleire brukarar på Drange i dei tider, og Ola hadde tvillaust både ytre og indre Drange, som då var ein gard og eitt bruk. 
Ola Drange hadde garden i 1563 og 1569.  Um det er den same Ola som var brukar i 1519 eller ein annan med same namnet, er uråd å segja.  Ola var som lagrettemann med i 1569 og sagde dom i striden um laksefisket i Oselvi, s. O. B. 217. 

Nils Drange var brukar samstundes med Ola i 1563.  Dei hadde tvillaust ikkje kvar sitt bruk, då me finn heile garden samla i mange år etter den tid.  Me kann tru at Nils var son eller verson åt Ola, og at dei brukte garden ihop i 1560 åri, soleis som me jamt finn det i eldre tider. 
«Ennchenn Dranng» (ekkja på Drange) hadde garden i 1591.  Kven som hadde vore mannen hennar veit me ikkje, men kannhenda var ho ekkja etter Nils.  Ho hadde heile Drange likeins som fyremennene. 

Svein Drange var brukar i 1597 og hadde heile garden.  Etter alt å døma var han gift med den fyrrnemnde ekkja.  Han hadde garden til 1608, men i 1605 vart garden skift i tvo partar, indre og ytre Drange.  Då garden vart skift i sjølve brukstidi åt Svein kann me rekna det for heilt visst, at Erik Drange som fekk den andre parten var son åt Svein si kona frå fyrste giftarmålet hennar. 

Knut ytre Drange vart brukar etter Svein i 1608, og kannhenda var han stykson åt Svein.  I 1611 måtte Knut til Svinesund saman med dei andre osingane for å gjera hertenesta i Kalmarufreden, og drengjen Simon Drange stjorna garden medan Knut var burte.  Knut kom ikkje att til Drange, og truleg døydde han i ufreden. 

Villats ytre Drange vart brukar i 1612, kannhenda ved giftarmål med ekkja etter Knut.  Villats er ikkje noko Osnamn, og ein kunde tru at mannen var frå Bergen.  Han hadde garden til 1618.  Kannhenda flutte han då til indre Drange, s. i. D. 1. 

Didrik ytre Drange fekk garden etter Villats.  Kvar Didrik var frå veit me ikke, men kona som heitte Kristi var tvillaust i ætt med dei fyrre brukarane.  I 1628 gav Didrik garden frå seg, men han kom att seinare, s. n.  Kvifor han måtte gå frå bruket i 1628 veit me ikkje. 

Laurits (Lars) ytre Drange vart brukar i 1628, men var her berre i tvo år.  Då han flutte i 1630 vart garden skift i tvo partar, s. br. 2. 

Arnt Berentson Nagell frå Bergen, f. ikr. 1594, fekk dette bruket då garden vart skift.  Nagell var handelsbodgar i Bergen, og hadde umframt fleire eigedomar i byen ogso Gravdal mylna, Valestrand i Hamre og gardar på Herdla.  Han var ein rik mann som lånte ut pengar og fekk jord i byte.  Kannhenda var det på ein slik måte han ogso vart brukar av Drange.  Nagell vart gift ikr. 1620 med Else Pedersdtr. og dei hadde 8 born.  5 av dei er kjende, og det vart stor ætt etter dei.  Arnt Nagell døydde fyrr 1640. 

Didrik ytre Drange kom att og vart brukar i 1634.  Kvar han hadde vore sidan han flutte i 1628 veit me ikkje.  Han hadde bruket radt til 1656. 

Knut Mattisson Rottingen, f. ikr. 1620, vart brukar etter Didrik.  Kona hans, som heitte Gjerbrigda, var fødd ikr. 1630, men meir veit me ikkje um henne.  Kor mange born dei hadde veit me heller ikkje.  Av born som vaks upp på ytre Drange i desse åri finn me Peder, Ola, Kari, Kristi, Brita, Marta og Magdela, men um alle desse var borni åt Knut er uvisst.  Kannhenda høyrde sume av dei til på br. 2.  Sonen Ola, f. 1667, vart buande på Haukeland, s. H. 1.  Knut døydde i 1667 og Gjerbrigda i 1715. 

Peder Olson, f. ikr. 1634, fekk bruket etter Knut.  Kona heitte Brita Nils dtr.  Kvar Peder og Brita var frå veit me ikkje, og det er uvisst um dei var osingar.  Born: Ola, f. 1669, s. n., Lars, f. 1672, vart i 1700 utskriven til hertenesta og kom ikkje heimatt.  Peder døydde alt i 1678. 

Ola Pederson, f. ikr. 1640 gifte seg med ekkja Brita Nils dtr. og vart brukar her.  Brita døydde i 1696, og Ola gifte seg att straks etter med ei som heitte Barbru, men som me elles ikkje veit noko um.  Ho døydde alt i 1704.  Ola var truleg frå Søvik. Peder Søvik, s. S. 1, hadde ein son Ola buande på ytre Drange, men um det var Ola’n her, eller Ola Pederson på bruk 3 er uvisst. Ola døydde ikring 1715. 

Ola Pederson ytre Drange, f. 1669, vart brukar etter stykfaren.  G. 1717 Marta Bårds dtr., som då tente på Drange, og som truleg var dotter åt Bård Skjeie.  Born: Barbru, f. 1717, d. ug. 1741, Ragnhild, f. 1720, Peder, f. 1722.  Ola greidde seg ikkje på bruket, og flutte burt i 1728 med kona og dei tvo yngste borni.  Kvar det vart av dei seinare veit me ikkje.  Eldste dotteri Barbru var alt komi ut «i tenesta» då faren flutte. 

Elias Olson indre Moberg, f. 1703, bygsla bruket etter Ola.  G. 1730 Kari Ols dtr. Solbjørg frå Samnanger, f. ikr. 1706.  Dei hadde ikkje born.  Elias var ein mykje vyrd mann, var lagrettemann gjenom mange år, og vart m. a. vald som den fyrste innkrevjingsmann av skuleskatt i Osbygdi, s. O. B. 339.  I eit brudlaup hadde ein mann på Krokeid kalla Elias for tjuv, og det var den verste skulding som kunde segjast mot ein mann i dei tider, mykje verre enn å kalla nokon for drapsmann e. 1.  Men Elias var so vyrd i bygdi at ingen trudde på skuldingane, og difor slapp Krokeidmannen frå saki ved å gjeva Elias 2 dalar og «sin hand» (beda han um orsaking). 
Husi på bruket var i Elias si tid: Ei røykstova med sval og skot, ei bud brukt til legerhus med sval og skot, og med vedskytja og hestestall tilbygt i gavlen, eit fjos med skot utanfyre og eit kvernhus.  Løda hadde Elias saman med grannen på br. 3, likeins naustet og eit eldhus, som var heilt bygt av stein.  Attåt dette åtte Elias sin part av den gamle løda som til nyss hadde vore løda for heile ytre Drange, og som no var nytta av br. 2.  Alle husi var i god stand, men røykstova som var svert gamall hadde kleint bordtak. 

På sumartinget 1768 hadde bøndene i Os ymse klagemål å bera fram, og Elias som ogso var lagrettemann målbar klagemåli frå bøndene.  Det største klagemålet galdt at det var vandt å få tenarar på gardane.  Mange gutar tok tenesta i Bergen, og for å sleppa tena so fann mange gutar og gjentor på å gifta seg straks dei vart vaksne.  Bøndene bad «den høye øvrighed forhindre disse store uskikkeligheder til bondens undertrykkelse og fordærvelse». – Elias døydde i 1776. 

Sjur Johannesson vart i 1776 gift med ekkja Kari Ols dtr. og vart brukar her.  Han hadde fyrr vore dreng på Lysekloster og var då gift med Jørna Ellings dtr. som døydde i 1775.  Med Jørna hadde han tvo born, Maria, f. 1772, og Kristi, f. 1774.  Kvar Sjur var frå veit me ikkje, men då han kom til Drange skulda han mykje pengar til ein Johannes Vik i Hardanger, og me tore difor tru at han var frå Hardanger ein stad.  Elles kom Sjur i skuld til alle som hadde krav på han, og i 1778 vart han stemna til tings for skuldig tenarløn, både for si og fyremannen si tid.  Tausi fekk pant i ei ku, og drengjen panta ei ku og ei kviga.  Han greidde heller ikkje sine skyldnader til jordeigaren Formann, og i 1778 måtte han segja bruket frå seg og flutte til Bergen. 
Då Formann nokre år etter skulde krevja han på nytt etter den gamle skuldi, so var Sjur død.  Ekkja flutte attende til Drange, der ho døydde i 1785. 

Salamon Torsteinson Tordalen frå Strandebarm, f. ikr. 1722, bygsla bruket då Sjur flutte.  Salamon hadde fyrr vore brukar på ytre Moberg, s. y. M. 2.  G. I 1753 Marta Mons dtr. Solbjørg frå Strandebarm, f. ikr. 1710, d. 1796, g. II 1798 Ingeborg Kåres dtr. Berhovde frå Hålandsdal, f. 1743.  Av born kjenner me berre tvo, Torstein, f. ikr. 1755, g. 1786 Kari Fredriks dtr. Tveit frå Fusa, d. p. Drange 1795, og Anna, f. ikr. 1757, d. ug. 1828.  Men kannhenda var fleire born fødde fyrr huslyden kom til Os.  Salamon dreiv mykje med jorddyrking, noko som var sers sjeldan i dei tider, og i 1785 fekk han påskyning av «Det nyttige Selskab» i Bergen for arbeidet sitt, s. O. B. 161.  Men han vart ikkje rik av jordarbeidet, og han var uheppen på fleire måtar.  I 1782 sette han upp kvern og sagbruk, men han hadde teke skog uløyves til dette arbeidet og kannhenda nokre furor til, og Formann krov difor at han skulde fara frå bruket.  I 1784 flutte han frå Drange, budde ei tid på Lunde og ei tid på Boga i Fusa, men kom i 1787 attende til ytre Drange der han sidan vart buande i ei liti hytta ved Drangssjøen.  Her livja han seg på ein skrapa måte med fiske o. 1., og då han i 1789 vart kravd for tvo tunnor korn so vitna ålmugen på tinget at han sat i den «usleste fattigdom» og åtte ikkje eit øre til å betala kornet med.  Som den drivande kar Salamon var hadde han fortent ein betre lagnad.  Han døydde i 1802 og siste kona i 1810. 

Nils Monsson Nordstrønen, f. 1750, bygsla bruket etter Salomon i 1784.  G. 1785 Ingeborg Daniels dtr. Forstrønen, f. 1763.  Born: Kari, f. 1787, g. 1809 Ola Nordstrønen, s. N. 2, Agata, f. 1790, g. 1817 Nils Hjelle, s. H. 2, Mons, f. 1793, s. n., Daniel, f. 1799, g. 1825 Agata Sjøbøen, s. S. 1.  Nils var ein drivande kar og var den fyrste som tok båtbyggjingi uppatt i Lysefjorden, s. O. B. 196.  Nils døydde i 1825 og kona i 1829. 

Mons Nilsson ytre Drange, f. 1793, vart brukar etter faren i 1826.  G. 1819 Ragnhild Nils dtr. Røttingen, f. 1794.  Born: Nils d. e., f. 1819, s. br. 2, Hans, f. 1820, s. n., Nils d. y., f. 1822, g. 1850 Marta indre Drange, s. i. D. 1, Daniel, f. 1824, s. br. 6, Kristian, f. 1826, g. 1848 e. Marta Lars dtr. Nordvik, s. F. B. 597, Mons, f. 1828, g. 1857 e. Marta Lars dtr. Nordvik, s. F. B. 597, Ingeborg, f. 1831, g. 1850 Johannes Nordstrønen, s. N. 2, Kristi, f. 1836, g. 1858 Ola Fredrikson Hildershamn, b. Krokeid, s. F. B. 612.  Ei gjenta døydde ung.  Mons var ein dugande båtbyggjar likeins som faren og som broren på Sjøbøen.  Han døydde i 1855 og kona i 1886. 

Hans Monsson ytre Drange, f. 1820, bygsla bruket etter faren.  G. 1846 Kari Jons dtr. Ulven, f. 1817.  Born: Ragnhild, f. 1848, g. 1877 Ola Bjånes, s. Klyva 3, Mons, f. 1851, s. n, Anna, f. 1856, g. 1879 Ola Skogen, s. S. 1.  Ein gut døydde ung.  Hans heldt båtbyggjarkunsten vedlike i ætti.  Han døydde i 1907 og kona 1895. 

Mons Hansson ytre Drange, f. 1851, vart brukar etter faren, og kjøpte bruket av Lysekloster i 1877 for 2400 kr.  G. 1878 Johanna Ols dir. Utgjerdet (Os), f. 1850.  Born: Hans, f. 1879, s. n., Kari, f. 1882, s. br. 7, Ola, f. 1885, styrar på Fana heradsgard, g. Alvilda Mossige, s. F. B. I. 626, Ingebrigt, f. 1888, s. br. 9, Nils, f. 1889, båtbyggjar.  Mons var båtbyggjar og trearbeidar likeins som forfederne.  Han var mykje med i kommunalt arbeid, skulestyre, likning o. a., og var med i heradstyret 1888 – 91 og 1898 – 1907.  Mons døydde i 1923 og kona i 1925. 

Hans Monsson ytre Drange, f. 1879, skøytte bruket etter faren i 1912.  G. I 1902 Margreta Kristoffers dtr. ytre Drange, f. 1878, d. 1925, g. II 1930 Serina Olais dtr. Utgjerdet (Os), f. 1891.  Born: Mons, f. 1902, g. Olga Olais dtr. Åsen, b. Fana, Johanna, f. 1903, b. Bergen, Kristoffer, g. 1937 Klara Elida Blomvik frå Borgund, Kristina, f. 1907, g. 1930 Malvin Nordvik frå Fana, Hilda, f. 1911, Ola, f. 1913, trearbeidar, Helga, f. 1915, b. Bergen.  Hans er båtbyggjar.  Han hev vore med i ymse kommunalt arbeid og var medlem av heradstyret 1917 – 19 og 1923 – 25. 


YTRE DRANGE 2. 

Rasmus Drange vart fyrste brukar her då garden i 1630 vart skift i tvo partar.  Rasmus var fatigmann og var skattefri umlag alle åri. 

Johannes ytre Drange fekk bruket i 1642.  Han hadde ei kona som heitte Kari, og det er umlag alt som me veit um han.  Han døydde i 1656.  Anders Sperrevik var truleg son hans.  Haldor ytre Drange gifte seg med Kari, ekkja etter Johannes, og vart brukar her.  Han døydde alt i 1660. 
Kvar dei 3 ovannemnde brukarar var frå veit me ikkje. 

Steffen Erikson indre Drange, f. ikr. 1605, vart i 1661 gift med Kari, ekkja etter Haldor, og fekk bruket etter han.  Steffen hadde vore gift fyrr og hadde vaksne born då han kom til ytre Drange.  Av borni hans kjenner me: Erik, f. ikr. 1630, s. br. 3, Steffen, f. 1641, g. 1670 Marta Skjeie, s. S. 3, Rasmus, f. 1644, s. n.  Han hadde truleg fleire born, og kannhenda er sume av dei gjentone som er nemnde hjå Knut Drange, s. br. 1, døtterne åt Steffen.  I 1667 hadde Steffen selt ein hest til Knut Våga i Samnanger.  Kjøpesumen var ein dalar i pengar og ein dalar i næver, men Knut vilde ikkje betala og sende hesten attende då han hadde brukt hesten eit år.  Um dette vart det ei rettsak som Steffen vann.  Han døydde i 1670. 

Rasmus Steffenson ytre Drange, f. 1644, vart brukar etter faren.  Kona heitte Sigrid og var fødd ikr. 1647.  Dei fekk 3 born, Brita, f. 1673, Anna, f. 1676, Steffen, f. 1676.  Rasmus døydde alt i 1680, og då ekkja gifte seg uppatt måtte borni ut.  Me finn dei ikkje meir att i Osbygdi. 

Lars Larsson, f. ikr. 1642, vart i 1681 gift med ekkja Sigrid og fekk bruket.  Dei hadde ikkje born.  Lars var anten frå Sørstrønen eller Rottingen.  Lars døydde i 1704 og kona i 1710. 

Anders Johannesson Askvik, f. 1682, bygsla bruket etter Lars.  G. 1704 Åsa Johannes dtr., som var uppfostra i Askvik, f. ikr. 1665.  Dei fekk 7 born, m. a. eit par tvillingar, men 6 av borni døydde fyrr dei vart årsgamle.  Den einaste som vaks upp var sonen Johannes, f. 1712.  Han var gift på Hamre i Fana, men vart seinare busett i Bergen, der han åtte hus.  Anders sat ikkje lett i det, og han vart ikkje gamali, då han kom burt på sjøen i sildefisket vinteren 1713.  Ekkja makta ikkje å sitja med bruket og flutte frå garden. 

Nils Jonson, f. ikr. 1674, vart brukar etter Anders.  Han var gift fyrr han kom til Os med ei som heitte Guro Pauls dtr., f. ikr. 1682.  Kvar Nils og Guro var frå veit me ikkje, men truleg var dei frå Fana.  Born: Jon, f. 1718, s. n., Sesilia, f. 1720, g. 1740 Johannes Arneson Krokeid, Nils, f. 1721, g. 1770 Dordi ytre Drange, s.Balland 1, Guro, f. 1724, d. ug. 1749, Sander, f. 1728, ug.  Tvo born døydde unge.  Nils vart lensmann for Lysekloster i 1715, men var truleg lite skikka for yrket, då han berre hadde det i 5 år, s. O. B. 553.  Han døydde i 1746. 
Ekkja Guro Pauls dtr. hadde so bruket i nokre år. 

Jon Nilsson ytre Drange, f. 1718, fekk bruket etter mori i 1749.  G. I. 1750 Ingeborg Jons dtr. Sørstraumen, f. 1726, d. 1772, g. II 1774 Marta Mons dtr. indre Drange, f. 1742.  Av 9 born vaks 4 upp: Guro, f. 1756, ug., kom burt på sjøen 1788, Ingeborg, f. 1758, d. ug. 1779, Kari, f. 1767, s. n., Nils, f. 1774.  Jon greidde seg ikkje på bruket og let det frå seg i 1777. 
Då Jon vart brukar på garden, var desse husi på bruket: Ei røykstova med skot og sval, ei sengebud med skot og tvo svaler attåt, eit fjos med tvo svaler på sida, eit timbra eldhus som elles var skralt, eit smalehus som var til nedfalls, og den eldgamle løda som hadde høyrt til heile garden og som grannane enno åtte helvti i. 


Ola Rasmusson ytre Drange, f. 1740, vart brukar etter Jon i 1777.  G. 1776 Anna Lars dtr. Nordstrønen, f. 1746.  Ola greidde heller ikkje å sitja med bruket og i 1780 flutte han til Hildershamn (Askvik) og busette seg der.  Sjå um han og huslyden under Askvik 4. 

Jon Nilsson ytre Drange, s. o., tok no atter mot bruket, som han sa frå seg 3 år fyrr.  Det fyrste han gjorde då han kom att var å byggja nytt kvernhus.  No greidde han seg tolleg godt og sat med bruket til han døydde i 1796.  Kona døydde 3 år etter.

Arne Andersson Kalvetræ, f. 1762, vart i 1796 gift med Kari Jons dtr. ytre Drange, f. 1767, og vart brukar etter verfaren.  Han hadde elles bygsla bruket tvo år fyrr giftarmålet.  Born: Guro, f. 1796, s. n.  Eit tvillingpar døydde tidleg.  Arne var båtbyggjar likeins som dei andre på garden.  Han døydde i 1845 og kona i 1842. 

Vinsjans Jonson indre Moberg, f. 1792, vart i 1819 gift med Guro Arnes dir. ytre Drange, f. 1796, og bygsla same året bruket etter verfaren.  Guro døydde i 1838 og Vinsjans gifte seg att året etter med Marta Hans dtr. Heggland, f. 1798.  Vinsjans og Guro fekk 14 born, og av dei vaks 9 upp: Anna, f. 1820, b. Bergen, Arne, f. 1822, d. ug. 1857, Jon, f. 1824, sjømann, b. Bergen, Johanna, f. 1825, b. Fana, Kari (tvilling), f. 1830, d. ug. 1882, Gjertrud, f. 1830, b. Fana, Anders, f. 1832, d. ikr. 1850, Nils, f. 1834, Gurina, f. 1836, d. ikr. 1850.  Vinsjans dreiv båtbyggjing og var notbas.  I 1832 hadde han 3 mann frå ytre Drange, 3 frå indre Drange, 2 frå Balland, 1 frå Bjoarvik, 1 frå Salbuvik og 1 frå Hagevik med i notlaget sitt.  Vinsjans vart ikkje gamall då han døydde alt i 1841. 

Nils Monsson ytre Drange, f. 1819, vart i 1842 gift med ekkja Marta Hans dtr. og fekk bruket, som han kjøpte frå Lysekloster i 1872 for 700 spd.  Borni etter fyrste mannen åt Marta reiste ut etter kvart til Fana eller til Bergen, og det kom ikkje nye born til i huset.  Nils var smed og kjend for at han laga gode bitjarn.  Både han og kona døydde i 1880. 

Tormund Pederson ytre Haugland, f. 1855, kjøpte bruket av Nils i 1879.  G. 1879 Johanna Kristoffers dtr. Rottingen, f. 1853.  Born: Peder, f. 1881, s. n., Kristoffer, f. 1885, g. 1914 Berta Johanne Langlo, s. Søfteland 33, Ingeborg, f. 1890, g. 1916 Mons Lepsø, s. Skjeie.  3 born døydde unge.  Tormund var bøkkar og trearbeidar.  Han døydde i 1932 og Johanna i 1934. 

Peder Tormundson ytre Drange, f. 1881, skøytte farsbruket i 1911.  G. 1904 Helgina Endres dtr. Marøy frå Tysnes, f. 1883.  Born: Tormod, f. 1905, g. Gurina Nordvik frå Fana, Karina, f. 1907, g. Peder Tefre, gardbrukar på Hjellestad i Fana, Borghild, f. 1908, g. Ansgar Vold frå Bodø, sjømann, Edvard, f. 1909, arbeidar, Ola, f. 1913, Johannes, f. 1915, Georg, f. 1917, Alf, f. 1919, Magny, f. 1922, Lilly, f. 1924, Erna, f. 1926.  Eit barn døydde tidleg.  Peder driv med ymse jord- og steinarbeid attåt gardsbruket. 


YTRE DRANGE 3. 

Erik Steffenson ytre Drange, f. ikr. 1630, fekk i 1655 ein liten part av farsbruket og vart fyrste brukar her.  Erik vart rekna som husmann og sat smått i det.  Kona heitte Barbru.  Erik døydde alt ikring 1663. 

Jon Mattisson indre Haugland, f. ikr. 1632, vart ikring 1663 gift med ekkja Barbru ytre Drange og fekk bruket.  Av borni deira kjenner me: Kari, f. ikr. 1664, Anders, f. 1666, g. 1694 Anna Bjoarvik, s. B. 1, Elsa, f. 1669, Mattis, f. 1672, g. 1695 Kristi Askvik, s. A. 3, Lars, f. 1673, Anna, f. 1675, g. 1706 Ola Lysøy, s. L. 1, Jon, f. 1678, g. 1702 Anna Eriks dtr., s. Lysekloster 2.  Jon døydde i 1678. 
Garden vart no skift slik at dette bruket vart jamstort med dei tvo grannebruki. 

Ola Pederson vart brukar etter Jon i 1679.  Det er sumt som tyder på at han då vart gift med ekkja etter Jon, Barbru, og fekk bruket med henne, men dette er knapt rett.  Samanhengen er truleg den at Ola i 1679 vart gift med ei av dei eldste døtterne åt Barbru, Kari eller Elsa, og fekk bruket etter vermori.  Kona døydde ikr. 1700, og Ola gifte seg att med ei som heitte Magdela Ols dtr., f. ikr. 1670.  Born: Dordi, f. 1680, s. n. Mons, f. 1681, Anders, f. 1682, g. 1711 Kari Særvoll, s. Skjeie 3, Marta, f. 1682, g. 1711 Jon Storum, s. S. 2.  Tvo gjentor døydde unge.  Kvar Ola var frå er noko uvisst, men kannhenda var han frå Søvik, sjå ogso um Ola Pederson på br. 1.  Då Ola døydde i 1736 vart han uppgjeven til å vera 106 år gamall, men det er lite truleg at han var over 100 år.  Siste kona hans livde til 1751. 

Ola Rasmusson Søvik, f. 1677, vart i 1700 gift med Dordi Ols dtr. ytre Drange, f. 1680, og fekk bruket etter verfaren.  Born: Marta, f. 1701, g. 1728 Steffen Ulven, s. Kuven 3, Rasmus, f. 1702, s. n., Barbru, f. 1705, g. 1736 Jon Skjeie, s. Askvik 1, Lars, f. 1706, d. ug., Mons, f. 1708, d. ung, Ingjerd, f. 1710, d. ug. 1751, Nils, f. 1712, g. 1742 Marta Skjeie, s. Søfteland 5.  Ola sat godt i det, hadde stor buskap på garden og åtte m. a. ein part i Gjemdal og tridjeparten av garden Lid i Tysnes.  Ola vart ikkje gamall.  Vinteren 1713 var han ute i vårsildfisket på båt ilag med grannen Anders ytre Drange, og ein stormdag kom dei begge burt på sjøen.  Ekkja Dordi Ols dtr. hadde so bruket i heile 8 år.  Det var svert sjeldan at ei ekkja med gard gjekk so lenge fyrr ho vart gift att, men truleg må dei mange småborni i stova her ha skremt friarane burt. 

Lars Monsson, f. ikr. 1694, som var dreng på garden gifte seg i 1721 med ekkja Dordi Ols dtr. og fekk bruket.  Kvar Lars var frå veit me ikkje, men han var truleg ikkje osing.  Dordi døydde i 1734, og Lars gifte seg att året etter med Eli Ivars dtr. Nordstrønen.  Han flutte då til Nordstrønen, s. N. 5, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Rasmus Olson ytre Drange, f. 1702, vart brukar saman med stykfaren i 1724 og hadde bruket åleine frå 1735, då stykfaren flutte til Nordstrønen.  G. 1726 Magdela Eivinds dtr. Storum, f. 1701.  Born: Ingjerd, f. 1725, g. 1755 Johannes Askvik, s. A. 2, Dordi, f. 1730, g. 1770 Nils ytre Drange, s. Balland 1, Magdela, f. 1737, d. ug., Ola, f. 1740, s. br. 2, Kari, f. 1741, g. 1777 Nils Jakobson Kuven, Eivind, f. 1743, s. n., Brita, f. 1750, g. 1779 Lars Nordstrønen, s. N. 3.  Rasmus, vart som ung gut utskriven til sjøvernet og var på veg til Kjøpenhamn då den store ufreden stogga.  Rasmus var ein mykje vyrd mann, og sat lenge godt i det likeins som faren.  Etter at kona døydde i 1764 gjekk det nedover med han i alle måtar.  Han fall frå i 1771. 
Husi på bruket var desse då Rasmus budde her: Ei gamall røykstova med skot og sval, ei sengebud med skot og ein timbra kove attåt, ei vedskytja, eit fjos med sval framanfyre og stall bygt attåt, ein skinflor bygd i 1747, og eit kvernhus som var kjøpt og flutt hertil.  Løda, eldhus og naust hadde Rasmus i lag med grannen på br. 1, og attåt dette åtte han fjordeparten i den gamle gardsløda som no vart nytta av br. 2.  Alle husi hadde torvtak og dei fleste var gamle og skrale.  Smalehuset var ramla ned, og Rasmus bygde ikkje det upp att. 

Eivind Rasmusson ytre Drange, f. 1743, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1772 Lisbet Jons dtr. Hovland, f. 1744.  Dei fekk tvo born, Rasmus, f. 1773, s. n., og Magdela, f. 1776, ug.  Eivind sat tolleg godt i det, men han heldt husi sine svert kleint, og kom upp i mykje musk med grannane og med ætti si, serleg med verbroren Nils Balland.  Han kom ogso i strid med jordeigaren på Lysekloster um skogen, men dette enda med forlik.  Eivind døydde i 1813 og kona 3 år seinare. 

Rasmus Eivindson ytre Drange, f. 1773, vart brukar etter faren i 1813.  G. 1798 Kari Ols dtr. Nordstrønen, f. 1774.  Born: Ola, f. 1800, dreng på Ulven og drukna i Ulvenvatnet 1824, Lisbet, f. 1803, g. 1838 Ola Sundøy, s. Holen 1, Eivind, f. 1806, s. n., Engjel, f. 1812, g. 1837 Kari Nils dtr. Røttingen, Kristoffer, f. 1815, sjømann, Rasmus, f. 1819, g. 1844 Ingeborg Sørstrønen, s. Forstrønen 3.  Tvo born døydde unge.  Rasmus var båtbyggjar likeins som grannane og dreiv mykje med fiske.  Han kom upp i dei same stridar som faren både med grannane og jordeigaren.  I 1830 åri hadde Rasmus selt timber or skogen til folk på Søre Neset, og jordeigaren på Lysekloster krov no at Rasmus skulde flytja frå bruket, avdi han hadde selt skog uløyves.  Rasmus nekta å segja bruket frå seg, og då han stødt greidde sine skyldnader, fekk han sitja på bruket.  Formann truga no berre med at ingen av Rasmus si ætt skulde få bygsla garden etter han, og dette vart røyndom.  Rasmus døydde i 1845 og kona i 1843. 

Eivind Rasmusson ytre Drange, f. 1806, vart brukar saman med faren i 1830.  G. 1829 Herborg Halvards dtr. Sundøy, f. 1803.  Born: Rasmus, f. 1830, Eivind, f. 1833, Kari, f. 1835, Anna, f. 1838.  Eivind fekk ikkje bygsla farsbruket av Formann, og i 1838 måtte Eivind og huslyden hans flytja frå Drange.  Dei vart sidan buande i Sund. 

Eivind Sjovatson ytre Drange (Eidsvik), f. 1795, bygsla bruket i 1838.  Han hadde fyrr vore busett på Ulven, s. U. 3.  G. I. 1824 Kari Ols dtr. Nordstrønen, f. 1798, d. 1842, g. II. 1842 Malena Ols dtr. Nordstrønen, f. 1819.  Born: Jakob, f. 1824, s. br. 5, Ola d. e., f. 1828, g. 1855 Kristi Gjerts dtr. indre Drange, b. Solheimsviki ved Bergen, Kristen, f. 1831, d. 1851, Johannes, f. 1833, g. 1866 Larsina Balland, s. Nordstrønen 12, Eivind, f. 1837, g. 1866 Vilhelmina Vilhelms dtr. Schønberg frå Bergen, b. Drange, d. 1894, Kari, f. 1843, g. Helge Hjørnevik, b. Bergen, Nils, f. 1846, s. n., Ola d. y., f. 1849, brandkonstabel i Bergen, Kristen, f. 1853, i Amerika, Gjertrud, f. 1860.  4 born døydde unge.  Eivind dreiv med skogarbeid og fiske.  Han døydde i 1875, og ekkja Malena livde 40 år etter han, då ho døydde fyrst i 1915, 96 år gamall. 

Nils Eivindson ytre Drange, f. 1846, vart brukar etter faren, og kjøpte bruket av Lysekloster i 1875 for 700 spd.  G. I. 1876 Marta Hans dtr. Lerøy frå Sund, f. 1847, d. 1879, g. II. 1881 Hansina Elias dtr. indre Moberg, f. 1855.  Born: Eivind, f. 1882, s. n., Kristina, f. 1884, g. gardbrukar Nils Grimstad, b. Grimstad i Fana, Marta, f. 1886, g. 1914 Jon Flatøy, s. Forstrønen 3, Elias, f. 1891, vaktmeistar ved Hønefoss fengsel, g. Sofia Halsør, Malena, f. 1884, g. 1915 Jon Skåtøy, s. Balland 4, Jon, f. 1896, vaktmann på Dale kraftanlegg, g. Esther Lauritsen frå Oslo, Johannes, f. 1899, bøkkar i Bergen, g. Helga Svindal.  Eit barn døydde tidleg.  Nils var båtbyggjar.  Han hadde ymse tillitsyrke og var m. a. med i heradstyret 1884 – 87.  Han døydde i 1927 og Hansina i 1903. 

Eivind Nilsson ytre Drange, f. 1882, skøytte farsbruket i 1925.  G. 1912 Marta Ols dtr. indre Drange, f. 1880.  Born: Hanna, f. 1913, d. 1924, Elida, f. 1914, g. 1934 Jon Engjelson Søviknes, Nils, f. 1916, båtbyggjar, Olea, f. 1918, Ola, f. 1920.  Eivind er båtbyggjar likeins som faren. 


YTRE DRANGE 4. (Eidsvik). 

Sjovat Kristenson Buskengen (Lysekloster), f. på Vik i Kvam ikr. 1735, rydja og bygde her i 1780.  I 1792 fekk han bygsla bruket.  G. I. 1764 Herborg Tollefs dtr. Århus frå Kvam (syskenborn), f. ikr. 1740, d. 1789, g. II. 1790 Gjertrud Eivinds dtr. Hetleflåten, f. 1751.  Born: Ranveig, f. 1769, g. 1806 Johannes Ulven, s. U. 3, Sigrid, f. 1774, d. 1792, Sjovat, f. 1791, sjømann, Eivind, f. 1795, s. br. 3.  3 born døydde unge.  Sjovat sat svert smått i det.  Fyrr han kom til Drange, hadde han i fleire år vore gardstyrar på indre Moberg, s. i. M. 2og 5.  Han var ein ihuga skyttar, og i 1782 måtte han og fleire andre for retten avdi dei i fleire år hadde gjenge etter «dyr» (hjort) i Ulvenmarki.  Då ingen kunde prova at skyttarane verkeleg hadde skote dyr fall saki burt.  Sjovat og Gjertrud døydde begge i 1815. 

Stein Sveinson ytre Lekven, f. i Bjørnen 1786, bygsla bruket då Sjovat døydde.  G. 1817 Kari Jons dtr. Kuven, f. 1797.  Born: Jon, f. 1818, g. b. i Sund, Svein, f. 1821, g. 1846 Ingeborg Garvik, s. Balland 2, Jørgen, f. 1823, s. n., Kari, f. 1827, ug., Eneberg, f. 1829, d. 1836 ved at ein stein fall ned og slog han ihel.  Stein var fiskar og streva hardt for å greida seg.  Han døydde alt i 1829. 
Ekkja Kari Jons dtr. hadde so bruket i over 20 år og greidde fostra upp borni sine.  Ho livde til 1873. 

Jørgen Steinson Eidsvik, f. 1823, bygsla bruket etter mori i 1850 og kjøpte det av Lysekloster i 1874 for 180 spd.  G. 1853 Eli Ols dtr. Bruarøy (Røttingen), f. 1829.  Born: Stein, i. 1853, g. 1881 Marta Halhjem, s. Røttingen, Kristoffer, f. 1854, kom burt på sjøen 1882, Kari, f. 1859, d. ug. 1924, Ola, f. 1862, i Amerika, Nils, f. 1864, s. n., Svein, f. 1866, d. 1874, Maria, f. 1870, d. ug. 1899, Ingebrigt, f. 1872, b. Fanavoll i Fana.  Tvo born døydde unge.  Jørgen var fiskar og dreiv med treskoarbeid.  Han døydde i 1883. 
Ekkja Eli Ols dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1913. 

Nils Jørgenson Eidsvik, f. 1864, skøytte bruket etter mori i 1888.  G. I. 1889 Marta Hans dtr. Skår frå Strandvik, f. 1858, d. 1893, g. II. 1894 Larsina Lars dtr. Røttingen, f. 1869.  Born: Jørgina, f. 1889, s. n., Margreta, f. 1890, g. 1908 Karl Knutson Bakervik (Nordvik) i Fana, s. F. B. 601.  Tvo born døydde unge.  Nils var fiskar og treskoarbeidar likeins som faren.  Han døydde i 1934. 

Jørgen Knutson Bakervik (Nordvik) frå Fana, f. 1887, vart i 1913 gift med Jørgina Nils dtr. Eidsvik, f. 1889, og fekk skøyte på bruket etter verfaren i 1929.  Born: Borghild, f. 1914, Margit, f. 1915, Laura, f. 1917, Knut, f. 1920, Nelly, f. 1922, Hans, f. 1928.  Jørgen var styrar på Lysøy til 1917, då han flutte til Eidsvik og dreiv steinarbeid og anna anleggsarbeid.  I 1933 tok han atter styrarposten på Lysøy. 


YTRE DRANGE 5. (Træet, Hovdhaugen). 

Jakob Eivindson ytre Drange, f. 1824, fekk festa ein part av farsbruket og bygde her ikring 1855.  G. 1850 Margreta Mons dtr. indre Drange, f. 1816.  Born: Kristen, f. 1851, d. ung, Kristina, f. 1853, s. n.  Jakob var fiskar o. a.  Han døydde i 1883 og kona i 1894. 

Kristoffer Hansson Røttingen, f. 1851, vart i 1875 gift med Kristina Jakobs dtr. ytre Drange, f. 1853, og vart brukar etter verfaren.  Bruket vart no serskilt skyldsett, og Kristoffer kjøpte det av Lysekloster i 1875 for 90 spd.  Born: Hans, f. 1875, i Amerika, Margreta, f. 1878, s. br. 1, Jakob, f. 1880, ug., arbeidar i Bergen, Kristen, f. 1882, g. 1904 Inga Søreide, s. Nordstrønen 12, Johannes, f. 1885, s. n., Ola, f. 1888, g. 1913 Gurina Åsen, s. Å. 2, Nils, f. 1894, g. 1923 Dina Søvik, s. Os, Kristian, f. 1897, byggmeistar, g. Velina Krokeid, b. Krokeid i Fana, Edvin, f. 1900, d. 1921.  Kristoffer var bygningsmann og trearbeidar.  Han døydde i 1929 og kona i 1937.

Johannes Kristofferson ytre Drange, f. 1885, skøytte bruket etter faren i 1917.  G. I. 1910 Maria Ols dtr. Indre Drange, f. 1888, d. 1932, g. II. 1936 Karta Jons dtr. Salbuvik, f. 1893.  Born: Kristina, f. 1912, d. 1933, Kristoffer, f. 1916, bygningsmann, Ola, f. 1917, trearbeidar, Eilef, f. 1919, Edvin (tvilling), f. 1923, Elsa, f. 1923.  Ein gut døydde ung.  Johannes reiser som mann på seglbåt (lystsiglar) um sumaren.  Han hev m. a. vore med i heradstyret 1929 – 34 og er attvald for 1938 – 40.  


YTRE DRANGE 6. (Dalen). 

Daniel Monsson ytre Drange, f. 1824, rydja og bygde på ein part av farsbruket i 1856.  Bruket vart serskilt skyldsett i 1876, og Daniel kjøpte det av Lysekloster i 1881 for 990 kroner.  G. 1853 Gurina Vinsjans dtr. Buena (Søvik), f. 1831.  Born: Mons, f. 1854, s. n., Vinsjans, f. 1857, arbeidar i Solheimsviki ved Bergen, g. I. 1882 Kari Jons dtr. Nordvik frå Fana, g. II. 1888 Kari Eivinds dtr. ytre Drange, Brita, f. 1861, d. 1880, Ragnhild, f. 1864, g. 1889 Johannes Olson Sundøy, b. Nordbø i Samnanger, s. S. B. 218, Kristian, f. 1867, g. 1890 Kristi Holsund, s. Berge 6, Nils, f. 1872, g. 1906 Lina Bø, s. Bø.  Daniel var båtbyggjar og hadde notbruk.  Han døydde i 1893 og kona i 1881. 

Mons Danielson ytre Drange, f. 1854, skøytte farsbruket i 1885.  G. I. 1879 Larsina Knuts dtr. Ferstad, f. 1846, d. 1904, g. II. 1905 Kristina Johannes dtr. indre Drange, f. 1869.  Born: Gurina, f. 1884, d. 1900, Daniel, f. 1906, s. n., Sigurd, f. 1908, målar, g. 1936 Sigrid Pettersen, b. Bergen.  6 born døydde tidleg.  Mons var båtbyggjar og trearbeidar som dei fleste av grannane.  Han døydde i 1913. 
Ekkja Kristina Johannes dtr. hev stjorna bruket sidan mannen døydde.  

Daniel Monsson ytre Drange, f. 1906. driv no farsbruket saman med mori.  G. 1927 Maria Johannes dtr. Lunden, f. 1910.  Born: Mons, f. 1927, Laila, f. 1936.  Daniel driv ein liten treskofabrikk på garden. 


YTRE DRANGE 7. 

Elias Andersson Døsen, f. 1856, kjøpte i 1881 ein part av br. 2 og busette seg her.  G. 1880 Guro Ols dtr. Ytre Haugland, f. 1855.  Born: Anders, f. 1881, s. n., Ola, f. 1885, i Amerika, Kari, f. 1887, g. Nils indre Drange, s. i. D. 4, Johannes, f. 1890, s. br. 11, Anna, f. 1894, g. Johan Nikolaison Rindedalen, b. Bergen.  Ei gjenta døydde ung.  Elias var sjømann men dreiv seinare med byggjearbeid.  Han døydde i 1909 og kona i 1930. 

Anders Eliasson ytre Drange, f. 1881, skøytte farsbruket i 1909.  G. 1913 Kari Mons dtr. ytre Drange, f. 1882.  Born: Gurina, f. 1914, Johanna, f. 1916, Elias, f. 1918.  Anders er bygningsmann og trearbeidar. 


YTRE DRANGE 8 (Pøylo). 

Nils Hansson Ulven, f. 1841, flutte hertil i 1888, då han selde bruket sitt som han fyrr hadde havt på Balland, s. B. 2.  G. I 1868 Brita Anders dtr. ytre Haugland, f. 1837, d. 1898, g. II 1899 Ingeborg Nils dtr. Skavhella (Eide), f. 1859.  Då han vart gift andre gongen flutte han til Skavhella, s. Eide 3, men kom nokre år etter attende til ytre Drange og vart sidan buande her.  Um huslyden hans, s. Balland 2.  Nils døydde i 1923. 

Hans Nilsson ytre Drange, f. 1871, vart busett her etter faren saman med stykmori.  Hans hev reist tilsjøs i mange år og gjort tenesta som timbermann umbord.  Han driv no med fiske og ymse anna arbeid. 


YTRE DRANGE 9. (Lyshaug). 

Ingebrigt Monsson ytre Drange, f. 1888, fekk i 1910 eit stykke av farsbruket, der han bygde og busette seg.  G. I. 1908 Hilda Haldors dtr. Lysøy, f. 1887, d. 1921, g. II 1923 Engelina Sveins dir. Bergsiø (Søfteland), f. 1887.  Born: Mons, f. 1909, målar, g. 1931 Petra Mikkelsen, b. Bergen, Haldor, f. 1910, Jon, f. 1912, Malena, f. 1914, g. 1934 Mons Sædal frå Fana, Klara, f. 1917, Odd, f. 1919.  Ingebrigt er bygningsmann og snikkar og arbeider for det meste i Bergen. 


YTRE DRANGE 10 (Hegglund, Uren). 

Sjur Larsson Røttingen, f. 1880, kjøpte i 1912 eit jordstykke av br. 4 og busette seg her.  G. 1903 Ingeborg Ols dtr. Otteraaen frå Fitjar, f. 1877.  Born: Henrik, f. 1906, fiskar, g. Agnes Mons dtr. frå Hamre, Lars, f. 1909, trearbeidar, g. Jensine Jensen, Hans, f. 1912, fiskar.  Tvo born døydde unge. Sjur hev farty og driv mykje med fiske.


YTRE DRANGE 11 (Bjørkhaug). 

Johannes Eliasson ytre Drange, f. 1890, kjøpte i 1932 ein part av br. 2 og bygde her.  G. 1922 Pernilla Sveins dtr. indre Drange, f. 1889.  Fosterson: Norvald, f. 1921.  Johannes var i mange år postopnar og styrar av Lysefjordens handelslag på Buena, men driv no handel i huset sitt på Drange og hev telefonstasjon der.