BALLAND

Frå OS SOGA II side 305 – 312  

23. BALLAND 

Namnet kjem av bali, ein rygg eller rind langs ei strand.  Plassen hev truleg fyrst havt namnet Balane og er skrive for Balen og Ballen i 1668.  Gardsnamnet hev soleis upphaveleg ikkje noko med -land å gjera.  Gardvik er viki der den gamle «garden», skiftegjerdet, millom Drange og Balland gjekk ned.  Skotøy, utt. Skø’tøio, hev tvillaust namnet sitt frå den tidi då her var landings- og lasteplass for skotteskipi.  Me finn fleire gonger nemnt at skotteskip tok timber og andre trevaror inn her.  Sundet millom øyi og fastlandet fekk ogso namnet Skotesundet.  Skrivemåten i matrikulen Skåte-sundsjøen er heilt burt i notti. 

Uttale: Ba’lann.

Skrivemåtar: Balen (1668), Baland (1669) på Balan, Ballan (1675), Ballene (1678), Ballane (1680), Balland (1723). 

Garden ligg på neset millom Drangsvågen og fjorden utanfyre.  Skotøy ligg på vestsida av neset nær landet.  Lysekloster åtte garden til 1870 åri då brukarane kjøpte han. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: (Sjå ytre Drange).
1723: Ingen sætter men skoug til fornødenhed og ei videre, ingen qvern eller fiskerie, temmelig god jordart, men dog uvis til korn og meget tungvunden.  Er nyt brug, husmandsplads under ytre Drange.  
1865: Balland med 1 plads: Har 4 mål dyrket åger og eng, hvoraf 2 mål middels og resten slet, har 24 mål naturlig england, deraf intet godt, 11 mål middels og resten slet, intet af dette kan dyrkes, kun skov til husbehov, kan føde 1 kjør og 1 ungnød ved skav og lyng, er letbrugt og almindelig drevet. 
Garvig: Har 1 mål middels dyrket åger, 4 mål naturlig england, hvoraf 2 mål godt og 2 middels, intet dyrkbart, kun skov til husbehov, kan føde 1 ungnød ved lyng, er meget letbrugt og middels drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje,tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
1657         
1668        tun 
17231  71  1tun. 
180116       
1835212 58  3»2tun.
1865313 10311914»6»
190063221216 22hl.12hl.
1920635 67 22mål4mål
1930732 839 11»4,5»


BALLAND 1 

Kven som bygde på Balland fyrst veit me ikkje.  Etter merknaden til ytre Drange i matrikulen 1668 var Balland då ikkje rydja, men truleg var det ein mann som alt då hadde sett upp eit hus der.  I 1669 var Kari Balland fadder i Os kyrkja, og då ho var huvegudmor på eit gjentebarn so kunde ein tru at ho var ugift.  Men i 1672 og 1675 bar ho eit barn til dåpen, so ho var nok kona på Balland likevel, og då var Brita Balland huvegudmor.  I 1678 var Sissela Balland det same, og Brita og Sissela var truleg døtterne til Kari Balland.  Mannen finn me ikkje nemnd, men Kari finn me som fadder ogso burt i 1680 åri.  Etter dette kann me tru at det kom buande folk på garden ein gong i 1660 åri. 

Didrik Jakobson Sundøy, f. 1660, vart brukar her i 1686, og var truleg den fyrste mann som rydja bruket her.  G. 1685 Kari Lars dtr., f. ikr. 1660, som truleg var dotter åt Lars Sørstrønen.  Born: Jakob, f. 1688, kom burt på sjøen i sildefisket 1713, Brita, f. 1691, g. 1720 Jon Valle, s. Hovland 2, Nils, f. 1698, d. 1708, Kristoffer, f. 1703, g. 1728 Marta Storum, s. Bø 3.  Didrik og kona døydde begge i 1719 etter å ha gjeve bruket frå seg nokre år tidligare. 

Åmund Pederson, f. ikr. 1680, vart brukar etter Didrik ikr. 1712.  Kvar Åmund var frå veit me ikkje, men me tore tru at han var frå Hardanger.  Ein mann som var skriven for «Asbjørn Pedersøn Aakre i Hardanger» vart verja for borni då Åmund døydde, og var truleg bror hans.  Kona som heitte Sissela Vigleiks dtr., f. ikr. 1690, var tvillaust ogso frå Hardanger.  Born: Guro, f. 1714, Sisseta, f. 1716, s. n., Herborg, f. 1725, d. ug. 1785, Anna, f. 1726, g. 1752 Ola Nordstraumen, s. N. 1, Brita, f. 1730.  Ei gjenta døydde ung.  Åmund sat svert tungt i det.  Han døydde i 1736. 
Ekkja Sissela Vigleiks dtr. hadde so bruket eit par år. 

Asbjørn Erikson Olsvik frå Loddefjord, f. ikr. 1710, vart i 1739 gift med Sissela Åmunds dtr. Balland, f. 1716, og fekk bruket etter vermori.  Born: Barbru, f. 1742, d. ug. 1823, Sissela, f. 1746, d. ug. 1782, Åmund, f. 1750, d. 1764.  Ei gjenta døydde tidleg.  I 1770 flutte Asbjørn og kona frå Balland, men me veit ikkje kvar dei tok vegen. 

Nils Nilsson ytre Drange, f. 1721, vart brukar då Asbjørn flutte.  G. 1770 Dordi Rasmus dtr. ytre Drange, f. 1730.  Dei fekk ikkje born.  Nils greidde seg tolleg godt, men han sat ikkje lenge med bruket.  Då kona døydde i 1778 gav han bruket frå seg.  Kannhenda gjorde det noko at han kom i strid med Formann då han hadde hogge vel mykje skog på bruket.  Då kona var død kom han i strid med ætti hennar, um ho hadde fenge heimanfylgje eller ikkje då ho gifte seg med han.  Ho hadde tent faren i 16 år utan løn og ikkje fenge heimanfylgje, sa Nils.  Attåt dette hadde dei andre arvingane uløyves grave 3 tunnor korn til seg ved skiftet etter verfaren.  Sjølv døydde han i 1792 utan å ha fenge greida på heimanfylgja. 

Nils Andersson Åsen, f. 1738, vart brukar i 1778, og bygsla bruket i 1782.  G. 1775 Kari Steffens dtr. Grindevoll, f. 1747.  Born: Brita, f. 1776, s. n., Steffen, f. 1779, s. br. 2, Margreta, f. 1781, g. 1815 Steffen Larsson Storebø i Austevoll (syskenborn), Anders, f. 1784, tente hjå bakar Martens i Bergen, Jakob, f. 1787, d. 1810, Marta, f. 1790, ugift, Kari, f. 1793, d. ung.  Nils dreiv mykje med fiske og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1801. 
Ekkja Kari Steffens dtr. hadde so bruket i heile 13 år.  Det var svert tungt for henne i denne tidi, og då ho døydde i 1814 var skuldi hennar mykje større enn det ho åtte. 

Hans Olson Midtsæter, f. 1785, vart i 1814 gift med Brita Nils dtr. Balland, f. 1776, og vart brukar etter vermori.  Han fekk ikkje bygsla, men berre styra på halvt, og var ikkje brukar meir enn eit par år.  I 1816 flutte han til Lyngbø i Fana, der han sidan vart buande til 1854, s. F. B. 506.  Han hadde 6 born: Åmund, arbeidar i Bergen, Ola, paktar i Fana, Nils, Brita, Hans, dreng i Os, Anna, tenestegjenta i Fana. 

Erik Jakobson Krokeid, f. ikr. 1780, bygsla bruket i 1816. (Erik var son åt Kristi Hovland frå Os, g. Krokeid).  G. 1811 Kari Anders dtr. Sagstad frå Fana, f. ikr. 1785. (Kari var dotter åt Anders Drange g. Synneva Hovland frå Os, s. F. B. 592).  Born: Jakob, f. 1814, s. n., Simon, f. 1815, g. 1843 Brita Lars dtr. Buskengen, (born: Synneva, f. 1843, g. 1866 Haktor Salbuvik, Larsina, f. 1846, g. 1866 Johannes ytre Drange, s. br. 3), Anders, f. 1818, Kristian, f. 1821, g. b. Bergen, Jon, f. 1828, d. 1843, Ola, f. 1831, g. Marta Skorpen, s. Søvik 5, Synneva, f. 1836, g. b. Hamre.  Tvo gjentor døydde unge, den eine av dei fall i brunnen.  Erik dreiv med fiske og notbruk.  I 1821 krov Formann skatt av ein plass «Korsvigen» under Balland, då der skulde bu ein mann der, men ålmugen vitna på tinget at det aldri hadde vore buande folk i Krossviki.  Erik døydde i 1856 og kona i 1861. 

Jakob Erikson Balland, f. 1814, vart brukar etter faren i 1842.  G. 1841 Brita Torsteins dtr. Salbuvik, f. 1812.  Born: Erik, f. 1844, s. n., Torstein, f. 1846, g. Kari Jakobs dtr. Ytre Haugland, i Amerika, Jon, f. 1849, g. 1873 Gunvor Kuven, s. K. 7, Jakob, f. 1851, g. 1878 Magdela Halhjem, s. Bø 3.  Ei gjenta døydde ung.  Jakob dreiv fiske likeins som faren.  Han døydde alt i 1864. 
Ekkja Brita Torsteins dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1899. 

Erik Jakobson Balland, f. 1844, fekk bygsla bruket etter mori og kjøpte det av Lysekloster i 1873 for 240 spd.  G. 1866 Ingjerd Sveins dtr. Eikhaug (Søfteland), f. 1844.  Born: Jakobia, f. 1867, i Amerika, no busett i Os, Eli, f. 1870, g. Nils Nysæter, Stord, Brita, f. 1871, g. Johannes Kuven, s. K. 7, Svein, f. 1872, s. n., Kristi, f. 1874, d. ung, Anna, f. 1876, g. 1914 Karl Ulven, s. Kuven, Jakob, f. 1878, d. 1895, Kristina, f. 1880, g. Lars Kjøkkelvik, Loddefjord.  Erik var båtbyggjar og notbas.  Han døydde i 1922. 

Svein Erikson Balland, f. 1872, skøytte farsbruket i 1899.  G. 1897 Stina Sieins dtr. Skjeie, f. 1872.  Born: Ingjerd, f. 1898, g. 1919 Peder Sperrevik, s. S. 3, Jakob, f. 1900, s. br. 5, Sofia, f. 1902, s. br. 7, Engjel, f. 1904, s. n., Stina, f. 1907, g. Ola Nilsson Nordvik, b. Rådal i Fana, Bertin, f. 1909, g. Birgit Laurits dtr. Buena, b. Sperrevik, Torbjørg, f. 1911, g. Monrad Titlestad i Fana, Edit, f. 1914, g. 1935 Olav Hansson Skorpen, Nikolai, f. 1917, trearbeidar.  Svein bygde båtar og dreiv fiske attåt gardsbruket.  Han døydde i 1933 og kona i 1932. 

Engjel Sveinson Balland, f. 1904, skøytte farsbruket i 1932.  G. 1934 Astrid Anders dtr. Særvoll, f. 1911.  Born: Elly, f. 1935, Svein, f. 1937.  Engjel hev drive fiske og anna arbeid. 


BALLAND 2. (Garvik). 

Steffen Nilsson Balland, f. 1779, fekk i 1807 bygsla noko utmark av farsbruket då mori hadde det, og rydja og bygde her.  G. I. 1802 Barbru Jons dtr. Hovland, f. 1776, d. 1838, g. II. 1838 Ingeborg Nils dtr. Borgen, f. 1793.  Born: Kari, f. 1802, g. 1825 Tomas Hjelle, s. Hovland 2, Kristina, f. 1803, g. 1826 Ivar Olson Bruarøy, b. Sund, Brita, f. 1805, d. ug. 1837, Nils, f. 1808, g. 1830 Anna Osøyri, s. Os, Jakob, f. 1814, g. 1834 Marta Hovland, s. Lysøy 2.  Tvo born døydde unge.  Steffen var fiskar og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1844. 
Ekkja Ingeborg Nils dtr. hadde so bruket eit par år. 

Svein Steinson Eidsvik (ytre Drange), f. 1821, vart i 1846 gift med ekkja Ingeborg Nils dtr. og fekk bruket.  Ingeborg døydde i 1874 og Svein gifte seg att året etter med Margreta Anders dtr. ytre Haugland, f. 1828.  Svein var fiskar likeins som fyremannen.  Han døydde i 1903 og Margreta i 1904. 

Nils Hansson Ulven, f. 1841, som hadde vore dreng hjå Svein, og som i 1868 vart gift med ei syster åt Margreta, Brita Anders dtr. ytre Haugland, f. 1837, fekk bruket etter Svein.  I 1876 kjøpte han bruket av Lysekloster for 100 spd.  Brita døydde i 1898 og Nils gifte seg att året etter med Ingeborg Nils dtr. Skavhella (Eide), f. 1859.  Born: Ingeborg, f. 1868, d. ug. 1895, Hans, f. 1871, s. ytre Drange 8, Svein, f. 1873, d. 1884, Marta, f. 1875, g. 1898 Nils Håvardson Vetås frå Sæbø, Anders, f. 1878, d. ung, Anna, f. 1879, g. Hans Mikkelsen frå Fana, b. Bergen, Bernhard, f. 1900, d. ung.  Nils dreiv med notarbeid o. a.  I 1888 skøytte han bruket frå seg og flutte til Drange, der han var busett til 1899 då han flutte til Skavhella, s. Eide 3.  Han kom sidan attende til ytre Drange, s. y. D. 8, og døydde her i 1923. 

Annanias Jørgenson Nordvik frå Fana, f. 1865, kjøpte bruket i 1888.  G. 1886 Ingeborg Lars dtr. Røttingen, f. 1859.  Born: Marta, f. 1886, s. n., Jørgen, f. 1888, g. 1914 Gurina Sundøy, s. S. 8, Lars, f. 1891, i Amerika, Svein, f. 1894, i Amerika, Karl, f. 1897, s. n., Anna, f. 1901, s. n.  Annanias var sjømann og fiskar og reiste på Nordland o. a. st. i fiske.  Han døydde i 1907. 

Eivind Steinson Skjeie, f. 1882, vart i 1906 gift med Marta Annanias dtr. Garvik, f. 1886, og fekk bruket etter verfaren.  Born: Amanda, f. 1907, Ida, f. 1909, Sigvald, f. 1911, Hilda, f. 1913, Malena, f. 1916, Olea, i. 1919, Elsa, f. 1921.  Eivind var sjømann og fiskar.  Han døydde i 1922. 
Ekkja Marta Annanias dtr. hadde bruket eit par år, og flutte so frå Garvik. 

Karl Annaniasson Garvik, f. 1897, skøytte bruket etter systeri i 1924.  G. 1920 Helga Berges dtr. Gjervik, f. på Vevle i Haus 1900.  Born: Alfred, f. 1921, Bjarne, f. 1922, Amanda, f. 1924, Inglaug, f. 1928, Elina, f. 1933, Leiv, f. 1935, Sigvald, f. 1936, Henny, f. 1937.  Karl hev vore fiskar og paktar no bruket her, s. n. 

Oskar Rasmusson Hauge frå Davik i Nordfjord, f. 1896, kjøpte bruket av verbroen i 1930.  G. Anna Annanias dtr. Garvik, f. 1901, som fyrr hadde vore gift med Sigurd Olsen frå Bergen.  Oskar hev vore sjømann.  Anna hadde 3 born i fyrste giftarmålet: Ingeborg, Lilly og Sigvald. 

Rolf Jørgenson Garvik, f. 1930, hev fenge skøyte på bruket i 1936 og eig det no.  Karl Garvik paktar bruket. 


BALLAND 3  (Skåtøy) 

Engjel Engjelson Bruarøy (Røttingen), f. 1833, bygde og busette seg her i 1861.  I 1873 vart bruket serskilt skyldsett og skilt ut frå Balland, og året etter kjøpte Engjel det av Lysekloster for 70 spd.  G. I. 1858 Brita Johannes dtr. Røttingen, i. 1833, d. p. barseng 1868, g. II. 1869 Ingeborg Jons dtr, Nordstrønen, f. 1825, d. 1887, g. III. 1889 e. Larsina Simons dtr. Balland, f. 1846, som fyrr hadde vore gift med Johannes Drange.  Engjel hadde ikkje born.  Han var fiskar, og då han fekk tridje kona si flutte han til Skorpen og vart sidan buande er.  Sjå meir under Nordstrønen 12. 

Sjur Sjurson Bruarøy, f. 1856, som var systerson åt Engjel, kjøpte bruket av han i 1882.- G. 1882 Karta Jons dtr. Flatøy (Forstrønen), f. 1858.  Born: Engjel, f. 1882, s. n., Marta, f. 1884, g. 1935 Henry Gisleberg, i Amerika, Jon, f. 1887, s. br. 4, Ingeborg, f. 1889, b. Bergen, Ola, f. 1892, butiksjef, Bergen, g. I. 1916 Agnes Jonassen, g. II 1932 Malena Kleppe frå Tysnes, Severin, f. 1896, s. br. 4.  Eit barn døydde tidleg.  Sjur hev drive som fiskar.  Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi og var med i heradstyret frå 1905 til 1910. 

Engjel Sjurson Skåtøy, f. 1882, skøytte farsbruket i 1907.  G. 1906 Kristina Jons dtr. Lepsøy, f. 1886.  Born: Anna, f. 1907, g. 1934 Harald Henrikson Åsen, Marta, f. 1909, g. 1931 Olav Bruarøy, s. Røttingen 7, Sjur, f. 1911, snikkar, g. 1936 Klara Jørgensen, Os, Emma, f. 1914, Jon, f. 1916, Klara, f. 1919.  Engjel er fiskar likeins som fyremennene. 


BALLAND 4. (Skåtøy). 

Eivind Pederson Bjørnarøy (Lepsøy), f. 1847, busette seg her i 1873.  G. I. 1872 Brita Jans dtr. Lysøy, f. 1844, d. 1895, g. II. 1897 Anna Peders dtr. Lid frå Samnanger, f. 1841.  Born: Peder, f. 1872, sjømann, g. 1901 Elen Aslaks dtr. Søreide, Johan Kristian, f. 1874, g. 1896 Pernille Eikedal, s.Lepsøy 9, Arne, f. 1876, død, Engjel, f. 1878, g. 1904 Nilla Løkling, s. Askvik 8, Ragnhild, f. 1884, g. 1912 Paul Helgesen, s. Askvik 12, Anna, f. 1887, g. 1916 Ola Valle, s. indre Moberg 2.  Eivind var sjømann og fiskar. 

Jon Sjurson Skåtøy, f. 1887, fekk i 1915 skøyte på bruket her hjå broren på br. 3.  G. 1915 Malena Nils dtr. Ytre Drange, f. 1894.  I 1924 selde han bruket her til broren og flutte til Askvik, s. A. 16, der ein finn meir um han og huslyden. 

Severin Sjurson Skåtøy, f. 1896, kjøpte eigedomen av broren Jon i 1924.  G. 1921 Anna Mons dtr. Hamre frå Hamre, f. 1899.  Born: Sverre, f. 1922, Georg, f. 1922.  Severin driv fiske som dei fleste andre i ætti hans. 


BALLAND 5. (Myren). 

Erik Jakobson Balland skyldsette dette bruket og skilde det ut frå hovudbruket i 1899, samstundes som han skøytte det til dotteri Brita Eriks dtr. Balland, f. 1871.  Brita var gift med Johannes Kuventræ og var busett på Kuven, s. K. 7.  I 1918 skøytte ho bruket attende til faren.  

Jakob Sveinson Balland, f. 1900, fekk skøyte på bruket hjå bestefaren i 1922.  G. 1922 Berta Mons dtr. Nordvik frå Fana, i. 1904.  Born: Solveig, f. 1922, Magne, f. 1925, Erling, f, 1828, Ellinor, f. 1931, Margit, f. 1933. 


BALLAND 6. (Skåtøy, Sommerly). 

Ola Sjurson Skåtøy, f. 1892, kjøpte eit jordstykke av broren Jon i 1923 og bygde seg sumarhus her.  Ola er butikksjef i Bergen.


BALLAND 7. 

Torstein Olson Berg, f. i Gøteborg 1906, kjøpte i 1932 eit stykke hjå verfaren på br. 1 og bygde her.  G. 1930 Sofia Sveins dtr. Balland, f. 1902.  Torstein er fiskar og driv anna arbeid.