KVALESUND

Frå OS SOGA II side 481 – 486 

32. KVALESUND. 

Namnet kjem tvillaust av dyrenamnet kval, men kvifor dette sundet nett hev fenge namnet er uvisst.  Det kann tenkjast at Indreøy og Ytreøy eingong hev havt namnet Kvaløyane, likeins som øygruppa Hvaler i Austfold, og at sundet millom øyane soleis hev fenge namnet.  Det kann ogso tenkjast, men er lite truleg, at ein kval er teken i sundet her.  Det vanlege namn «Kvalen» på skjer som stikk upp or sjøen, høver ikkje her. 

Uttale: Kva’lisonne.  
Skrivemåtar: Quallesund (1645), Kvalesund (1678), Qvaalesund, Qvalesund, Qvale (1800). 

Garden ligg på Indreøy, ved sundet millom denne øyi og Ytreøy, austanfyre Røttingen.  Garden var i dei fyrste åri skriven under Lepsøy, men hev tvillaust høyrt til ytre Haugland, då han ligg på Indreøy og var Rosendalsgard likeins som Haugland.  Garden er uppteken ikr. 1640. 

Or gamle matriklar og meldingar:
(Ikkje nemnd i 1668 og 1723).
1865: Har 3 maal dyrket åger og eng, deraf 1 maal godt, 1 middels og 1 slet, 19 maal naturlig åger og eng, deraf 10 maal godt, 7 middels og 2 slet, intet at dyrke, ingen skov til brænde, næsten ingen havnegang, er meget letbrugt og mer end almindelig godt drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.Skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
1657         
1668        tun 
1723        » 
1800111       
183517 5    »0,5tun.
1865111 8  22tun.2,5»
1900215 612 1 hl.4hl.
1920413 68 10,5mål1mål
193027 66  1»1»

KVALESUND 1 

Jennss i Quallesund
og kone Zirij (Jens og Sigrid Kvalesund) er nemnde i 1645 og er truleg dei fyrste som busette seg her.  På eit ting i 1706 vart det vitna at Kvalesund hadde vore bygt umlag 50 år, og ein kann soleis tru at Jens og Sigrid var komne her nyss fyrr 1645.  Kvar dei var frå, veit me ikkje.  Jens hadde ikkje jord, men var berre husmann eller «strandsidder».  Elles var han skreddar av yrke og vart jamnast skriven for «Jens schredder».  På Lyseklostertinget i 1647 kom han upp i slagsmål, og skulde svara for dette på tinget året etter.  Han møtte ikkje og fekk bot for «stevnefald«. 

Anders Olson, f. ikr. 1632, vart brukar her ikr. 1660.  Han vart i 1666 skriven som «gjestgjevar» og hadde herbyrge for ferdafolk.  Kvar Anders var frå, veit me ikkje.  Kona heitte Sesilia.  Han flutte frå Kvalesund i 1667 og var sidan busett i Lepsøy.  Av borni kjenner me: Barbru, f. 1660, Nils, f. 1669, Hans, f. 1673.  3 døtre som alle heitte Margreta døydde unge. 

Paul Paulson Påskedag frå Bergen, f. ikr. 1615, vart gjestgjevar her i 1668.  Me kann ikkje finna ætti hans i Bergen.  Kona hans heitte Margreta.  Ho døydde ikr. 1680, og Paul gifte seg att tvo år etter med ei som heitte Kari Lars dtr.  Av dei 4 borni som vart fødde i Kvalesund, Henrik, Maria, Paul og Margreta, vaks berre dotteri Maria, f. 1670, upp.  Ho vart gift i 1693 med Peder Størkson Heggland.  Paul vart jamt beden til fadder ikring i Osbygdi, og han vart då skriven i kyrkjeboki på ymse måtar, som Paul Paaskedag, Paaskedall, Paaske, o. 1.  Kva rette namnet var er uvisst.  Paul hadde fleire tenarar i Kvalesund.  Ein dreng, Dag Olson, døydde 70 år gamall i 1704, og av dei tvo tenestegjentone, Sigrid og Guro Tørris dtr., vart den siste gift i 1681 med Mons Lepsøy, s. L. 3.  Paul døydde i 1694 og kona i 1692. 

Lars Olson, f. ikr. 1640, vart gjestgjevar etter Paul Påskedag.  Kona hans heitte Maren (Mari).  Kvar dei kom frå, veit me ikkje, men dei hadde vaksne born med seg då dei kom til Kvalesund.  Av borni kjenner me: Anna, g. 1693 Torbjørn Larsson Djupevik frå Strandvik, Malena, g. 1703 Daniel Pederson Skriver, Ola, s. n.  Lars slutta yrket i 1710 og døydde i 1718. 

Ola Larsson Kvalesund vart gjestgjevar etter faren.  Han vart gift i 1709 med Magdela Ols dtr. Kråkevik.  I 1710 overtok han bruket og pantsette då husi i Kvalesund for 30 dalar til ein mann i Bergen.  Det ser ut som um Ola var gjestgjevar i berre tvo år.  Um han døydde eller flutte burt i 1712, veit me ikkje, men me finn han ikkje att i Kvalesund seinare. 

Det skifte no jamt med brukarane i Kvalesund.  Dei var berre nokre få år kvar, og me kjenner lite eller næsten ikkje til kvar av dei.  Dei fleste kom truleg frå Bergen. 

Nils Kvalesund var gjestgjevar frå 1712 til 1714. 
Jakob Kvalesund vart gjestgjevar etter Nils.  Han var gift og fekk tvo born, Hans og Ellen, medan han var her.  Han døydde i 1717, ikr. 40 år gamall. 

Knut Kvalesund var brukar frå 1718 til 1722, og hadde ein son, Ola, til dåpen i 1721. 
Pitter Kvalesund vart gjestgjevar i 1722.  Han var gift, og skal ein døma etter dei namni han gav borni sine, so var han truleg ein bymann.  Borni var: Christopher, f. 1723, Anne Catharine, f. 1725, Wilemiche, f. 1729.  Pitter flutte burt i fyrsten av 1730 åri. 

Kvalesund vart no liggjande øyde utan folk på staden.  Husi rotna ned, og i 1745 vitna ålmugen på tinget at det fanns korkje hus eller folk i Kvalesund.  Arne Kvernevik hadde då freista å skipa ein slags gjestgjevarstad, s. Sørstrønen 5, men som ein ser so gjekk det ikkje godt for han. 

Hans Janson busette seg her ikr. 1750.  Truleg var han frå Bergen.  Han var gift med ei som heitte Lena Didriks dtr., f. ikr. 1700, og hadde med seg ei vaksi dotter, Kristina, g. 1756 e. Åmund Bjørnson Lid.  Lena døydde i 1767, og Hans gifte seg att året etter med Kari Anders dtr. Tuft frå Strandvik, f. Roaldstveit i Ølve 1726. 
Hans fekk det ikkje lett i Kvalesund.  Han måtte ta alt uppatt på garden, og han makta ikkje å kjøpa alt som trongst til gjestgjevarstaden.  Presteekkja Leganger fann på at ho vilde skipa ein gjestgjevarstad på garden Lepsøy, som ho åtte, og i 1763 fekk ho slik stadfesting av ålmugen på tinget: 
Hans Kvalesund er ein reint fatig mann som «ei kan holde det fornødne hverken for bønder eller andre som er nødt til der at søge nattelogi».  Då Hans i 1769 nett hadde fenge seg ei ny kona, flutte han frå Kvalesund og busette seg i Sund. 

Det kom ny gjestgjevar i 1770.  I 1772 er namnet hans skrive for Carl Cområ; men um det er heilt rett skrive, veit me ikkje.  Me veit heller ikkje kor lenge han var i Kvalesund.  Truleg flutte han alt ikr. 1775. 

Ivar Larsson Kvittingen frå Samnanger, f. ikr. 1745, vart gardstyrar for gjestgjevaren i 1775.  G. 1774 Eli Ols dtr. Øpstad frå Fusa, f. ikr. 1746.  Dei fekk 5 born, men berre eldste sonen vaks upp: Ola, f. 1775, g. 1795 Anna Utskot, s. Røttingen 7.  I 1791 vart han kravd for noko «undsætningskorn» som Ivar Larsson Trengereid hadde fenge, men ikkje betalt.  Ivar måtte på tinget for å gjera seg fri for kravet og kunde prova at han aldri hadde vore busett på Trengereid.  I 1796 slutta han yrket i Kvalesund og flutte til sonen i Bruarøy, der han døydde i 1817. 

Søren Sørenson Eldholm frå Tysnes, f. ikr. 1727, vart gjestgjevar då Carl Cområ flutte.  G. ikr. 1755 Karen Fredriks dtr., f. ikr. 1727.  Av borni kjenner me: Søren, f. ikr. 1755, g. ikr. 1782 Helena Hans dtr., Fredrik, f. ikr. 1757, s. n., Erik, f. ikr. 1770, s. Askvik 4.  Kvar Søren hadde vore busett fyrr han kom til Os, veit me ikkje, men truleg hadde han vore gjestgjevar ein stad i Sunnhordland.  Søren let straks gjestgjevarstaden frå seg til sonen, s. n., men livde til 1802. 

Fredrik Sørenson Eldholm, f. ikr. 1757, vart gjestgjevar etter faren ikr. 1780.  G. ikr. 1778 Anna Paust, f. ikr. 1747.  Born: Karen, f. 1779, Hans Jakob, f. 1781, s. n.  Fredrik bygde nye hus i Kvalesund og fekk gjestgjevarstaden i god skikk.  I 1801 hadde han, umframt dei tvo vaksne borni sine og ei fostergjenta, tvo vaksne drengjer og tvo tenestegjentor til hjelp på garden og i herbyrget.  Fredrik og kona døydde ikr. 1815. 

Hans Jakob Fredrikson Eldholm, f. 1781, vart brukar etter faren i 1810.  G. 1809 Karen Præbents dtr., f. ikr. 1783.  Born: Fredrik, f. 1810, Johanna Sofie, f. 1811, g. 1836 sjømann Kristoffer Olsen Gjøvåg frå Tysnes, Præbent Prebent, f. 1816, Anne Hellemann, f. 1818, d. ung, Annanias Hellemann, f. 1820, Hans Jakob Paust, f. 1821, Søren Michael, f. 1824.  Hans Jakob streva hardt for å greida seg, og i 1824 let han bruket frå seg.  Han tok undan eit bunadshus og eit salteri, men i 1828 vart dette selt frå han ved auksjon, og han flutte då burt med borni.  Kona var død i 1825. 

Gunnar Olson Mjåset frå Askevoll i Sunnfjord, f. 1782, bygsla bruket i 1824.  G. 1805 Maria Sørens dtr. Eimind, f. 1781.  Born: Engel, f. 1809, g. 1833 smed Hans Johnsen, Osøyri, s. Os, Søren, f. 1811, g. 1838 Marta Lepsøy, s. L. 4, Anna, f. 1818, s. n., Jens, f. 1821, g. 1845 Marta Røttingen, s. R. 5.  Gunnar hadde fyrr vore arbeidar i Bergen.  Han døydde i 1858 og Maria i 1852. 

Engjel Hansson Holmefjord, f. 1801, vart i 1836 gift med Anna Gunnars dtr. Kvalesund, f. 1818, og bygsla bruket og gjestgjevarstaden etter verfaren.  Born: Maria, f. 1836, g. 1858 Peder Larsson Bø, handelsmann i Bergen, Malena, f. 1839, Hans, f. 1841, Amalia, f. 1850, Bernhard, f. 1856.  I 1842 flutte han frå Kvalesund og kjøpte Store Milde i Fana for 4400 dalar.  Han selde Milde att i 1849, var so eit par år busett hjå verbroren Hans Johnsen på Osøyri, og flutte i 1851 til Hatvik, s. H. 1, som han hadde kjøpt tvo år tidlegare.  Engjel var ein drivande kar, hadde farty og notbruk, dreiv sildesalting o. a., men vart ikkje velstandsmann av arbeidet.  Han var ein vyrd mann og var medlem av det fyrste formannskapet i Osbygdi 1837 – 39.  I 1861 tok han huslyden med og reiste til Amerika. 

Ola Hansson Holmefjord, f. 1809, som var bror åt Engjel, bygsla Kvalesund då Engjel flutte til Milde.  G. 1842 Jakobine Konradine Krüger frå Skjørsand i Fusa, f. 1821.  Born: Hans Olaf, f. 1843, g. 1867 Ingeborg Severine Kristine Krüger, Matilde, f. 1847, g. 1865 Ola Samuelson Haukenes i Samnanger, s. S. B. 427, Drude, f. 1850, g. 1881 sjømann Johannes Olson Rødne frå Samnanger, Anna, f. 1852, g. 1874 skippar Hans Arneson Sundøy, Hanna, f. 1854, modehandlar i Bergen, g. 1885 styrmann Espen Torsteinson Flugum frå Sogndal, Hans Astrup, f. 1856, skippar, g. 1901 Anna Eldholm frå Tysnes, b. Kvalesund, Maria Kristine, f. 1860, s. n., Kristian, f. 1863.  Tvo born døydde unge.  Ola dreiv ogso med sjøen og hadde notbruk.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, var med i heradstyret 1846 – 57 og 1862 – 65, var varaordførar i fleire bolkar og ordførar 1862 – 63.  Han døydde i 1894 og kona i 1897. 

Bård Olson Helland frå Fusa, f. 1856, vart i 1884 gift med Maria Kristine Ols dtr. Kvalesund, f. 1860, og vart brukar etter verfaren.  Born: Alfhild, f. 1885, g. lærar Peder Kallestad, Sund, Bjarne, f. 1888, sjømann, d. i Amerika, Frithjof, f. 1890, styrmann, Erna, f. 1892, g. b. Glesnes i Sund, Kristina, f. 1894, g. fiskar Peder Andersson Landro, b. Fjell, Odd, f. 1897, sjømann, Rolf, f. 1898, sjømann, Jakob, f. 1899, s. n.  Tvo born døydde unge.  Bård var styrmann og vart skippar, seinare reiste han som los.  Han døydde i 1929. 

Jakob Bårdson Helland, f. 1899, vart brukar etter faren.  I 1931 kjøpte han bruket av Universitetet, som ved testament frå eigaren Clara Gædichen i Kjøpenhamn hadde fenge eigedomen.  Jakob vart gift i 1927 med Marta Ingvalds dtr. Skorpen (Nordstrønen), f. 1903.  Born. Ingeborg, f. 1928, Berit, f. 1929, Drude, f. 1931, Frithjof, f. 1932, Marta, f. 1934.  Jakob hev drive som bøkkar. 


KVALESUND 2. (Indreøy). 

Ola Jakobson ytre Haugland, f. 1877, vart styrar av ostraanlegget her ikr. 1900 og er busett her.  G. 1903 Magdela Jons dtr. Røttingen, f. 1867.  Ola hev ein eigedom i Røttingen, s. R. 18, der ein finn meir um han. 


KVALESUND 3. (Kuholmen). 

Ole Irgens
kjøpte eigedomen i 1917 av Rosendalgodset og bygde seg sumarbustad her.