STORUM
Frå OS SOGA III side 99 – 115

39. STORUM.
Namnet er det gamallnorske størr samansett med -heim og tyder den store, den gamle heimen eller bustaden. Umframt Tuen er Storum tvillaust den eldste garden i grendi og hev soleis fenge namnet.
Uttale: Sto’romm.
Skrivemåtar: Strøm (1519), Størenn (1521), Stwrenn (1522), Storim, Storem, Stuorim, Storum (1597), Storom, Storrum, Stuorrum, Storumb, Storamb, Storimb, Storøen (1634).
Garden ligg vestanfyre Grindevoll, der Lepsøyhalvøyi stikk ut millom Skjeisosen (Krokane) og Hauglandsosen, og hev eigedomen sin utover halvøyi. Storum er ein av dei tvo – tre gardane i Osbygdi som umlag heile tidi hev vore i bondeeiga. I 1640 – 50 åri åtte Lars Vandvik, Lars Hjartåker, Ola Haugland og ei syster hans garden. Dei selde garden til Lars Traavik og frå han kom den i Aksel Mowatt si eiga. Garden vart deretter kjøpt av Ola Gjerdevik i Fusa og seinare av Engjel Gjerdevik. Dei tre av bruki vart selde i 1787 til Amund Tøsøy, Mikkjel Tøsøy og Mikkjel Tynnevik i Sund, og ætti etter desse karane åtte bruki til bygslemennene kjøpte dei i åri frå 1892 til 1936.
Det fjorde bruket vart framleis ått av bønder i Fusa tildess ein son åt eigaren tok bruket i 1878, s. br. 1.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 7 Stadtztønder 1 quarter, afler 27 tdr., ingen lodter heller lunder, uden 1 part i Høllens fiskeuog, tilsaght at plante homblehagge.
1723: Ei mere skoug end til brendefang og lidt furreskoug til huusbehof. Ingen qvern eller fiskerie, saasom den udi den gml. matricul benefnde fiskevog er øde og ikke i mange aar brugt eller endnu bruges. Maadelig jordart at vinde og god sædejord.
1865: Har 25 maal dyrket ager og eng, deraf 5 maal godt, 12 middels og 8 slet, har 95 maal naturlig england, af dette 22 maal godt, 34 middels og 39 slet, af englandet kan 5 maal dyrkes. Har skog til husbrug, men intet at sælge, bruger nu ikke lyng eller skav, av brugene er 2 letbrugte og 3 middels, er alle almindelig drevet. Bekommer aarligen landslod for 96 skilling (4 ort). Anders og Oles brug lider af tørke.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 4 | 19 | |||||||||
1668 | 4 | 28 | 7,3 | tun | |||||||
1723 | 4 | 28 | 9 | » | |||||||
1800 | 6 | 30 | |||||||||
1835 | 4 | 25 | 24 | 20 | 2 | 10 | » | 6 | tun. | ||
1865 | 5 | 36 | 1 | 37 | 78 | 4 | 15 | » | 20 | tun. | |
1900 | 6 | 33 | 3 | 28 | 51 | 5 | 17,5 | hl. | 41,5 | hl. | |
1920 | 13 | 54 | 6 | 33 | 34 | 3 | 14,5 | mål | 10,7 | mål | |
1930 | 12 | 60 | 5 | 30 | 57 | 1 | 11 | 10 | » | 15,5 | » |
1939 | 4 | 46 | 53 | 10 | 3 | » | 15,2 | » |
STORUM 1
Rolf pa Strøm (Rolf Storum) var brukar her i 1519. I 1521 er han skriven for Rold pa Størenn og i 1522 for Rollff pa Stwrenn. Samstundes er Magnus Storum skriven som brukar på garden, s. br. 2, og etter dette skulde me tru at Storum alt då var skift i tvo bruk. Men dette er heilt uvisst, og kanhenda var dei tvo brukarane berre far og son som brukte garden ihop. Rolf fostra ein stut for lensherren på Bergenhus vinteren 1521 – 22, og for dette fekk han 11 skjeling i fosterløn.
Nils Storum var brukar i 1563 og hadde bruket til fram i 1580 åri. Han hadde heile Storum og vart lensmann i Os ikr. 1567. I 1569 var han formann i det tolvmannskynet som vart halde um laksefisket i Oselvi det året, s. O. B. I 217. Kva tid han slutta som lensmann veit me ikkje, men truleg hadde han lensmannsyrket like lenge som han hadde garden.
Ola Storum var brukar i 1591. Han hadde heile garden likeins som Nils og var truleg son hans. Ola var brukar til 1600. Sjur Skjeie var etter det me kann skyna frå Storum, og han måtte då vera ein son åt Ola. Truleg var ogso ettermannen Nils Storum og broren Ola, s. n., sønene hans.
Nils Storum vart brukar ikr. 1600, og garden vart då skift i tvo bruk, s. br. 2. Nils var i ætt med fyremannen, Ola Storum, og var kannhenda son hans. Ein bror åt Nils, Ola Storum, måtte fara til Svinesund i 1611 for å vera med i Kalmarufreden. Nils sat tungt i det. Han døydde alt i 1614.
Garden vart no skift i 3 bruk, s. br. 3.
Jon Storum bygsla bruket i 1615, og truleg vart han då gift med ekkja etter Nils. I 1620 åri vart han gift med ei som heitte Brita. Av borni kjenner me: Mari, f. ikr. 1625, s. n., Nils, f. ikr. 1627, g. Brita Bø, s. Bø 1, Bård, f. ikr. 1630, g. Marta Moberg, s. Skjeie 5, Kari, f. ikr. 1636, g. Ola indre Moberg, s. i. M. 3. Brita Storum, f. ikr. 1620, s. br. 2, var tvillaust ogso dotter hans. Kvar Jon var frå veit me ikkje visst, men han hadde heimstaden sin i Fusa eller Strandvik. Saman med nokre andre åtte han ein part i garden Hjartåker i Strandvik, og likeins åtte han noko i ein gard «Byenes».
Jon var velstandsmann dei fyrste åri. Han lagde skatt som dei likaste bønder i bygdi, og hadde fleire vaksne drengjer på garden. Men det gjekk snøgt nedover med han, og i dei siste åri vart han radt fatigmann og skattefri. Han var jamt burte i eit eller anna som førde han for retten, og dei mange bøter som han fekk auka ikkje velstanden hans. I 1619 hadde han skulda ei grannekona si, Magdela Storum, for at ho dreiv trollskap. Magdela tok han for retten, og då Jon ikkje kunde prova at ho var retteleg trollkjering, so fekk han ei sver bot av 6 dalar (3 kuverd) for skuldingane. I 1623 var han i basketak med Nils Døsen som gav han eit «nevehogg», men då Jon var upptaksmannen måtte han leggja bøter. I 1627 måtte han leggja ei stor bot avdi han drog kniv mot Anders Eide i eit brudlaup, og han hadde fleire slike ting å svara for. Ikr. 1627 fekk han ogso det andre bruket på garden, so at han hadde tvo tridjepartar av Storum, s. br. 2, men det vart ikkje lettare for han likevel. Jon døydde i 1643.
Ekkja Brita Storum hadde so bruket nokre år. I dei fyrste tvo åri stjorna ho ogso br. 2, og ho greidde seg betre enn mannen gjorde i si tid.
Lars Monsson Heggland, f. ikr. 1621, vart i 1646 gift med Mari Jons dtr. Storum, f. ikr. 1625, og bygsla bruket etter vermori. Dei fekk mange born, men me kjenner berre fire av dei: Ingeborg, f. ikr. 1648, g. Rolf Ferstad, s. F. 1, Mons, f. 1652, s. n., Jon, f. 1662, s. br. 2, Brita, f. 1668, g. 1708 Johannes Særvoll, s. S. 1. Lars sat tolleg godt i det dei fyrste åri, men i 1654 brann alle husi på Storum upp, og Lars vart då fatigmann ein nokre år. Men han arbeidde seg snøgt upp over att og greidde seg godt tilslutt. Han var ein mykje vyrd mann i bygdi og var lagrettemann i mange år. M. a. var han lagrette- og domsmann i mordsaki på Steinsland 1654 – 55, s. S. B. 464. I 1655 kom han sjølv i ei kattepine. Han hadde havt ein son åt Hans Lepsøy til «dreng», og då guten som berre var 10 – 12 år gamall, ikkje likte seg hjå Lars, so hadde mori teke han heimatt. Då Lars ein dag rodde fiske på Bjørnafjorden kom ogso guten roande og skulde fiska. Lars tok guten inn i båten til seg, klædde av han og tok klædi hans til «straff» for han reiste or tenesta. Dette vart rekna for ein stor vanvyrdnad mot guten og foreldri hans, og då det ogso likna på tjuveri av klædi måtte Lars for retten og kunde venta seg ei sver bot. Men då husi hans nett hadde brunne upp so slapp han «for sin armodz schyld» med 3 dalar (1½ kuverd) i bot. Det vart likevel dyre klædplagg for han. Lars døydde i 1669.
Ekkja Mari Jons dtr. hadde so bruket nokre år. I 1676 let ho bruket frå seg til sonen og vart sjølv gift med mannen på grannebruket, s. br. 3.
Mons Larsson Storum, f. 1652, bygsla bruket etter mori i 1676. G. 1677 Brita Arnes dtr. Særvoll, f. ikr. 1652. Dei fekk ikkje born. Mons var fiskar men sat tungt i det. Han vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1685.
Peder Nilsson Særvoll, f. 1660, gifte seg i 1686 med ekkja Brita Arnes dtr. og vart brukar her. Peder vart ikkje lenge på Storum. I 1690 flutte han til Særvollsviki, der han sidan vart buande og der ein finn meir um han og huslyden. Sjå ogso indre Tuen 3.
Jakob Nilsson, f. ikr. 1658, bygsla bruket etter Peder då han flutte. Kvar Jakob var frå er uvisst, men i 1666 var han «dreng» hjå Ola Lyssand. Han var då berre 8 år gamall og var kannhenda uppfostra på Lyssand. Sidan 1683 hadde han vore brukar på Døsen. Fyrste kona, som me ikkje veit namnet på, døydde ikr. 1686, og Jakob gifte seg att i 1688 med Brita Eriks dtr., som då tente på Storum, men som truleg var dotter åt Erik ytre Haugland. Born: Edvin, f. 1685, Nils, f. 1689, Erik, f. 1691, Mari, f. 1694. Det gjekk med Jakob som med Peder, han greidde seg ikkje på garden, og i 1694 flutte han burt med huslyden sin. Kvar det vart av dei, veit me ikkje.
Eivind Andersson Særvoll, f. 1660, bygsla bruket etter Jakob. G. 1695 Brita Alvs dtr. Bø, f. 1672. Born: Ingeborg, f. 1696, s. n., Marta, f. 1698, g. 1728 Kristoffer Bø, s. Bø 3, Magdela, f. 1701, g. 1736 Rasmus ytre Drange, s. y. D. 3, Alv, f. 1704, g. 1730 Ingeborg Skjeie, s. S. 1, Ola, f. 1707, d. ug. 1733, Anders, f. 1710. Eivind dreiv fiske og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1729 og kona i 1739.
Nils Olson ytre Tuen, f. 1698, vart i 1723 gift med Ingeborg Eivinds dtr. Storum, f. 1696, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Born: Anna, f. 1724, Eivind, f. 1726, s. br. 2, Brita, f. 1729, Marta, f. 1735. 3 gutar døydde i ung alder. Alle døtterne reiste til Bergen og vart gifte og busette der. Tvo av gutane åt Nils døydde påskedagen 1741, og same vika døydde det ogso 3 vaksne karar på Storum, so det var radt ei ulukkesvika for garden. Nils sat tungt i det. Han døydde i 1750 og kona nokre år seinare.
Ola Torsteinson Storum, f. ikr. 1720, vart brukar etter Nils. G. 1751 Marta Knuts dtr., som tente på Storum men som ikkje var frå Os. Dei fekk tvo born: Sigrid, f. 1751, og Johanna, f. 1754. Dei greidde ikkje sitja med bruket, og i 1756 flutte dei burt. Me veit ikkje kvar dei tok vegen.
Ola Johannesson Askvik, f. 1730, bygsla bruket i 1757. G. 1757 Herborg Johannes dtr. Storum, f. 1723. Ola sat svert smått i det. Han døydde alt i 1758, og ved skiftet var skuldi hans større enn verdet av det han åtte.
Ola Larsson, f. ikr. 1727, vart i 1758 gift med ekkja Herborg Johannes dtr. og fekk bygsla bruket året etter. Kvar Ola var frå, veit me ikkje. Born: Kari, f. 1762, g. 1791 Halvard Røttingen, s. Sundøy 5, Marta, f. 1765, Lars, f. 1766, Ola, f. 1769, g. 1794 Kari indre Haugland, s. i H. 2. Syskeni Marta og Lars døydde av koppane i 1779. Ola sat svert tungt i det og måtte tidleg lata bruket frå seg til framande. Han døydde i 1801 og kona i 1804.
Ola Olson Skjørsand frå Fusa, f. 1749, bygsla bruket i 1777. G. I 1775 Anna Ellings dtr. Opsal frå Fusa, f. ikr. 1748, d. 1804, g. II 1807 Marta Anders dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1747. Born: Elling, f. 1778, d. ug. 1823, Helga, f. 1780, g. 1828 Hans Bjørnen, s. B. 1, Ola, f. 1784, s. n„ Guro, f. 1786, d. ug. 1845, Ingeborg, f. 1791, ug. Tvo gjentor døydde unge. Ola streva hardt for å greida seg og slapp gå frå bruket. Han døydde i 1813 og siste kona i 1819.
Ola Olson Storum, f. 1784, bygsla farsbruket i 1814. G. I 1819 Ingeborg Hans dtr. Hatvik, f. 1795, d. på barseng 1832, g. II 1835 Guro Ols dtr. Skjeie, f. 1806. Av 11 born vaks 8 upp: Ola d. e., f. 1821, g. 1859 Larsina Lepsøy, s. L. 12, Ingeborg d. e., f. 1825, g. 1862 Nils Olausson Kilen (Berge), b. Våga i Samnanger, s. S. B. 193, Hans d. e., f. 1829, Ingeborg d. y., f. 1836, g. 1867 Lars Særvoll, s. S. 2, f. 1837, ug., Elling, f. 1839, g. 1867 Margreta Øvredal, s. Bø 10, Ola d. y., f. 1841, s. br. 4, Marta, f. 1842, b. Fana, Hans d. y., f. 1844, g. 1873 Ragnhild Særvoll, s. S. 5. Ola var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt trass den store huslyden sin. Han døydde i 1851.
Ekkja Guro Ols dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1876.
Elling Samsonson Skjørsand frå Fusa, f. ikr. 1812, bygsla bruket etter Guro i 1856. G. 1854 Anna Ols dtr. Opsal frå Fusa, f. 1812. Dei hadde ikkje born. Elling dreiv med sjøen likeins som dei andre på garden. Han døydde i 1885 og kona i 1904.
Mads Godskalkson Øpstad frå Fusa, f. 1852, skøytte bruket i 1878 og flutte hertil i 1882. G. 1879 Marta Johannes dtr. Rongved frå Haus, f. 1856. Born: Gerhard, f. 1880, s. n., Marta, f. 1883, Alfred, f. 1893, s. br. 8. Mads hadde fyrr han kom til Storum vore matros på Ostrabåtane og var då busett i Bergen. Då han i 1916 let bruket frå seg til sonen tok han undan ein part og skipa her eit nytt bruk, s. br. 8. Mads døydde i 1936 og kona i 1924.
Gerhard Madsson Storum, f. 1880, vart brukar i 1916 og skøytte bruket etter faren i 1925. G. 1915 Maria Rasmus dtr. Torsheim frå Davik i Nordfjord, f. 1885. Gerhard er målar og driv målararbeid attåt gardsbruket.
STORUM 2.
Magnus Storum var brukar her i 1519. Som nemnd fyrr er det uvisst um garden då var skift i tvo bruk. Det er like truleg at garden framleis var uskift, og at Magnus og Rolf brukte han ihop, s. br. 1.
Nils Storum hadde heile garden i 1560 åri og frametter, s. br. 1.
Ola Storum hadde likeins heile garden til 1600.
Lars Storum vart fyrste mann på dette bruket då det vart skift ut frå br. 1 ikr. 1600. Lars fekk til å byrja med berre ein liten part av garden og lagde vanleg husmannskatt.
Eilif Storum bygsla bruket i 1612. Begge bruki på garden var no vortne jamstore, og Eilif vart rekna som vanleg bonde. Men han sat tungt i det og det var vandt for han å greida skatten. Kona hans heitte Magdela. Grannen Jon Storum skulda henne i 1619 for å vera trollkjering, men ho vart frikjend for skuldingi og Jon måtte bøta, s. br. 1. Eilif døydde ikr. 1627.
Jon Storum som hadde br. 1 fekk no ogso dette bruket, som han stjorna til han døydde i 1643.
Ekkja Brita Storum hadde so bruket eit par år, samstundes som ho hadde br. 1.
Peder Pederson Storum bygsla bruket i 1645. Han hadde bruket i hop med ekkja Brita Storum dei fyrste åri, og det tyder på at han var verson hennar og ikkje nokon framand mann. Me kann soleis trygt rekna med at kona åt Peder, Brita, var dotter åt Jon og Brita Storum. Um Peder sjølv var son åt Peder Storum på br. 3 er ikkje heilt visst. Det er like truleg at han var son åt Peder ytre Lekven og tente hjå ekkja på Storum. Brita døydde i 1650 åri, og Peder gifte seg att ikr. 1655 med Ingeborg Ingebrigts dtr. Sundøy, f. ikr. 1630. Av borni kjenner me: Brita, f. ikr. 1645, g. 1670 Nils Grindevoll, s. G. 1, Ivar, f. ikr. 1650, ug., Kristi, f. ikr. 1652, s. n., Anna, f. ikr. 1656, s. br. 3, Magdela, f. ikr. 1660, Peder, f. 1663, Ragnhild, f. 1665. Det vart svert smått for Peder. Tunet på Storum brann i 1654, og det heldt hardt for Peder å få husi uppatt. Han måtte då skifta bruket i tvo partar, og den nye brukaren hjelpte til med reising av husi, som dei sidan brukte ihop. Kona Ingeborg kom burt på sjøen under ei byreis hausten 1668, og då det skulde haldast skifte etter henne og skrivaren hadde leita fram det som fanns på bruket so skreiv han slik i skifteboki:
«Bleff da ei videre befundet end en liden jerngryde og intet andet i nogen maade». Skrivaren fekk gryta for sin umak, og so fanns der ikkje ein ting att på garden. Peder døydde i 1693.
Jon Larsson Storum, f. 1662, vart i 1682 gift med Kristi Peders dtr. Storum, f. ikr. 1652, og bygsla bruket etter verfaren. Jon døydde alt i 1684. Sonen, som kom til verdi nett etter at faren var død, vart sjølvsagt kalla Jon, s. n.
Ekkja Kristi Peders dtr. hadde so bruket eit par år.
Albrigt Andersson indre Haugland, f. 1661, vart i 1686 gift med ekkja Kristi Peders dtr. og bygsla bruket. Born: Ola: f. 1688, d. 1706, Brita, f. 1689, g. 1716 Bård Grindevoll, s. G. 2, Peder, f. 1693, d. ung. Albrigt sat svert tungt i det dei fyrste åri, men han dreiv sterkt med sjøen og arbeidde seg tolleg godt fram. Han døydde alt i 1709 og Kristi i 1715.
Jon Jonson Storum, f. 1684, bygsla bruket i 1705 etter mori og stykfaren. G. 1711 Marta Ols dtr. ytre Drange, f. 1682. Av 5 born vaks 4 upp: Albrigt, f. 1712, g. 1738 Ragnhild Grindevoll, s. G. 2, Barbru, f. 1715, s. n., Peder, f. 1720, d. ug. 1741, Kristi, f. 1723, s. br. 3. Jon var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt. Han åtte m. a. ein part i garden Gjemdal, som han hadde fenge med kona, og likeins ein part i Lid på Tysnes. Jon døydde i 1742 og Marta i 1734.
Nils Eivindson indre Lekven, f. 1718, vart i 1743 gift med Barbru Jons dtr. Storum, f. 1715, og vart brukar her etter verfaren. Han hadde alt i 1742, fyrr verfaren døydde, fenge bygsel på bruket. Nils og Barbru fekk tvo born som døydde tidleg, og dei sat ikkje lett i det. Nils døydde alt i 1749.
Eivind Nilsson Storum, f. 1726, vart i 1750 gift med ekkja Barbru Jons dtr. og fekk bygsla bruket. Barbru døydde i 1767, og Eivind gifte seg att året etter med Gunvor Ols dtr. Tveit, f. 1732. Eivind og Gunvor var i ætt med einannan og måtte ha kongebrev til giftarmålet sitt. Dei fekk 6 born, men berre 3 vaks upp: Nils, f. 1754, var sjømann og sigla på Kina, kom ikkje heimatt, Jon, f. 1760, g. b. i Austevoll, Marta, f. 1770, ug. Eivind streva hardt for å greida seg på bruket, men det gjekk ut med han, og då kona døydde i 1774 måtte han lata bruket frå seg. Han døydde i 1787 og Gunvor i 1774.
Hans Jonson Skjørsand, f. ikr. 1731, bygsla bruket i 1774. G. 1776 Ingjerd Steffens dtr. Berge frå Fusa, f. 1743. Dei hadde ikkje born. Hans dreiv mykje med sjøen og sat godt i det. Han døydde i 1807 og kona nokre år seinare.
Anders Larsson Særvoll, f. 1768, vart brukar saman med Hans i 1792 og fekk bygsla bruket i 1794. G. 1794 Brita Ols dtr. Storum, f. 1759. Born: Hans, f. 1795, s. n., Mari, f. 1796, s. br. 4, Ingjerd, f. 1797, g. 1825 Lars indre Tuen, s. i. T. 3, Lars, f. 1803, g. 1829 Marta ytre Haugland, s. y. H. 9, Ola, f. 1806, g. 1835 Mari Hovland, s. H. 1, Anders, f. 1810, g. 1839 Magdela Særvoll, s. Særvollsvik 1. Ein gut døydde tidleg. Anders dreiv med sjøen likeins som fyremannen. Han døydde i 1834 og kona i 1836.
Hans Andersson Storum, f. 1795, bygsla farsbruket i 1821. G. 1822 Ingeborg Isaks dtr. Økland, f. 1799. Dei fekk 12 born, men av dei døydde eit par tvillingar og 5 andre i ung alder. Dei som vaks upp var: Brita, f. 1823, s. n., Synneva, f. 1824, d. ug. 1894, Isak, f. 1830, s. n., Ingjerd, f. 1835, g. 1862 Jon Grindevoll, s. Askvik 4, Anders, f. 1839, g. 1865 Brita Lars dtr. Skåtun, b. Skåtun i Strandvik. Hans dreiv fiske likeins som fyremennene. Han døydde i 1873 og kona i 1868.
Jon Hansson indre Moberg, f. 1819, vart i 1844 gift med Brira Hans dtr. Storum, f. 1823, og vart busett hjå verfaren med tanke på å få bruket. Born: Hans, f. 1844, g. 1878 Ingjerd Særvollsvik, b. Vedholmen, s. Røttingen 14, Ingeborg, f. 1848, g. 1871 Peder Røttingen, s. R. 5. Jon vart ikkje gamall. Vinteren 1848 – 49 døydde han av kolera og vart gravlagd i kolerakyrkjegarden på Døsen. Ekkja vart seinare gift att med Kristoffer Røttingen, s. R. 2.
Isak Hansson Storum, f. 1830, vart brukar etter faren. G. 1858 Hans dtr. indre Moberg, f. 1838. Born: Ingeborg, f. 1859, d. ug. 1880, Frida, f. 1861, s. n., Hansina, f. 1866, d. ug. 1936, Johanna, f. 1868, ug., b. Bergen, Isak, f. 1874, bøkkar, g. 1899 Johanna Ellings dtr. Hella frå Hordabø, b. Bergen. Isak dreiv fiske likeins som fyremennene på bruket. Han døydde i 1909 og kona i 1913.
Elias Olson Askvik, f. 1861, vart i 1892 gift med Frida Isaks dtr. Storum, f. 1861, og vart brukar etter verfaren. Same året kjøpte han bruket for 3600 kroner. Born: Ola, f. 1897, s. n., Isak, f. 1899, s. br. 9, Ingeborg, f. 1902, g. 1929 Anders Lunde, s. L. 15. Elias hev drive treskoarbeid attåt gardsbruket. Kona døydde i 1925.
Ola Eliasson Storum, f. 1897, skøytte farsbruket i 1929. G. 1930 Anna Anders dtr. Lepsøy, f. 1901. Born: Frida, f. 1930, Dagny, f. 1932, Inger, f. 1935, Erling, f. 1937.
STORUM 3.
Mattis Storum vart fyrste mann på dette bruket, då det vart skilt ut frå dei andre bruki i 1615. Mattis døydde i 1620.
Lars Storum vart brukar i 1620. Han var truleg ikkje osing, men kvar han elles var frå veit me ikkje. Lars var velstandsmann og åtte ikkje so lite jordegods. Umframt ein part i sitt eige bruk åtte han soleis partar i gardane Myklestad, Berge og Sande. I 1624 måtte han og Nils Døsen for retten avdi dei ikkje hadde kjørt stein frå Lyseklostermurane til sjøen, soleis som dei var tilsagde å gjera, og fekk bøter for dette. I 1627 hadde Lars sjølv Nils Døsen til tings for slagsmål og sterke ord. Lars døydde i 1627.
Peder Storum vart brukar etter Lars. Kona hans, som heitte Anna, var truleg ekkja etter Lars. Um Peder Pederson på br. 2 var son deira er noko uvisst. Peder døydde alt i 1728.
Ekkja Anna Storum tok bruket sjølv då mannen døydde og hadde det radt til 1650. Ho hadde tvo born, Nils og Mari, s. n., som truleg var frå fyrste giftarmålet. Anna sat tungt i det og var skattefri dei fyrste åri, men ho var ei drivande kona og arbeidde seg framover etterkvart. I 1640 åri kom ho med i skattelista som andre bønder, og ho greidde seg tolleg godt. I 1650 let ho bruket frå seg til dotteri og versonen, s. n.
Jon Sanderson, f. ikr. 1622, vart gift med dotter åt Anna, Mari Storum, og bygsla bruket etter vermori i 1650. Kvar Jon var frå, veit me ikkje, men han var ikkje osing. Mari døydde i fyrsten av 1670 åri, og Jon gifte seg att i 1676 med Mari Jons dtr. Storum, f. ikr. 1625, som var ekkja etter grannen Lars på br. 1. Born: Ingeborg, f. ikr. 1650, g. Rolf Ferstad, s. F. 1, Johannes, f. 1655, g. 1687 Marta Grindevoll, s. ytre Moberg 6, Jon, f. 1658, g. 1683 Anna Valle, s. V. 1, Sander, f. 1662, Kristoffer, f. 1664. Fleire born døydde unge. Jon sat tolleg godt i det, men då alle husi hans brann i 1654 saman med dei andre husi på tunet fekk han ei hard påkjenning. Han greidde likevel å reisa husi uppatt og sitja med bruket. Jon døydde ikr. 1695 og kona i 1693.
Nils Olson Halhjem, f. ikr. 1654, bygsla bruket i 1676. G. 1674 Anna Peders dtr. Storum, f. ikr. 1656. Anna døydde alt i 1678, og Nils gifte seg att eit par år etter med ei som heitte Herborg, men som me elles ikkje veit meire um. Dei fekk 9 born, men av dei døydde eit par tvillingar og tvo andre i ung alder. Dei 5 som vaks upp var: Brita, f. 1676, Mikkjel, f. 1682, f. 1684, g. 1715 Eivind indre Lekven, s. i. L. 2, Johannes, f. 1686, s. n., Elsebet, f. 1688. Nils sat tungt og trangt i det. Han og kona døydde begge i 1720. Storparten av borni reiste or bygdi.
Johannes Nilsson Storum, f. 1686, bygsla bruket etter faren i 1713. G. I 1715 Anna Ols dtr. Lyaaand, f. 1687, d. 1735, g. II 1737 Helga Knuts dtr. Skogen, f. 1699. Born: Helga, f. 1716, g. 1749 Ola indre Moberg, s. i. M. 4, Brita, f. 1721, ug., Herborg, f. 1723, s. br. 1. Johannes dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1741.
Anders Bårdson Skjeie, f. 1721, vart i 1741 gift med ekkja Helga Knuts dtr. og bygsla bruket same året. Helga døydde i 1765, og Anders gifte seg att i 1768 med Magdela Ols dtr. Haugland, f. 1702, som var ekkja etter Hans ytre Haugland. Giftarmåli var barnlause. Det var sverande smått for Anders. Han greidde ikkje sitja med bruket og måtte lata det frå seg alt i 1750. Sidan livde han av god manns og bygdi si hjelp. Anders døydde i 1769 og Magdela i 1778.
Paul Simonson Feratad, f. 1723, bygsla bruket i 1750. G. 1750 Kristi Jons dtr. Storum, f. 1723. Paul greidde seg helder ikkje på bruket, og flutte alt i 1754 til Ferstad, s. F. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Ola Olson Øvredal, f. 1722, fekk bygsla bruket då Paul flutte burt. G. I 1753 Kari Jons dtr. Skjørsand frå Fusa, f. ikr. 1721, d. 1754, g. II 1755 Unna Peders dtr. Søfteland, f. 1731. Born: Anna f. 1757, s. n., Brita, f. 1759, s. br. 2, Ola, f. 1762, g. 1796 Margreta ytre Tuen, s. Berge 4. Ola dreiv med fiske attåt gardsbruket, og streva hardt for å greida seg. Han døydde i 1795 og kona eit par år etter.
Nils Jonson indre Lekven, f. 1761, vart i 1787 gift med Anna Ols dtr. Storum, f. 1791, og vart brukar etter verfaren. Born: Nils, f. 1817, d. ung, Anna, f. 1822, s. br. 5, Ola, f. 1825, g. 1855 Kari Halhjem, s. H. 5, Anders, f. 1831, s. n. Nils var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt. Han døydde alt i 1837.
Her er det forskjel i opplag 1 og 2 (1941 og 1979)
Lars Jonson indre Tuen, f. 1809, vart i 1838 gift med ekkja Margreta Nils dtr. og bygsla halve bruket. Den andre helvti vart skipa til eit nytt bruk som eldste dotteri i huset fekk bygsla, s. br. 5. Lars hadde ikkje born. Han dreiv fiske og treskoarbeid attåt gardsbruket og greidde seg med dette. Lars døydde i 1862 og Margreta i 1873.
Anders Nilsson Storum, f. 1831, bygsla bruket etter mori og stykfaren. G. 1857 Anna Hans dtr. Lepsøy, f. 1829. Born: Nils, f. 1856, kom burt på sjøen under fiske i Nordland 1882, Rakel, f. 1861, s. n., Hans, f. 1864, g. 1888 Kari Skjeie, s. Sundøy 2. Tvo born døydde unge. Anders var treskoarbeidar og dreiv ogso med sjøen. Han døydde i 1881 og kona i 1907.
Nils Olson Halhjem, f. 1859, vart i 1883 gift med Rakel Anders dtr. Storum, f. 1861, og fekk bygsla bruket etter verfaren i 1885. Born: f. 1885, g. 1912 Karl Manger, s. Midthus 4, Anders, f. 1891, s. n., Oliva, f. 1901, g. 1926 Harald Kvalheim, s. Askvik 8. Tre born døydde unge. Nils hev drive treskoarbeid o. a. attåt gardsbruket.
Anders Nilsson Storum, f. 1891, bygsla farsbruket i 1911 og kjøpte det av eigaren i 1913. G. 1914 Arntina Mons dtr. Fonnes frå Austrheim, f. 1889. Born: Magnus, f. 1915, paktar, b. Valle i Fana, Nils, f. 1916, Ragnvald, f. 1919, Mikal, f. 1923, Aslaug, f. 1925, Agnes, f. 1929. Eit par tvillingar døydde unge. Anders hev vore bøkkar og er no arbeidsformann i sildesalteri. Sonen Nils driv lastebilkjøring.
STORUM 4.
Isak Nilsson, f. ikr. 1625, vart fyrste mann på det nye bruket då det vart skift ut frå bruk 2 i 1654. Mannen på bruk 2 greidde ikkje byggja husi uppatt etter at dei brann i 1654, men då han skifte bruket vart Isak, som fekk den utskilde parten, med på husbyggjingi. Husi vart sams for begge bruki. Kvar Isak var frå er noko uvisst, men etter alt å døma måtte han vera son åt Nils indre Haugland. Kona som heitte Malena Isaks dtr., f. ikr. 1628, var truleg ikkje frå Os. Av borni kjenner me berre 3: Isak, f. ikr. 1655, Mari, f. ikr. 1660, g. 1687 Asbjørn Borgen, s. B. 1, Kari, f. ikr. 1666, d. ug., 1697. Isak sat tungt i det. Han døydde i 1691 og kona i 1669.
Torstein Monsson Ulven, f. 1659, bygsla bruket etter Isak. G. 1687 Barbru Nils dtr. Bø, f. ikr. 1670. Av 6 born vaks berre tvo upp: Anna, f. 1692, g. 1732 Ola ytre Haugland, s. y. H. 4, Mons, f. 1698, g. 1725 Kari indre Haugland, s. i. H. 1. Torstein vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1702.
Torstein Nilsson Grindevoll, f. 1679, vart i 1703 gift med ekkja Barbru Nils dtr. og vart brukar her. Born: Nils, f. 1706, s. n., Lars, f. ikr. 1718, g. 1754 e. Kari Anders dtr. Haga i Samnanger, s. S. B. 495, Ola, f. ikr. 1720, s. br. 1. Torstein var soldat i sjøvernet og var ute i heile ufreden 1709 – 1718. Han sat tungt i det, som ventande var, når han måtte vera burte frå heimen i 10 år. Torstein døydde i 1741 og Barbru i 1757.
Nils Torsteinson Storum, f. 1706, bygsla farsbruket i 1729. G. I 1729 Marta Ols dtr. ytre Haugland, f. 1707, d. 1733, g. II 1733 Botilla Lars dtr. ytre Haugland, f. 1697. Born: Barbru, f. 1730, g. 1756 Nils Lepsøy, s. L. 1, Ola, f. 1732, s. n., Marta, f. 1736, g. 1761 Vinsjans Halvardson Skjeie i Fana. 3 born døydde unge. Nils var skyss-skaffar i Osbygdi, men han tente ikkje mykje på yrket. Han sat smått i det og streva hardt for å greida seg. Nils døydde i 1782 og Botilla i 1773.
Ola Nilsson Storum, f. 1732, bygsla farsbruket i 1756. G. 1757 Magdela Jons dtr. ytre Lekven, f. 1727. Av 7 born vaks 5 upp: Marta, f. 1757, g. 1790 Anders Røttingen, s. br. 6, Nils d. e., f. 1761, s. n., Brita, f. 1766, g. 1791 Anders ytre Haugland, s. y. H. 2, Guro, f. 1769, ug., Nils d. y., f. 1772, g. 1794 Kari Villums dtr. ytre Haugland. Ola var skyss-skaffar likeins som faren hadde vore, men vart ikkje rikare av arbeidet enn han, og sat like tungt i det som faren gjorde. Ola døydde i 1788 og Magdela i 1810.
Nils Olson Storum, f. 1761, bygsla bruket etter faren i 1790. G. 1791 Lisbet Halvards dtr. Røttingen, f. 1759. Born: Ola, f. 1791, g. b. Tøsøy i Sund, f. 1797, g. 1827 Nils Sundøy, s. S. 2, Halvard, f. 1799, g. 1829 Unna Lunde, s. L. 5, Nils, f. 1804, g. 1825 Elisabet Meidell, s. Lepsøy 11. Nils vart skyss-skaffar likeins som faren og bestefaren og sat ikkje betre i det enn dei hadde gjort. Han døydde alt i 1811.
Lars Samsonson ytre Tuen, f. 1789, gifte seg i 1812 med ekkja Lisbet Halvards dtr. og bygsla bruket. Ho døydde i 1835 og Lars gifte seg att same året med Mari Anders dtr. Storum, f. 1796. Born: Samson, f. 1836, s. n., Lisbet, f. 1839, d. 1843. Lars dreiv fiske likeins som grannane. Han døydde i 1852.
Ekkja Mari Anders dtr. hadde so bruket nokre år.
Samson Larsson Storum, f. 1836, bygsla bruket etter mori. G. 1858 Marta Nils dtr. Sundøy, f. 1829. Dei fekk 3 born, men berre ei dotter, Marianna Elisabet, f. 1862, vaks upp. Ho vart gift i Kvinnherad 1884. Samson vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1865.
Ola Olson Storum, f. 1841, vart gift i 1866 med ekkja Marta Nils dtr. og fekk bygsla bruket. Born: Larsina, f. 1867, ug., Samson, f. 1869, s. n., Nils, f. 1874, sjømann, d. i Kina. Ei gjenta døydde ung. Ola døydde i 1912 og kona i 1914.
Samson Olson Storum, f. 1869, kjøpte farsbruket av eigaren i 1905 for 3200 kroner. G. 1 1903 Kari Torkjells dtr. Døsen, f. 1872, d. 1913, g. II 1914 Henrikka Nils dtr. Gjeitertøy (Lepsøy), f. 1871. Born: Ola, f. 1903, s. n., Torkjell, f. 1904, sementstøypar, Marta, f. 1906, hushjelp, Sofia, f. 1909, g. 1930 Gunvald Isakson Sørstraumen. Samson var steinarbeidar. Han døydde alt i 1918.
Ola Samsonson Storum, f. 1903, fekk kjøpekontrakt på farsbruket i 1918 og skøytte det i 1927. G. 1934 Gunhild Lie frå Fjell, f. 1911. Born: Nanna, f. 1936, Sverre, f. 1938. Ola hev berre drive med gardsbruket.
STORUM 5.
Anders Halvardson Røttingen, f. 1755, festa ei tuft hjå verfaren i 1792 og bygde her. G. 1791 Marta Ols dtr. Storum, f. 1757. Born: Magdela, f. 1792, g. 1832 e. Erik Nilsson Boga, Mari, f. 1795. Det var sverande smått for Anders, og han måtte få hjelp av bygdi. Me finn korkje Anders eller kona døde i Os. Um dei flutte ut eller um dei døydde i tidi 1808 – 1815, då presten ikkje skreiv eit einaste namn i bøkene, veit me ikkje. Tufti fall attende til hovudbruket.
STORUM 6.
Ola Martinusson Hatvik, f. 1814, vart i 1839 gift med Anna Nils dtr. Storum, f. 1822, og fekk same året bygsla helvti av vermori sitt bruk, s. br. 3. Då vermori gifte seg att i 1838, vart bruket skift i tvo partar, og Ola fekk den eine. Born: Anna d. e., f. 1841, g. Andreas Svanevik, b. Bergen, Nils d. e., f. 1845, s. n., Martinus, f. 1848, s. n., Kari, f. 1852, g. Lars Svanevik, b. Bergen, Nils d. y., f. 1855, s. br. 7, Olina f. 1865, g. 1886 Severin Svanevik, b. Bergen. 5 born døydde unge. Ola var fiskar som dei andre på garden. Han kom burt på sjøen i 1868, men vart attfunnen og gravlagd ved Møgster kyrkja. Kona døydde i 1882.
Nils Olson Storum, f. 1845, bygsla bruket etter faren i 1869. G. 1870 Kari Anders dtr. Feratadvollen, f. 1847. Dei hadde ikkje born. Nils dreiv med fiske og treskoarbeid. Han døydde alt i 1875.
Ekkja Kari Anders dtr. hadde so bruket ei par år.
Martinus Olson Storum, f. 1848, vart i 1877 gift med ekkja etter broren, Kari Anders dtr., og fekk same året bygsla bruket. Born: Anna f. 1877, i Amerika, Nils, f. 1879, s. n., Helga, f. 1880, hev vask- og strykeforretning i Bergen, Olai, f. 1884, bryggjeformann i Bergen, g. 1915 Jakobia Sofia Ols dtr. Ommedal frå Gloppen, Ingeborg, f. 1886, g. 1912 bygningsmann Magnus Olson Kålås frå Hamre, b. Bergen, Anders, f. 1887, smed i Bergen, g. 1915 Sofia Klemets dtr. Jarstad frå Dale i Sunnfjord, Karl, f. 1889, d. 1898. Tvo born døydde unge. Martinus dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1937 og kona i 1927.
Nils Martinusson Storum, f. 1879, bygsla farsbruket i 1907 og kjøpte det i 1936. G. 1902 Karina Sofia Ols dtr. Bognøy frå Herdla, f. 1882. Born: Kristofa Matilda, f. 1902, g. 1921 steinarbeidar Sigvald Fredriksen, b. Fana, Nilsina, f. 1907, s. br. 10, Normann, f. 1911, sjauffør, g. 1939 Astrid Martinus dtr. Ekren frå Fjell (born: Marny, f. 1939), Charley, f. 1913, sjauffør, Lilly, f. 1916, s. br. 11, Kamilla, f. 1918, hushjelp, Anny, f. 1923. Tvo born døydde unge. Nils hev vore steinarbeidar og hev ogso drive med sildearbeid.
STORUM 7.
Nils Olson Storum, f. 1855, kjøpte i 1885 eit jordstykke av br. 1 for 140 kroner og busette seg her. G. 1885 Anna Bagges dtr. indre Haugland, f. 1845. Dei hadde ikkje born. Nils hadde smidja og dreiv smedverksemd. Han døydde alt i 1897.
Ekkja Anna Bagges dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1919.
Lars Jonson Hildershamn (Askvik), f. 1874, kjøpte bruket i 1903. G. 1902 Olina Gjertina Hans dtr. ytre Haugland, f. 1876. Born: Ingvald, f. 1902, arbeidar i sildeverksemd, Hans, f. 1904, steinarbeidar, g. 1934 Ingrid Andersen frå Fana, b. Sagenes i Fana, Harald, f. 1906, trearbeidar, Lars, f. 1908, trearbeidar, Borghild, f. 1911, hushjelp, Anna, f. 1914, hushjelp, Ingrid, f. 1916, fabrikkarbeidar. Lars hev vore sjømann.
STORUM 8 (Nystølen).
Mads Godskalkson Storum, f. 1852, skilde ut ein part av bruket sitt i 1916 då sonen fekk hovudbruket, s. br. 1. Mads busette seg på det nye bruket. Sjå um han under br, 1.
Alfred Madsson Storum, f. 1893, skøytte bruket av faren i 1925. G. 1923 Hanna Pauls dtr. Sandsøy frå Tysnes, f. 1894. Born: Martin, f. 1924, Klara, f. 1927. Alfred hev vore bøkkar, men driv no med målararbeid.
STORUM 9 (ytre Storum).
Isak Eliasson Storum, f. 1899, skøytte i 1928 ein part av farsbruket som var fråskild i 1925. G. 1928 Maria Martinus dtr. Ekren frå Fjell, f. 1901. Born: Aslaug, f. 1928, Erna, f. 1929, Einar, f. 1931, Magnhild, f. 1933, Ingvar, f. 1938. Isak er bøkkar.
STORUM 10 (Træshaugen).
Andreas Olson Hagevik, f. 1902, skøytte i 1935 eit stykke av verfaren sitt bruk og busette seg her. G. 1925 Nilsina Nils dtr. Storum, f. 1907. Born: Klara, f. 1925, Kitty, f. 1927, Arvid, f. 1928, Dagfinn, f. 1930, Valborg, f. 1932, Artur, f. 1934. Andreas er steinarbeidar.
STORUM 11 (Nordli).
Alfred Grøneng frå Balestrand, f. 1914, skøytte eit stykke av verfaren sitt bruk i 1937 og bygde her. G. 1938 Lilly Nils dtr. Storum, f. 1916. Born: Kåre, f. 1939. Alfred er trearbeidar.