YTRE LEKVEN

Frå OS SOGA III side 266 – 280


48. YTRE LEKVEN. 

Namnet er det gamle Leikvin, vollen eller bøen der bygdefolket samlast til leik og idrottstevlingar.  Garden er eldgamall som ogso namnet syner. 

Uttale:  Læ’kkvenn.  

Skrivemåtar: Lequene (1519), Liquenn (1521), Lequenn (1563), Lequen, Leque; Lecquen, Leequenn, Leecquenn (1646), Lequem, Lequam, Lequamb, Lequemb, Leqven (1723), Løquen, Liquen. 

Garden ligg sunnanfyre Lifjellet, på dei flate vollane millom Tuen, Lunde og Ferstad.  Lekven hev stødt vore Lyseklostergard tildess bygslemennene kjøpte han i 1870 åri. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668
: Saar 5 stadtztønder, afler 20 tdr., ringe udmarch, lidet brendeued til gaarden, tilsagt at plante homblehagge. 
1723: Hverken sætter, skoug eller brendefang, ingen qvern eller fiskerie, god jordart og letvinden, men mangler houge til fæbete.  Har ingen slags næring uden af gaardens aufl.  Under denne gaard Leqven har i formaalstider ligget et Laxeværpe, som er soldt fra gaarden og nu ejes af Ole Andersen nere Gierevigen, men bruges af Ole og Daniel ytre Leqven samt Elling, Niels og Aamund indre Leqven, som aarl. betaler i afgift til ejeren 2 Rdr. penge.  Vaagen er ellers af den tilstand at ejeren for sin aarlig afgift kand være uden skade, og er brugende, jligemaade nyde den bekostning, som af dem anvendes og ei videre, har tilforn ei givet noget til Deres Majst, nu at betale 24 skilling.  
1865: Ytre Liqven med 1 plads: Har 23 maal dyrket ager og eng, hvoraf 8 maal godt, 8 middels og 7 slet, har 81 maal naturlig england, deraf 32 maal godt, 36 middels og 13 slet, intet af englandet er dyrkbart.  1 brug har skog til brænde og ½ huusreparation, de andre brug har kun brændefang, intet at sælge, føder ikke creaturer ved lyng.  Brugene er letbrugte og almindelig drevet, det ene brug mere end almindelig godt. 
I kastevaag indbringer 8 spd. aarlig, brukes af John Liqven. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16572  13     
16683  24   5tun 
17233  2410  6» 
1800314       
183542311418 26,5»4tun.
186542532528 212tun.15tun.
190042122333 418,5hl.39hl.
192074342625 515,7mål11,2mål
1930136433063 66,7»11,5»
1939  33933 76»12»


YTRE LEKVEN 1. 

Hans pa Lequene var brukar på ytre Lekven i 1519 og er fyrste mannen som er namngjeven her.  Han fostra stutar um vintrane for lensherren på Bergenhus.  For ein stut som han fostra soleis vinteren 1520 – 21 fekk han 7 alner hjeltevadmål i fosterløn, og det same skulde han ha for ein stut i foster vinteren 1521 – 22. 

Lars ytre Lekven var brukar her i 1653.  Garden var då skift i tvo bruk.  I 1569 var Lars, likeins som grannen Peder indre Lekven, lagrettemann og domar i laksesaki, s. O. B. I 217.  Lars hadde berre halve garden, med di Peder ytre Lekven hadde den andre halvparten, s. br. 2.  Lars døydde i slutten av 1580 åri. 
Ekkja etter Lars stjorna bruket etter at mannen døydde og hadde det m. a. i 1591. 

Arne Lekven hadde bruket i 1597. og Jakob Lekven vart brukar i 1600.  Ola Lekven vart brukar i 1603, og Guttorm Lekven bygsla bruket i 1610. – Me kjenner berre namnet på desse karane og veit elles ikkje noko å fortelja um dei. 

Peder ytre Lekven bygsla bruket i 1616.  Etter det me kann skyna, var han son åt ein av dei nemnde brukarane på garden, kannhenda åt Arne eller fyremannen hans.  Peder måtte saman med dei andre hermennene frå Os til Svinesund i 1611 og kom att i 1612.  Kona hans heitte Kristi.  Han hadde fleire born, men me kjenner berre ein son, Ola, og kannhenda ei dotter Eli, s. n.  Truleg var ogso Peder Storum, s. S. 2, son hans.  Peder sat smått i det og var skattefri i fleire år.  Han døydde ikring 1640. 
Ekkja Kristi ytre Lekven hadde so bruket radt til 1650. 

Endre ytre Lekven vart brukar etter Kristi i 1650.  Han vart då gift med ei som heitte Eli, og det er sume ting som tyder på at ho var dotter åt Peder og Kristi.  Endre hadde vore gift fyrr og hadde fleire born med seg då han kom til Lekven.  Kvar han var frå, veit me ikkje, men han hadde ikkje vore busett i Os tidlegare.  Av borni kjenner me: Kristi, f. ikr. 1636, g. 1695 Ola ytre Haugland, s. y. H. 5, Marta, f. ikr. 1640, g. 1658 Ingebrigt ytre Haugland, s. y. H. 3, Ola, f. ikr. 1656, Brita, f. ikr. 1658, g. 1685 Nils ytre Haugland, s. y. H 3.  Endre døydde ikr. 1658 og ekkja Eli vart straks etter gift att til Midthus, s. M. 2. 

Jon Ingebrigtson Sundøy, f. ikr. 1634, bygsla bruket etter Endre og Eli.  Han vart gift med ei som heitte Marta, og kannhenda var ho dotter åt Endre.  Av borni åt Jon kjenner me berre ein son Ingebrigt, f. 1678, s. Skjeie 5, men det var tvillaust fleire born.  Jon og Marta døydde begge i 1690 åri. 

Daniel Olson og Nils Monsson ytre Lekven, som hadde br. 2 og 3, overtok no ogso dette bruket og stjorna det i heile 20 år. 

Ola Larsson Hauge, f. 1681, bygsla bruket i 1716.  Han hadde fyrr havt eit bruk på Ferstad, s. F. 5.  G. 1706 e. Brita Anders dtr. Ferstad, f. Ådland i Fusa ikr. 1680.  Born: Kari, f. 1708, s. br. 2, Margreta, f. 1710, g. 1736 Steffen Grindevoll, s. G. 1, Anders, f. 1712, s. n., Ola, f. 1712, d. ung.  Ola sat godt i det.  I 1720 vart han lensmann for Lysekloster gods og hadde yrket til han døydde i 1733.   (? Kona var død fyrr Ola kom til Lekven, med di ho fall frå alt i 1714. ? ) 

Anders Olson ytre Lekven, f. 1712, bygsla bruket då faren døydde, men han fekk ikkje det heile.  Bruket vart skift slik at Anders fekk tvo tridjepartar av det gamle bruket, og resten gjekk til eit nytt bruk, som systermannen fekk, s. br. 4.  Anders hadde ikkje bruket lenge.  I 1735 vart han gift med ekkja Gjertrud Jørgens dtr: indre Moberg, f. 1711, og flutte då til indre Moberg, s. i. M. 5, der han sidan vart buande.  Han stjorna likevel ogso bruket på Lekven til 1742. 

Lars Åmundson indre Lekven, f. 1706, bygsla bruket etter verbroren i 1742.  Lars hadde fyrr havt farsbruket sitt på Lekven, s. i. L. 1, men i 1742 bytte han bruk med Ola ytre Lekven på br. 2, og flutte då til ytre Lekven.  Samstundes bygsla han bruket her.  Det var ogso han som i 1733 hadde bygsla den eine tridjeparten av bruket her, s. br. 4, og frå 1742 hadde han soleis 3 bruk på ytre Lekven.  G. 1733 Kari Ols dtr. ytre Lekven, f. 1708.  Born: Brita, f. 1734, g. 1762 Torstein Monsson ytre Haugland, Anna, f. 1736, d. ug. 1757, Ola, f. 1746, Lars, f. 1751.  Lars var ein drivande kar som hadde mykje fiskegreidor og dreiv sterkt med sjøen.  Han stod seg godt og var ein av dei likaste bøndene i bygdi.  Lars vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1750. 
Då Lars fall frå, var det desse husi på bruki hans: Ei gamall gardstova som bruk 3 åtte tridjeparten i, ei røykstova med skot og eldhus attåt, ei sengebud med sval og lem ovanpå, eit fjos med timbra kove attåt og ein hestestall ved sida, eit lite fjos med timbra kove, stabur, svinehus, kvernhus og ei løda som bruk 3 åtte tridjeparten i.  Attåt dette åtte bruket tridjeparten i ei sengebud som stod på bruk 3, eit naust saman med Nils indre Lekven og eit gamallt naust saman med dei andre mennene på indre Lekven.  Lars hadde stelt vel med husi so alle var i god stand. 
Ekkja Kari Ols dtr. hadde bruket i 3 år etter at mannen døydde. 

Lars Pederson Ferstad, f. 1731, vart i 1753 gift med ekkja Kari Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Kari døydde alt i 1758, og Lars gifte seg att tvo år etter med Kari Anders dtr. Sævareid frå Strandvik, f. ikr. 1738.  Dei fekk 3 born i 1760 åri, Peder, Kari og Marta.  Det var smått for Lars, attåt dette vart han helseklein, og i 1774 måtte han gå frå garden.  Han var då ogso komen upp i ein undarleg strid med grannen på garden.  Lars hadde ei ung taus som heitte Boel og som ikkje var av dei klokaste.  Lars skjente på henne av og til, men grannen gav henne skryt, og til takk for dette bar ho mjøl, kjøt, flatbrød, høy, halm og andre ting frå Lars over til grannen.  Di meir grannen skrytte, di meir bar tausi, og tilslutt kom karane for retten.  Saki førde berre til utlogor for dei begge.  Etter at Lars gjekk frå garden, dreiv han ei tid som fiskar, men flutte so or bygdi.  Kvar det vart av han og huslyden, veit me ikkje. 

Eivind Jonson Håland frå Hålandsdalen, f. 1748, vart brukar i 1775 og bygsla bruket i 1777.  G. 1774 Guro Sjurs dtr. Foer frå Fusa, f. p. Solas i Hålandsdalen 1747.  Born: Jon, f. 1774, s. n., Sjur, f. 1777, s. br. 2, Eivind, f. 1780, g. 1811 Marta Bottolvs dtr., var arbeidar i Bergen, Ola, f. 1785, d. ug., Elling, f. 1789, s. br. 5.  Eivind bygsla ogso bruk 4, og på denne måten kom dette attende til hovudbruket.  Eivind dreiv fiske som dei andre mennene på Lekven og sat tolleg godt i det.  Han døydde i 1811 og kona i 1807.  Sønene Eivind og Ola vart begge utskrivne til sjøvernet i ufredsåri.  Eivind slapp heimatt då han vart sjuk, og Ola døydde på heimreis frå Bordeaux i 1810, då han var timbermann på galeas «Anthonette». 

Jon Eivindson ytre Lekven, f. 1774, bygsla bruket i 1810 då faren vart sjuk.  G. 1811 Ragnhild Kristens dtr. Eide, f. 1790.  Jon døydde straks etter at han var gift, og sonen Jon kom til verdi nokre månader etter.  Jon Jonson reiste til Amerika i 1854, s. O. B. II 27.  Dei siste brukarane hadde stelt kleint med husi, og ved skiftet etter Jon krov jordeigaren ei stor huseåbod.  

Knut Olson Tombra frå Hålandsdalen, f. 1788, som var uppfostra hjå Daniel ytre Lekven og kona hans, som var morsyster åt Knut, vart i 1811 gift med ekkja Ragnhild Kristens dtr. og fekk bygsla bruket.  1811 var eit stridt år for Ragnhild.  På eit og same året vart ho gift fyrste gongen, miste mannen sin, fekk ein son, og vart gift att andre gongen.  Ragnhild døydde i 1830, og Knut gifte seg att tvo år etter med Marta Jons dtr. indre Moberg, f. 1808.  Knut og Marta fekk i det heile 16 born, og av dei vaks 13 upp: Brita, f. 1814, d. 1831, Torbjørg, f. 1815, g. 1835 Engjel indre Moberg, s. i. M. 4, Lars, f. 1816, sjømann, Guro, f. 1817, s. br. 2, Olina, f. 1819, d. ug. 1850, Kristen, f. 1820, i Amerika, Knut, f. 1824, for til Amerika i 1852 som den fyrste utvandraren frå Os, s. O. B. II 27, Ola, f. 1827, sjømann, f. 1830, Jon, f. 1835, s. n., Marta, f. 1838, g. 1859 Hans Hjelle, s. H. 1, Kristi, f. 1844, g. 1872 Ola ytre Moberg, s. y. M. 5, Ingeborg, f. 1847.  Knut dreiv mykje med sjøen, sat godt i det og var kannhenda likaste mannen i Os på dei tider.  Han døydde i 1853.  Ekkja vart kårkona hjå sonen, men flutte seinare til Osøyri, s. O. 11, der ein finn meir um henne. 

Jon Knutson ytre Lekven, f. 1835, bygsla bruket etter faren.  I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 850 spd.  G. 1854 Guro Peders dtr. Halhjem, f. 1827.  Born: Knut, f. 1854, sjømann, seinare smed, g. b. Bergen, Marta, f. 1855, g. 1879 Johannes Sundøy, s. S. 3, Kari, f. 1858, s. br. 6, Agata, f. 1865, s. br. 6, Jonas, f. 1868, d. 1885.  3 born døydde unge.  Jon dreiv med sjøen, hadde stor fiskebåt som han reiste med, og dreiv dessutan laksefiske i Lekvenvågen.  Han fall frå i 1912.  Kona døydde i 1889 etter å ha vore sjuk i heile 21 år. 
Borni åt Jon, Knut Jonson og Marta, Kari og Agata Jons døtre, arva bruket etter faren, men selde det straks att. 

Svein Hansson Boga frå Fusa, f. 1882, kjøpte bruket i 1913.  Han hadde fyrr vore busett på Boga.  G. 1904 Berta Karina Solheim (Gaugstad) frå Fusa, f. 1882.  Born: Hans, f. 1905, Jon, f. 1906, d. 1918, Amalia, f. 1908, g. 1937 skreddar Nils Rode frå Voss, Gerhard Olai, f. 1910, d. ug. 1934, Borghild, f. 1912, fabrikkarbeidar, Sigurd, f. 1914, sjauffør, Marta, f. 1916, b. Bergen, Jenny, f. 1919, hushjelp, Anna, f. 1920, butikkgjenta, Johan, f. 1925.  Svein hev vore bøkkar og trearbeidar. 


YTRE LEKVEN 2. 

Peder Lekven hadde bruket i 1563 og var truleg fyrste brukaren her etter at garden vart skift.  Korlenge Peder hadde bruket, veit me ikkje. 

I 1590 åri finn me ikkje nemnd nokon brukar her.  Kannhenda var bruket då drive saman med bruk 1. 

Knut Lekven vart brukar i 1600.  Han sat svert smått i det og vart berre rekna som husmann.  Bruket hans var ogso berre helvti so stort som det andre bruket på garden.  Knut døydde i 1622. 

Lars Lekven vart brukar i 1623, truleg på den måten at han vart gift med ekkja etter Knut.  Lars må ha vore noko upp i åri då han kom til Lekven, for alt i 1630 vart han skriven i skattelista som «Gamle-Lasse på Lekven».  Han sat svert smått i det likeins som fyremannen og måtte sume år få hjelp av bygdi. 

Ola Lekven vart brukar i 1640.  Kona hans heitte Kari, og anten var ho dotter åt «Gamle-Lasse» eller so var Ola son hans.  Gamle-Lasse hadde tvillaust vore gift og hadde born fyrr han kom til Lekven.  Ola og Kari fekk ein son, Lars, i 1642.  Ola døydde alt i 1645. 

Johannes Lekven vart gift med ekkja Kari og fekk bygsla bruket i 1646.  Han var fatigmann likeins som fyremennene og døydde alt i 1650. 

Kvar dei brukarane som er nemnde ovanfyre var frå, veit me ikkje. 

Rasmus Olson, f. ikr. 1615, bygsla bruket i 1650.  Han var truleg son åt Ola indre Lekven.  Kona heitte Guro, og det er alt me veit um henne.  Dei hadde tvo døtre: Ragnhild, f. ikr. 1650, g. 1673 Nils indre Lekven, s. i. L. 2, Kristi, f. ikr. 1655.  Rasmus dreiv fiske og greidde seg betre enn fyremennene.  Han døydde i 1689. 

Daniel Olson Samnøy frå Fusa, f. ikr. 1658, bygsla bruket etter Rasmus.  G. I 1685 Kari Ols dtr. ytre Haugland, f. ikr. 1648, d. p. barseng 1687, g. II 1688 Guro Størks dtr. ytre Haugland, f. ikr. 1651.  Av 9 born døydde 6 i ung alder.  Dei tri som vaks upp var: Anna, f. 1694, g. 1722 Anders Olson Haganes, Guro, f. 1697, s. br. 3, Ola, f. 1700, s. n.  Daniel sat etter måten godt i det.  Han døydde i 1723 og Guro i 1735. 

Ola Danielson ytre Lekven, f. 1700, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1728 Kari Ellings dtr. indre Lekven, f. 1710.  Born: Guro, f. 1732, d. ug. 1753, Kari, f. 1734, g. 1755 Johannes Lunden, s. indre Lekven 3, Daniel, f. 1736, g. 1761 Kari ytre Haugland, s. y. H. 6, Ingjerd, f. 1742, g. 1764 Vilium Søvik, s. ytre Haugland 1.  Tvo born døydde unge.  Ola dreiv fiske, men sat tungt i det.  I 1742 bytte han bruk med Lars indre Lekven, s. i. L. 1, og flutte til indre Lekven der ein finn meir um han. 

Lars Åmundson indre Lekven, f. 1706, bytte bruk med Ola i 1742 og flutte hertil.  Samstundes bygsla han ogso bruk 1, der det er nemnt meir um han. 
Ekkja etter Lars, Kari Ols dtr., hadde bruket her i 4 år etter at mannen døydde i 1750. 

Nils Jonson ytre Lekven, f. 1730, bygsla bruket i 1754.  G. 1757 Jakobs dtr. Kuven, f. 1730.  Born: Guro, f. 1757, s. br. 5, Jakob, f. 1761, sjømann og drukna ikr. 1790, var gift med Aletta Gideons dtr. frå Bergen, Daniel, f. 1763, s. n., Marta, f. 1765, d. ug., Brita, f. 1768, d. ug., Jon, f. 1772, g. 1796 Gjertrud indre Tuen, s. i. T. 2.  I 1767 bygsla Nils ogso farsbruket sitt, s. br. 3, og dei tvo bruki hans vart no drivne saman i meir enn 100 år.  Nils var ein drivande kar, og han greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1788 medan kona livde til 1814. 

Daniel Nilsson ytre Lekven, f. 1763, bygsla begge bruki i 1785 og dreiv dei saman med faren til han døydde.  G. 1786 Agata Jons dtr. Håland frå Hålandsdalen, f. 1752.  Dei fekk tvo born som begge kom døde til verdi.  Daniel dreiv med sjøen likeins som dei fleste av grannane hans.  Han sat tolleg godt i det og var ein vyrd mann i grendi.  Daniel skulda nokre pengar til fostersonen sin, Knut ytre Lekven, og då Daniel døydde i 1811, krov Knut auksjon, og ekkja Agata måtte segja upp bygsla.  Men ho tok seg kår og sette upp kårstova, og året etter gifte ho seg att med Amund Bårdson indre Tuen som flutte til henne.  Agata døydde i 1841, heile 89 år gamall. 

Sjur Eivindson ytre Lekven, f. 1777, bygsla bruki i 1811.  G. 1812 Hans dtr. Forstrønen, f. 1781.  Born: Guro, f. 1813, g. 1842 Peder Nilsson ytre Moberg, b. Arstad ved Bergen, Agata, f. 1817, d. 1831, Eivind, f. 1821, d. 1841.  Sjur dreiv mykje med fiske og stod seg tolleg godt.  I vinterfisket 1816 var Sjur og broren Elling på båt saman med Knut ytre Lekven og Ola indre Lekven.  Dei fann då ei tunna vin eller sider rekande og berga tunna som dei krov finnarløn for.  Istadenfor å gjeva dei finnarløn sette retten dei under tiltale for å ha teke eller stole vrakgods, og dei måtte svara for seg på det eine rettsmøtet etter det andre.  Tilslutt vart saki sett til avgjerd av ein «vrakgodskommission» i Bergen, og me veit ikkje korleis endelykti vart.  Sjur døydde alt i 1828. 
Ekkja Anna Hans dtr. hadde so bruki nokre år. 

Torstein Nilsson ytre Moberg, f. 1804, vart i 1831 gift med ekkja Anna Hans dtr. og fekk bygsla bruki.  I 1879 kjøpte han dei av Lysekloster for 3200 kroner.  Anna døydde alt i 1834, og Torstein gifte seg att 3 år etter med Guro Knuts dtr. ytre Lekven, f. 1817.  Born: Torstein, f. 1825, handelsmann i Bergen, g. 1855 Berta Kristoffers dtr. Røberg, Anna f. 1838, g. 1860 Kristoffer Røttingen, s. Ferstad 7, Nils, f. 1840, handelsmann i Bergen, s. O. B. II 59, Knut, f. 1841, g. 1876 Anna Mobergslien, s. M. 1, Sjur, f. 1843, handelsmann i Bergen, g. 1870 Maria Fransiska Rasmussen, s. O. B. II 59 og F. B. 593, Ragnhild, f. 1844, g. 1866 Jon indre Tuen, s. i. T. 3, Kari, f. 1847, i Amerika, Olina, f. 1850, i Amerika, Agata, f. 1852, s. n., Bertina, f. 1855, g. 1877 Nils indre Lekven, s. i. L. 1, Ola f. 1857, s. br. 3, Hans, f. 1860, i Amerika.  I dei par åri Torstein var ekkjemann, var han og grannen Knut stødt i håri på einannan og skiftest um å ha einannan for retten, men det enda med at Torstein gifte seg att med dotter åt Knut.  Torstein hadde fiskebåt og dreiv fiske.  Han døydde i 1887. 
Ekkja Guro Knuts dtr. vart brukar då mannen døydde.  I 1888 skilde ho bruki soleis at dei gamle bruki kom kvar for seg att, og tvo av dei yngste borni fekk kvar sitt av dei.  Guro døydde i 1896. 

Hans Jørgenson ytre Moberg, f. 1854, vart i 1878 gift med Agata Torsteins dtr. ytre Lekven, f. 1852, og vart brukar saman med verfaren.  I 1888 fekk han skøyte på dette bruket.  Av 10 born vaks 5 upp: Nils, f. 1881, d. 1905, Karl, f. 1885, d. 1928, Torstein, f. 1888, s. n., Gurina, f. 1892, hushjelp, Hans, f. 1896, s. br. 11.  Hans dreiv med steinarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1934 og kona i 1937. 

Torstein Hansson ytre Lekven, f. 1888, skøytte farsbruket i 1913.  G. 1909 Serina Ols dtr. Myren frå Jondal, f. 1879.  Born: Amalia, f. 1910, s. br. 12, Maria, f. 1912, sjukesyster, Hans, f. 1914, skomakar, d. 1936, Olga, f. 1916, Jørgen, f. 1917, Taletta, f. 1920, Trygve, f. 1923.  Torstein er steinarbeidar og hev ogso drive med ymse trearbeid. 


YTRE LEKVEN 3. 

Daniel ytre Lekven vart fyrste brukar her då bruket vart skilt ut frå br. 1 i 1625. Bruk 1 hadde fyrr vore 2/3 av ytre Lekven og hadde etter utskiljingi framleis halve garden.  Bruk 3 vart soleis svert lite til å byrja med.  Daniel sat smått i det og døydde alt i 1628. 

Bruket låg øyde i nokre år etter at Daniel fall frå. 

Rasmus Lekven bygsla bruket i 1633.  Han vart heller ikkje gamall på garden, då han døydde alt i 1640. 
Ekkja etter Rasmus, som me ikkje veit namnet på, hadde so bruket til 1650. 

Kvar dei nemnde brukarane var frå, veit me ikkje. 

Lars Monsson Skjeie, f. ikr. 1625, bygsla bruket i 1650.  Han fekk ogso ein part av bruk 2, som no vart minste bruket på garden.  G. ikr. 1650 Anna Størks dtr., f. ikr. 1620, som truleg var dotter åt Størk Heggland.  Dei hadde ikkje born.  Lars vart heller ikkje gamall, då han døydde ikr. 1670.  Kona livde til 1694. 

Nils Monsson Skjeie, f. ikr. 1627, som var bror åt Lars, bygsla bruket då broren døydde.  G. I 1669 Gjertrud Hans dtr. indre Drange, f. ikr. 1645, d. 1687, g. II 1691 Marta Ols dtr. ytre Moberg, f. ikr. 1660.  Born: Mons, f. 1669, sjømann og sigla på Spania i 1704, men døydde på sjøen nokre år etter, Kristi, f. ikr. 1672, g. ikr. 1690 Ola Hetleflåt, s. H. 1, Kristoffer, f. 1677, g. 1707 Magdela ytre Haugland, s. y. H. 5, Hans, f. 1681, d. ug., Elsebet, f. 1683, g. 1707 Ola ytre Haugland, s. y. H. 5, Ola, f. 1697, g. b. i Kjøpenhamn, Størk, f. 1699, ug., Gjertrud, f. 1702, g. 1727 Villum Lunde, s. Søvik 3.  Tvo gjentor døydde unge.  Nils dreiv fiske og streva hardt for å greida seg, men det vart likare på hans gamle dagar.  Han hadde bruket radt til han var 90 år gamall og døydde i 1718. 
Ekkja Marta Ols dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen døydde.  I 1720 vart ho gift att med Jon Søvik, s. S. 1. 

Jon Torkjellson Jarland frå Samnanger, f. 1695, bygsla bruket i 1720.  G. I 1721 Guro Daniels dtr. ytre Lekven, f. 1697, d. 1735, g. II 1736 Brita Lars dtr. Øvredal, f. 1695.  Av 9 born vaks berre 4 upp: Torkjell, f. 1723, g. 1742 Eli Skjeie, s. S. 3, Daniel, f. 1724, d. ug. 1760, Magdela, f. 1727, g. 1757 Ola Storum, s. S. 4, Nils, f. 1730, s. n.  Jon sat tolleg godt i det dei fyrste åri, og han hadde so stor buskap at han leigde kjyr ut.  Ei ku som var på leiga hjå ein mann i Fusabygdi dauda, og Jon krov godtgjersla for kvu.  Manen førde tingvitne på at kui «var død en naturlig død», og Jon måtte ta tapet sjølv.  Det gjekk nedover med Jon, og tilslutt vart han radt fatigmann.  Då sonen skulde gifta seg i 1757, s. br. 2, sa Jon upp bygsla, men sonen tok ikkje mot dette bruket, og Jon måtte sjølv baska med det til han døydde i 1767.  Kona døydde i 1770. 
Jon hadde ikkje mange hus på bruket sitt.  Han budde fyrst i den gamle gardstova som heile garden åtte, men sette so upp ei liti røykstova med kove og eit eldhus attåt.  Ei sengebud hadde han saman med dei andre på garden og likeins løda og naustet.  Bruket hadde eige fjos med ei sval attåt og åtte staburet og kvernhuset.  Ei smidja som høyrde til bruket hadde Jon selt. 

Nils Jonson ytre Lekven, f. 1730, som hadde bygsla bruk 2 i 1754, bygsla ogso dette bruket då faren døydde.  Sjå um han under br. 2. – Bruk 2 og 3 vart no drivne saman i vel 100 år. 

Daniel Lekven vart brukar i 1788 og Sjur Lekven i 1811.  Torstein ytre Moberg vart brukar i 1831.  Sjå um desse brukarane under br. 2. 

Ola Torsteinson ytre Lekven, f. 1857, vart brukar her då mori skilde bruki åt, s. br. 2.  G. 1882 Eli Ols dtr. Foer frå Fusa, f. 1855.  Born: Malena, f. 1883, g. Engjel Torkjellson Døsen, i Amerika, Anna, f. 1886, s. br. 7.  Ein gut døydde tidleg.  Ola var snikkar og trearbeidar.  Han døydde alt i 1888. 
Ekkja Eli Ols dtr. stjorna so bruket og fekk skøyte på det av vermori nett etter at mannen døydde. 

Elias Larsson indre Moberg, f. 1867, vart i 1894 gift med ekkja Eli Ols dtr. og fekk bruket.  Born: Lars, f. 1896, s. n.  Elias var båtbyggjar og trearbeidar.  Han døydde i 1937 og kona i 1936. 

Lars Eliasson ytre Lekven, f. 1896, skøytte farsbruket i 1925. G.  1924 Ragnhild Jons dtr. Salbuvik, f. 1902.  Born: Elida, f. 1926, Marta, f. 1928, Elias, f. 1930, Johanna, f. 1936, Leif, f. 1939.  Lars er bøkkar og hev ogso motorfarty.  Han hev vore med i likningsnemndi o. a. 


YTRE LEKVEN 4. 

Lars Åmundson indre Lekven, f. 1706, bygsla dette bruket i 1733 då det vart skilt ut som serskilt bruk frå br. 1.  Lars bygsla sidan ogso bruk 1 på ytre Lekven, og ein vil finna meir um han der. 

Nils Jonson ytre Lekven, f. 1730, bygsla bruket i 1754, samstundes som han bygsla bruk 2 som ogso Lars hadde havt.  Bruket vart no drive saman med br. 2, og ein finn meire nemnt um Nils der. 

Eivind Jonson Håland frå Hålandsdalen, f. 1748, bygsla bruket i 1775 samstundes som han bygsla br. 1.  Sjå um Eivind der.  Eivind lagde no bruket attåt br. 1, som det var skilt frå i 1733, og sidan hev det høyrt til hovudbruket.  


YTRE LEKVEN 5 (Lekventræ, Utgjerdene). 

Svein Pederson Steinsland frå Samnanger, f. 1748, fekk i 1800 løyve til å setja upp eit stovehus her.  Han fekk ikkje jord med, og i 1820 vart det uppgjeve at han budde i «Vigen under Lekven».  Han hadde fyrr vore busett i Bjørnen, s. B. 3.  G. I 1781 Kari Steins dtr. Haug frå Samnanger, f. 1748, d. 1809, g. II ikr. 1810 e. Guro Nils dtr. ytre Haugland, f. p. ytre Lekven 1757.  Born: Stein, f. 1786, g. 1817 Kari Kuven, s. ytre Drange 4, Gunvor, f. 1788, Peder, f. 1793, s. n.  Tvo born døydde unge.  Svein var fiskar og trearbeidar.  Han døydde i 1825 og kona i 1820. 

Peder Sveinson ytre Lekven, f. 1793, vart buande hjå faren og skulde ha huset etter han.  G. I 1818 Guro Benonis dtr. Sundøy, f. 1782, d. 1851, g. II 1854 e. Brita Anders dtr. indre Tuen, f. p. Særvoll 1792.  Born: Kari, f. 1819, g. 1851 Anders indre Drange, s. i. D. 3, Guro, f. 1822, g. 1846 Ola ytre Moberg, s. y. M. 1.  Då faren døydde, måtte Peder flytta frå heimebruket og busette seg nede ved sjøen i Særvollsviki, der han fekk ei tuft av utmarki på Lekven.  Peder var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1873. 

Elling Eivindson ytre Lekven, f. 1789, kjøpte huset etter Svein og fekk attåt i 1824 festa eit jordstykke, Utgjerdet, på garden.  G. 1821 Kari Nils dtr. ytre Moberg, f. 1800.  Born: Guro, f. 1821, g. 1843 Nils Klyva, s. K. 3, Marta, f. 1823, Eivind, f. 1825, g. 1848 Guro ytre Moberg, s. y. M. 2, Kristi, f. 1830, g. 1856 Hans Larsson Tveit, b. Åstveit i Åsane, Agata, f. 1832, d. ug. 1902, Nils, f. 1835, Sjur, f. 1837, g. 1878 Anna indre Moberg, s. ytre Moberg 2.  Ein gut døydde tidleg.  I 1808 vart Elling, som då var 19 år gamall, utskriven til sjøvernet og gjorde tenesta her under heile ufreden.  Me kann fylgja ferdi hans i desse åri.  Fyrst var han i «Bergens roflotille» på kanonbåtane her.  I 1812 vart han send heim som klein, etter eit skot han hadde fenge i høgre låret, men måtte ut att i 1813.  Han gjorde då tenesta på fem ymse kanonbåtar i «Christiansand roflotille», til dess han slapp fri i 1815.  Elling dreiv fiske og anna arbeid.  Han og kona døydde begge i 1839. 

Tomas Larsson Hjelle, f. 1791, flutte hertil då Elling døydde og fekk festa bruket i 1841.  Han hadde fyrr vore busett på Hovland, s. H. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans.  Tomas dreiv med fiske og treskoarbeid.  Han døydde i 1858. 
Ekkja etter Tomas, Helga Ols dtr., f. p. Borgen 1805 hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1878. 

Ola Olson Borgen, f. 1832, som var brorson åt Helga, festa bruket i 1861.  G. 1860 Johanna Ols dtr. Askvik, f. 1822.  Born: Ingjerd, f. 1860, s. n., Ola, f. 1862, fabrikkarbeidar, g. 1891 Johanna Skår, b. Sævareid i Strandvik, Kristen, f. 1866, gardsarbeidar i Fana, d. ug.  Ola var fiskar og sjømann.  Han døydde i 1884 og kona i 1876. 

Ingjerd Ols dtr. ytre Lekven, f. 1860, kjøpte farsbruket av Lysekloster i 1883.  Det var skyldsett som serskilt bruk i 1870. 

Anders Pederson Bjørnarøy (Lepsøy), f. 1853, vart i 1887 gift med Ingjerd Ols dtr. og fekk bruket med henne.  Born: Johanna, f. 1890, s. n., Agata, f. 1894, d. 1917.  Eit par tvillingar døydde tidleg.  Anders var seglmakar og sjømann.  Han døydde i 1911. 
Ekkja Ingjerd Ots dtr. stjorna bruket nokre år etter at mannen døydde. 

Karl Eivindson ytre Tuen, f. 1887, vart i 1913 gift med Johanna Anders dtr. ytre Lekven, f. 1890, og fekk i 1917 skøyta bruket etter vermori.  Born: Ingrid, f. 1914, g. 1939 Johan Mobergslien, s. M. 2, Øyvind, f. 1915, g. 1939 Kristina Gudmundsen frå Lavik i Sogn (Born: Jorunn, f. 1939), Arnt, f. 1918, steinarbeidar, Ola, f. 1922, Ågot, f. 1924, Kristoffer, f. 1927, Judit, f. 1932.  Karl er murar og steinarbeidar.  Kona døydde i 1937. 


YTRE LEKVEN 6 (Solvang) 

Kari Jons dtr. ytre Lekven, f. 1858, og systeri Agata Jons dtr., f. 1865, fekk eit stykke av farsbruket utskilt og skyldsett då hovudbruket vart selt i 1913, s. br. 1, og vart buande her.  Dei dreiv med spinning o. 1. 

Gunvald Olson ytre Lekven, f. 1898, fekk skøyte på noko av bruket etter mori og morsysteri i 1930.  G. 1920 Ingeborg Engjels dtr. Bruarøy, f. 1900.  Born: Hjalmar, f. 1920, Engjel, f. 1921, Aslaug, f. 1926, Gunhild, f. 1937.  Gunvald er bøkkar og driv fiske. 


YTRE LEKVEN 7 (Fredheim). 

Jon Pederson Røttingen, f. 1882, skøytte i 1915 eit stykke av vermori sitt bruk og busette seg her.  G. 1913 Anna Ols dtr. ytre Lekven, f. 1886.  Born: Perry, f. 1914, driv trevarefabrikk og slipp på Strømme i Fana, Olav, f. 1916, styrmann, Ellen, f. 1918, g. 1939 Mons Ramsøy, Ingeborg, f. 1919, syerske, Anna, f. 1922, Emma, f. 1925.  Jon fører motorbåt og fiskefarty. 


YTRE LEKVEN 8 (Urli). 

Fru Daysy Pettersen frå Bergen kjøpte i 1917 ein part av br. 1. 

Olav Ingebrigtson Kvinge frå Bergen, f. 1878, kjøpte bruket i 1923.  G. 1920 Marie Thors dtr. Gilje frå Stavanger, f. 1891.  Born: Ivar, f. 1925, Thor, f. 1929.  Olav Kvinge er maskinist og driv mekanisk verkstad ved Lekvenvågen. 


YTRE LEKVEN 9. 

Malena Anders dtr. Kollen (indre Drange), f. 1854, bygde eit hus på indre Lekven og var busett der til ho døydde i 1920.  Sonen Peder, f. 1893, flutte då huset til ytre Lekven, s. n. 

Peder Olson Lekven, f. 1893, busette seg her i 1922.  G. 1922 Elina Ols dtr. Utskot frå Samnanger, f. 1890.  Born: Olav, f. 1925, Malvin, f. 1926.  Ein gut døydde ung.  Peder er veg- og steinarbeidar.  Kona døydde alt i 1929. 


YTRE LEKVEN 10 (Skogheim). 

Joakim Olai Kvinge frå Bergen, f. 1888, kjøpte i 1926 ein part av br. 8 og busette seg her.  Han hadde då i nokre år vore busett på Haugland.  G. 1919 Karina Jons dtr. Indre Haugland, f. 1892.  Born: Ingvard, f. 1920, Karen, f. 1922, Jon, f. 1926, Joakim, f. 1928, Marta, f. 1933.  Joakim er maskinist på dampbåt. 


YTRE LEKVEN 11 (Solstad). 

Hans Hansson ytre Lekven, f. 1896, skøytte i 1930 eit stykke av broren sitt bruk og busette seg her.  G. 1929 Anna Jakobs dtr. Hegland, Lunden, f. 1898.  Born: Ågot, f. 1930, Jakob, f. 1931, d. ung, Jenny Kristina, f. 1934, Harald, f. 1937.  Hans hev vore bøkkar og driv ogso steinarbeid. 


YTRE LEKVEN 12 (Skogly). 

Martin Olson Vetvik frå Måløy skøytte ein part av br. 2 i 1937 og bygde her.  G. 1937 Amalia Torsteins dtr. Ytre Lekven, f. 1910.  Born: Solveig, f. 1938.  Martin er sjømann.