Det ligg ei bygd

OSBYGDI (Os sangen)

Det ligg ei bygd millom fjordar og fjell,
den vænaste nokon kann sjå.
Den fagre bygdi me kjenner so vel,
og henne held me ut’å.
Me kjenner kvar gard og me kjenner kvar grend,
og folket som bur der i dal og på strend.
For oss ligg den bygdi i strålande ljos,
for det er vår heimbygd: Os!

Som hovding bygdi sit Mosnuken grå
og ser over gréndene ut.
Men Lyshorn stend ikkje langt der ifrå,
det er so fager ein gut.
Stor~Svinningen, Rein fjell 
og Gråfjell so traust
stend skume og svarte og skodar mot aust,
men Store~varde ser ut i vest
som vaktmann mot ufreds gjest.

Her Osdalen breider seg skoggrøn og fin
frå »Øyro» til Raudliskard.
Her Nesjane lyser og Solstrandi skin
med grender og gard etter gard.
Her Hegglandsdal gøymer seg burt under lid,
og Øyane voggar i vestanvind blid,
men utan for alle, med havdyn og makt
gjeng Krossfjord og Bjørnafjord vakt.

Men Lysefjord smyg seg frå brotsjo og brann
og stoggar so mild og blid,
der stordomsminne han syna oss kann
frå gamall og nye tid:
Der Runolv han reiste til æra for Krist
og heider for kyrkja sitt kloster for visst,
der Lysøy ho strålar som glimande gull
med minnet um vår Ole Bull.

Me elskar den bygdi som var og er
vår lengting kva leid me fôr,
og altid ho vert oss meire kjær
med heimen og heimsens jord,
med vollar og bakkar og åker og eng,
og skogen som sveiper si kapa ikring.
Dei alle syng oss det same ord.
Her tror me på heilag jord!

Her far hev stræva og rydja og bygt
i truskap mot heim og land.
Her mor hev varna oss alle so trygt
og teke oss tru fast i hand.
Her ætt etter ætt hev gjenge i grav,
og lagt seg til kvild etter strider og kav.
Me takkar dykk alle, de ætter som for,
me signar dykk far og mor!

Vår heimbygd, du stend som den vænaste brud
med høgtidsbunaden på.
Gjev lukka i livet, du Allheims Gud,
so framgang me stødt må sjå.
Gjev signing og sæla til bygdi 
var,
So fagrar’ ho blømer år etter år,
lys fred over folket og før du deim
på veg til din himmelheim!