Ei Ferd gjennom bygdi

EI FERD GJENOM OSBYGDI

EI FERD GJENOM OSBYGDI.

Innlaupet til Lysefjorden. I midten Lysøy, Krossneset i bakgrunnen.

Fyrr me byrjar med bygdi si soga vil me gjera oss ein grand kjend i Ossokni.  Me tek difyr ei stutt ferd ikring bygdi, inn i fjordane og ut millom øyane, langs med strenderne og upp gjenom dalane, so me kann slå kvar folket bur og gjera oss kjende med gard og grend.

For å finna Osbygdi kann me taka ut frå Bergen og nyttar då sjøvegen. Me fer ut Byfjorden, svingar um Kvarven og tek den vanlege farleidi sørover. Her er trangt farvatn, me knip oss gjenom den vrange Vatlestraumen, fer fram med Sotralandet og set kosen på det trange Kinnasundet millom Fanalandet og den vesle Bjelkarøyi. Vel komen gjenom sundet opnar utsynet seg. Me hev fyre oss den breide Krossfjorden som her opnar seg ut mot Storhavet, den gamle farleidi, der ferdsla gjekk millom Hordaland, Bjørgvin og Vesterhavslandi.

Eit langt grått nes stikk ut frå fastlandet rett imot havgapet. Det er Krossneset. På nordsida av neset stikk Fanafjorden inn til Fana og Stend, og på sørsida gjeng ogso ein fjordarm inn i landet. Det er Lysefjorden, grenseskilet


Lysefjorden. Utsyn mot fjordbotnen og Lysekloster. Lyshornet til vinstre.

mot Os, og dei skogkledde åsane i kring denne er det fyrste glytt me fær av Osbygdi.

Ein skokk med øyar og holmar stengjer utsynet mot fjordbotnen. Me legg leidi inn fjorden millom øyane, og for å fylgja grensa millom Os og Fana held me oss under nordlandet nærast Krossneset. Me tek inn millom Flatøyi

Bilde o1-12-2

Lysefjorden. Utsyn frå hallet ved Lysekloster.

Bilde o1-13

I skogane ved Åsen-garden.

som høvrer til Fana og Brattholmen som bøvrer til Os, gjer ein liten sving nor dan um Jonsholmen og Kløverholmen og set kosen på Leirvågen, der grenseskilet tek til på fastlandet.

Av øvane som me for framum er den grøne og skogklædde Lysøy den største, umlag 1 km.2. På austsida av oyi, mot fjordbotnen, ligg Ole Bull sin namngjetne heim. Innanfyre Lysøy vert fjorden breidare og ikring fjordbotnen ligg gard etter gard. Frå Fanagrensa søretter finn me soleis Leirvågen, Sperrevik, Nordstraumen, Sørstraumen, Buena, Søvik og Salbuvik. Frå fjordbotnen gjeng ein dal mot nord. Nedst i dalsøkket ligg eit par små vatn og ikring desse ligg smågardane Sjøbøen, Rindedalen og Kalvatræ. Ovanfyre desse hevjar dalbotnen seg, og uppe på hallet ligg det gamle Lysekloster. Herifrå hev me eit fagert utsyn, utover mot fjorden og grendi og innetter over den breide Lysedalen, som heilt er skogklædd med gran, fura og bjørk. På vestsida av dalen reiser Lyshornet seg 404 m. høgt. På austsida ser me berre skogklædde åsar, og vel gjøymd millom desse ligg garden Åsen. Dalen gjeng nordaustetter til han ved Søfteland, nær grensa mot Fana, kjem fram i den breide Osdalen.

Frå Lysekloster gjeng veg gjenom Langedalen til Søftelandsbygdi og likeins gjeng det vegar aust og sudetter mot Ulvenvatnet og Bjørnafjorden. Me tek ikkje nokon av desse vegane no, men gjeng attende til sjøen og tek ut Lysefjorden att. Me fylgjer no søre landet, stikk ut gjenom sundet millom Lysøy og fastlandet og fer framum gardane Bjoarvik og Drange. Attanfyre gardane ligg ei rekkja med skogklædde åsar som når høgdi i Vardefjell, 305 m. o. h.

Me svingar um Drangsneset og legg leidi meire sudetter. For ikkje å koma inn i den trange Drangsvågen set me kosen utanum småøyane som det her er so mange av. På fastlandet ser me smågardane Balland, Gardvik og Eidsvik, og utanfyre men nær landet ligg Skotøyi med ein gard av same namn. Rett framfyre oss ser me den store skogklædde Strøno, største øyi i Os. Ho er 6.6 km.i storleik og toppen rekk 208 m. o. h. Me ser herifrå ogso sør gjenom Krokane som ein nemner sundet som skil Strøno frå fastlandet.

Tok me no vegen sudetter gjenom Krokane so vilde me umlag midt i sundet koma framum den vesle garden Hildershamn som ligg på fastlandet. Denne staden var vel kjend av dei byfarande i gamle dagar. Mangein harding og sunnhordlending som var på byferd hev der lagt båten til land og teke hus for notti, avdi han ikkje våga seg ut på den verharde Krossfjorden mot kvelden.

Sunnanfyre Hildershamn ligg Askvik med Askviknes barneheim. Sundet vidkar seg her ut til ein stor poll, Skeisosen, og ein fær her eit fagert utsyn over den ljose pollen med dei skogklædde kollane og åsane og dei mange heimane rundt ikring. På nordsida der soli lyser mest imot ligg Hovland og Hagavik med det store Hagevik kysthospital.   På austsida av pollen, noko upp frå sjøen ligg Skjeie, og ikring desse gardane hev det reist seg ei mengd nye heimar. Lengst sud i kroken ligg Gjeitarøy med ein plass av same namn. Lepsøylandet stengjer her og knip farleidi inn att til eit trangt sund, Ulvsund. Gjenom dette ser ein sør gjenom Lepsøyosen og skrimslar gardane i Sørøyane.

Men me tek denne gang ikkje vegen gjenom Krokane og Ulvsund, men legg leidi sudetter vestanfyre Strøno, Utanfyre Strønelandet, med breidsida mot den opne Kross-

Utsyn over Skjeisosen frå Hagavik.  Strøno i bakgrunnen til høgre

Bilde o1-16

I Nordøyane. Utsyn frå Skorpo.

fjorden, ligg oyane Skorpo og Forstrono med gardane av same namn. Lenger sud ligg den vesle Flatoy med Alholmen som livd mot havsjøen. Inne på Strøno ser me gardane Nordstrøno og Økland (Oyjordi). Strøno og øvane nordanfyre rekna ein til Nordøyane. Umlag alle desse øyane, ogso dei som ligg ut mot den opne Krossfjorden. er grøne og skogklædde.

Me fylgjer landet sudetter til odden av Strono, Husfjelltangen, og stikk so inn sundet millom denne og Røttingi. Øyi som ogso hev ein stor gard med same navnet er flat og for det meste skogklædd. På ytste odden mot fjorden stend Røttingtangen fyrlykt. Innanfyre øyi men nær under landet finn me småøvane Sundøy, Bjørnarøy, Bruarøy og Brattholm med gardane av same namn. Sundet vidkar seg ut til ein større poll, Lepsøyosen, og ved ein trang våg som her skjer inn i Strønelandet ligg garden Sørstrøno. På austsida av osen ligg Lepsøy, 1.2 km.stor med ein gard av same namn. Lepsøy er no knytt saman med fastlandet ved bru og veg vidare innover. Grendi med denne krull av øyar og gardar er vanleg kalla Sørøyane.

Bilde o1-17

Nore Neset ved Skjeie. Lifjellet i bakgrunnen.

Sunnanfyre Lepsøy ligg ei mengd øyar og holmar, m. a.     Brimsholm med ein plass, Yttreoy og Indreoy. På den sisste som er av storleik som Røttingi, 1.3—1.4 km2, ligg garden Kvalesund med den gamle gjestgjevarstaden og legerstaden for byfarande folk.

Millom alle disse øyar og holmar gjeng trange sund, og vikar og vågar stikk inn på alle leider. Øyane er flate og skogklædde. Alle likar den fagre naturi her, og mange utanbygds folk, serleg frå Bergen. hev her reist seg sumarheimar. Rundt ikring, ute på holmane, uppe i skogen og inne i vikane og sundi ser me desse husi, sume som store »villaer» og sume som små »hyttor~.

Det lengste av sundi millom øyane stikk seg inn langs sørsida av Lepsøylandet og endar i ein trang våg, Særvolls viki. Heilt nede ved vågen ligg garden Særvoll, og noko høgre uppe på hallet ligg Storum, Grindevoll, Tuen, Døso, og den fyrr nemnde garden Skjeie. Denne grendi hev namnet Nore Neset. Attanfyre reiser seg ein rund ås, Lifjellet, 252 m. høg. Det hev vore planta skog over heile åsen, men han likar ikkje å verta skogklædd og held seg framleis mykje snaud på vestsida.

Inn frå Krossfjorden mot Rottingi. Vestrevågen.

Me legg leidi frå Særvollsviki ut att gjenom sundi, men tek no vegen sudetter gjenom Hauglandsosen, austanfyre Indreøy. Me fer framum fleire mindre øyar, Halhjemsøy, Ramsholmen og Skjerholmen, og kjem gjenom Ha1hjemsosen ut att i Krossfjorden der han skifter leid og gjeng austover under sitt nye namn Bjørnafjorden. Bjørnafjorden kløyver seg att i fleire greiner. Den lengste og nørdste greini som fylgjer Oslandet er Fusafjorden, som held fram vidare inn gjenom landet under namnet Sarnnangerfjorden.

Inn gjenom sundi ved Yttreøv.

Gjenom sundi ved Hauglandsosen. Strono i bakgrunnen.

Bjørnafjorden og dei nemnde sundi innanfyre øyane lagar eit nes, umlag ½ mil langt og 2 km. breidt, som endar i ein odde, Bjørnatrynet. Det er tvillaust dette neset som hev gjeve Osbygdi sitt gamle namn, Framnes. Den søre luten av neset er skogklædde åsar med Bjørnåsen, 117 m. høg, som den største. Her ligg berre nokre smågardar austanfyre Bjørnatrynet, Bjørnen, Bjørnavik og Ferstadvollen. Ein trang våg, Vargavågen, stikk beint inn i lendet og skjer neset mest heilt av.

Nordanfyre Vargavåg vert neset flatare, og me finn her den mest tettgrendte luten av Osbygdi. Her ligg gardane Halhjem, yttre og indre Haugland, Ferstad, Lunde og yttre og indre Lekven, den sisste nær under hallet av den fyrr nemnde ås Lifjellet. Grendi her kallast Neset eller ogso Søre Neset til skilnad frå den fyrr nemnde Nore Neset grendi. Uppe i lidi under Lifjellet ligg garden Mobergslidi.

Ved Indreøv. Kvalesund.

Me held fram sjøvegen og fylgjer landet frå Vargavågen nordetter. Me fer framum Fersfadneset med Ferstad feriekolonier, vidare framum den vesle Raudholmen og Mobergviki, med feriekolonien Lizzie Kuhnles minne, og legg upp i viki der Oselvi kjem ned i sjøen og der bygdi sin «Hovudstad» Osøyri hev reist seg.

Det er elvarosen her som hev gjeve bygdi sitt noverande namn. Som nemnd var det gamle bygdenamnet Framnes, og i heidnetidi hadde visst ikkje bygdi noko anna namn.

Ut att gjenom sundi ved Halhjemosen.

Bjørnatrynet.

Då kristendomen kom vart det kyrkja i bygdi, og ho vart reist på garden Os som ligg her att med elvarmynnet og som hev fenge namn etter dette. Os-garden vart ogso prestegard, og i vanleg tale fekk kyrkja og sokni no namni

Inn mot Oslandet.

Frå søre Neset. Lifjell i bakgrunnen.

Os kyrkja og Os kyrkjesokn. I mange hundrad år heldt namni Framnes og Os seg sida um sida, men etter det l7de hundradåret vann Os-namnet framum, og no er det gamle og rette namn på bygdi umlag heilt gløymt av bygdefolket.

Kyrkja stend framleis der ho fyrst vart reist på den flate øyri som elvi hev laga gjenom tiderne. Ikring kyrkja hev det reist seg ein liten by med handelsmenn, handverkarar, fabrikar, verkstader og arbeidarhus. Ved teljingi i 1930 budde det 458 menneskje i denne huskrullen. Ogso Osbanen hev endestaden sin der. Osøyri hev ingi hamn og ingi livd på sjøsida. Den breide Bjørnafjorden stend uhindra inn her og skolar like upp mot husveggjerne. Sjølv dampbåtane som hev ruta på Bjørnafjorden må på stormdagar gå framum Osøyri utan å kunna leggja åt bryggja.

Me gjeng iland på Osøyri og tek upp over gjenom Os-dalen. På vestsida og noko høgre enn dalbotnen ligg gardane Kuven og Moberg. Eit noko større vatn. Ulvenvatnet, strekkjer seg frå desse gardane nordover mot den fyrr nemnde åsrekkja sunnanfyre Lysefj orden. Ved nordenden

Utsyn mot Os.  I bakgrunnen Møsnuken til høgre, Skogafjell  til vinstre.

Osøyri

av vatnet ligg ein flat mo med Ulven ekserser plass. Her låg fyrr ein stor gard. På austsida av vatnet nærare inn mot dalbotnen ligg smågardane Kuventræ, Kolskogen og Vagtdalen med fleire nye bruk innunder Skogafjellet.

Me fylgjer den flate Osdalen nordover, der jernbanelina og den gamle hovudvegen til Bergen gjeng. Her ligg vatn etter vatn nord igjenom dalen. Eit lite vatn, Banktjønn, ligg for seg sjølv inne i skogen, men sidan er det Oselvi som lagar den lange rekkja av vatn. Tøsdalsvatn med Spongo, Storevatn med Hetleflot- ellcr Skogavatn, Gåssandvatn med Gåsakilen, og på vestsida av dalen Søftelands~ eller Vindalsvatn.  Austanfyre Tøsdalsvatnet i dalsøkket millom Borgefjellet og Storefjell ser me garden Tøsdal. Vestanfyre vatnet ikring Ulven jernbanestasjon ligg nokre nye bruk, Fagertun og Nymark og lenger nord dei eldre gardane Skogen og Hetlefloten. Den sisste som ligg på eidet miliom Skogavatn og Vindalsvatn heitte elles i eldre tid etter sitt lægje Skogseid. Nordanfyre Vindalsvatn ligg grendi Søftelandsbygdi med gardane Bergstø, Eikhaug, Søfteland, Sanden, Sælo, Haukeland, Tømmernes og Røykenes, med dei tvo sisste som grensegardar mot Fana på kvar si sida av

Osdalen. Ved Oselvi nedanfyre Tøsdal.

Oselvi. På Eikhaug ligg Bergens skogselskap sin namnkjende planteskule.

Ved Søfteland kløyver Osdalen seg i tvo greiner. Den eine greini gjeng nordetter mot Fanagrensa og held fram i

Osdalen ved Hetleflaat. I bakgrunnen Borgefjell.

Søftelandsbygdi, med utsyn sør gjenom Osdalen.

Hauglandsdalen i Fana. Den andre greini gjeng meire austetter og Gåssandvatnet fyller dalen her. Ved nordenden av vatnet ligg garden Gåssand. Dalføret strekkjer seg innover med enndå nokre vatn, Hatlelid- og Raudlidvatni, det sisste nær inn til Fanagrensa. Ein liten gard Hatlelidi ligg ved fyrstnemnde vatnet. Her er skogar ikring på alle leider, og dei store statsskogane, Friskogane, tek største romet. I skogane på austsida av dalen ligg ogso fleire vatn, m. a. Krokvatn og Steindalsvatn, som begge er uppdemde for vatssamling til elektrisitetsverket. Dette ligg ved elvi som frå Krokvatnet gjeng ned til Gåssandvatnet. I skogane her ikring finn me fleire gamle stølar, Stokkedalen, Øvreidseter, Bøseter, Steindalen og Rødseter. Dei fleste av stølane er no gjengne or bruk.

Me fylgjer vatni og Oselvi attende til nedanum Tøsdal og framum enden av Borgefjellet. Her gjeng eit dalføre mot aust, Hegglandsdalen. I den nedste luten, nett der dalføret tek til, ligg den vesle grendi Borgebygdi med gardane Lund, Borgen og Hjella. Me fylgjer dalen uppover eller rettare sagt innetter då dalbotnen er heilt flat. Fyrst i den øvste luten av dalen ikring dei tvo vatni Hegglands~ og Tveitevatnet finn me busetnad. Her er dalen tettgrendt med gardane Heggland, Eide, Øvreeide, Tveit, Møs (Midt

Osdalen ved Gåssand. I bakgrunnen Midtsæterfjelli.

hus), Spansteigen (Heggeland), Gjemdal og Rød. Ved den sisstnemnde garden kjem dalen fram til Fusafjorden, der denne knip seg inn og gjer ein sving for å laga Samnangerfjorden.

Millom Hegglandsdalen og Osdalen ligg ei rekkja høge fjellkollar. Lengst mot sud hev me Borgefjell som rekk upp i 353 m. Lenger nord kjem Storefjellet som rekk upp til 597 m. i Tøsdalsfjell og når høgdi i Møsnuken med 640 m. Millom dette og Rødfjellet (526 m. o. h.) gjeng eit djupt skar, Gjemdalsskaret, der den gamle ferdslevegen frå Hegglandsdalen til Søftelandsbygdi og til Bergen gjekk. På austsida gjeng Rødfjellet bratt ned i fjorden, og vegen som gjeng framum her frå Hegglandsdalen til Indregardane er mykje hoggen inn i fjellet, serleg i den innste luten gjenom Otterstigen og Hestesteinen.

Millom Hegglandsdalen og fjorden ligg ei lang rekkja av åsar. Dei er for det meste skogklædde og når høgdi i Storåsen og Tveitåsen med 213 og 219 m.

Me fylgjer bygdevegen attende gjenom Hegglandsdalen til Osøvri og gjeng atter i båten. Me tek ut elvarosen. svingar um Haugsneset og fer framum det store Solstrand

Hegglandsdalen.  Utsyn mot aust.

hotel og bad. Inn etter strandi her ligg den eine villaen etter den andre, og Solstrandi her er rekna som den fagraste luten av Osbygdi. På høgdi ovanfyre Solstrand ligg Lyssandbygdi med dei flate gardane Hauge, Lyssand, Valla og Bø, og nærare inn under åslidi Molda og Klyva. Me svingar um Moldaneset, fer framum den einstaka garden Bjånes og dei bratte Hatvikbergi og svingar um neset inn på Hatviki,

Lyssandbygdi,  I bakgrunnen Bjørnafjorden og Krossfjorde.

Mot Solstrand.  Solstrand hotel til vinstre, Molda med statsm. Mowinckels eigedom til høgre.

Øvredalen, ned mot vatnet. I bakgrunnen Møsnuken.

som hev ein framifrå hamn. Her er endestaden for den gamle «Stavangerske hovedvei» frå Bergen på denne sida av Bjørnafjorden, og på gardane Hatvik og Berge som ligg her hev vore gamall skyss-stad.

Me held frå Hatvik framleis austetter langs landet. Me fer framum dei nedlagde plassane Kilen og Skavhella, kjem framum den einaste garden her, Lio (Lien), svingar um Rødsteinen gjenom Hovdasundet som bind den breide Fusafjorden saman med den trange Samnangerfjord og legg iland på Øyro for å vitja den vesle grendi Indregardane. Me kunde heller ikkje leggja iland fyrr um me hadde hug til det. Lendet frå Hatvik til Øyro er soleis at det knapt finns ein stad der ein kann draga båten på land.

Frå Øyro gjeng eit djupt dalsøkk nord millom fjelli. Nede i dalen nær sjøen ligg garden Øyro (Lønningdal) med plassen Sandbrekka. Lenger uppe i dalen fyller Øvredalsvatn heile dalbotnen, og ovanfyre vatnet ligg den einstaka garden Øvredal. Dalføret gjeng vidare til det endar i ein

Utsyn mot Gråfjellet frå heradsgrensa i aust. Djupt nede til høgre Øvredals-dalføret.

botn under Svinningen, det høgste fjellet i Os. Den høgste topp som rekk 843 m.o.h. er ogso grensestein millom Os, Fana og Samnanger.

På austsida av dalføret, millom dette og Samnangerfjorden, ligg ei rekkja fjellkollar, Ulifjell, Setfjell og Gråfjell, det siste 487 m. o. h. Landet på austsida av desse fjellkollane mot fjorden høyrer ikkje til Os, men til Fusa og Samnanger. På vestsida av Øvredalsdalføret er fjelli høgare. Frå Svinningen og vestover hev me soleis Sauskolten 730 m.. Renafjell 713 m. og Midtsæterfjell 604 m. høge. Grenseskilet mot Fana gjeng mykje etter desse fjelli. I ein botn uppe under Midtsæterfjellet, i nærleiken av det fyrr nemnde Steindalsvatn ligg garden Midtsæter, 237 m. o. h. Dette er den einaste «fjellgarden» i Osbygdi. Med undantak av Mobergslidi ligg alle dei andre gardane i bygdi lågare enn 100 m. over havet.

Me hev no gjort ferdi gjenorm bygdi frå oss. Me hev fare millom holmar og skjer, gjenom vikar, vågar og sund, langs elvar og vatn, gjenom skog og mark, og over åsar og fjell. Bygdi er mangslungi og ter fram noko av kvart. I Flatøyi lyt mannen bruka båten kvar gong han skal i grannestova. På Midtsæter lyt ein bruka ski kvar gong ein skal or tunet ein vinterdag. Og millom desse tvo utpostar finn me bygdi og folket.

Utsyn over Hegglandsdalen.  I bakgrunnen Møsnuken til vinstre, Rødfjellet til høgre.