Møsnuken ein lagnad i Luftwaffe

Møsnuken ein lagnad i Luftwaffe  – Og trådar inn i andre hendingar.
av Odin Leirvåg.   Publisert i Osingen 2005. Revidert oktober 2023.
Odin Leirvåg er også medforfattar i fleire krigshistoriebøker som du finn her.

Kan vi berre kome oss ut fjorden – mot vest
– og ut til havs igjen.
Her byrjar det å bli trongt mellom terreng og vêr.

Dersom vi no held litt til høgre- mot fjellrekka.
Hadde det berre ikkje vore for desse kraftige snøbygene.
Sikta er blitt mykje dårlegare.
Etter kartet å døme skulle det passa fint å kome seg ut til reinare farvatn via Bjørnefjorden og Selbjørnfjorden, eller kanskje ut Korsfjorden.
Eg føler meg ikkje heilt trygg. 

Korleis kunne vi kome opp i denne situasjonen?
Trøytte er vi og.  Nærare 6 timer i lufta har vi vore.
Kor blir det av terrenget …

Observatør, Oberleutnant Werner Schräpler. Biletet er teke sumaren 1941. Han døydde på Møsnuken 7. februar 1942, berre tre dagar etter 30-årsdagen sin.
Bilde: Knut Støre.

Oppklaringsversjonen av Ju.88 som avdelinga 1.(F)/120 nytta, står her parkert på Sola. Då kjenningsbokstavane er uklåre på biletet, er det uråd å tyda om det næraste flyet er «Møsnukflyet» eller systerflyet.

Kanskje var det slik han tenkte, Friedrich Buczko, da han flaug flyet utover Samnangerfjorden laurdag ettermiddag i eittida, 7. februar 1942. Det enda med eit totalhavari der alle om bord vart drepne.
Heilt frå eg var liten har eg vore fascinert av lagnaden til desse mennene som enda sine liv i eit framand land, i ei vinterkledd og lite gjestmild fjellside.
Dei vaksne snakke om episoden då det tyske flyet fall ned. Ofte vart denne hendinga fletta inn i andre historier frå krigen i Os. Eg sat musestille og lytta til skildringar om turar dei gjorde opp til vraket for å sjå på korleis det såg ut. Unge og nyfikne som dei var den gongen.
Det dei vaksne fortalte, og noko som prenta seg fast hos meg, var at vraket var knust og dei som var om bord var ille tilreidde. Ved havaristaden var alt spreidd utover. Brann gjorde det og. I tillegg såg det heller ikkje ut til at tyskarane nede i Os-bygda la særleg mykje sjel i arbeidet med å rydde opp. Det verka i alle fall slik.  Det tok fleire dagar før tyskere i Reichsarbeitsdienst fekk i oppdrag å ta vare på dei døde. Bere dei ned til vegen i Hegglandsdalen. Legge dei på lastebiler, og frakte dei til ein gravplass for falne tyskarar.  Alt overvaka av tyske soldatar.
Det seiest at tyske soldatar sat på kistene på lastebilen og spela trekkspel då dei kjørte ut dalen. Det vart og sagt at flyet vart nedskoten i luftkamp ved Møsnuken. Ja, jamvel at general Todt, rustningssjef og sjefen for Hitlers ingeniørvåpen, var om bord og ein av dei omkomne.

Flygar, Leutnant Frideric Buczko nummer tre frå høgre står saman med avdelingskolleger på Sola og ser at sjefen deira landar etter avdelinga sitt oppdrag nummer eitt tusen, 7. november 1941.
Bilde: Knut Støre.

Men, stemmer alt dette som vart fortalt? Kva skjedde eigentleg, og kva var bakgrunnen til hendinga, og kven var dei som var om bord?
I historia eg no skal fortelja, baserer eg meg stort sett på tyske kjelder. Dei er i hovudsak av generell karakter. Berre nokre få kjelder er knytt opp til det aktuelle flyet på Møsnuken. Nokre dokument om dei som døydde der oppe på fjellet finn vi i tyske arkiv. Eg har dessutan intervjua fleire som var tidsvitner. 
Vi veit kva type oppdrag denne flyavdelinga flaug og kan dermed freista å rekonstruera hendinga. Heilt sikre vert vi likevel ikkje då mannskapet på flyet tok fakta med seg i grava.

Flyavdelinga
Flyet «vårt» på Møsnuken var frå ei rekognoseringsavdeling, sett opp med tolv fly av den kjende tomotors «Schnellbomber» JU 88. Flyet var likevel ikkje heilt vanleg då det var spesiallaga for luftrekognosering. Både med kva utstyr dei hadde om bord i flyet, og korleis mannskapa var trente. Med dette flyet kunne ein fly ekstra langt og lenge, då nokre av bomberomma kunne brukast til drivstofftankar, for utan at ein kunne henga på ekstra tankar. Eit stort kamera var installert i buken og kunne ta svært gode bilete for tyding av fiendtlege områder.
Flyavdelinga med namnet 1.(F)/120 var ein såkalla «Fehrnauklärung»-avdeling som flaug oppdrag over store område, langt frå basen sin.  Luftwaffe hadde fire strategiske rekognoseringsavdelingar av denne typen. Fyrste gong vi får høyre om «vår» avdeling er at den står på listene over avdelingar som flaug viktige oppdrag over Polen ved utbrotet av andre verdskrig.
Etter felttoget mot Polen gjekk Hitler snart i gang med planlegginga av angrepet mot Danmark og Noreg. 1.(F)/120 står også her på såkalla «Order of Battle» for angrepet natt til 9. april 1940. Mykje tyder på at avdelinga var på vengene enda nokre dagar før dette for å sanke inn etterretningsmateriale tyskarane trong for styrkar som vart sette inn i kyststroka.

Myten
Samstundes med hendinga på Møsnuken hender noko anna i tusenårsriket; Hitlers rustningsminister Albert Speer skal reisa til Hitlers hovudkvarter Wolfschanse i Aust-Preussen. Han får tilbod om å fly i staden for å ta tog til møtet der Fritz Todt også skal delta. Det var freistande å fyka i staden for å skrangle på eit tog. Dette skriv Speer i si bok, «Erindringer». Det er laurdag 7. februar og det er ein kald og hustrig vinterdag. I Wolfschanse får Speer tilbod av Todt om å vera med han på flyet hans tilbake til Berlin neste morgon. Det er ein plass ledig. Dette lokkar Speer og han tek i mot tilbodet då togtransport freistar like lite. Lagnaden vil likevel ha det til at i løpet av natta får Hitler hug til å drøfte nybyggingar i tusenårsriket. Ein hug han så ofte fekk om natta. Og Speer stillte lojalt opp. Natta vert lang og Speer er trøytt. Før han går til sengs, ringer han til adjutanten til Todt og seier frå seg flyturen neste morgon. Det skulle visa seg å vera eit lukketreff.
Om morgonen den 8. februar dreg Todt til flyplassen og flyet sitt.
Flygaren er klar for turen tilbake til Berlin i vintervêr. Speer kjem ikkje då han søv. Flyet tek av som avtalt klokka 0830, om sundagsmorgonen. Kort tid etter eksploderer flyet og styrtar. Ingen overlever.
General Todt vert kobla til hendinga på Møsnuken på ein noko spesiell måte. Det gjekk nemleg ikkje osingane forbi at Todt, sjefen for bygginga av tyskaranlegga i Os og andre stader, var omkommen. Og i eit flyhavari. Kunne det vera ein samanheng med flyet som datt ned på Møsnuken? Vanlegvis vart det aldri skrive om flyulykker og liknande i den sensurerte pressa, men mandagen etter denne hendinga stod det faktisk på prent i fleire aviser at Todt var omkommen i ei flyulykke. Det var dermed lett å sjå desse to hendingane i samanheng.
Ja, dette var spekulasjonar som har levd godt i Os. Men Todt var sjølvsagt ikkje om bord i flyet på Møsnuken. Her er det samanfall mellom to episodar som finn stad same helga i vintervêr. Ein ved et fjell i Noreg, og ein annan over Aust-Preussen. Takka vera løyndom og sensur sleppte ikkje tyskarane mykje informasjon frå seg om hendingane. Det var difor god grobunn for mytespinning om flyhavariet på Møsnuken. Ulukka på Møsnuken hendte med andre ord dagen før Todt vart drepen. Men ein dag frå eller til, tel lite i mystikkens verd.

Oppdraget   
1.(F)/120 var stasjonert på Sola og flaug så å seie dagleg vestover mot dei britiske øyer. Hovudoperasjonsområdet var stort, og strakk seg fra Edinburgh og heilt til nordkysten på Island. På oppklaringsoppdraga skulle det samlast inn militær informasjon av maritim natur og om britiske flybasar. Nokre av oppdraga var skarpe der dei bomba og senka handelsfartøy.

Den engelske flåtebasen Scapa Flow på Oknøyane vart mykje vitja av 1.(F)/120. Der låg ei mengd marinefartøy tilhøyrande Royal Navy, som var av stor interesse for tyskarane å følgja med på.
I byrjinga av februar 1942 vart Hitler svært uroleg over utviklinga til havs. Spesielt var han nervøs for mogeleg alliert angrep mot Noreg. Hitler hadde utvikla ei «Noreg Paranoia» etter nålestikka britiske og norske kommandosoldatar hadde gjort i Vestfjorden og Måløy.   Difor dikterte han admiralar til å styrke merksemda mot havstroka i vest. Slagskipet Tirpitz var på veg til Noreg, og engelskmennene var stadig på jakt etter denne. I Brest i Frankrike låg slagskipa Scharnhorst, Prinz Eugen og Gneissnau gjerandslause, og Hitlers nervøsitet auka dess meir. Derfor sette han 12. januar i gang planlegginga av Operasjon CERBERUS. Ein dristig maritim operasjon for å flytta slagkraft frå Brest opp igjennom den engelske kanal til Tyskland, og seinare, vidare til Noreg. Kriegsmarine måtte styrkast i nord for å hjelpa Tirpitz med å gjera det vanskeleg for allierte konvoiar å nå Murmansk. Tyske militære einingar, både til sjøs og i lufta, vart gjevne i oppdrag å følgja med om kysten var klar, og fri for fiendtleg innblanding av allierte stridskrefter.  Det måtte ikkje koma marine overraskingar ut frå basane Scapa Flow og Firth of Forth. Rekognoseringsfly frå Sola hadde det travelt no for å gje Hitler eit godt bilete over stoda i farvannet mellom Vestlandet og Shetland. Systeravdelingen til 1.(F)/120 heitte 1.(F)/123 og låg i Frankrike. Den vokta inn- og utlaupet av den engelske kanal i førebuingane til operasjonen, medan 1.(F)/120 tok seg av området mellom Skottland og Shetland. Starttidspunktet for CERBERUS var sett til kvelden den 11. februar.
Den 6. februar 1942 vart eit fly fra 1.(F)/120 borte på eit oppklaringsoppdrag nord av Shetland. For utan å overvake farvatnet med tanke på CERBERUS var dei og ein del av ubåtkrigen. Dei kunne melda tilbake til Kriegsmarine om mogeleg mål. Ubåtane låg på lur etter allierte handelsskip. Fly frå Luftwaffe vart bruka for å leite opp overflatefartøy, for så å rapportere tilbake til Kriegsmarine kor byttet var å finna. Desse flya hadde også bomber om bord og kunne sjøl angripa skip om forholda låg til rette for det.
Samstundes med desse hendingane gjekk det ut ein konvoi på 13 transportskip frå Loch Ewe i Nordvest-Skottland. Dei skulle sigla forbi Færøyane på veg til Murmansk. Veret vart svart dårleg, og både forsyningsskipa og eskortefartøya måtte søka naudhamn for veret på Orknøyane allereie etter ein dag. Oppklaringsflyet forsvann utan spor i same område.  
Dagen etter, den 7. februar 1942, i morgontimane, tok eit anna fly frå 1.(F)/120 av fra Sola med kurs for Shetland. Det skulle leita etter det sakna mannskapet som vart borte dagen før på sitt «Feindflug». Leiteflyet er det same flyet som fall ned på Møsnuken. Flyet var sendt ut på søksoppdrag og flaug same rute som flyet frå dagen før for om mogeleg finna kameratane sine. Men, korleis kunne dei då hamna på Møsnuken, som ligg inne i landet og langt frå ei naturleg «Shetlandsrute»?
På eit vanleg mannskap i eit slikt oppklaringsfly var fjerdemann om bord skyttar. Men, i dette flyet, derimot, var fjerdemann erstatta med ein Kriegsberichter fra det tyske Propagandakompanie. Det var ein av propagandaministeren Göbbels menn. I hans utrøyttelege arbeid med å fore det tyske folk med propaganda og forteljingar om kor godt krigen gjekk for dei tyske styrkane, trong han nyhendestoff frå fronten. Det tyske folk skulle ikkje på nokon måte tvila på at Tyskland sigra på alle frontar. Göbbels ønske å basere all propaganda på førstehandsinformasjonar frå frontane. Fleire tusen rapportørar var difor utplasserte. Stoffet desse rapportørane laga vart presentert i filmavisa «Wochenschau» og i særskilte propagandamagasiner heime i Tyskland.
Også 1. (F)/ 120 på Sola hadde nyleg fått vitjing av ein slik krigsrapportør. Han skulle vera med på eit flyoppdrag for å gjere ei reportasje frå ein oppklaringsavdeling. Lagnaden vart at Kriegsberichteren blei med «Møsnukflyet». Han såg nok ei stor mogelegheit for å slå fleire fluger i ein smekk, då han fekk plassen til skyttaren. Bakteppet for ein god og dramatisk reportasje var arktisk vinter, leiting etter heroiske mannskap frå Luftwaffe. Og samstundes kunne han sjå korleis allierte konvoiar vart spora opp og øydelagde av flokkar med tyske ubåtar. Sidan oppdraget primært var leiteoppdrag, kunne han gjera nytte for seg med friske auge, med å sjå etter redningsflåtar eller vrakrestar. Det styrka moralen at han kunne fortelja for dei heime at sakna tyske flymannskaper vart leita etter.
Sjølv om oppdraget til «Møsnukflyet» primært var eit redningsoppdrag, var nok Luftwaffe medviten om at ein måtte få mest mogeleg igjen for utgiftene til drivstoff. Leita ein etter sakna fly, kunne ein samstundes, i same området som dei leita, også sjå etter fiendtleg marineaktivitet som kunne truga operasjon CERBERUS.
Vi må gå ut frå at Kriegsberichteren tenkte scenebilete frå byrjing til slutt. Difor, på heimvegen, etter at dei ikkje hadde funne noko spor etter flyet dei leita etter, tok dei truleg ein avstikkar til Bergen og Os. Ruta heim til Sola vart ikkje så mykje lenger likevel.
I Bergensområdet kunne han ta bilete av den nye Luftwaffe-basen på Herdla. Ein flybase som vakta luftrommet over Bergen, ein tyskokkupert Hansastadt.  Ein by med stor marineaktivitet i, og som vart sett på som portal mot Atlanterhavet og eit viktig knutepunkt for transporten av malm frå Narvik til Tyskland. I Bergen låg også den store ubåtbunkeren som var under bygging og viktig for tysk krigføring i Atlanteren.

Det kan og tenkast, sjølv om det er lite sannsynleg, at dei skulle ta etterretningsbilete av Hatvik som berre eit år seinare vart utbygd til tysk ubåtbase. Grunnen til at ein kan tenka seg denne mogelegheita er at flyet havarerte i fjellet like over.

Men kor so enn var, så ville Kriegsberichteren få vera med på ein flytur utanom det vanlege i pittoreske fjordar mellom snødekte vinterfjell. Alt dette borga for eit godt og dramatisk innslag i «Wochenschau» eller ein fengande artikkel i «Signal» eller «Der Adler».

Då dei var ferdige med søket ved Shetland, etter mange timar, var det tid for å setja kurs mot Sola igjen. For å skaffa seg ein god oppdatering på posisjonen deira kalla dei klokka 1252 opp basen for ein radiopeiling. Peilinga og bestikket viste at dei låg der dei skulle vera, eit godt stykke ut i Nordsjøen. Om lag 180 km vest av Måløy. Åtte minuttar seinare sendte dei radiomelding med telegrafi heim om dei skulle landa på Sola klokka 1400. Alt tyder på at dei skulle fly strake vegen mot flyplassen, men her har noko skjedd. Kan hende tykte dei resultata frå leitinga var magre saker for ein pressemann som måtte levera godt stoff. Mykje tyder på at det var då forslaget om å ta ein avstikkar til Bergen kom opp. Der var mykje å sjå og fortelja om. Sjefen om bord har nok velsigna denne idéen, men det vart ikkje gjeve melding og dette heim til basen.

Kurs vart no sett sør-austover og dei kom inn over norskekysten ved Herdla. Derfra flaug dei over Bergen, svinga så litt innover i landet, slik at dei med høgresving kunna runda Gullfjellet, før dei sette kursen vestover igjen, ut Samnangerfjorden.

Heime på Sola byrja etter kvart uroa å ta dei som satt på vakt på operasjonsrommet. Klokka vart 1435 og flyet hadde ikkje landa, og heller ikkje meldt frå om forseinking på radioen. Det var ikkje anna å gjera enn å melda frå til den tyske sjøredningssentralen ved Sola-sjø om at flyet var sakna. Ein stor flybåt av typen Do 24 gjekk straks på vengene. Det skulle søkja langs den rette linja fra Sola til posisjonen som var meldt klokka 1252. Sidan det var søraustleg vind skulle dei også dekka området som låg 18 km vest av lina. I tilfellet flyet hadde naudlanda på havet og låg og dreiv. Veret vart stadig dårlegare med tette snøbyger. Etter ei stund måtte søket brytast av, og flybåten returnerte. Klokka 1740 fekk dei melding om at det sakna flyet var funnen sør for Bergen. På Sola må overraskinga vore stor då det vart kjent at flyet hadde havaret i innlandet. Langt frå der flygeplanen tilsa dei skulle vera.
Som sagt var veret dårleg med vekslande siktforhold og kraftige snøbyer. Dei kunne ha avbrote lavflyginga ved Os og heller floge over skyene. Dette flyet hadde nemleg avisinsgutsyr.  Sidan dei likevel valgte å flyga lavt kan det vera av fleire grunner. Fotograferinga skulle gjennomførast for ein kvar pris, eller dei, som ei tysk kjelde seier, dei tok ein «Caprice». Med andre ord, sjefen om bord prøvde å imponera og gje nokon på mannskapet ei særs oppleving, noko som var strengt forbode når ein var ute på offisielle oppdrag. Eller at mannskapet rett og slett feiltolka ver og føretilhøve over vanskeleg terreng. Det er viktig å merke seg at flygaren var heller fersk som aktiv krigsflygar. Han var nett utdanna frå krigsskulen. Flyavdelinga 1.(F)/120 var den første krigsavdelinga han var på, og han hadde vore i operativ teneste berre eit halvt år, og dette var første vinteren hans som operativ flygar. Observatøren, derimot, var eldstemann om bord og gamal i tralten. Han var også sjølve oppdragets sjef. På slike fly skilte nemlig Luftwaffe på kven som var sjef for føring av flyet, og kven som var ansvarleg for oppdraget det var ute på.
Observatøren hadde, som lekk i si utdanning, også nesten fullverdig flygarutdanning. Vi kan difor ana ein viss disharmoni i ferdigheiter om bord, sett opp mot oppdragets krav.  Sjølve flyet var heller ikkje av dei enklaste å fly. Spesielt ikkje når det galdt å fly nøyaktig i tronge farvatn. Mange flygarar gav og klar melding om kor dårleg utsikta var igjennom frontruta mot høgre. Hindringa til klar sikt denne vegen var på grunn av eit maskingevær, som var montert mest midt i høgre rutedel.

Flyet råka fjellet om lag 90 meter under toppen. Etter alt å døme flaug dei rett fram på 243 grader, med stor hastigheit, då dei traff.

Kva hende nede i bygda.?
To karar nede på Osøyro arbeidde til klokka 1300, som vanleg var på ein laurdag, og så snart arbeidsdagen var over, tok dei bussen inn til Hegglandsdalen for å ta helg heime. Det snøa tjukt. Då dei kom eit stykke inn i dalen, vart det sagt frå folk som kom på, at nokon hadde høyrt kraftig flydur i snøkavet. Lyden hadde enda med eit smell. Alt vart deretter stille. Kunne det vera eit fly som flaug i Møsnuken?, undra dei seg på gardane nede i dalen. Dei to karane blei med ein gong urolege og tenkte at det kunne vera eit engelsk fly som var i vanskar. Så snart dei var framme ved heimen vart dei difor einige om å møtast på Hjemdal, så snart råd var, for å gå oppmot der smellet var høyrt.
Veret hadde ikkje vorte betre, og bratt var det, der dei tok beine vegen opp fjellsida mot toppen av Møsnuken. Men her var det ikkje tid å tape skulle ein kunna redda engelske flygarar.
Det var ikkje noko fint syn som møtte dei der oppe. Flyet var heilt smadra og vrakrestane låg spreidt utover. Personane om bord var alle døde og ille tilreidde. Og rett imot dei varsla eit stort hakekors på halen frå om at her var det snakk om tyskarar. Dei vart fælne.
Det brann også i vraket, og ammunisjonen putra og gjekk av heile tida. Her var det ikkje trygt å opphalda seg.
Karane var ikkje seine om å koma seg heim. Hendinga gjorde eit sterkt inntrykk, etter som dei var dei første som hadde kome fram til vraket. Berre eit par timar etter at det hendte.
Vel nede i dalen kunne dei rapportera kva dei hadde opplevd, og folket på ein av gardane i nærleiken ringte til lensmannskontoret for å melda frå. Den spesielle situasjonen som hadde oppstått gjorde at det var naturleg for lensmannen å varsla vidare til Ortskommandanten som var øverste tyske sjef for Os. Han hadde kontor på Osøyro og hadde myndigheit til å senda folk til Hegglandsdalen for å sjå nærare på saken.  
Dei første tyske offiserane og soldatane som kom inn til Hjemdal, for å gå opp i fjellet derfrå, var ikkje kledde for ein slik tur. Det snødde like mykje. Dei fekk derfor ikke utretta noko på staden. Tyskarane sette difor ut vaktar ved vraket som no var nedsnødd. Etter nokre dagar, kanskje fleire veker, dette er uklart, kom dei attende med mannskap som bar dei omkomne ned til vegen i dalen. Leivningane vart lagt under ein presenning på ein lastebil og kjørt ut Hegglandsdalen. Føret var dårleg, og ute i dalen kjørte dei seg fast og laut få ny lastebil.

Dei omkomne vart lasta om under groteske scener, då handteringa ikkje var heilt etter verdige normer, har vitner fortalt.  Det er difor ikkje heilt usannsynleg at soldatane hadde styrka seg med alkohol då dei hadde ei heller utriveleg oppgåve. Men at dei sat på kistene og spela trekkspel er nok berre ei overdramatisering og ein myte.

Dei som var om bord:
Flygar, Friedrich Buczko, 22 år fra Lyck i Aust- Preussen (no Elk i Polen)
Observatør, Werner Schräpler,  30 år frå Hamburg
Radiooperatør, Paul Gerninghaus, 24 år frå Hiesfeld
Kriegsberichter, Theodor Hitzelberger,  25 år frå München

Epilog
Det er gått lang tid sidan andre verdskrig og mykje er fortalt. Det meste av sigerherren. Eit privilegium sigerherren har. Men på meg, som høyrer til etterkrigsgenerasjonen, gjer det unekteleg eit inntrykk når ein også høyrer frå dei som tapte. Sjølv om det i denne historia er tause forteljarar.
I dag ligg lite att på Møsnuken som minner ein om flyhavariet og ei tragisk side ved krigen. Noko av vraket brann opp etter sjølvtenning etter krigen, og mykje vart nytta til tekniske innretningar på gardane i dalen i ei trong tid.
I fjellet, i ei lita bygd, i eit lite land, langt heime frå, enda fire unge menn liva sine, for ei tapt sak. Dei tapte for ei sak som heller ikkje fortente å vinna. Likevel hadde også desse nokon som sat sørgjande att etter å ha mist sine kjære i den meiningslause krigen.
Mannskapet på A6+EH døydde ikkje i ei heroisk krigshandling som luftkamp. Dei kom heller ikkje frå Voss som nokon trudde. Dei vart heller ikkje skotne på av britiske fly, som ein myte hevdar. Dei døydde på grunn av noko so prosaisk som feilnavigering i ukjent farvatn, under vanskelege vêrtilhøve. Avstikkaren til Bergen og Os var ikkje med i oppdraget deira. Dei strakk seg langt for å gje Kriegsberichteren ein god historie å fortelja. Det vart deira lagnad. Via operasjonsoffiseren ved avdelinga blir hendinga omtala som: Risikante Demonstration für den mitfligenden PK-Mann mit tödlichem Ausgang für die gesamte Besatzung.

Då Friedrich Buzcko so ottefullt lurte på kor terrenget vart av, var det fordi alt flaut i hop i det kvite.
Heile mannskapet er stett til kvile på Solheim Krigskyrkjegard i Bergen



Nærare

Myra ligg eggjande i florlett dogg
med gapande svarte hol

Døden lurer bak neste knaus
han teier
og veit

Det stig og stig
og snart kjem det store som slukjer


med eitt ber det
ber det høgt, høgt

Og fullmånen strekkjer seg framover kammen
og byr på sitt gule ljos

Og døden er ikkje
meir