Om oss

§ 1 Føremål.
Os sogelag skal:
a) vekkja interesse og forståing for lokalsoge og kulturminne .
b) hjelpa til med å samla inn, ordna og gjera tilgjengeleg alt som kan kasta lys over livskåra til folk i farne tider, materielt og åndeleg.. Sjå vedtekter her.

Os Sogelag gjev ut årbok «Osingen» kvart år. Sjå her.
Årgangsbøkene kan kjøpast hjå Odd Tøsdal.
Skriftnemda for Osingen 2024 er
Odd Tøsdal(leiar), Jostein Hausberg, Tove Nøss-Håvardstun, Ann Midtbø, Øyvind Tøsdal og Geirmund Dyrdal.

Slik kan du bli medlem

Kontakt:
Leiar Øyvind Tøsdal
E-post:oyvind@tosdal.no
Telefon: +47 982 34 450

Styret i Os Sogelag valgt på årsmøtet 15. februar 2024
Leiar: Øyvind Tøsdal ( vald av årsmøtet)
Nestleiar: Synnøve Tvedt Øvrebø
Kasserar: Odd Tøsdal
Skrivar: Geirmund Dyrdal
Styremedlem: Kjell Harald Lunde
Styremedlem: Hans-Inge Eide
Styremedlem: Gaute Dyrdal

Osboko er nettavis til Os Sogelag. På osisk heite da nettsio
Den er administrert og redigert av Hans-Inge Eide
(hans.inge.eide@gmail.com)
Vi er også på facebook

og på Youtube

Os Sogelag

Startar Os Sogelag

Er du interessert i lokalhistorie og kulturminne? Då vil Oddbjørn Klyve har deg med på stiftelsesmøte.

Kjetil Vasby Bruarøy

10. mars 2016 – 9:35

– Os er ein av få kommunar i Hordaland som ikkje har sogelag, seier Oddbjørn Klyve, initiativtakar og formann i interimstyret som skal stiftast i neste veke.

Den pensjonerte ingeniøren har tidlegare engasjert seg i Os Senioruniversitet og er no nestleiar i Os Turlag. Inpirasjonen til å stifta sogelag fekk han i sitt eige nabolag.

– Eg bur i Oshaugen og er, som nabo til prestetunet, glad i eigedomen og dei verna husa. Det har fått meg til å tenkja på at det sikkert er mange kulturminne i Os som er ukjente for mange, dette med kartlegging og å vekka interesse for lokale kulturminne er blant fleire oppgåver Os Sogelag vil ta på seg, seier Klyve.

«… ting som kan kasta lys over korleis folk levde før»

Os Sogelag har ikkje ambisjonar om å følgja i Nils Tveit (1876–1949) sine fotefar.

Tveit skreiv som kjent Os-soga, som blei digitalisert for nokre år sidan, og sitert då Mari Lyssand fortalte 200 år av Os si historie på 10 minutt (sjå video).

Blant aktivitetar Klyve og resten av styret ser for seg at sogelaget vil ha, er å få ei oversikt over kva som er skrive av tekstar av lokalhistorisk verdi.

– Livsminne, som lydopptak og video, er spesielt verdifullt å få oversikt over og å sikra for framtida. Det same er bilde.

For 30-40-år sidan hadde Os eit eige museumslag.

– Vi ønskjer å få oversikt over kva museumsgjenstandar Os har, og vi ønskjer å samla inn nye. Alt som kan kasta lys over korleis folk levde før er av interesse.

– Ein eg snakka med kom med eksempel på stadnamn, lokale namn på nes og teigar, namn som står i fare for å døy ut. Hus og byggeskikk, lokale ord og uttrykk, korleis dialekta vår har utvikla seg, er òg tema.

Styret – og andre som vil bidra

Eit styre står klar til stiftinga, etter at eit interimstyre (bildet) har gjort førebuande arbeid.

I valnemnda sit Mari Lyssand, Nils Gunnar Drange og Bjørg Nordal Bøe, der Bøe òg er revisor for laget.

I styret sit Oddbjørn Klyve (leiar), Eirik Lyssand, Eli Marie Gåssand, Øyvind Tøsdal, Gerd Bolstad og Olav Søfteland. Eit sjuande medlem kan bli tatt inn i styret.

– Stiftelsesmøtet blir på biblioteket tysdag 15. mars. Då kjem nestleiar i Hordaland Sogelag for å fortelja korleis andre sogelag i fylket jobbar.

– Vi håper at vi klarer å samla mange med interesse for lokalhistorie og det blir naturlegvis høve til å bidra på ulike måtar også for dei som ikkje sit i styret. Om det er ungdom i bygda med interesse for historie er det ekstra kjekt, seier Klyve.